Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Imponerande 3.plass blant 100 konkurrentar

30.09.2018
Klikk på bilete for full storleik
Endå eit imponerande løp av Kristian Øvstebø.
 
Kristian Øvstebø imponerte nok ein gong i motbakkeløp då han deltok i Stoltzekleiven opp laurdag. Med den sterke tida 10:47 vart han nr.3 i sin klasse som til saman hadde 97 spreke, unge deltakarar.  Med den tida var han berre 1:15 bak verdensstjerna Henrik Ingebrigtsen som også deltok i det harde motbakkeløpet i år.
 
Klikk på bilete for full storleik
Heilt oppe på 3.plass blant dei 97 i klassen hamna motbakketalentet frå Korsnes.
 

Kristian Øvstebø deltok i Stoltzen Opp for første gang, og han fortel på telefon at han er fornøgd med både tida og løpet ut frå at han var debutant.  Han hadde heller ikkje hatt tid å gå gjennom løypa på førehand.

- Det er jo ei bra tid, men det er mange ting som tilseier at eg skal forbetra meg ein del til neste år.  Då kjenner eg løypa, og i tillegg gjer den gode tida i år at eg kjem i betre startpulje.  I år måtte eg passere mange i den relativt smale løypetrasèen, fortel han om løpet.  Han legg til at løypa passa han godt.  Den var veldig bratt, og stort sett heile løpet gjekk i trappetrinn.  
 
-Det såg ut som du disponerte løpet bra, og verka pigg og fin då du kom mot mål?
-Ja, nett det var ikkje så bra, for eg burde tatt ut meir.  Det blir betre til neste år når eg kjenner løypa.  Neste år skal bli året! lovar motbakketalentet optimistisk.  Han fortel og at det var vanskelege og sleipe forhold på grunn av regnet, men det var likt for alle. 
 
Det er tydeleg at 14-årige Kristian Øvstebø har ambisjonar som motbakkeløpar og trivst godt med den løpsforma.  Han har tidlegare i år delteke og imponert i Ulriken Opp, Kvasshovden Opp og Folgefonna Opp. Neste motbakkeløp som han har på programmet er Varden Opp på Sandvoll.  Før det skal han delta i Kvinnherad-løpet.  Der reknar han med å delta både i skuleløpet til veka og det ordinære løpet neste helg.
 
Stoltzekleiven Opp vart arrangert første gong i 1979, og er etter det blitt årvisst i september. Løypa er 910 meter med ein stigning på 36% og over 300 høgdemeter. Løypetrasèen går hovudsakleg i steintrapper med om lag 800 trappetrinn.  Idrettslaget Varegg er arrangør, og med over 6200 deltakarar som starta med 10 sekunds mellomrom, var startstidspunkta til løparane fordelt over fredag og heile laurdag.  Kristian starta lørdag kl.18:13.  I tillegg til dei 6200 kjem deltakarane i skuleløpet tidlegare.
 
Kristian Øvstebø har planar om å delta i dei same løpa komande sesong.  Før det satsar han på ein god treningsvinter.  Det vert veldig kjekt å følgja utviklinga til dette målbevisste og sympatiske motbakketalentet.
 
Norske toppnamn som Torbjørn Ludvigsen og Eli Anne Dvergsdal og Karoline Holsen Kyte(delt 1.plass) gjekk heilt til topps i henholdsvis herre- og dameklassen.
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Privat
Skjermdump: Thor Inge Døssland 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
18.02.2019
Mållagsårsmøte i Gamleskulen, tysdag 19. febr. kl. 19.
Kvinnherad Mållag har sitt årsmøte i Uskedalen i morgon, tysdag 19. februar kl. 19. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det utdeling av Målblomen 2019. Tema på møte vert Bruk av nynorsk i redaksjonen med innleiing av Øystein Skjæveland. Grenda og Kvinnheringen vil vera med på møte.

kb
17.02.2019
Sveinung Pile på AP lista i Stad kommune.
Sveinung Pile ( 41 år ) frå Nedre Fet i Uskedalen er ført opp som nr. 28 på AP lista i nye Stad kommune. Hjartesakene hans er: Oppvekstsaker, næring og verdiskaping, forsvaret/HV og omstilling i ei digital og grønare framtid. Pile bur på Hjelle, har utdanning frå maritim næring, men har i dag arbeidet sitt innan kultur. Sveinung Pile er ein av grûndarane bak FestiDalen.

kb
17.02.2019
Thaivogna opnar fredag 22. februar.
Den populære Thaivogna i Uskedalen opnar etter vinteren fredag 22. februar kl. 14. Opningstida framover vert fredag - sundag kl. 14 - 20. Det er ny meny.

kb
14.02.2019
Årsmøte i Idrettslaget 19. mars kl. 20 i Gamleskulen.
Det vert med dette kunngjort at årsmøte i Uskedal Idrettslag vert 19. mars kl. 20 i Gamleskulen. Saker frå medlemene må vera sendt til styret v/ Chris Fossli innan 5. mars. E-post: chris.fossli@gmail.com  Røysterett på årsmøte har medlemer som er fylt 15 år og som har betalt årspengar.

Styret
13.02.2019
Naturprogrammet Helt naturlig med innslag frå Skorpo.
Det er no klarlagt at Jan Grønseth sitt program Helt naturlig vert synt på NRK 1. Fyrste episode av totalt fire er sett opp med sendestart i veka etter påske. Det er ikkje stadfesta i kva episode innsalget frå Johannes Hauge sitt tun på Skorpo kjem. Det vert kunngjort så snart redaksjonen veit meir.

kb
13.02.2019
Forvaltningskomiteen rår til oppstart av detaljreguleringsplan.
Forvaltningskomiteen har i møte 06.02.2019 rådd til at det vert starta arbeid med detaljreguleringsplan for felles småbåthamn på132/2 på Skorpo. Tiltakshavar er Sameige Skorpo Marina v/ Hans Skorpen. Hamna skal ha plass til 8 - 10 småbåtar. Det er Fylkesmannen som krev fullverdig planprosess.

kb
12.02.2019
Årsmøte i Uskedal Friluftslag, torsdag 21. februar.
Medlemslaga og andre interesserte vert innkalla til årsmøte i Uskedal Friluftslag torsdag 21. februar kl. 19 på Stemneplassen. Medlemslaga har høve til å møta med to representantar kvar. I tillegg til årsmøtesaker vert det lagt opp til drøfting om prioriterte oppgåver i åra framover.

Styret
11.02.2019
Årsmøte i Uskedal Helselag, tysdag 6. mars.
Det vert kunngjort at årsmøte i Uskedal Helselag er tysdag 5. mars kl. 19 i Gamleskulen. Saker frå medlemene må meldast til styret v/ Berit H. Myklebust innan 25. februar. Det er også fristen om nokon har søknader til helselaget om støtte.

kb
10.02.2019
Velkomne til kveldsgudsteneste kl. 19.30.
Soknerådet minner om at det er kveldsgudstenste i kyrkja i kveld kl. 19.30. Gudstenesta er ved sokneprest Reidar Ådnanes. Etter gudstenesta er det årsmøte i soknet med årsmelding, rekneskap og evt. andre saker.

kb
10.02.2019
Deltar i landskamp.
Thomas Heggøy, Gular, son til Magne Lorentz og Tove Myklebust Heggøy på Rabben Feriesenter, spring i dag 800 m for Norge i Nordenlandskampen i friidrett. Han er dermed på lag med Jakob og Filip Ingebrigtsen og dei andre mest kjende friidrettsutøvarane i landet.

tid
Siste Nyhende
18.02.2019
Daud reke observert på Rødsvågen.
Ein turgåar observerte store mengder daud reke på Rødsvågen i dag. Plassen ligg nokre hundre meter innom Bøkkerverkstaden. Rødsvågen er synleg frå Fylkesvegen og har sitt særpreg ved at det er langgrunt og at vågen fjærar turr to gonger i døgeret. Brakkvatn gjer at det på vågen alltid er eit variert og rikt dyreliv med mange biotopar. Det er ikkje kjend kva som er årsaka til den daude reka.
18.02.2019
Basar og konsert som generalprøve til Hordablæsten.
I fjor samarbeidde Uskedal skulemusikk og Rosendal skulekorps om deltaking i korpskonkurransen Hordablæsten.  Det var ein suksess både musikalsk og sosialt.  Denne sesongen har derfor dei to korpsa hatt eit tettare samarbeid, og 24.mars er dei igjen på plass i på scenen i Grieghallen.  Før det kan bygdefolk og andre få høyre programmet dei skal spele når det vert arrangert basar med konsert  den 10.mars.
17.02.2019
Ver merksam på steinsprang i Kleivadalen.
Ein lesar har sendt oss informasjon om steinsprang frå fjellvegg og ned på gang- og sykkelvegen i Kleivadalen. Dårleg fjell og frostsprenging gjer at det rasar ut store og mindre steinblokker som kan vera ein fare for dei på sykkel og for forbigåande.
16.02.2019
Lager for hjelpesendingar til Ukraina vi letta innsamlinga.
Tomod Myklebust i THK stifelsen har lenge vore på leit etter eit lager for innsamlng i samband med hjelpesendingar til Korosten i Ukraina. Med stor velvilje frå Terje Myklebust og Kåre Guddal i Uskedal Trelastlager er problemet inntil vidare løyst. Ledige lokale i Byggeriet, i det som tidlegare mellom anna har vore brukt til post, rammeverkstad og byggekontor, vert no lager for stiftinga i Kvinnherad. Eit lager vil letta innsamlinga og ved avtale kan ein no få levert varer. Ein slepp venta på den årlege innsamlinga og transporten til Ukraina.
15.02.2019
Prosten Nils Dahl frå Uskedalen bad folk byggja i stein.
Sokneprest og folkeopplysar Nils Griis Dahl ( 1778 - 1852 ) i Eidvindvik oppmoda folk om å byggja i stein. Sjølv fekkk han bygd ein 1,5 km lang steinmur rundt prestegarden i Gulen. NIls Dahl kjem frå Uskedalen og er den kjende presten og prosten Henrik Wergeand skriv om i diktet Brød at Steen og Aand av Striiler. Steinbygging var tema på Kvinnherad Senioruniversitet sitt møte i går der journalist og forfattar Eva Røyrane kåserte og synte bilete frå boka Av stein.
14.02.2019
Ver merksam på regulert vatn og utrygg is.
I god tid før vinterferien og seinare i  påskeferien legg SKL ut varsel om regulert vatn  og utrygg is på Mannsvatn i Uskedalen. Dette gjeld også elva frå demningen og ned til inntaksdammen som ligg nokre hundre meter lenger nede i lia. Reguleringa gjeld som sagt Mannsvatn og elva som forsyner Tverrelva Kraftverk på Haugland.
13.02.2019
Uskedalsmotiv på salsutstilling på Lagunen Storsenter.
Sist laurdag opna Aud Sørheim Myklebust ( f. 1935 ) utstilling på Lagunen Storsenter i Bergen. Det er ein rein salsutstilling med over 100 kunstverk av ulike salg, alt frå biletvev via trykk til måleri. Barnebarna hennar, Ingvild Reistad Myklebust og Annveig Myklebust Fjelstad, var med på opninga med song og musikalske innslag. Kunstnaren sjølv las eigne dikt og sa fram takk til alle som hadde hjelpt henne med å få dette til.
12.02.2019
Ny utlysing om støtte frå SpareBank 1-stiftinga.
Søknadsskjema frå SpareBank 1-stiftinga, Kvinnherad er lagt ut. Lag og organisasjonar registrert i Brønnøysundregisteret og med organisasjonsnummer kan no skriva søknader på gode prosjekt. Søknadsfristen er 12. mars. Det vert vurdert støtte til tiltak av ålmennnyttige føremål. Søknader skal skrivast og sendast elektronisk. Meir informasjon finn du på stiftinga si heimeside.
11.02.2019
Salmekveld med 20 salmar frå 7 musikalske tidsperiodar.
Salmar til alle tider er overskrifta på salmekvelden i Uskedal kyrkje måndag 18. februar kl. 19. Kantor Eva Megyesi har vald ut 20 salmar frå dei fyrste 200 salmane i Norsk salmebok. Salmane avspeglar salmetonen frå sju ulike tidsperiodar, frå folketonane til melodiar frå nyare tid. Når heile salmeboka skal syngjast på denne måten, er dette ei nyskaping og har truleg ikkje vore gjort før.
Sponsorar
Ospelunden
S. Rødsten Bilforretning A/S
Spar
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Brødrene Hjønnevåg AS
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Renhold service
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS