Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Bruktsalg og kafè i Helgheim.

21.10.2018
Klikk på bilete for full storleik
Nytt, godt tilbod i Helgheim 10. og 11. november.
 
Den 10. og 11. november er det planar om eit nytt og spennande tilbod i ungdomshuset Helgheim her i Uskedalen.  Då vert det lagt opp til brukthandel og kafè. Dette kan verta både nyttig og sosialt.  No etterlyser iniativstakaren folk som ønskjer stand for å selja brukte eller nye ting slik at det flotte tiltaket kan gjennomførast.
 
Det er Liv Astrid Myhre som står bak tiltaket, og ho fortel at  på lørdagen satsar dei på dame/herrekle samt sko, vesker,smykker og anna som høyrer til.  
Søndagen opnar dei også opp for barnekle og utstyr. Dersom nokon har spesielle ting som fell utanfor desse kategoriane, går også det heilt fint etter avtale, men Liv Astrid gjer klart at dei ikkje ønskjer store ting som t.d. møblar.
 
For at arrangementet skal gjennomførast, treng ein om lag 20 som har stand, og det er rimeleg å kjøpa standplass.  Det kostar 200 kr for å ha stand på arrangementet begge dagane. Stand må bestillast på førehand, og det gjer ein ved å kontakta Liv Astrid Myhre på mobil 990 42 327. Det er også mogeleg å senda melding om det på facebook.  Ho bed om at interesserte er raske med påmelding då det er begrensa med plasser.  Ho treng også tid for å organisera messa på ein best mogeleg måte.
 
I tillegg til å kika, kjøpa og prata vil ein også kunna kosa seg med god mat.  Lørdag blir det salg av heimelaga kyllingsuppe, kaffi og kaker, og søndag blir det heimelaga kjøttkaker, heimelaga karamellpudding, kaffi og kaker. Det vert altså lagt opp til verkeleg koselege dagar.
 
Vi håpar at det vert god interesse for standar, for dette kan verta eit veldig kjekt tilbod desse to novemberdagane.  Det vert ein flott plass å møtast, akkurat slik vi har behov for i Uskedalen.  Telefonnummeret til Liv Astrid var altså 990 42 327.
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Arkivfoto
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
25.04.2019
Uskedalsreklame i beste sendetid.
Programmet Helt naturlig med innslaget frå Johannes Hauge på Skorpo var god reklame og profilering av Uskedalen, og det i beste sendetid med eit sjåartal på over 500 000. Det vart eit gripande møte med Johannes som døydde 24. mars i år. Målfrid og Terje Myklebust var med på filminga og i programmet.

kb
24.04.2019
Brannstyrkane er flytta til Kaldestad på Husnes.
Tre brannbilar og tankbil passerte Uskedalen for kort tid sidan, no onsdag kveld. Neste brann er på Kaldestad på Husnes. Nøyaktig plass er vest for Kvinnherad Viaregåande skule. Tankbilane hentar vatn i Skogvegen. Det er regn i lufta, men ikkje nok til å stoppa ein brann.

kb
24.04.2019
Branntroppen i Uskedalen er med på sløkking i Åkra.
Uskedal Brann og Redning er med på søkkearbeid i Åkra. Det siste er at skogbrannen er under kontroll. Vegen inn til Åkra har mellom anna vore stengd i over to timar.

kb
24.04.2019
SPAR løpet går laurdag 25. mai.
Det årlege SPAR løpet med start og mål på Sandakaien er lagt til laurdag 25. mai kl. 13. Løparane spring i 4 klassar i løypetrasear med ulik lengde. Uskedal Idrettslag saman med SPAR Uskedalen er arrangør. Det er fine premiar. 

kb
23.04.2019
Kafe Tiaren på sin faste vekedag, tysdagen.
Kafe Tiaren har sine rutinar med sin faste kafedag i Gamleskulen, tysdagen frå kl. 11. Det er feil å sei at Kafe Tiaren startar opp i dag etter påske. Kafe Tiaren hadde nemleg ope i påskeveka. I dag er det ny samling med god mat til ein utruleg rimeleg pris, kr. 10 pr. eining. Difor: Du vil ikkje angra på å ta turen. Alt smakar like godt.

kb
22.04.2019
Rosar ungdomen for fin framferd på låvedansen
Innehavar av Dønhaug Gjestegard og arrangør av den årlege påskedansen, Magne Huglen, takkar og rosar ungdomen for fin framferd og god stemning. Det er kjekt å ha så fine ungdomar på besøk på Dønhaug. Truleg vert det same opplegget i påsken 2020, skriv Huglen på si FB side.

kb
22.04.2019
GRETZKY BR vann Habibs Minneløp på Bjerke Travbane.
Travhesten GRETZKY BR vann enno ein gong eit viktig løp på Bjerke Travbane, Habibs Minneløp for 4 - 6 åringar. Trude Helen Døssland og samburaren eig hesten saman med tre venepar. Kusken var Magnus Telen Gundersen. GRETZKY BR vann med minst 4 hestelengder på konkurrentane.

kb
22.04.2019
Gutar 14 arrangerer sykkelrebus onsdag 1. mai.
Den årlege sykkelrebusen rundt dalen er lagt til onsdag 1. mai  frå kl. 11. Start og mål er ved Uskedal skule. Det er fotballaget G 14 Rosendal/Uskedalen som er arrangør. I løypetraseen er det postar med oppgåver. Det er tre fine premiar til vinnarane. Inntekta går til dekking av kostnad med reise og deltaking på Norway Cup.

kb
21.04.2019
Kveldsgudsteneste med songkvintett.
Det er kveldsgudsteneste i dag, 1. Påskedag, i Uskedal kyrkje kl. 19.30. Prest er Arne Nataas. Organist: Kantor Eva Megyesi. Ein songkvintett frå kyrkjekoret Nordsaang vert med på gudstenesta. Dei syng mellom anna salmen Under krossen stod med tåra, tekst frå før 1306, omsett til nynorsk av Bernt Støylen i 1927. Velkomne til gudsteneste i kveld.

kb
20.04.2019
Den årlege påskefesten på Skorpo er i full gang.
Den store påskefesten på Skorpo er i full gang med påskerebus, tur på Skorpefjellet, grilling og leikar for born og vaksne. Festen kvar påske samlar over 100 hyttefolk og fastbuande i alle aldrar, mange av dei kledde i gule påskedrakter. Festen er lagt til Marit og Oskar Langballe sitt tun, ved flaggstonga der det gamle gardshuset stod.

kb
Siste Nyhende
24.04.2019
No er boka om dokter Haugen komen

Opptakten til boka om dokter Haugen byrja som ein serie her på nettstaden før jul i 2014, med overveldande og positiv respons både frå lesarar og innsendarar av historiar. I dag vart boka, der også mange uskedelingar bidrar, lagt ut til sals.
24.04.2019
Soknerådslista er klar for innlevering.
Soknerådslista for det lokale kyrkjevalet 2019 er klar for innlevering før fristen 30. april. Etter framlegg frå noverande sokneråd er de gjort vedtak på sonknemøte om å gå for ei redusert liste med fire faste medlemer og fem varamedlemer. Talet kan vera fire, seks, åtte eller ti faste medlemer i tillegg til fem varmedlemer. 
23.04.2019
TV programmet Helt naturlig startar i morgon, onsdag 24. april.
Programserien Helt naturlig med innslag om Johannes Hauge på Skorpo startar i morgon, onsdag 24. april, på NRK1. Det naturfotografen og produsenten Jan Grønseth som er ansvarleg for naturporgrammet som vert sendt på datoane 24. april, 1. mai og 15. mai. Johannes Hauge døydde 24. mars i år og hans bortgang vil bli lagt inn i rulleteksten på skjermen.
20.04.2019
Båtens Verden med artikkel om Uskedal Båtlag
Der båtlag møter bygd er tittelen på ein fire siders artikkel i båtmagasinet Båtens Verden. Båtmagasinet har avtale med Kongelige Norske Båtforening ( KNBF ) og når ut til mange tusen lesarar, anten i abonnement eller i laussal i kioskar eller butikkar. SPAR Uskedalen sel Båtens Verden. Tre utgåver i året går ut til alle medlemene i KNBF, eit tal på 37000 medlemer. Artikkelen om båthamna i Uskedalen har såleis stor profilerings- og marknadsføringsverdi for bygda og for heile kommunen.
18.04.2019
Påskegudsteneste med dåp og læringsøkt.
Vikarprest Arne Nataas la like godt inn ei læringsøkt før gudstenesta tok til i dag. Det vart gjort for for å skjøna samanhengen mellom jødane si påskefeiring som minne om utfriinga frå Egypt og Jesu lidingshistorie. På skjærtorsdag vaska Jesus læresveinane sine føter. Av dette skjønar vi at skir har to tydingar, døypa og reinsa. Soleis høvde det godt at vesle Eva vart døypt i dag og fekk namn oppkalla etter oldemor si, Eva Myklebust.
18.04.2019
God handel og mange nøgde påskegjester.

Påskegjestene strøymer til Uskedalen, anten det er hyttefolk, gjester på Rabben Feriesenter, Øyro Maria, Båthamna eller det er faste gjester som er heime hos slekta si i Uskedalen. Dette gjer at onsdagen i påskeveka er den beste handledagen på SPAR. Påskeafta er også god, men ikkje noko slår onsdagen før Skjærtorsdag. Faste gjester i båt kjem kvar påske tilbake til Uskedalen. Det same gjer dei som kjem med vogner og i bubil. Mange ynskjer å bu i hytter.
17.04.2019
Alle billettane er selde til påskedansen på Dønhauglåven i kveld.
Alt er klart for årets låvedans på Dønhaug. Magne Huglen ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveld med god musikk og topp stemning. Viktig informasjon til alle som har kjøpt billett og skal på låven i kveld:

16.04.2019
Internasjonalt møte i Dønhaugkjellaren
Fredag 26. april får Husnes Jazzklubb besøk av Freedoms Trio, ein trio med røter og musikalsk inspirasjon frå tre verdsdelar. Konseptet deira er world-jazz med afro-brasiliansk påverknad.
16.04.2019
Janove og Real Ones til Festidalen
Då er programmet for 2019 klart! Eit fargerikt fruktfat av artistar skal deiga seg saman med oss på Dønhaug. Det er berre å trimma dansemuvsa og sommarbarten. Snopa seg pass til familie, vener, naboen og seg sjølve. Og telja ned dagar. Sommaren er skremmande nære. Og den skal sjølvsagt nytast ute i både Guds og Human-etisk forbund sin frie natur. Så ta å gjer det i fellesskap på Festidalen! Akkompagnert av skikkeleg snadder musikk. Og skikkeleg herlege folk. Og i heilt forbaska smude omgjevnadar!  
Sponsorar
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS