Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Jon Fosse kveld i Dønhaugkjedlaren, torsdag 29. november.

20.11.2018
Klikk på bilete for full storleik
Den verdskjende dramatikaren vert presentert i Dønhaugkjedlaren torsdag 29. november.
 
Torsdag 29.nov. er det «Fosse-kveld» på Dønhaug. Jon Fosse sine dramastykke vert spela på dei mest viktige scenane i både Europa og verda elles. Mange spør kva det er som gjer denne litteraturen så verdskjend og viktig. Jon Fosse er ikkje berre dramatikar, men også romanforfattar og lyrikar m.m. Kva er det som kjenneteiknar Fosse si dikting?
 

Den verdskjende dramatikaren er sjølv i Austerrike,men han seier i ei melding at det er stort at vi arrangerer Fosse-kveld i Uskedalen og at han har stor tillit til at hans gode forfattarkollega, Anne Karin Fonneland, vil presentere litteraturen hans på framifrå vis. Ho har mellom anna skrive mellomfagsoppgåve i litteraturvitskap om dramatikken hans. 
 
Anne Karin Fonneland vil snakka om landskapet og det vestlandske i Fosse si dikting.

Anne Karin seier ho set stor pris på mange av tekstane til Jon Fosse, og ho gler seg til å lese nokre utdrag frå diktinga hans. Ho er oppteken av inspirasjon og dikting som er knytt til landskapet og »det vestlandske» og har jobba med både Olav H. Hauge og Fosse sine tekstar i dette perspektivet. 
 

Egil Vaage, Håkon Røstbø og Ole Bjarte Røssland vil syte for det musikalske på Dønhaug, delvis i samarbeid med Anne Karin og litteraturopplesinga, delvis med fri utfalding av alle sine musikalske talent.

  

6 av bøkene til Jon Fosse er illustrerte av lokale kunstnarar, og det er svært gledeleg at Gaute Haugland, Ingvar Pettersen og Øyvind Sture også vil vere med på Dønhaug denne spennande torsdagskvelden. 
 

Dette kan bli ein særprega og fin kveld, og for å sei det med Jon Fosse – Nokon kjem til å komme, - og det er gratis inngang og plass til mange. Magne vil opne kjellardørene kl.19, og Jon Fosse-presentasjonen startar om lag kl. 20.
       
      
 

Tekst: Vidar Haugland 

Foto: Med løyve frå forfattarane 

Nett: Kristian Bringedal
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.04.2019
Plagar svanene med båtkøyring.
Redaksjonen har i dag, langfredag, motteke melding frå Eikelandet om at ein liten grå båt med høg fart køyrer tett på svanene og plagar fuglane med sjøskvett. Plassen er mellom Holmen og Stølavikjo. Slik båtkøyring vert ikkje akseptert. Dersom det held fram, vert saka meldt til Politiet. Plaginga pågjekk i om lag 10 minuttar. Hendinga er filma.

Red.
17.04.2019
21 konfirmantar i Uskedalen 12. mai.
Heile 21 ungdomar vert konfirmerte i Uskedalen sundag 12. mai. Det høge talet gjer at konfirmantane vert delte i to grupper, kl. 11 og kl 13. Tidlegare sokneprest i Uskedalen. Lina Håland, er prest. Kantor Eva Meyesi er organist. Soknerådet helsar konfirmantane med bokgåve, Uskedal kyrkje 1914 - 2014.

kb
16.04.2019
Godt billettsal til påskedansen på Dønhaug.
Påskedansen på Dønhaug med Gunslingers er like populær som det har vore i mange år. Måndag morgon var det berre att 70 av totalt 400 billettar. Dermed vert truleg alle billettane selde før dansen tek til onsdag.

kb
16.04.2019
To gudstenester i påsken.
Det vert to gudstenester i Uskedal kyrkje i påsken. Det er Skjærtorsdag kl. 11 og 1. Påskedag kl. 19.30. Arne Natås er prest og Eva Megyesi er organist. Det vert dåp skjærtorsdag. Ein songkvintett vert med på kveldsgudstenesta 1. Påskedag. Offeret går til Umred India og til Kirkens Bymisjon.

kb
16.04.2019
Påskegjester er velkomne på Kafe Tiaren i dag, tysdag 16. april.
Kafe Tiaren er open frå kl. 11 i dag, tysdag 16. april. I tillegg til faste brukarar vert påskegjestene, som måtte vera på campingen, i båtar eller hytter, oppmoda om å finna vegen til Gamleskulen for å gå på kafe. Det vert servert god mat til ein rimeleg pris. Velkomne skal alle vera på Kafe Tiaren.

kb
15.04.2019
Påskefri på styrketreninga for vaksne.
Styrketreninga for vaksne i regi av Uskedal helsleag går ut i dag, måndag 15. april. Det er påskefri. Neste trening i Gamleskulen vert måndag 29. april kl. 11.

kb
14.04.2019
Terje Bakke på gulllaget i bogeskyting.
Terje Bakke frå Uskedalen, saman med Hans Einar Holmedal og Frank Johnsen, vann gull i lagklassen instiktiv ( utan sikte ) i NM for bogeskyttarar i Førde sist helg. I den individuelle klassen vart Bakke nr. 4, etter å ha leia like fram til finalen. Terje Bakke skyt for Kvinnherad Bogeskyttarklubb.

kb
13.04.2019
Hugs strandryddinga i dag, laurdag, kl. 14.
Båtlaget og Uskedal utvikling minner om strandrydding i dag frå kl. 14. Ta med redningsvest og kniv. Det vert servert kaffi og noko å bita i i Strandstovo etter ryddinga.

kb
11.04.2019
Rektorstillinga i Uskedalen er utlyst.
Stig Berge-Soldal takkar ja til tilbodet om å bli rektor på Husnes Ungdomsskule etter Lilli Britt Urheim. Rektorstillinga i Uskedalen er alt utlyst. Ny rektor vil venteleg vera på plass i god tid før skulestart 2019.

kb
09.04.2019
DNT Ung inviterer til rompeakebrettur frå Geitadalstind.
I morgon, onsdag 10. april med frammøte kl. 16, har du høve til å vera med på rompeakebrettur frå Geitadalstind og ned mot Låganoso. Turen mot toppen vil gå i roleg tempo. Nedturen vert meir heftig. Meir informasjon på FB Kvinnherad Turlag.

kb
Siste Nyhende
18.04.2019
Påskegudsteneste med dåp og læringsøkt.
Vikarprest Arne Nataas la like godt inn ei læringsøkt før gudstenesta tok til i dag. Det vart gjort for for å skjøna samanhengen mellom jødane si påskefeiring som minne om utfriinga frå Egypt og Jesu lidingshistorie. På skjærtorsdag vaska Jesus læresveinane sine føter. Av dette skjønar vi at skir har to tydingar, døypa og reinsa. Soleis høvde det godt at vesle Eva vart døypt i dag og fekk namn oppkalla etter oldemor si, Eva Myklebust.
18.04.2019
God handel og mange nøgde påskegjester.

Påskegjestene strøymer til Uskedalen, anten det er hyttefolk, gjester på Rabben Feriesenter, Øyro Maria, Båthamna eller det er faste gjester som er heime hos slekta si i Uskedalen. Dette gjer at onsdagen i påskeveka er den beste handledagen på SPAR. Påskeafta er også god, men ikkje noko slår onsdagen før Skjærtorsdag. Faste gjester i båt kjem kvar påske tilbake til Uskedalen. Det same gjer dei som kjem med vogner og i bubil. Mange ynskjer å bu i hytter.
17.04.2019
Alle billettane er selde til påskedansen på Dønhauglåven i kveld.
Alt er klart for årets låvedans på Dønhaug. Magne Huglen ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveld med god musikk og topp stemning. Viktig informasjon til alle som har kjøpt billett og skal på låven i kveld:

16.04.2019
Internasjonalt møte i Dønhaugkjellaren
Fredag 26. april får Husnes Jazzklubb besøk av Freedoms Trio, ein trio med røter og musikalsk inspirasjon frå tre verdsdelar. Konseptet deira er world-jazz med afro-brasiliansk påverknad.
16.04.2019
Janove og Real Ones til Festidalen
Då er programmet for 2019 klart! Eit fargerikt fruktfat av artistar skal deiga seg saman med oss på Dønhaug. Det er berre å trimma dansemuvsa og sommarbarten. Snopa seg pass til familie, vener, naboen og seg sjølve. Og telja ned dagar. Sommaren er skremmande nære. Og den skal sjølvsagt nytast ute i både Guds og Human-etisk forbund sin frie natur. Så ta å gjer det i fellesskap på Festidalen! Akkompagnert av skikkeleg snadder musikk. Og skikkeleg herlege folk. Og i heilt forbaska smude omgjevnadar!  
16.04.2019
Kven saknar denne pengepungen ?


Det er i dag, tysdag 16. april, levert inn på SPAR ein pengepung med eit kattemotiv på. Sjå på bilete. Den vart funnen utanfor Gamleskulen, i den tida det var Kafe Tiar. Dersom du er eigaren, kan du ta kontakt med butikken.


Siste: Mor til eigaren har meldt frå. Det var ei lita jente med namnet Julia, som la pengepungen frå seg mens ho leikte på leikeplassen ved Gamleskulen. Mor og dotter er takksame for hjelpa.




Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gunn Mari Moberg
16.04.2019
Gult i gult og god påskestemning på Gro`s Blomster.
I påsken skal det vera gule blomar, anten det er ute- eller inneplanter. Som i  jula, er påsken ei viktig høgtid for alle som driv med blomehandel. For det fyrste skal det pyntast på gravene med påskeliljer, lyng og stemorsblomar. Så er det planting og pynting heime, ute og inne i huset. I innspurten til påsken kjem alle som kjøper påskeblomar som ei gåve og helsing til kjære og kjende.
15.04.2019
Statens Vegvesen tilrår fartsgrense 40 km/t i sentrum.
I brev til Kvinnherad kommune tilrår Statens Vegvesen at ein set fartsgrensa gjennom sentrum til 40 km/t. Dette vert gjort med bakgrunn i mange meldingar om trafikkfarlege tilhøve i Uskedalen sentrum. Den generelle fartsgrensa i tettbygde strok vert sett til 50 km/t. Statens Vegvesen definerer tettbygd strok frå Eik i sør til Gullholm i nord.
13.04.2019
Strandryddinga i dag - 10 sekker, eit bildekk og eit hagebord.
Strandryddinga og anna rydding er i gang. Med berre fire personar og ein båt vart det i dag rydda 10 sekker, eit bildekk og eit hagebord. Område var strandsona frå Vågsneset til og med Holmen. Ryddinga i dag var i regi av Uskedal utvikling og Uskedal Bålag. Ryddinga held fram og alle vert oppmoda om  å bruka konteinaren, som står ved Gamleskulen, fram til 15. april.
Sponsorar
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS