Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Korps i god form, vinnarlukke og mykje godt attåt!

10.03.2019
Klikk på bilete for full storleik
Eit absolutt høgdepunkt var stykket Share my Yoke med Thea Soltveit Taranger som solist på flügelhorn
 
Den årlege skulemusikkbasaren vart også i år ei svært kjekk oppleving.  Mange hadde funne ut at dette var beste måten å tilbringa søndagsettermiddagen på, og det var fullt rundt borda i Aktivitetshuset då det topptrimma korpset sette an første tonen. På ein knapp halvannan time fekk publikum flott musikk, spenning og ei kaffiøkt med mykje godt!
 
Klikk på bilete for full storleik
Rosendal skulekorps/Uskedal skulemusikk er i god form før Hordablæsten.
 
 
Første post på programmet var skulekorpset si konsertavdeling.  Fredag, lørdag og i dag hadde dei hatt seminar på programmet dei skal spela i konkurransen Hordablæsten om to veker.  På seminaret hadde Jule S. Olsen og Christine Egeland vore instruktørar i tillegg til dei faste dirigentane Tor Skeie Olsen (Uskedal skulemusikk) og Nick Hughs (Rosendal skulekorps).  I tillegg hadde korpsforeldre sytt for både taco, hamburgarar, bollar og anna godt som musikarane kunne kosa seg med. 
- Dette er ein viktig del av seminaret, og har vore avgjerande for at musikarane har vore så fokuserte på oppgåvene i helga, sa Tor Skeie Olsen like før korpset skulle i elden.  Han var veldig godt fornøgd med innsatsen til både musikarane og foreldra i helga. 
- Vi har fått jobba kjempegodt og har fått gjort mykje, la han til.  Korpset skal på scenen i Hordablæsten på søndagen, men alt dagen før skal to av musikarane, kornettisten Maren Grøtte og Nils Rainer Vågen på euphonium delta i solistkonkurranse.  Det er flott at lovande musikarar hiv seg med i slike konkurransar.
 
Korpset hadde ei fin opning av konsertavdelinga med 1.sats av Appalachian Mountain (Fok Song Suite) av James Curnow.  Den gode starten vart fulgt opp av det nydelege solostykket  Share my Yoke (Joy Webb/Ivor Bosanko).  Thea S. Taranger var solist på flügelhorn, og den oppgåva kom ho glimrande frå.  Dette var nok konsertens høgdepunkt for underteikna sjølv om det også var skikkeleg føredrag, trøkk og presisjon i avslutningsnummeret, den gode marsjen Slaidburn av William Rimmer i eit arrangement av Matt Kingston.  Ei flott konsertavdeling som viste at korpset er godt i rute til Hordablæsten om 14 dagar.  Den var også eit bevis på at det tettare samarbeidet mellom Rosendal skulekorps og Uskedal skulemusikk denne sesongen er ein suksess!  Saman er dei eit svært godt skulekorps med god besetning!
 
Etter konserten var det klart for to omgangar med åresal.  Mellom åreomgangane var det kaffiøkt med masse godsaker på kake- og dessertbordet.  Basar er gøy, og særleg når vi vinn!  Og her var det mange glade vinnarar!  Det gevinstbordet var berre heilt ubeskriveleg!  Monica Hermann og Haldis Åkra i styret i USM var også imponert og takksame overfor alle som hadde bidrege med gevinstar.
- Det er heilt fantastisk!  Firma er positive, og bygdefolk og foreldre kjem med gevinstar.  Nokre kjem med flotte handarbeidsgevinstar dei har laga utan at dei er spurde.  Dette er veldig kjekt for oss som er i styret.  Tusen takk til alle som har bidrege, seier dei to styresmedlemene.
 
Resultatet av den innsatsen og den flotte jobben som styret gjer, vart ei super ettermiddagsstund for oss som var der.
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
25.05.2019
Takk til alle som deltok på Hjertemarsjen.
Takk til alle som var med på Hjertemarsj med quiz i dag. Av 16 rette svar på quizen hadde mange 14 poeng. Etter loddtrekning fekk desse premie: Sekk: Kjell Tungesvik. Refleksvest: Kari Ljosnes.

Styret 
25.05.2019
Til topps i Ulriken Opp.
I år som i fjor vann Kristian Øvstebø frå UIL sin klasse i Ulriken Opp.  Med tida 28.32 forbetra han fjorårets vinnartid med imponerande 2 minutt og 29 sekund.  Norgeseliten i motbakkeløp var på plass, og Kristian plasserte seg som nr.24 totalt mot 46 i fjor.  Imponerande framgang sjølv om vi tar med i betraktning at løpet i fjor gjekk i svært sterk varme!! Løypa i Ulriken Opp er 3,6 km, og den går over 605 høgdemeter.

tid
25.05.2019
Sundagsmøte på Bedehuset, sundag kl. 11.
Det vert møte på Bedehuset i morgon, sundag 26. mai, kl. 11. Talar er Tormod Myklebust. Det er eit møte med nattverd.

kb
25.05.2019
Musikk ved butikken i dag.
Dersom veret held seg slik som no i morgontimane, spelar eit litt redusert Uskedal musikklag ved Spar Uskedalen frå ca. kl.12 i dag.  Spelinga er i samband med Spar-løpet som startar på Sandakaien kl.13 og Hjartemarsjen som Uskedal helselag arrangerer med start frå Sandakaien kl.12.

tid
24.05.2019
God påmelding til SPAR løpet i morgon.
Det er god påmelding til SPAR løpet, med start på Sandakaien i morgon kl. 13. Innan kl 22 i kveld er det påmeldt 50 deltakarar. Etterpåmelding må vera gjort minst ein time før start. Det er fire løypelengder, alt frå 350 meter til over 3000 meter. Alle får premiar frå SPAR. Det er påmelding frå mange bygder i Kvinnherad.

Arr.komiteen
22.05.2019
Nøkkel funnen på Kjærlandssido.
Ein nøkkel er funnen i vegkanten på Kjærlandssido.  Nøkkelen ser ny ut, og det kan sjå ut som den høyrer til ein sykkellås eller ein takboks.  Dei som saknar nøkkelen, kan få den att hos Haldis Aakra.

tid
22.05.2019
Sikringskurs for 12 deltakarar i Hallen.
Frå kl. 18 vert det gjennomført sikringskurs i klatregruppa i Uskedal Idrettslag. Kurset er ein del av utdanninga av 5 nye instruktørar. Instruktørane vil i dag ha sin eksamen og med dette er nye instruktøar klar for å vera med og vidareutvikla klatremiljøet i Uskedalen.

kb
22.05.2019
HV øving frå 22. til 27. mai.
Det vert gjennom HV øving i perioden 22. - 27. mai langs vegane i område Omvikdalen - Matre - Fjellhaugen. Det er som vanleg skytetrening på Midthølen. All militær aktivitet er varsla og skilta.Områdesjef er Tor Vidar Sæle frå Uskedalen.

kb
21.05.2019
Trening til SPAR løpet på onsdag kl. 17.30.
Det vert trening til SPAR løpet onsdag i denne veka kl 17.30 - 18.30. Frammøte på Sandakaien. Alle skal få springa sin løyper. SPAR løpet er på laurdag med start kl. 13. Påmelding på Uskedal Idrettslag si nettside.

kb



20.05.2019
Damejakke funnen på stien mot Solfjell.
Ei damejakke, storleik 46, vart i dag kl. 12 funnen på stien opp mot Solfjell. Jakka er lys/grå og har merke Endurance. Jakka er teken vare på og kan hentast hos Konstanse Tveit, mobil: 95195861.

kb
Siste Nyhende
26.05.2019
Kjekke minne etter dokter Haugen.
Peder Ljosnes (f. 1930) hadde ein personleg og nær kontakt med dokter Haugen. Grunnlaget vart lagt gjennom Peder sitt yrke som bilmekanikar. Han byrja ved Hauge Slip og Mekaniske (seinare Hauge Auto AS) i Sandvika i Omvikdalen i 1954. Dette var den faste verkstaden til Haugen, og dei sytte for tilsyn med køyretøya hans, og for reparasjonar når det var nødvendig. I boka Dokter Haugen fortel Peder om denne tida.
– Han var den beste kunden vi hadde, og han heldt ein mann med arbeid heile tida, fortel Ljosnes om kundeforholdet med den folkekjære distriktslegen.
25.05.2019
Andreas Kristoffersen debuterte og fekk beste tid i SPAR- løpet.
Andreas Kristoffersen hadde startnummer på brystet for fyrste gong i sitt liv. Han sprang i klassen Menn 35 - 39 år på tida 11,42 min i den vel 3 km lange løypa. Knut Olav Myklebust vart nr. 2. Kristoffersen var den store overraskinga. Han fortel til Uskedalen.no at han spring etter sauer i fjellet og trenar på tredemølle i perioden han er på arbeid på plattform i Nordsjøen. SPAR- løpet samla born og vaksne frå heile Kvinnherad. Best deltaking var det i aldersgruppene fram til fylte 10 år.
24.05.2019
Hjertemarsj i forkant av SPAR løpet i morgon.
Uskedal Helselag inviterer alle til å vera med på Hjertemarsj i morgon, laurdag 25. mai, kl. 12, i forkant av starten på SPAR løpet. Det er innlagd quiz med mange kjekke spørsmål. I helsemagasinet Hjerte og Hjerne les vi at mange helselag har gode rutinar på det å arrangera hjertemarsj. No er det Uskedalen sin tur.
23.05.2019
Prosjektkoordinatoren med oppvekst og slekt i Uskedalen.
Kristine Røyrvik med oppvekst og slekt i Uskedalen er prosjektkoordinator i Kvinnherad Næringsservice. Ho har vore primus motor bak Kvinnheradkonferansen med tema: Nettverk og samhald. Kristine vaks opp og gjekk på skule i Uskedalen. Familien med mor og far, Randi og Svein, flytta til Sunde i 1994.
23.05.2019
40 meter lang forstøtningsmur ved Kunstgrasbanen.
Fire mann frå Ersland Forskaling har den siste veka forskalt og gjort klart for støyping med det som vert ein 40 meter lang mur i eine hjørnet på Kunstgrasbanen. Øystein Ersland er dagleg leiar i firma, som har spesialisert seg på betongarbeid,- forskaling, jernbinding og støyping. Betongen vart i går levert frå Dimmelsvik Betong.
22.05.2019
Flaumfaren i Uskedalselva er kartlagd.
På Kvinnhead kommune si heimeside kan vi lesa om flaumfaren i Uskedalselva. Rapporten er laga av Norconsult AS  og utrekningane er gjort med bakgrunn i gjentaksintervall på 20, 200 og 1000 år. Klimaprofilen syner at det er venta store nedbørsmengder i framtida med meir styrtregn. Om Uskedalen les vi dette i utdrag:
21.05.2019
Ingvar Havnen talar på haustfesten i Ungdomslaget.

Tidlegare ambassadør Ingvar Havnen frå Rosendal har takka ja til å vera talar på haustfesten i Uskedal ungdomslag laurdag 19. oktober. Det er den femte haustfesten etter at ein gjenskapte det som var ein fast tradisjon i ungdomslaget i alle år. Ingvar Havnen, fødd 1951, vaks opp og gjekk på skule i Rosendal til ferdig realskule. Etter gymnaset bar det til Oslo som student.
21.05.2019
Unge lovande løparar frå Holmen i Uskedalen.
Viljar og Amund Berge-Soldal er brør og bur på Holmen. Amund er 12 år og har alt vore ein aktiv løpar nokre år. Viljar er berre 6 år og debuterte på Maileikane i Haugesund i helga som var. Amund vann sin klasse med ny stevnerektord på tida 5.00.5 minuttar.
19.05.2019
Ekstraordinært årsmøte i Uskedal Vassverk 27. mai.
På årsmøte i Uskedal Vassverk 8. mai vart det gjort vedtak om justering av vassavgiftene ved overgang til 8 ulike prisgrupper. Nye vassgifter er bestemt med vanleg fleirtal på årsmøte. Saka på ekstraordinært årsmøte gjeld vedtekstendring § 14. Sjå meir om innkalling og kva styret skriv:
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS