Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Stor interesse for Jon Fosse - kvelden på Dønhaug.

30.11.2018
Klikk på bilete for full storleik
Vidar Haugland tok initiativet og stod for regi og gjennomføring av ein vellukka litteraturkveld i Dønhaugkjedlaren.
 
Om lag 50 litteraturinteresserte menneske kom til Dønhaugkjedlaren. Alle fekk eit møte med Jon Fosse si dikting gjennom føredrag og bokpresentasjon. Gaute Haugland og Ingvar Pettersen, som har illustrert fleire bøker i mindre opplag, var med tilskipinga. Kvelden vart gjennomført slik Jon Fosse ville likt det, med stille, ro, pausar og refleksjon. Anne Karin Fomneland las frå diktsamlinga Auge i vind med tonefylgje av Egil Vaage på hardingfele.
 

Jon Fosse kjem frå Fosse i Strandebarm. Han hadde ein trygg og god oppvekst. Nokre dramatiske hendingar i hans eige liv og med kameratane hans har festa seg og kjem att i mykje av det han har skrive. Fosse debuderte i 1983 med romanen Raudt,svart og har seinare skrive over 30 skodespel, framført på scenar i mange land og i alle verdsdelar.

 

Forutan romanar og drama skriv Fosse dikt. essay, kortprosa og barnebøker. Bøkene hans er omsett til meir enn 40 språk.

 
Klikk på bilete for full storleik
Anne Karin Fonneland las og fortalde om livet og diktinga til Jon Fosse ( Arkivfoto ).

Anne Karin Fonneland snakka om landskapet i dikta hans og relasjonane mellom menneske. Det suggererande og mystiske kjem fram alt i debuboka. Det er litterær rock med mykje repetisjon og gjentaking. Han vart i byrjinga oppfatta som vanskeleg og lite tilgjengeleg. Seinare fekk han eit internasjonalt gjennombrot og er i dag tildelt ei rekkje prestisjetunge litterære prisar. Berre i 2002 vart det synt fram drama av Fosse på 100 scenar i Europa, mellom anna Nokon kjem til å komme, som vart skrive til Den nasjonale Scene i Bergen i 1996.

 

Det har til tider vore mykje fokus på Jon Fosse og det religiøse. Alt som 16 åring melde han seg ut av Statskyrkja. No reknar han seg som kristen og er innmeld i Den katolske kyrkja. Jon Fosse har sagt at kyrkja og bedehuset er dei einaste plassane der marknadskreftene ikkje rår. Han har skrive salmen Nattsalme. I Norsk salmebok finn vi salmen Det finst ei jord. 

 

Vidar Haugland har alle bøkenen til Fosse. I tilegg har han vore utgjevar for 6 bøker i mindre opplag. Tre lokale kunstnarar, Gaute Haugland, Ingvar Pettersen og Øyvind Sture, har vore illustratørar.

 

Det er lang tid sidan det har vore litteraturkveld i Uskedalen med så godt frammøte. Vidar Haugland hadde tanken og fekk med seg Anne Karin Fonneland på noko mange ventar meir av. Alle innslaga vert rekna som dugnad utan kostnader. Det vert heller ikkje rekna leige for å få vera hos Anne Berit og Magne Huglen på Dønhaug.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal.

 
 
 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Gaute Haugland har illustrert fire av bøkene til Jon Fosse. Vidar Haugland har vore utgjevar.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 19.des. 2018
Dagens heldige vinnar på skulemusikken sin spennande adventskalendar får ein gravemaskin til verdi 799,-kr. Denne er gjeven av AS Betongvarer og Felleskjøpet, og vinnaren har kalendaren med nummer 233.  Vi gratulerer mykje!!

USM
18.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 18.des. 2018
I dag er produktpakke til verdi av 700,- kr, gjeven av Trend Frisør, den flotte gevinsten på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar.  Den som har kalendar med nummer 372 er den heldige vinnaren av denne.  Vi graulerer!!

USM
17.12.2018
Møte om frivillig arbeid i eldreomsorga.
Representantar frå Uskedal Helselag er i dag med på møte om frivillig arbeid i eldreomsorga. Møte er på Rosendalstunet kl. 14. Helselaget er eit av fleire lag som legg ned ein stor innsats for eldre, både for dei som er på institusjon og for heimebuande.

kb
17.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 17.des. 2018
I dag er det trekt ut eit gåvekort med verdi 500,-kr, gjeve av Elins matgleder, på skulemusikken sin adventskalendar.  Eigaren av kalendar med nr.445 er dagens heldige vinnar.   Vi gratulerer så mykje!!

USM.
16.12.2018
Sundagsope på SPAR i dag kl. 14 - 19.
Det er ope på SPAR i dag, sundag 16. desember frå kl. 14 til kl. 19. Alle SPAR butikkane i Sunnhordland har same ordninga og stort sett dei same opningstidene i førjulstida og i romjula.

kb 
16.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 16.des. 2018
I kveld kl.19 er det duka for skikkeleg julestemning i bygda.  Då er det nemleg julekonsert i Uskedal kyrkje.  Uskedal skulemusikk skal spela saman med Rosendal skulekorps.  Dei skal m.a. framføra Gabriels obo med Nils Rainer Vågen som solist på euphonium.  Også andre aktørar bidrar med mykje vakker julemusikk.  I dag er det òg 2 gevinstar på adventskalendaren.  Nr.217 har vunne gåvekort(behandling), verdi 500,-kr frå Anjas enhetsterapi, og nr.47 har vunne Legotechnic, verdi 300,-kr, gjeve av Døssland Advokatfirma.

Vi gratulerer vinnarane, og ønskjer alle velkomne til ein stemningsfull julekonsert!!

USM.
15.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 15.des. 2018
Eigar av kalendar nr. 223 har i dag vunne gåvesett til verdi 450,-kr, gjeve av Zjakk frisør, medan gevinsten på nr.379 er sylteflesk frå Friheim gardsmat.  Vinnar av sylteflesket kan kontakta Hege Lekva (988 07 713) medan vinnaren av gåvesettet kan henta gevinsten på Auto 88 AS.  Vi gratulerer!!

USM.
14.12.2018
Vinnarnummer til no i Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 2018.
Til no har det vore 2 gevinstar kvar dag, og dette er vinnarnummera: 94, 5, 110, 463, 33, 345, 498, 97, 37, 243, 255, 390, 221, 484, 211, 56, 395, 476, 426, 123, 186, 483, 308, 239, 142, 244, 466 og 226.
Vi graulerer dei heldige og gevinstane kan hentast på AUTO 88 AS.

USM.
14.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 14.des. 2018
I dag er det trekt ut to nye gevinstar på skulemusikken sin adventskalendar. 466 og 226 er vinnarnummera i dag.  Førstnemnde har vunne Gåvekort på 500,-kr frå Rein hudpleie i Herøysundet, medan 226 har vunne Legofriends til verdi 300,-kr, gjeve av Uskedal skulemusikk.Vi gratulerer dei heldige som kan hente gevinstane sine hos Auto 88 AS.

USM
13.12.2018
Melding frå Uskedal helselag.
Den siste styrketrimmen for vaksne før jul er måndag 17. desember. Dagen etter, tysdag 18. desember har gågruppa turen sin som vanleg på tysdagar. Etter det er det julefri. Helselaget ynskjer gamle og nye medlemer velkomne til ulike aktivitetar i det nye året.

Styret
Siste Nyhende
18.12.2018
Lysdekorerte hagar og hus skaper julestemning.
Uskedalen.no har før skrive om den stora og den vetla grano i sentrum og lysdekoren på Gamleskulen. I dette innlegget vil vi ha fokus på andre kreative tiltak for å skapa julestemning. Eit omfattande arbeid med å få på plass lyslenljer tek til i slutten av november og held fram til ei veke før jul. Redaksjonen har vald ut tre lysdekorerte hagar og hus der arbeidet er gjort med omtanke utan noko form for overdriving.
18.12.2018
Eit landemerke av ei løe vert restaurert.
Den gamle løa i Beinavikjo er restaurert. Arbeidet starta ved skifte og forsterking av taket. Seinare er berekonstruksjonen betra og det er kome ny bordkledning. Løa er eit landemerke og er godt synleg på alle eldre fotografi frå Beinavikjo, med handel, D/S kai, post, hermetikk- og formjølfabrikkar og farty til kai eller på svai.
17.12.2018
Ein julekonsert med mangfald og store variasjonar.
Ein julekonsert skal vera tradisjonell, men også nyskapande. Det var slik det vart i kyrkja i går der meir enn 200 tilhøyrarar fekk med seg juletonar frå korps, kor, solistar, kantor, gjester og ikkje minst frå salmesongen. Leif Inge Heimvik sin monolog av juleevangeliet er alltid like gripande. Heimvik er også overtydande med songen I ei natt av Bjørn Eidsvåg.
15.12.2018
Uskedal Helselag held oppe ein 60 år gamal tradisjon.
Uskedal Helselag held på ein 60 år gamal førjulstradisjon med å gje pakkar og blomar til dei som treng det ekstra i jula. Det gjeld alle heimebuande i Uskedal over 90 år, til alle frå bygda som bur på aldersheim og ikkje minst 50 pakkar til Valen sjukehus. Det heile starta ein gong på 1960 talet og har etter det vore eit årvisst sosialt tiltak.
14.12.2018
Framifrå gjennomføring i Ølve kyrkje
Røysterett for alle hadde si andre gjennomføring av den innøvde julekonserten i Ølve kyrkje torsdag kveld. Røysterett gjennomførte konserten på ein særdeles god måte og med svært gode medverkande musikarar, vart dette ei flott og minnerik konsertoppleving.
14.12.2018
Filmprosjektet til 7. klasse er avslutta.
I november månad hadde 7. klasse ved Uskedal skule filmprosjekt. Det var eit tilbod frå filmskapar Merete Offerdal Tveit i regi av Den kulturelle skulesekken. Uskedalen var ein av sju skular som takka ja til bilbodet. Før filminga måtte elevane finna tema og laga utkast til manus. Etter ei grundig førebuing med feltarbeid kom klassen fram til at ein ville dokumentera ein skuledag på Haugland gamle skule.
13.12.2018
Julegraut og juleverkstad for 5. klasse.

Dei 17 elevane i 5. klasse ved Uskedal skule fekk ei spesiell oppleving i går, då dei fekk vera med på juleverkstad og julemat hos Elins Matgleder. Åse Neset Myklebust,  kontaktlærar for 5. klasse, fortel at elevane var gode nøgde med opphaldet.
13.12.2018
40 juletre av beste kvalitet vert selde ved Elins Matgleder.
Juletresalet er i full gang. Geir Enes har vore i Sandeid og henta heim 40 edelgran av beste kvailitet. Dersom omsetnaden er god, vert det henta meir. Juletrebonden heiter Svein Bjarte Slåke og har spesialisert seg på produksjon av juletre av typen Nordmanna edelgran. Juletresalet i Uskedalen starta måndag i denne veka og held fram til jul.
12.12.2018
Rustne Menn på Rehab.
Song- og musikkgruppa Rustne Menn hadde eit spesielt oppdrag i går. Gruppa valde å ta turen til Stord sjukehus med konsert på Fysikalsk medisin og rehabiliteringssenter. Konserten var på dagstova og samla brukarane og personale på avdelingen. Det er kjend for dei fleste ar Reidar Myklebust, ein av gruppa sine faste medlemer, er på opptrening etter eit slagtilfelle tidlegare i haust.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS