Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Klart for den mest tradisjonsrike julefesten i Uskedalen.

25.12.2018
Klikk på bilete for full storleik
Dei frammøtte kosar seg alltid på juletrefestane i Vonheim.
 
For nokre tiår sidan var det tett mellom dei tradisjonelle julefestane her i bygda.  Seinare har ein etter ein falle frå, men fjerdedagsfesten i Vonheim på Haugland held stand!  Denne festen i forsamlingshuset for Haugland og Musland er utvilsomt den mest tradisjonsrike julefesten som vert arrangert i bygda, og framleis er den så populær at den samlar fullt hus.  På festen i år får vi høyra glimt frå denne festen si lange historie.
 
Klikk på bilete for full storleik
Julenissen likar så godt den spesielle kontakten med barna på denne festen.
 
Festen er kvart år bygd etter same ramma.  På programmet er det alltid julemusikk, opplesing, leikar og andre programinnslag som første del av festen.  Etter det er det matøkt der alle kosar seg med medbrakte godsaker og kaffi.  Barna pleier å få utdelt brus. Dette føregår i matsalen i kjellaretasjen, og under denne økta vert det ofte besøk av nissen.  Ryktet seier at julenissen likar seg så godt på denne festen at han vil ta turen også i år.  - Eg får så utruleg fin kontakt med borna på denne festen, har julenissen uttalt om dette.

Etter matøkta vert festen avslutta med gang rundt juletreet.  Det er verkeleg julestemning når dei gode og velkjende julesongane og juleleikane tonar frå den glade gjengen som omkransar juletreet.

 
Vonheims-festen vart for første gong arrangert midt på 1930-talet, altså kort tid etter at forsamlingshuset var klart til bruk i 1934.  Trygve A. Haugland(90 år) er nok den som har vore på flest julefestar i Vonheim.  På festen i år vil han i eit samtaleinnslag gje festlyden glimt frå korleis han har opplevt denne tradisjonsrike festen gjennom meir enn 80 år, frå han var liten gut.  Dette blir nok svært interessant!
 
Tor Ove Haugland, i styret for Vonheim, lovar elles ein skikkeleg juletrefest etter den faste leisten også i år.  Fjerde juledag(28.12.) kl.16.30 opnar festen med ei lita konsertavdeling med Uskedal musikklag slik det har vore på alle dei 31 siste føregåande festane.  Sjølvsagt er det julemusikk på programmet, og dei vil m.a. spele Holly Jolly Christmas og Sonjas song frå Reisen til julestjernen.  Dei avsluttar som alltid med ein kjend julesong der festlyden syng med.  Elles lovar Tor Ove både opplesing og selskapsleikar som får stemningen til å gå i taket.  
 
Programmet er på altså plass, og det vert heilt sikkert ei kjekk julestund i Vonheim frå klokka halv fem og eit par timar utover fjerde juledag.  Til denne festen pleier folk i krinsen mest gå mann av huse, og i tillegg kjem ein del andre med ei eller anna form for tilknyting.  Ei flott juleoppleving er det!!
 
 
Selskapsleikane er alltid populære både blant barn og vaksne.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto frå festane 2015, 2016 og 2017: Thor Inge Døssland
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
23.01.2019
Nordsaang til Åkra på Nyttårskonsert.
Neste månag vert kyrkjekoret Nordsaang med på Nyttårskonsert i Åkra kyrkje. Sokneprest Kjersti Brakestad Boge les dikt og dottera Elisabeth spelar trompet. Eva Megyesi sit ved orgelet i tillegg til å vera musikalsk leiar for Nordsaang. Soknerådet i Åkra er tilskipar.

kb
22.01.2019
Valkurs for sokneråda i Sunnhordland.
Førebuingane til Kyrkjevalet 2019 er starta. I dag vert det skipa til valkurs på Leirvik for soknerådsmedlemer og for tilsette på kyrkjekontora i Sunnhordland prosti. Ein medlem frå soknerådet i Uskedalen er påmeld.

kb
21.01.2019
Glatte sidevegar - ikkje strøing eller salting enno.
Kommunale sidevegar i Uskedalen er glatte og mest uframkommelege. Særleg vanskeleg er det i Eikevegen, vegen ned til Beinavikjo og vegen opp i Halsane. Alle må vera merksame på det vanskelge føre og helst bruka broddar om ein skal på gåtur.

kb
20.01.2019
Målingar syner for høg fart i Korsneset.
Statens Vegvesen sine målingar i Korsneset syner ein snittfart på 67 km/timen. Heile 85 % av alle køyrande har ein fart på 67 km/timen eller høgare. Fartsgrensa er 60 km. Målingane er ein del av dokumentasjonen før ein iverkset trafikksikring ved kryssing av Fylkesveg 48 ved Korsneset/Ospelunden byggefelt.

kb
20.01.2019
Søknadsfristen nye Hydrojobbar er i dag.
Hydro Husnes treng 90 nye medarbeidarar ved oppstart av B hallen. Søknadsfristen er i dag, sundag 20. januar. Alle kan søkja, sjølv om ein helst ynskjer fagarbeidarar.

kb
19.01.2019
Fleire hus til sals i Uskedalen.
Ein lesar gjer oss merksam på at det er fleire enn 6 hus til sals i Uskedalen. Dersom du går inn på Finn.no og søkjer opp Bolig - Uskedalen, vil du finna alle salsobjekta som er lagt ut av hus/bustader.

kb
19.01.2019
Karusellrenn i Fjellhaugen i morgon, sundag 20. januar.
Det er skirenn i Fjellaugen i morgon, sundag 20. januar. Uskedal idrettslag er tilskipar. Det er eit karusellrenn klassisk. På Uskedal idrettslag si heimeside finn du skjema for påmelding.

kb
17.01.2019
Kjell Yri er med og går opp nye turløyper på La Gomera.
Kjell Yri har i denne veka vore med i eit turfylgje for å gå opp nye ruter på den kanariske øya La Gomera. Det er gjort i regi av reiseselskapet Rundtomkring. Mona Enes og Kjell Yri er engasjert som turleiarar på Kreta. No vert turtilbodet utvida til også å ta med La Gomera.

kb
17.01.2019
Kommunen, bygdelaga og utviklingsselskapa.
Kva rolle og funksjon skal kommunen ha i høve til bygdelag og utviklingsselskap ? Kvifor er Kvinnherad kommune medlem i og har luter i Rosendal utvikling og ikkje i Uskedal utvikling. Det er det som er spørsmålet i sak i F.skapet i dag. Rådmannen rår til utmelding og at det er lik praksis overfor alle bygdeutviklingslaga i kommunen.

kb
17.01.2019
Berre ein uskedeling på Krf-lista.
Krf har no klar listeframlegget til kommunevalget til hausten. På lista finn vi berre ein uskedeling. Det er Knut Olav Myklebust(42) som er plassert som nr. 19 av dei 21 kandidatane. På topp er som venta Marit Årthun frå Åkra. Ho er også den einaste kumulerte. Lista vert endeleg vedteken under nominasjons- og årsmøtet i Rosendal 4.februar.

tid
Siste Nyhende
23.01.2019
Ny varebil med logo for kvar avdeling.
Kvinnherad Vekstbdrift er i sterk utvikling med varelevering og nye tiltak. For nokre månader sidan fekk verksemda ny varebil, ein Mercedes Sprinter, varebil 2016 modell med lift. Bilen vert definert som varebil i klasse B. Med lastekapasitet på 1000 kg vert bilen nytta til transport av møblar og transport av varer ut og inn til vaskeriet. Kvinnherad Vekstbedrift har nyleg fått ein større kontrakt på levering av varer frå vaskeriet, noko Uskedalen.no kjem tilbake til i eige innlegg.
22.01.2019
God start på årets skikarusell og barneskirenn.
Årets skikarusell og barneskirenn er i full gang. Med heile 34 born i barneskirennet og 30 born i karusellrennet er Knut Johannes Ripel i arrangørgruppa godt nøgd. Det har rett nok vore ein liten nedgang i deltakinga dei siste åra, ein tendens ein prøver å snu. Uskedal Idrettslag var teknisk arrangør for det fyrste karusellrennet denne sesongen.
21.01.2019
Det dagast i Noreg med sol på tind.
Overskrifta er henta frå Jens Tvedt sin song Solfest eller mest kjend som Det dagast i Noreg. På fine dagar ser vi glytt av sola, meir og mindre sol alt etter kor du bur i Uskedalen. På Fjellandsbø/ søre Musland og Skorpo har dei sol heile året. Liv og Audun Eik på søre Kjærland og Håkon Haugland i Urdo har ein liten solglytt, faktisk berre 4 minuttar sol på det minste. Nokre på Haugland ser i sola straks etter. På nokre veker auka tida til ein time.
21.01.2019
Hydroutbygginga har positiv næringseffekt i Uskedalen.
Den store Hydroutbygginga på Husnes har positiv effekt på næringslivet i Uskedalen. Dette er mest synleg på vareleveranse og på overnatting. Sist veke fekk Uskedal Trelastlager anbodet på levering av materialer til det som skal vera understellet på brakkeriggen på Bogsnes. Det er Stord Innkvartering ved dagleg leiar Leif Trygve Nilsen som er utbyggjar og som valde Uskedal Trelastlager som leverandør.
19.01.2019
Skiløparar frå Uskedalen hevdar seg på kretsnivå.
Fire skiløparar i alderen 11 til 15 år gjer det godt på kretsnivå. Dei er med i eit fast gruppe frå Kvinnherad som reiser på kretsrenn. Dei har det kjekt sosialt og hevdar seg svært godt med alle sine prestasjonar. Anna Elisabet Samland Eik har faktisk 3. plassen i kretscupen så langt i sesongen. Alle går klassisk stil.
18.01.2019
Byggesteg 3 i Ospelunden med veg,vatn og kloakk er godt i gang.
Ospelunden AS ved Oddbjørn Kroka har starta arbeidet med veg, vatn og klokakk i det som er byggesteg 3 i Ospelunden. Musland Maskin gjer arbeidet med eigne og innleigde maskinar. Ein reknar med å bruka tida fram til sommaren før alt er på plass og ferdigstilt. Innan to månader skal høgspentlina ned og leggjast i vegbanen. Prosjektet er i samarbeid med Kvinnherad Bygg og ein legg vekt på å bruka lokale firma på bygg, elektro og røyr.
17.01.2019
Hus og bustader som vert selde i Uskedalen.
I ein oversikt i Kvinnheringen nyleg kom det fram at 6 hus/bustader ligg ute for sal i Uskedalen. Tre av desse ligg på Tveitane langs Uskedalsvegen, del av tremannsbustad ligg i Halsabrotet 7B og del av tomannsbustad ligg i Ospelunden 9A. Det har til tider vore god omsetnad på husvære i Uskedalen. Det som er av leilegheter, er delvis utleigd i samband med Hydroutbygginga på Husnes.
15.01.2019
kr. 180.000,- av grasrotmidlane til Uskedalen.
Knappe kr. 180.000,- av Grasrotmidlane går til 8 ulike laga og organisasjonar i Uskedalen. Midlane kjem frå Norsk Tipping. Dersom laget er registrert i Frivilligregisteret, kan 7 % av det tipparen spelar for gå til eit lokalt lag. I Uskedalen er det åtte organisasjonar som vert overført midlar for 2018. Uskedal Idrettslag toppar lista med ei løyving på kr. 91.332,- frå tilsaman 136 brukarar. Minst overføring er det til Uskedal Friluftslag med berre ein tippar.
14.01.2019
Kommunen inviterer til Dialogkafe i Helgheim, onsdag i denne veka.
Representantar frå Uskedal Helselag og Uskedal Utvikling vil vera med på Dialogkafe i Helgheim, onsdag 16. januar på dagtid. Det er Kvinnherad kommunen som inviterer til samlinga som vil ha fokus på den eldre delen av befolkninga. Dialogkafeen vert skipa til for å få innspel til arbeidet med ny kommunedelplan for omsorg, helse og sosiale. Det som før har vore delplanar, vil no bli samla i ein felles helse- og sosialplan.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Spar
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Brødrene Hjønnevåg AS
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Renhold service
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS