Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Travel advents- og førjulstid i barnehagen.

22.12.2018
Klikk på bilete for full storleik
Ekstra mykje kjekt i barnehagen i førjulstida.
 
Her er ein stemningsrapport frå adventstida i Uskedal barnehage. Rapporten er i form av bilete og med barnehagen sin eigen song på tonen Når nettene bir lange. Bileta høver godt til teksten i songen.  Les meir om kva bileta skildrar:
 
Klikk på bilete for full storleik

 Her finn du foto frå: 

  • Lucia
  • Adventstur med grilling av fiskekaker på bål,
  • Baking av lussekattar og kakemenn
  • Laging av julepynt
  • Nissefesten.

Adventstida i Uskedalen barnehage

(melodi Musevisa) 
1.
Når nettene blir lange og kulda setter inn,
Så seier pedagogane til ungeflokken sin:
No nærmar vi oss jula 
Og tida den går fort
Adventstid i barnehagen 
er nesten litt for kort
 
Refreng 
Heisann og hoppsann og fallerallera!
Førsjulstid i barnehagen, den er kjempe bra
Heisann og hoppsann og fallerallera!
Så mange kjekke ting å gjera, alle er så glad
 
2.
Personalet dei seier
No skal vi danne ring.
La adventstaken stå i midten 
Så set vi oss rundt omkring 
Vi gjev kvarandre handa 
Som vi kan halde i
Og ein og to og tre 
Så synge vi 
 
Refreng
Heisann og hoppsann og fallerallera!
Førsjulstid i barnehagen, den er kjempe bra
Heisann og hoppsann og fallerallera!
Så mange kjekke ting å gjera, alle er så glad
 
 
3.
Ja ungane er flittige,
Dei teke saks og lim
Og klypper julenissar 
og syng julesang på rim. 
Og medan barna lagar pynt 
Og leikar fint i lag
Dei vaksne finn fram 
Kveite mjøl og bakekar. 
 
Refreng 
Heisann og hoppsann og fallerallera!
Førsjulstida i barnehagen, den er kjempe bra
Heisann og hoppsann og fallerallera!
Så mange kjekke ting å gjera, alle er så glad
 
 
4.
Omsider kjem dagen 
som barna ventar på
Foreldra dei kjem stille 
Og listar seg  på tå. 
Lucia toget er pynta med glitter,
 lys og sånn 
På skulen treff dei rektor, 
putter ein «lussekatt» i handa på,n 
 
Refreng
Heisann og hoppsann og fallerallera!
Førsjulstida i barnehagen, den er kjempe bra
Heisann og hoppsann og fallerallera!
Så mange kjekke ting å gjera, alle er så glad
 
 
5.
Så kjem den store dagen 
Med julebord og stas
Ungane har finklede på 
og er klare til kalas.  
avdelinga er pynta 
og finskoa er på
vi svingar oss, synge
og lar juledansen gå 
 
Refreng
Heisann og hoppsann og fallerallera!
Førsjulstid i barnehagen, den er kjempe bra
Heisann og hoppsann og fallerallera!
Så mange kjekke ting å gjera, alle er så glad
 
6.
Adventsida er fort forbi
 og brått er jula her
men før den tid vi lagar fest
og tek på nisseklær 
Vi ynskjer alle fjern og nær
ei riktig gode jul
medan alle rockar rundt 
og er kjempe kul
 
Refreng
Heisann og hoppsann og fallerallera!
Førsjulstida i barnehagen, den er kjempe bra
Heisann og hoppsann og fallerallera!
Så mange kjekke ting å gjera, alle er så glad
 
 
 
Etter avtale med foreldra vert bileta publisert utan namn.
 
 

Tekst: Ann Irene Sæle/ Kristian Bringedal

Foto: Uskedal Barnehage

Nett: Thor Inge Døssland

 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.03.2019
Innsamlinga til Ukraina, måndag 1. april.
Den store innsamlingsdagen for å fylla opp traileren til Korosten i Ukraina er måndag 1. april. Nøyaktig innsamlingsrute i Kvinnherad vert kunngjort seinare. Men alt no kan vi ta fram kle, sko, leiker m.m. og pakka i sekker. Maks last er 90 kubikkmeter.

kb
21.03.2019
Cafe Hylleblomen opnar 12. april i Skålagato.
Elins Matgleder melder på Facebook at Cafe Hylleblomen opnar fredag 12. april kl. 10 i Skålagato.Uskdalen.no har før hatt innlegg med bilete frå oppussinga og arbeidet med klargjering. Mest vegg i vegg med kafeen ligg Restaurant Fiolen.

kb
20.03.2019
Stig Berge-Soldal er søkjar til rektorstilling på Husnes ungdomsskule.
Stig Berge-Soldal er ein av fem søkjarar til rektorstillinga på Husnes ungdomsskule. Han er for tida skuleleiar på Uskedal skule. Lilli Britt Urheim, som tidlegare var  rektor i Uskedalen, har nokre år vore rektor på Husnes før ho no vert leiar på Hatlestrand.

kb
20.03.2019
Attval på styre i Idrettslaget.
Uskedal Idrettslag hadde årsmøte i går kveld. Dei i styret som var på val, tok attval. Idrettslaget kan syna til ei stabil drift med gode trenarar og instruktørar. Styret er: Chris Fossli ( leiar ), Helene Huse Bjørnebøle, Lars Haugland, Geir Enes, Per Korsvold og Håvard Lunde.

kb
19.03.2019
Stig Framnes gjekk Skøytebirken på fredag.
Stig Framnes frå Uskedalen/Oslo gjekk Birkebeinarrennet på fredag. Det var den såkalla Skøytebirken, ikkje det ordinære skirennet vi kjenner frå før. Skilnaden er at ein skøytar og at rennet går dagen før hovudrennet. Traseen og lengda ( 54 km ) er den same. Så langt vi kjenner til, var Stig Framnes den einaste deltakaren frå Uskedalen i år.

kb
18.03.2019
Uskedal Trelastlager vert seld.
Det er i dag gjort kjend at den tradisjonsrike verksemda Uskedal Trelastlager vert lagt ut for sal. Uskedal Trelastlager med eigar Tørres Myklebust starta trelasthandel på Eikelandet i 1929. Uskedal Trelastlager har vore i samanhangande drift i ein og same familie over fire generasjonar. Finn Guddal er dagleg leiar i dag. Meir informasjon kjem seinare.

kb
18.03.2019
Sau og Geit møte i kveld kl 19.30 i Gamleskulen.
Kvinnherad Sau og Geit inviterer til møte i kveld, måndag 18. mars, kl. 19.30 i Gamleskulen. Arne Oftedal frå Mattilsynet vert med. Han vil orientera om ny dyrevelferdslov. Veterinær Svein Rimestad informerer om den føreståande lamminga. Det vert også innlegg av Janne Alsaker.

kb
17.03.2019
Sundags VG på døra - ring: 400 58 372
Ynskjer du å kjøpa sundags VG og få avisa levert på døra, ja, då kan du ta kontakt med Oliver Enes på mobil: 400 58 372. Han har 20 aviser og sel i sentrum og i Korsneset. Han brukar om lag 2 - 3 timar på jobben. Meir informasjon med bilete kjem i eige innlegg.

kb
17.03.2019
Uskedal Bondelag til Voss på studietur.
Neste helg skipar Uskedal Bondelag til studietur til Voss. På laurdagen vert det synfaring på Bjørke, på gardsbruket til Ragnhild Tennebekk Bjørke og Olav Hjetland Bringedal. Før avreise på sundagen er det lagt inn omvisning og ei læringsøkt på Voss Jordbruksskule. Om lag 30 personar deltek på turen. Nortura og Felleskjøpet sponsar med m.a. mat for grilling i tunet på Bjørke.

kb
15.03.2019
Strandryddedagen vert 4. mai i år.
Den årlege strandryddedagen er lagt til laurdag 4. mai. Friluftsrådet Vest i samarbeid med SIM er ansvarleg. Det er løyvd midlar over statsbudsjettet til ryddinga. Uskedal Båtlag og Uskedal utvikling har vore engasjert før. Det same har Lerøy Sjøtroll vore med si rydding av marint søppel i område rundt Skorpo. Meir informasjon kjem når ein veit meir om den lokale organiseringa.

kb
Siste Nyhende
22.03.2019
Nydyrking på Haugland - treng meir massar.
Det er mykje dyrking i Uskedalen for tida, både på Rød, i Friheim og på Haugland. Det som var tre mindre stykke på Haugland vert no lagt ut, planert og dyrka opp til ny slåttemark. Lars Haugland og sønene Johannes og Øystein gjer jobben. Arealet høyrer til gardsnumer 125, bruk 7. Eigar er Margot Haugland. Det nye stykke er målt opp til 10 dekar.
21.03.2019
Betre og fornya turstiskilting.
I regi av det kommunale Turstiprosjektet vert alle skilt fornya og bytte ut. Til no har det på mange plassar vore treskilt som har synt vegen til fjells frå startpunkta nede i dalen. Ein vil framleis bruka treskilta i lia og på fjellet. På sikt vert alt bytt ut med nye standard skilt. Steinar Haugland i Turgruppa fortel at ein kvar vår går over og ser til at all skilting er på plass.
20.03.2019
Vil ny eigar halda fram med trelast- og byggevarer i Uskedalen ?
Det vart i denne veka gjort kjend at eigarane sel aksjane sine i Uskedalen Trelastlager AS. Ei samanhangde drift sidan opninga i 1929 på Eikelandet går dermed mot slutten. Uskedal Trelastlager har i 90 år vore ei solid verksemd med stor tillit i markedet. Varemerke deira har vore kvalitet, nærhet og fagkunnskap. Mange vil sakna den drifta familien har stått for. Difor knyter det seg store forventningar til om ny eigar held fram med trelasthandel i Uskedalen.
20.03.2019
Søndag vert det ei skikkeleg flott konsertoppleving i Uskedalen!
Det ligg an til ei særdeles flott musikkstund når Kirill Zimin, Yuko Shuto og Dmitrii Kuzmin held konsert saman med to svært unge, men musikalske gjester, i Uskedal kyrkje komande søndagskveld.  Etter å ha fått med meg glimt frå øvingane, kan eg lova topp innslag både frå dei tre professjonelle musikarane og frå dei to usedvanleg flinke og sjarmerande barna.
19.03.2019
Flink ungdom sel VG og tener sine eigne pengar.
Oliver Enes og Fredrik Simensen Haugland, begge snart 14 år, ligg ikkje på latsida i helgane. Dei ynskjer å spara og tena sine eigne pengar. Det vert gjort slik at Fredrik sel VG på laurdagane, Oliver på sundagane. Det er lausal og avisa vert levert på døra til dei som melder frå. Restopplaget vert selde til dei ein går på døra til. Oliver har alt vore aktiv ei tid. Fredrik fekk innsyn i jobben sist sundag. Han reknar med å vera klar innan kort tid.
19.03.2019
Vonheim - ein av 160 søkjarar til Sparebank 1 midlar.
Det er innan fristen 12. mars søkt midlar frå Sparebank 1- stiftinga Kvinnherad for 30 mill. kr. Talet søkjarar på sju år er tredobla. Snittet på tildelte gåver har auka frå 120.000,- til 180.000,- pr. søkjar. Disponerte midlar på 7,5 mill. kr i år rekk til 25 % av søknadsmassen. Styret for forsamlingshuset Vonheim har søkt om støtte til innlagt vatn og nytt toalett- og sanitæranlegg.
18.03.2019
SELSTAD treng fleire notbøtarar i Uskedalen.
SELSTAD søkjer etter nobøtarar til sin avdeling i Uskedalen. Det er erstatning for tilsette som har vald å gå over i anna jobb. Totalt har SELSTAD 8 tilsette i Uskedalen. Egil Pile er driftsleiar på SELSTAD sin serviceavdeling i lokala til Eidsvik Skipsbyggeri AS. Å vera notbøtar er eit eige fag og all opplæring vert gjort ved hovudkontoret i Måløy.
17.03.2019
Krafttak mot kreft med russen som bøsseberarar.
Den årlege kreftaksjonen Krefttak mot kreft vart gjennomført i heile Kvinnherad  dag. Russen var bøsseberarar og i Uskedalen var 10 ungdomar engasjerte i innsamlinga. Sju av ti overlever kreftsjukdomen i dag, men statistikken bak tala fortel kva kreft som enno har låg overleving. Innsamla midlar i år går difor til forsking og behandling av kreft der få overlever.
16.03.2019
Vi varmar opp til konsert!!
Neste søndag, 24.mars kl.18, vert det ein flott konsert i Uskedalen.   Det er dei dyktige kulturskulelærarane Kirill Zimin, Yuko Shuto og Dmitrii Kuzmin som skal opptre saman med gjestene Artur Zimin(7 år) og Avrora Zimina(5 år).  Medan vi ventar på konserten, kan vi kosa oss to opptak med kulturskulerektor Kirill frå ein stor konsert i St. Petersburg der han var solist i 2017.
Sponsorar
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS