Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

God omsetnad på hus den siste tida.

06.10.2018
Klikk på bilete for full storleik
Den eine seksjonen i ein tomannsbustad i Ospelunden er seld. Ny eigar er flytta inn.
 

Eit innlegg på Uskedalen.no 21. juni i år handla om dei mange husa som låg ute for sal, men også at det var stor variasjon i tida det tok frå fyrste kunngjering til huset verkeleg var seld. Status pr. 1. oktober er at 6 av desse husa er selde og har fått nye eigarar. Nokre av husa er alt innflytta. Andre vert renoverte og er klar for innflytting i tida fram til jul.
 

Oversikten er ikkje fullstending. Vi nemner ikkje namn slik det vert kunngjort i lokalavisene, i spalten Frå den eine til den andre. - omsetnad av eigedomar i Kvinnherad. Sal av eldre hus og leilegheter fører til tilflytting. Mange av objekta på lista nedanfor er selde til personar og familiar som har eller kjem til å flytta til Uskedalen.

 
  • Leileghet med livsløpsstandard, utestove og garasje i Hagetunet er seld og teken i bruk av ny eigar
  • Nye bustader i Ospelunden er ferdigstillt og innflytta
  • Eldre villa med dobbel garasje i nedre Halsane er seld. Huset vert renovert og innflytta tidleg i det nye året
  • Einebustad i Halsane er seld og ny eigar er innflytta
  • Einebustad nær sjøen i Gullvikjo er seld og vert gjort klar for innflytting i desse dagar
  • Deler av tomannsbustad i Ospelunden nær Fylkesvegen er seld.

Vi må også ta med at eit eldre gardshus på Ytre Rød har fått ny eigar.

 

Så kjenner vi til at fleire hus ligg ute for sal, mellom anna på Ytre Eik i Padlaporsen.Det same gjeld eit eldre hus ved Fylkesvegen i Mørkevågen.

 

Utbygginga i Ospelunden held fram med full styrke. Oddbjørn Kroka fortel til Uskedalen.no at byggesteg 1 med 22 bueiningar snart er i hamn. Byggesteg 2 med 44 bueinignar er klar for oppstart. Han vil sjølv stå for bygginga av tre tomannsbustader og ein liten einebustad. Oppstart vert seint på hausten i år.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
Einebustad i Halsane bygd kring 1980 er seld og innflytta.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.06.2019
Uskedal Trelastlager er seld - meir informasjon i morgon.
Det er i dag gjort kjend at Uskedal Trelastlager er seld. Meir informasjon om salet og den nye eigaren kjem på Uskedalen.no i morgon, tysdag 18. juni.

kb
14.06.2019
Strålande veke for Ingar Kiplesund.
Ingar Kiplesund(22), lengdehoppar og son til Hildegunn frå Haugland, har hatt ei strålande innleiing på sesongen.  Søndag slo han til med pers på 7.94 m i Spania.  Tirsdag fulgte han opp med sterke 7.83 m, og under Bislett Games i går vann han lengdekonkurransen med 7.77 m.  Dette er dei tre beste konkurransane han har levert i karriera så no vert det spennande å sjå om han passerer 8 meters grensa, og også Kristen Fløgstad sin 46 år gamle norgesrekord på 8.02 i nær framtid.

tid
14.06.2019
Støttar Norway Cup-deltaking.
Kvinnherad Energi har tildelt kultur- og idrettstilskot for 2019.  Uskedal idrettslag sitt G15-lag er tildelt 10.000 kroner til deltaking i Norway Cup.  I tillegg får Rosendal Turnlag, der også mange uskedelingar spelar fotball, tildelt 20.000 kroner til deltaking i same arrangement.  Til saman 150.000 kroner vart fordelt på 10 mottakarar.

tid
13.06.2019
Plass til fleire på turen til Arboretet.
Uskedal Helselag sin tur til den botaniske hagen Arboretet på Milde i Fana 20. juni går etter oppsett plan. Det er enno høve til å melda seg på. Alle med interesse for hage, planter og buskar bør nytta seg av dette tilbodet. Guide er Bjørn Moe, med slekt i Uskedalen og med stor kunnskap om planter og treslag. Ein treng ikkje vera medlem i Helselaget for å vera med på turen. Påmelding: Kontakt Eli Roseth Eik. Mobil: 957 86 228. 

kb
13.06.2019
Gretzky BR sprang inn til ein 4. plass på Bjerke.
Veddeløpshesten Gretzky BR fekk ein 4. plass i Tipster Oslo Grand Prix på Bjerke travbane sist sundag. Ein av eigarane er Trude Helen Døssland frå Uskedalen. Kusk var den 22 år gamle Magnus Teien Gundersen. Neste løp er Midtsommartravet på Leangen 22. juni.

kb.
12.06.2019
Wermund Vetrhus - kommuneplanleggjar i Ullensvang herad.
Wermund Vetrhus ( 36 år ) er tilsett som kommuneplanleggjar i det nye Ullensvang herad. Etter kommunesamanslåinga vert Ullensvang utvida til også å omfatta det som i dag er Odda kommune og Jondal kommune.

kb
12.06.2019
Konserten på Stemneplassen er utsett til i august.
Den tillyste konserten på Stemneplassen 18. juni er utsett, truleg til 20. august. Årsaka er mange samanfallande arrangement med både sirkus og banrehagejubileum på den dagen dette var tenkt. Uskedal musikklag har alt lova å vera med. Det vert også andre innslag. leikar og friluftsaktivitetar.

kb
11.06.2019
Kven leiger ut hybel/bolig i sommar ?
Vikarbyrået Nordic Care treng møbelert hybel/leileghet til ein person som skal ha arbeidet sitt i Uskedalen i sommar. Tidsperiode: Frå no og ut veke 33. Ta direkte kontakt med Hege Nordahl på mobil 458 53 582. E post: hege.nordahl@nordiccare.no

Red. 
10.06.2019
Ikkje Cheercamp Uskedalen i år.
Dei siste åra har det blitt arrangert cheercamp i Uskedalen like etter skuleslutt i juni. Denne har blitt svært populær, men i år vert det dessverre ingen camp då instruktørane dessverre ikkje får det til pga flytting og skulegang.  Heldigvis blir det gitt signal om at dei håpar å komme tilbake neste år.

Dette året vert det eit nytt spennande tilbod om lag på same tida.  24.-26.juni vert Basecamp Kvinnherad med hovudvekt på klatring og padling arrangert for første gang. Uskedalen.no kjem tilbake med meir om dette gode tilbodet.

tid
10.06.2019
Uskedal Utvikling - innmelding i Kvinnherad Næringsservice.
Uskedal Utvikling vert med bakgrunn i sak på sist styremøte medlem i Kvinnherad Næringsservice. Tilsvarande organisasjonar som Rosendal Utvikling og Husnes Vekst er alt medlemer. KN vil vera ein samlande paraplyorganisasjon med felles saker for mellom anna sentrums- og næringsutvikling.

kb
Siste Nyhende
19.06.2019
Sokneprest Bjotveit var pådrivaren for å få barnehage i Uskedalen.
Det er truleg ukjend for dei fleste, men det var sokneprest Gunvald Bjotveit, som var pådrivaren i arbeidet med å etablert barnehage i Uskedalen for meir enn 40 år sidan. Uskedal Husmorlag tok opptakten, men mangla økonomi. Soknerådet med Bjotveit kom på banen og dermed vart det oppstart i 1979. Det som i dag er Gamleskulen var barnehage dei fyrste 25 åra. Barnehagen vart kommunal frå 1991.
18.06.2019
Kvinnherad Vekstbedrift - ny eigar av Uskedal Trelastlager.
Kvinnherad Vekstbedrift kjøper Uskedal Trelastlager. Kjøpet er formelt godkjend og overdraginga gjeld frå 1. juli. Sjøkaptein Tørris Myklebust starta den tradisjonsrike verksemda i 1929 med trelasthandel på Eikelandet. Seinare kom det nytt stort lagerbygg i Beinavikjo og byggevarehandel oppe ved riksvegen. Ny eigar legg i dag fram planar for den vidare drifta.
18.06.2019
Dyredag på Uskedal skule.
Elevrådet med kontaktlærar Hilde Bringedal arrangerte dyredag på Uskedal skule i går. Det vart lagt inn quiz med fine premiar. I det fine veret var det god stemning. Elevrådet takkar alle familiane som gjer det mogeleg å få til den årlege dyredagen.
17.06.2019
Interessann og lærerik skuledag.
Det nærmar seg slutten på det ordinære skuleåret på Eining for integrering og opplæring. Medan dei som går på såkalla introprogram må venta til juli før dei kan få sine 4 veker med sommarferie, er resten av elevane i gang med siste skuleveke si. Nokre av dei er så heldige at dei har fått feriejobb eller også fast jobb og allereie er i gang med den.
17.06.2019
SY ÆGIR frå Uskedalen på Hardanger Trebåtfestival for 5. gong.
Sigrun og Egil Ersland på SY ÆGIR er heime att frå Hardanger Trebåtfestival i helga.  Det var 5. gongen dei var med på den tradisjonelle trebåtsamlinga i Norheimesund, som i 2019 har vore skipa til i 21 år. Sigrun og Egil med Collin Archer skøyta ÆGIR vert frå arrangøren spurt om å koma til Norheimsund. Dei får ei sentral og synleg plassering i hamna like ved scenen og publikumsplassen. Påmeldinga i år var på 42 skuter.
16.06.2019
Strålande løp av Amund Hella Berge-Soldal.
Løpartalentet Amund Hella Berge-Soldal har trent godt og har hatt ei flott innleiing på friidrettssesongen.  I tillegg til å ha vist dette i lokale løp har han mellom anna imponert i Maileikane i Haugesund der han vann 1500 m.  Dette kvalifiserte han til deltaking i Tyrvingleikane som vart avvikla på Nadderud stadion i helga.  Der gjorde Amund glimrande innsats.
16.06.2019
Midtsumarskonsert i Helgheim i dag, sundag 16. juni kl. 19.

Alt er klart for Midtsumarskonsert med vokalensemblet GLIMRAH i dag i Helgheim kl. 19. Helgheim er pynta og koret er kledd i sommarkjolar og markblomar. GLIMRAH syng mellom anna folketonar og renessansemusikk. Gjester er Atle Fredheim og døtrene hans, Maia og Nanna Sofie og Fridar Malmsten Steinkopt. Les meir frå pressemeldinga:
15.06.2019
70 års dag på Steinsletto med korpsmusikk og bygdesong.
Det vart ei rettlegg triveleg stund på Steinsletto i går då den musikalske leiaren i Uskedal musikklag, Knut Steinsletten, runda 70 år. Ein ting var at korpset møtte fram og helsa jubilanten med jubilantmarsj og Boni M låt frå Salme 137. Høgdepunktet var likevel presentasjonen av bygdesongen Eikedalen, skriven av Engel Stensletten, bestemor til Knut og forøvrig fleire av gjestene i selskapet.
14.06.2019
Måsen er tilbake i reiret sitt på Neset.
Måsen er på plassen sin i same reiret som i fjor, i takstigen på Birger Myklebust sitt hus på Neset. Det er ein fiskemåse, eit par der hanen og hoa byter på å ruga på dei tre egga i reiret. Hekketida er frå 24 til 28 dagar og ungane er flygeferdige på 4 - 5 dagar. Birger snakkar med måsen kvar dag, noko som gjer at den ikkje er aggressiv.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS