Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

90-årig historieforteljar og munnspelar sentral i flott julefest!

28.12.2018
Klikk på bilete for full storleik
Trygve Haugland gav festlyden eit flott ekstrainnslag då han trekte fram munnspelet.
 
Den tradisjonsrike julefesten i Vonheim vil bli hugsa ekstra godt dette året.  I tillegg til dei faste gode innslaga, bidrog 90-årige Trygve A. Haugland i to programpostar som publikum sette svært stor pris på.  Den fullsette salen fekk oppleva han både som munnspelar og som formidlar av historia til Vonheim og til denne festen.  Elles var det mykje kjekt på programmet på festen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Det var fullt på alle stolar då Tor Ove Haugland ønskte velkommen
 
Klikk på bilete for full storleik
Kusinene Nora og Ida les juleevangeliet.
 
Frammøtet var så godt at arrangørane sette fram ekstra stolar før Tor Ove Haugland ønskte velkommen.  Musikklaget innleia programmet med julemusikk slik dei har gjort på alle festane frå 1987.  Deretter var det klart for juleevangeliet som vart fint framført av kusinene Nora Huse Kristoffersen og Ida K. Øyjord.
 
Etter dette fekk vi eit svært interessant 'historisk kvarter'.  Tor Ove Haugland var intervjuar og bestefar hans Trygve Haugland fortalde om historia til forsamlingshuset Vonheim frå det først var stall i Sandvikjo, vidare til det fungerte som ungdomshuset Helgheim nede i bygda til det enda opp der det no står i 1934.  Han  hugsa flyttinga godt, og fortalde mellom anna at han som liten gut sat på lasset då materialane vart frakta med hest og kjerre til Haugland der huset vart bygd opp att etter 'ein dugnad til tusen'!
 
Han kunne og fortelja at han hadde høyrt at det hadde vore strid om plasseringa.  Først var det meininga at det skulle plasserast der utfloren til Steinar og Cathrine Haugland står, men då kom det protestar frå øvre delen av dalen.  Etter oppmåling vart huset plassert der det står i dag,  Tomten vart kjøpt av Kristoffer Haugland(bruket som Bjørn Egil Haugland eig i dag), og etter det Trygve hadde høyrt var det kona til læraren Andreas Haugland som betalte tomten med 500 kroner.  Det var også usemje når det kom til lovar, og det var ein ganske heit strid.  Noko av dette gjekk på om det skulle vera bedehus elle grendahus.
 
Klikk på bilete for full storleik
Det var svært interessant å høyra då Trygve fortalde historiske glimt i samtale med sonesonen Tor Ove
 
 
Julefestar har det vore kvart år heilt frå starten.  Trygve meiner den første var for 82 år sidan. Det var læraren som styrte med festane.  Dei starta alltid med juleevangeliet.  Han fann og alltid noko til opplesing i julehefte, og elles var det alltid mykje song.  Første tida utgjorde alltid elevane på skulen songkor.  Trygve var med alt på første festen, og han minnest då dei var 11 elevar i koret rundt 1940 og song trestemt under nemnde lærar Haugland si leiing.  Det var ikkje stopp i julefestane i krigsåra.
 
Juletregang høyrde med, og dei var ofte 3-4 ringar rundt treet.  Festen vart alltid avslutta ved at dei stod rundt treet og song siste verset av No koma Guds englar.
 
Det var også andre årvisse festar i Vonheim som var svært mykje brukt første tida, - m.a. haustfestar.  I den samanheng kunne han fortelja at sidan det ikkje var kjøkken, måtte dei ty til naboane når dei skulle mat.  Då vart det kokt på Heio, og så vart maten boren i store gryter.
 
Dei frammøtte fekk ei svært interessann historiestund krydra med artige små opplevingar gjennom åra.  I tillegg til at det var svært interessant å høyra på Trygve, vil eg og framheva barnebarnet Tor Ove som kom svært godt frå rolla som godt førebudd intervjuar.
 
Søstrene Sunniva og Karoline hadde kjekke selskapsleikar.
 
Jentene vann over gutane i den spennande stafetten skoleiken
Etter dette var det ungdommane som tok seg av neste programinnslag.  Sjølvsagt høyrde dei kjekke selskapsleikane med.  Med stødig hand styrde søstrene Sunniva og Karoline Ersland Myklebust publikum gjennom tre kjekke leikar.  God underhaldning og konkurranseinstinktet kom tydeleg fram både hos unge og eldre i både skoleiken, finneleiken og då dei skulle konkurrera om å vera raskast å få isbitar til å tina.  
 
 
Nissen vart møtt med munnspelmusikk då han kom med pakkar til barna.
 
Før det vart matøkt, fekk vi eit skikkeleg bonusinnslag.  Trygve A. Haugland hadde teke med seg munnspelet og viste til fulle at han ikkje hadde gløymt gamle kunster frå då han ofte spela til turdansar i Helgheim i krigsåra og åra som fulgte.  Han opna med Glade jul før han fulgte opp med gammal reinlendar.  Ekstranummer vart forlangt, og  då trylla han fram Dansen på måkeskjer.  Det var nok mange i salen som hadde lyst å ta seg ein svingom då!  I det han var ferdig, kom nissen inn døra, og då slo 90-åringen like godt til med På låven sitter nissen.  Tenk dåke den julestemninga!!!
 
Etter programmet var det som vanleg klart for matøkt før det vart avslutta med gang rundt juletreet.  
 
Etter å ha vore på rundt 30 juletrefestar i Vonheim, kan eg slå fast at denne tradisjonen lever vidare i beste velgåande.  Ja, forma er stigande, og etter årets fest å dømma, er den på veg mot nye høgder!!
 
 
 
Uskedal musikklag har spelt på Vonheimsfesten dei 32 siste åra.
 
 
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
27.02.2020
Kveldskjøring i Fjellhaugen fredag 28.02.
Det blir kveldskøyring i Fjellhaugen skisenter i morgon (fredag 28/2) kl 1700-2100. 

tid
27.02.2020
Møte i stadnamngruppa i dag, Uskedal skule kl. 17.00.
Stadnamngruppa i Kvinnherad Sogelag held fram arbeidet med å retta namn på kart. Ei rekkje ressurspersonar frå ulike bygder er innkalla til nytt møte i dag torsdag 27. februar kl. 17.00 i Uskedal skule. Med på møte vert Peder Gammeltoft frå Universitetet i Bergen, Anita Lykkja og Johan Feet frå Kvinnherad kommune.

kb
25.02.2020
Årsmøte i Uskedal Utvikling, onsdag 18. mars kl. 19.00.
Årsmøte i Uskedal Utvikling er onsdag 18. mars kl. 19.00 i Gamleskulen. Leiar, to styremedlemer og tre varamedlemer står på val. To styremedlemer står ikkje på val. Det vert lagt fram årsmelding, rekneskap og melding om drifta av nettsida Uskedalen.no. og Gamleskulen.

kb
25.02.2020
Kveldskjøring i Fjellhaugen i morgon, 26.02.20.
Det er nydelege forhold i Fjellhaugen skisenter, og skitrekket vert ope for kveldskjøring onsdag kl. 17.30 - 21.

tid
25.02.2020
Årsmøte i Uskedal sokn sundag 1. mars, straks etter gudstenesta.
Det vert årsmøte i Uskedal sokn sundag 1. mars kl. 12, straks etter gudstenesta. Det vert lagt fram årsmelding, rekneskap og ein plan for gudstenester og andre aktivitetar i 2020. Møte er ope for alle medlemer i Den norske kyrkja. På sjølve gudstenesta er Arne Nataas liturg. Organist er kantor Eva Megyesi. Offergåva går til det lokale kyrkjelydsarbeidet.

kb 
25.02.2020
Harald Nilsen Tangen på G19 landslaget.
Harald Nilsen Tangen er tatt ut til landslagssamling med G19 landslaget.  Det er første gong det Uskedals-ætta fotballtalentet er tatt ut på G19, men han har tidlegare hatt heile 31 landskampar for yngre fotballandslag.  Harald har hatt ei svært god sesongoppkjøring med klubben sin Viking.  Han har spelt mykje og scora fleire mål.  Meir om bakgrunnen hans kan de lesa HER.

tid
24.02.2020
Neste allsong på Kafe Tiaren vert tysdag 3. mars.
Dette er ei melding frå Rustne Menn om at allsongen på Kafe Tiaren er utsett ei veke, til tysdag 3.mars kl. 12.00. Vi ser fram til lysare tider med vårsongar. Velkomne.

kb
24.02.2020
God påmelding til dansen med TRINITY.
Det er jevn god påmelding til vårdansen i Helgheim 14. mars med dansebandet TRINITY. Talet pr. dato ligg rundt 50. Fristen for påmelding er ei veke før, laurdag 7. mars - til Berit Harriet Døssland på mobil: 913 07 384.

kb
23.02.2020
Feriegjester frå Uskedalen på Kanariøyane merkar Calimaen.
Feriegjester frå Uskedalen. både på Gran Canaria og Tenerife, merkar godt sandstormen Calima frå Sahara. Leif Magne Framnes er turleiar i Den norske klubben i Puerto Rico med turgrupper til Norskeplassen kvar sundag. I dag vart turen avlyst, for fyrste gong på mange år. Uskedalen.no kjenner ikkje til om det er uskedelingar som sit sandfast på flyplassane.

kb
23.02.2020
Årsmøte i Uskedal Ungdomslag, måndag 2. mars kl. 19.30.
Det vert årsmøte i Uskedal Ungdomslag måndag 2. mars kl. 19.30 i Helgheim. Medlemer og andre interesserte er velkomne. Huset vert synt fram etter oppussing og nymålinga oppe i salen.

Styret
Siste Nyhende
28.02.2020
Topp resultat for Dønhaug Gardsbarnehage i foreldreundersøking.
Dønhaug Gardsbarnehage får mest topp karakter i foreldreundersøkinga 2019. Av maks scor på 5 oppnår barnehagen 4,9 mot 4,8 året før. Berre Hatlestrand barnehage er betre med topp plassering på 5 poeng. Uskedal barnehage ligg på landssnittet med ein scor på 4,5. Det er tredje året på rad at Dønhaug Gardsbarehage gjer det så godt.
28.02.2020
30 personar møtte fram til stadnamnsamling i Uskedalen.
Det er merkbart stor interesse for innsamling og rett bruk av stadnamn i Kvinnherad. Etter ei oppstartsamlng for nokre veker sidan, møter nær på 30 ressurspersonar frå heile mommunen til møte nr. 2 i Uskedal skule i går kveld. Audun Eik i Kvinnherad sogelag tek initiativet og leier møte. Peder Gammeltoft frå UiB var sjuk og måtte melda forfall. Johan Feet og Anita Lykkja frå Kvinnherad kommune hadde innleiing.
27.02.2020
2019 - eit godt år for Lio Sag & Treforedling AS
Lio Sag & Treforedling med dagleg leiar, Rune Myklebust frå Uskedalen, kan syna til eit godt driftsår i 2019. Dotter hans, Kristine Heimvik, er avdelingsleiar på Husnes og begge er godt nøgde med omsetnaden og drifta. Plasseringa på Husnes er god. Verksemda er godt synleg frå Fylkesvegen og med endå betre skilting, skal det vera lett å finna Byggtorget.
26.02.2020
Ver merksam på opne vatn og utrygg is på fjellet.
På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggje att isflak som det kan vera farleg å koma mellom og under.

26.02.2020
FLOR frå Voss inviterer til Kvinnekveld på Dønhaug, i kveld kl. 19.30.
FLOR saman med Landbrukskontoret i Kvinnherad inviterer til Kvinnekveld i Dønhaugkjedlaren i kveld, onsdag 26. februar, kl. 19.30. FLOR frå Voss lagar arbeidskle for kvinner. Dagleg leiar er Kristin Lemme. Ho er bonde og driv verksemda FLOR.
25.02.2020
Hugs søknadsfristen til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad deler ut gåver til ålmennyttige føremål vår og haust. Søknadsfristen for vårtildelinga er tysdag 3. mars 2020. Ferdig skriven søknad med vedlegg må vera stiftinga i hende innan utgangen av tysdagen. Fleire gode prosjekt frå Uskedalen er sidan oppstaten tildelt gåver.
24.02.2020
Morgonstund i Uskedalen.
Marius Mathisen, son av tidlegare redaktør Ola Matti Mathisen, er ein svært dyktig slagverkar, og han har opp gjennom åra spela med ulike band, og med svært mange kjende og dyktige musikarar.  Han har reist svært mykje, men favorittstaden hans når han skal slappa av er utvilsamt Skansen på Neset her i Uskedalen.  No har han sendt oss ein vakker video med musikk til som stadfestar dette.
24.02.2020
Stabilt folketal i Uskedalen - til så lenge.
Det har dei siste åra vore eit stabilt folketal i Uskedalen. Tala for 2019 syner at bygda har ein tilbakegang på 3 personar. I 2018 auka folketalet med det same talet. Med dette er det samla folketalet på 1049 det same som for to år sidan. Toppen hadde Uskedalen i 2017 med 1074 innbyggjarar. Frå 1960 til 2019 har folketalet auka frå 780 til 1049.
23.02.2020
Fire svaner på Fjellandsbø har fått ei femte med i flokken.
Talet svaner på og ved Fjellandsbøvatnet aukar. For ei veke sidan fekk dei fire svanene ei femte svane med i flokken. Det er tydeleg at den siste svana, som kom til, er som femte hjul på vogna. Dei fire svanene, Uskedalen.no skreiv om i desember, er to svanepar. Då trengst det sikkert litt tid for å ta den femte med i fylgje.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS