Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Stor merksemd om Uskedalen i vekeblad og båtmagasin.

03.01.2019
Klikk på bilete for full storleik
Hjemmet, Noregs største vekeblad, har nyleg hatt reportasje frå Vågen på Skorpo.
 
Vekebladet Hjemmet med over 460 000 lesarar hadde nyleg reportasje frå Vågen på Skorpo. På fleire sider fekk heile Noreg eit møte med familien Anja Strüter og Ole Kristoffer Vågen. En fantastisk reise er tittelen i Hjemmet. På våren kjem båtmagasinet Båtens Glede med oppslag om Uskedal Båtlag og båthamna. Innlegg i landsdekkande media som NRK og magasin har stor marknadsføringsverdi for Kvinnherad og Uskedalen.
 

Hjemmet er Noregs største vekeblad med nøyaktig 466 000 lesarar. Det er det mest lesne vekebladet i landet. Undersøkingar syner at Hjemmet er best på mat, sunnhet, reise og kryssord. Det er også mykje stoff på hobby, handverk og litteratur. Reportasjen frå Skorpo høyrer til ein serie artiklar om utkantfolk. Tekst og foto er av Gunn Gravdal Elton. Det er også laga ein kort video frå Hjemmet sin tur til Skorpo.

 

Rerportasjen En fantastisk reise er om Anja ( 42 ) og hennar møte med Skorpo og Ole Kristoffer for 16 år sidan. Artikkelen er om dei som vel å bu på ein utradisjonell plass. Vi møter familien i Vågen i førebuingane til jul. Gutane Nikolai og Nils Rainer og deira interesse for musikk er vektlagd. Elles er det fyldig informasjon om naturen og kulturlivet på plassen, om busetnad på øya og om at det ein gong var skule på Skopro med heile 12 elevar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Artikkelen høyrer til ein serie Hjemmet kallar Utkantfolk. Musikkinteressa til gutane Nikolai og Nils Rainer er vektlagd.

Vetle Børresen i NB Media er redaktør i båtmagasinet Båtenes Verden. I haust var han i regi av Kongelige Norske Båtforening i Uskedalen og laga reportasje om Båtlaget og båthamna. Manus er ferdigskrive og det vert lagt på bilete frå båthamna og frå FestiDalen sin festival på sommaren.

 

Hans Gustav Mussland og Jan Henrik Hansen representerer Uskedal Båtlag med fyldig informasjon om båthamna sine tilbod og den funksjonen båtlaget har i bygda. Innlegget vil også sei noko om kva bygda står for, om natur- og kulturhistoriske verdiar og ikkje minst om nærbutikken SPAR. Båthamna har 113 båtplassar og kan i snitt syna til 500 gjestedøger kvart år.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Faksimile frå Hjemmet og Båtens Glede.

 
 
 
 
 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Båtenes Glede med eit høgt lesartal er eit av fleire båtmagasin i landet.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.06.2019
Uskedal Trelastlager er seld - meir informasjon i morgon.
Det er i dag gjort kjend at Uskedal Trelastlager er seld. Meir informasjon om salet og den nye eigaren kjem på Uskedalen.no i morgon, tysdag 18. juni.

kb
14.06.2019
Strålande veke for Ingar Kiplesund.
Ingar Kiplesund(22), lengdehoppar og son til Hildegunn frå Haugland, har hatt ei strålande innleiing på sesongen.  Søndag slo han til med pers på 7.94 m i Spania.  Tirsdag fulgte han opp med sterke 7.83 m, og under Bislett Games i går vann han lengdekonkurransen med 7.77 m.  Dette er dei tre beste konkurransane han har levert i karriera så no vert det spennande å sjå om han passerer 8 meters grensa, og også Kristen Fløgstad sin 46 år gamle norgesrekord på 8.02 i nær framtid.

tid
14.06.2019
Støttar Norway Cup-deltaking.
Kvinnherad Energi har tildelt kultur- og idrettstilskot for 2019.  Uskedal idrettslag sitt G15-lag er tildelt 10.000 kroner til deltaking i Norway Cup.  I tillegg får Rosendal Turnlag, der også mange uskedelingar spelar fotball, tildelt 20.000 kroner til deltaking i same arrangement.  Til saman 150.000 kroner vart fordelt på 10 mottakarar.

tid
13.06.2019
Plass til fleire på turen til Arboretet.
Uskedal Helselag sin tur til den botaniske hagen Arboretet på Milde i Fana 20. juni går etter oppsett plan. Det er enno høve til å melda seg på. Alle med interesse for hage, planter og buskar bør nytta seg av dette tilbodet. Guide er Bjørn Moe, med slekt i Uskedalen og med stor kunnskap om planter og treslag. Ein treng ikkje vera medlem i Helselaget for å vera med på turen. Påmelding: Kontakt Eli Roseth Eik. Mobil: 957 86 228. 

kb
13.06.2019
Gretzky BR sprang inn til ein 4. plass på Bjerke.
Veddeløpshesten Gretzky BR fekk ein 4. plass i Tipster Oslo Grand Prix på Bjerke travbane sist sundag. Ein av eigarane er Trude Helen Døssland frå Uskedalen. Kusk var den 22 år gamle Magnus Teien Gundersen. Neste løp er Midtsommartravet på Leangen 22. juni.

kb.
12.06.2019
Wermund Vetrhus - kommuneplanleggjar i Ullensvang herad.
Wermund Vetrhus ( 36 år ) er tilsett som kommuneplanleggjar i det nye Ullensvang herad. Etter kommunesamanslåinga vert Ullensvang utvida til også å omfatta det som i dag er Odda kommune og Jondal kommune.

kb
12.06.2019
Konserten på Stemneplassen er utsett til i august.
Den tillyste konserten på Stemneplassen 18. juni er utsett, truleg til 20. august. Årsaka er mange samanfallande arrangement med både sirkus og banrehagejubileum på den dagen dette var tenkt. Uskedal musikklag har alt lova å vera med. Det vert også andre innslag. leikar og friluftsaktivitetar.

kb
11.06.2019
Kven leiger ut hybel/bolig i sommar ?
Vikarbyrået Nordic Care treng møbelert hybel/leileghet til ein person som skal ha arbeidet sitt i Uskedalen i sommar. Tidsperiode: Frå no og ut veke 33. Ta direkte kontakt med Hege Nordahl på mobil 458 53 582. E post: hege.nordahl@nordiccare.no

Red. 
10.06.2019
Ikkje Cheercamp Uskedalen i år.
Dei siste åra har det blitt arrangert cheercamp i Uskedalen like etter skuleslutt i juni. Denne har blitt svært populær, men i år vert det dessverre ingen camp då instruktørane dessverre ikkje får det til pga flytting og skulegang.  Heldigvis blir det gitt signal om at dei håpar å komme tilbake neste år.

Dette året vert det eit nytt spennande tilbod om lag på same tida.  24.-26.juni vert Basecamp Kvinnherad med hovudvekt på klatring og padling arrangert for første gang. Uskedalen.no kjem tilbake med meir om dette gode tilbodet.

tid
10.06.2019
Uskedal Utvikling - innmelding i Kvinnherad Næringsservice.
Uskedal Utvikling vert med bakgrunn i sak på sist styremøte medlem i Kvinnherad Næringsservice. Tilsvarande organisasjonar som Rosendal Utvikling og Husnes Vekst er alt medlemer. KN vil vera ein samlande paraplyorganisasjon med felles saker for mellom anna sentrums- og næringsutvikling.

kb
Siste Nyhende
19.06.2019
Sokneprest Bjotveit var pådrivaren for å få barnehage i Uskedalen.
Det er truleg ukjend for dei fleste, men det var sokneprest Gunvald Bjotveit, som var pådrivaren i arbeidet med å etablert barnehage i Uskedalen for meir enn 40 år sidan. Uskedal Husmorlag tok opptakten, men mangla økonomi. Soknerådet med Bjotveit kom på banen og dermed vart det oppstart i 1979. Det som i dag er Gamleskulen var barnehage dei fyrste 25 åra. Barnehagen vart kommunal frå 1991.
18.06.2019
Kvinnherad Vekstbedrift - ny eigar av Uskedal Trelastlager.
Kvinnherad Vekstbedrift kjøper Uskedal Trelastlager. Kjøpet er formelt godkjend og overdraginga gjeld frå 1. juli. Sjøkaptein Tørris Myklebust starta den tradisjonsrike verksemda i 1929 med trelasthandel på Eikelandet. Seinare kom det nytt stort lagerbygg i Beinavikjo og byggevarehandel oppe ved riksvegen. Ny eigar legg i dag fram planar for den vidare drifta.
18.06.2019
Dyredag på Uskedal skule.
Elevrådet med kontaktlærar Hilde Bringedal arrangerte dyredag på Uskedal skule i går. Det vart lagt inn quiz med fine premiar. I det fine veret var det god stemning. Elevrådet takkar alle familiane som gjer det mogeleg å få til den årlege dyredagen.
17.06.2019
Interessann og lærerik skuledag.
Det nærmar seg slutten på det ordinære skuleåret på Eining for integrering og opplæring. Medan dei som går på såkalla introprogram må venta til juli før dei kan få sine 4 veker med sommarferie, er resten av elevane i gang med siste skuleveke si. Nokre av dei er så heldige at dei har fått feriejobb eller også fast jobb og allereie er i gang med den.
17.06.2019
SY ÆGIR frå Uskedalen på Hardanger Trebåtfestival for 5. gong.
Sigrun og Egil Ersland på SY ÆGIR er heime att frå Hardanger Trebåtfestival i helga.  Det var 5. gongen dei var med på den tradisjonelle trebåtsamlinga i Norheimesund, som i 2019 har vore skipa til i 21 år. Sigrun og Egil med Collin Archer skøyta ÆGIR vert frå arrangøren spurt om å koma til Norheimsund. Dei får ei sentral og synleg plassering i hamna like ved scenen og publikumsplassen. Påmeldinga i år var på 42 skuter.
16.06.2019
Strålande løp av Amund Hella Berge-Soldal.
Løpartalentet Amund Hella Berge-Soldal har trent godt og har hatt ei flott innleiing på friidrettssesongen.  I tillegg til å ha vist dette i lokale løp har han mellom anna imponert i Maileikane i Haugesund der han vann 1500 m.  Dette kvalifiserte han til deltaking i Tyrvingleikane som vart avvikla på Nadderud stadion i helga.  Der gjorde Amund glimrande innsats.
16.06.2019
Midtsumarskonsert i Helgheim i dag, sundag 16. juni kl. 19.

Alt er klart for Midtsumarskonsert med vokalensemblet GLIMRAH i dag i Helgheim kl. 19. Helgheim er pynta og koret er kledd i sommarkjolar og markblomar. GLIMRAH syng mellom anna folketonar og renessansemusikk. Gjester er Atle Fredheim og døtrene hans, Maia og Nanna Sofie og Fridar Malmsten Steinkopt. Les meir frå pressemeldinga:
15.06.2019
70 års dag på Steinsletto med korpsmusikk og bygdesong.
Det vart ei rettlegg triveleg stund på Steinsletto i går då den musikalske leiaren i Uskedal musikklag, Knut Steinsletten, runda 70 år. Ein ting var at korpset møtte fram og helsa jubilanten med jubilantmarsj og Boni M låt frå Salme 137. Høgdepunktet var likevel presentasjonen av bygdesongen Eikedalen, skriven av Engel Stensletten, bestemor til Knut og forøvrig fleire av gjestene i selskapet.
14.06.2019
Måsen er tilbake i reiret sitt på Neset.
Måsen er på plassen sin i same reiret som i fjor, i takstigen på Birger Myklebust sitt hus på Neset. Det er ein fiskemåse, eit par der hanen og hoa byter på å ruga på dei tre egga i reiret. Hekketida er frå 24 til 28 dagar og ungane er flygeferdige på 4 - 5 dagar. Birger snakkar med måsen kvar dag, noko som gjer at den ikkje er aggressiv.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS