Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Sterk innsats på kretsnivå.

28.01.2019
Klikk på bilete for full storleik
Linnea M. Ripel gjekk heilt til topps i rennet på Sjusete søndag
 
Dei unge langrennsløparane som deltok i kretsrenna på Sjusete laurdag og søndag, gjorde ein super innsats.  Laurdag gjekk Kvammasprinten, og søndag var det distanserenn i klassisk.  Det var 186 deltakarar i aldersgruppa frå 8 år til senior laurdag medan det var 181 søndag.  Det er kjekt å registrera den gode innsatsen til dei lokale løparane, og det var kvinnheringar på toppen av sigerspallen begge dagar.
 
Klikk på bilete for full storleik
Anna Elisabeth Samland Eik gjorde to gode renn i helga. Her under Kvammasprinten laurdag.
 
Renna var for deltakarar frå 8 år, men det er berre dei som er over 10 år som vert rangerte etter tid.  Blant dei yngste deltok tvillingane Frøy og Trym Sæle, og sjølv om det ikkje var rangering, viser tidene deira at dei gjorde svært gode løp.
 
Elles deltok Birk Sæle(G15), Anna Elisabeth Samland Eik(J14), William S. Eik(G11) og Linnea Myklebust Ripel(J11) begge dagar medan Amund Hella Berge-Soldal(G12) deltok i det klassiske distanserennet søndag.  Alle gjorde ein flott innsats, og aller best var Linnea M. Ripel.  Etter at ho vart nr.2 i kretrenn på Voss for 14 dagar sidan beviste ho at ho er i kretstoppen i sin klasse.  Lørdag slo ho til med ein flott 3.plass i sprintfinalen etter at ho først hadde blitt nr.2 i prologen.  Søndag toppa ho helga med å gå heilt til topps i distanserennet.
 
Klikk på bilete for full storleik
William S. Eik viste lovande takter i konkurranse med dei beste frå heile fylket.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Amund H. Berge-Soldal, midt i bildet, fekk ein flott 5.plass like framfor dei to Ternen-brørne Sondre og Eirik Soma Ersland t.h. for han på bildet.
Også andre kvinnheringar gjekk heilt til topps i sine klassar.  Marcus Enes Seberg, OIL/Vossalangrenn, vann klassen sin(G14) i det klassiske rennet søndag etter å ha blitt nr.2 i sprinten laurdag.  Søstera Emilie(J12) gjekk heilt til topps i sprinten laurdag.  Det var også fleire andre frå både Omvikdalen IL og IL Ternen som gjorde svært gode løp i den tøffe konkurransen.  Frå 13 år har renna status som kretsmeisterskap, og Marcus Enes Seberg kan dermed titulera seg som kretsmeister.  Fullstendige resultat finn de HER.
 
Kvinnheringane var naturleg svært fornøgde etter rennet.  Renna på Sjusete var ein flott langrennsfest som vart losa vel i hamn av meir enn 30 dugnadsarbeidarar frå arrangørane kvar dag.  Knut Johannes Ripel fortel og at det er veldig kjekt med det gode samarbeidet mellom klubbane i kommunen.  I år har Uskedal IL eit tettare treningssamarbeid med Rosendal TL/ Omvikdalen IL.  Resultatet er eit betre tilbod til løparane både sportsleg og sosialt. Hadde det ikkje vore for avstandane, hadde nok heilt sikkert IL Ternen også vore ein del av dette.  Elles gleder dei alle seg over dei gode snøforholda i skianlegga både i Fjellhaugen og Tveitedalen for tida.
 
 
 
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Knut Johannes Ripel.
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
25.04.2019
Uskedalsreklame i beste sendetid.
Programmet Helt naturlig med innslaget frå Johannes Hauge på Skorpo var god reklame og profilering av Uskedalen, og det i beste sendetid med eit sjåartal på over 500 000. Det vart eit gripande møte med Johannes som døydde 24. mars i år. Målfrid og Terje Myklebust var med på filminga og i programmet.

kb
24.04.2019
Brannstyrkane er flytta til Kaldestad på Husnes.
Tre brannbilar og tankbil passerte Uskedalen for kort tid sidan, no onsdag kveld. Neste brann er på Kaldestad på Husnes. Nøyaktig plass er vest for Kvinnherad Viaregåande skule. Tankbilane hentar vatn i Skogvegen. Det er regn i lufta, men ikkje nok til å stoppa ein brann.

kb
24.04.2019
Branntroppen i Uskedalen er med på sløkking i Åkra.
Uskedal Brann og Redning er med på søkkearbeid i Åkra. Det siste er at skogbrannen er under kontroll. Vegen inn til Åkra har mellom anna vore stengd i over to timar.

kb
24.04.2019
SPAR løpet går laurdag 25. mai.
Det årlege SPAR løpet med start og mål på Sandakaien er lagt til laurdag 25. mai kl. 13. Løparane spring i 4 klassar i løypetrasear med ulik lengde. Uskedal Idrettslag saman med SPAR Uskedalen er arrangør. Det er fine premiar. 

kb
23.04.2019
Kafe Tiaren på sin faste vekedag, tysdagen.
Kafe Tiaren har sine rutinar med sin faste kafedag i Gamleskulen, tysdagen frå kl. 11. Det er feil å sei at Kafe Tiaren startar opp i dag etter påske. Kafe Tiaren hadde nemleg ope i påskeveka. I dag er det ny samling med god mat til ein utruleg rimeleg pris, kr. 10 pr. eining. Difor: Du vil ikkje angra på å ta turen. Alt smakar like godt.

kb
22.04.2019
Rosar ungdomen for fin framferd på låvedansen
Innehavar av Dønhaug Gjestegard og arrangør av den årlege påskedansen, Magne Huglen, takkar og rosar ungdomen for fin framferd og god stemning. Det er kjekt å ha så fine ungdomar på besøk på Dønhaug. Truleg vert det same opplegget i påsken 2020, skriv Huglen på si FB side.

kb
22.04.2019
GRETZKY BR vann Habibs Minneløp på Bjerke Travbane.
Travhesten GRETZKY BR vann enno ein gong eit viktig løp på Bjerke Travbane, Habibs Minneløp for 4 - 6 åringar. Trude Helen Døssland og samburaren eig hesten saman med tre venepar. Kusken var Magnus Telen Gundersen. GRETZKY BR vann med minst 4 hestelengder på konkurrentane.

kb
22.04.2019
Gutar 14 arrangerer sykkelrebus onsdag 1. mai.
Den årlege sykkelrebusen rundt dalen er lagt til onsdag 1. mai  frå kl. 11. Start og mål er ved Uskedal skule. Det er fotballaget G 14 Rosendal/Uskedalen som er arrangør. I løypetraseen er det postar med oppgåver. Det er tre fine premiar til vinnarane. Inntekta går til dekking av kostnad med reise og deltaking på Norway Cup.

kb
21.04.2019
Kveldsgudsteneste med songkvintett.
Det er kveldsgudsteneste i dag, 1. Påskedag, i Uskedal kyrkje kl. 19.30. Prest er Arne Nataas. Organist: Kantor Eva Megyesi. Ein songkvintett frå kyrkjekoret Nordsaang vert med på gudstenesta. Dei syng mellom anna salmen Under krossen stod med tåra, tekst frå før 1306, omsett til nynorsk av Bernt Støylen i 1927. Velkomne til gudsteneste i kveld.

kb
20.04.2019
Den årlege påskefesten på Skorpo er i full gang.
Den store påskefesten på Skorpo er i full gang med påskerebus, tur på Skorpefjellet, grilling og leikar for born og vaksne. Festen kvar påske samlar over 100 hyttefolk og fastbuande i alle aldrar, mange av dei kledde i gule påskedrakter. Festen er lagt til Marit og Oskar Langballe sitt tun, ved flaggstonga der det gamle gardshuset stod.

kb
Siste Nyhende
24.04.2019
No er boka om dokter Haugen komen

Opptakten til boka om dokter Haugen byrja som ein serie her på nettstaden før jul i 2014, med overveldande og positiv respons både frå lesarar og innsendarar av historiar. I dag vart boka, der også mange uskedelingar bidrar, lagt ut til sals.
24.04.2019
Soknerådslista er klar for innlevering.
Soknerådslista for det lokale kyrkjevalet 2019 er klar for innlevering før fristen 30. april. Etter framlegg frå noverande sokneråd er de gjort vedtak på sonknemøte om å gå for ei redusert liste med fire faste medlemer og fem varamedlemer. Talet kan vera fire, seks, åtte eller ti faste medlemer i tillegg til fem varmedlemer. 
23.04.2019
TV programmet Helt naturlig startar i morgon, onsdag 24. april.
Programserien Helt naturlig med innslag om Johannes Hauge på Skorpo startar i morgon, onsdag 24. april, på NRK1. Det naturfotografen og produsenten Jan Grønseth som er ansvarleg for naturporgrammet som vert sendt på datoane 24. april, 1. mai og 15. mai. Johannes Hauge døydde 24. mars i år og hans bortgang vil bli lagt inn i rulleteksten på skjermen.
20.04.2019
Båtens Verden med artikkel om Uskedal Båtlag
Der båtlag møter bygd er tittelen på ein fire siders artikkel i båtmagasinet Båtens Verden. Båtmagasinet har avtale med Kongelige Norske Båtforening ( KNBF ) og når ut til mange tusen lesarar, anten i abonnement eller i laussal i kioskar eller butikkar. SPAR Uskedalen sel Båtens Verden. Tre utgåver i året går ut til alle medlemene i KNBF, eit tal på 37000 medlemer. Artikkelen om båthamna i Uskedalen har såleis stor profilerings- og marknadsføringsverdi for bygda og for heile kommunen.
18.04.2019
Påskegudsteneste med dåp og læringsøkt.
Vikarprest Arne Nataas la like godt inn ei læringsøkt før gudstenesta tok til i dag. Det vart gjort for for å skjøna samanhengen mellom jødane si påskefeiring som minne om utfriinga frå Egypt og Jesu lidingshistorie. På skjærtorsdag vaska Jesus læresveinane sine føter. Av dette skjønar vi at skir har to tydingar, døypa og reinsa. Soleis høvde det godt at vesle Eva vart døypt i dag og fekk namn oppkalla etter oldemor si, Eva Myklebust.
18.04.2019
God handel og mange nøgde påskegjester.

Påskegjestene strøymer til Uskedalen, anten det er hyttefolk, gjester på Rabben Feriesenter, Øyro Maria, Båthamna eller det er faste gjester som er heime hos slekta si i Uskedalen. Dette gjer at onsdagen i påskeveka er den beste handledagen på SPAR. Påskeafta er også god, men ikkje noko slår onsdagen før Skjærtorsdag. Faste gjester i båt kjem kvar påske tilbake til Uskedalen. Det same gjer dei som kjem med vogner og i bubil. Mange ynskjer å bu i hytter.
17.04.2019
Alle billettane er selde til påskedansen på Dønhauglåven i kveld.
Alt er klart for årets låvedans på Dønhaug. Magne Huglen ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveld med god musikk og topp stemning. Viktig informasjon til alle som har kjøpt billett og skal på låven i kveld:

16.04.2019
Internasjonalt møte i Dønhaugkjellaren
Fredag 26. april får Husnes Jazzklubb besøk av Freedoms Trio, ein trio med røter og musikalsk inspirasjon frå tre verdsdelar. Konseptet deira er world-jazz med afro-brasiliansk påverknad.
16.04.2019
Janove og Real Ones til Festidalen
Då er programmet for 2019 klart! Eit fargerikt fruktfat av artistar skal deiga seg saman med oss på Dønhaug. Det er berre å trimma dansemuvsa og sommarbarten. Snopa seg pass til familie, vener, naboen og seg sjølve. Og telja ned dagar. Sommaren er skremmande nære. Og den skal sjølvsagt nytast ute i både Guds og Human-etisk forbund sin frie natur. Så ta å gjer det i fellesskap på Festidalen! Akkompagnert av skikkeleg snadder musikk. Og skikkeleg herlege folk. Og i heilt forbaska smude omgjevnadar!  
Sponsorar
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS