Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Temakveld der biskopen svara på spørsmål frå konfirmanten Kristian Øvstebø.

28.09.2018
Klikk på bilete for full storleik
Biskop Halvor Nordhaug med tema for kvelden: Kor kristent skal Noreg vera.
 
Knapt 150 menneske møtte fram til temakveld i Uskedal kyrkje onsdag i denne veka. Tilskipinga var ein del av bispevisitasen i Kvinnherad og biskop Halvor Nordhaug var sjølv innleiar med tema: Kor kristent skal Noreg vera. Ein av konfirmantane i kyrkja, Kristian Øvstebø, bad biskopen om svar på to sentrale spørsmål i notida. Biskopen svara, helsa på og hadde ein samtale med Kristian etter møte.
 

Halvor Nordhaug har saman med filosofen Syse skrive bok om: Kor kristent skal Noreg  vera. Han drog dei lange linene frå den tida kristendomen møtte gresk og romersk kultur, om den nye trua som kom med Olav den heilage, Gulatingslova og fram til arbeidet med Grunnloven og dei endringar som er gjort seinare. § 2 stadfestar at Grunnloven byggjer på kristne og humanistiske verdiar, for å sikra demokratiet, rettsstaten og menneskerettane. Etter ynskje frå Kong Harald er § 4 skrive slik at Kongen skal vera medlem i Den evangeliske Lutheriske kyrkja. Elles er det fri religionsutøving i dette landet og Staten støttar alle godkjende religiøse samfunn. Slik er det ikkje i USA, heller ikkje i Frankrike.

 

Postulatet til biskopen var at Noreg med demokrati, likestilling, respekt og religonsfridom ikkje hadde vore det same utan grunnlaget i kristne og humanistiske verdiar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Konfirmant Kristian Øvstebø framførte to sentrale spørsmål til biskopen. (Arkivfoto)

I samtalen etter pausen kom det fram mange synspunkt, nyansar og spørsmål. Kristian Øvstebø ville vita kor mange i Noreg som reknar seg som kristne, om det er flest kristne eller ikkje kristne. Biskopen svara på det. Neste spørsmål var meir innfløkt: Når det er så mange ikkje kristne i dette landet, kvifor feirar dei likevel dei kristne høgtidene. I samtalen biskopen hadde med Kristian etterpå kom det klart fram at den store interessa hans er terreng- og motbakkeløp og fotball.

 

Biskop Nordhaug sette pris på det store frammøte frå konfirmantane og at Kristian Øvstebø våga seg til med innlegg. Kyrkjekoret Nordsaang framførte to korte salmar. Kantor Eva Megyesi spela til opning Ouvertyre frå Fyrverkeri musikalske suite av Georg Fredrich Handel.

 

Kvelden vart avslutta med salmen Engang du selv kan minnes, skriven av Liv Nordhaug, mor til biskopen, til melodi av Egil Hovland.

 

Visitasen vert avslutta sundag kl. 11 med felles gudsteneste i Kvinnherskyrkja. Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi og visitasføredrag med bakgrunn i visitasmeldinga frå Kvinnherad.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringdal

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Kyrkjekoret med sin musikalske leiar, Eva Megyesi, framførte to salmar på temakvelden.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
18.02.2019
Mållagsårsmøte i Gamleskulen, tysdag 19. febr. kl. 19.
Kvinnherad Mållag har sitt årsmøte i Uskedalen i morgon, tysdag 19. februar kl. 19. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det utdeling av Målblomen 2019. Tema på møte vert Bruk av nynorsk i redaksjonen med innleiing av Øystein Skjæveland. Grenda og Kvinnheringen vil vera med på møte.

kb
17.02.2019
Sveinung Pile på AP lista i Stad kommune.
Sveinung Pile ( 41 år ) frå Nedre Fet i Uskedalen er ført opp som nr. 28 på AP lista i nye Stad kommune. Hjartesakene hans er: Oppvekstsaker, næring og verdiskaping, forsvaret/HV og omstilling i ei digital og grønare framtid. Pile bur på Hjelle, har utdanning frå maritim næring, men har i dag arbeidet sitt innan kultur. Sveinung Pile er ein av grûndarane bak FestiDalen.

kb
17.02.2019
Thaivogna opnar fredag 22. februar.
Den populære Thaivogna i Uskedalen opnar etter vinteren fredag 22. februar kl. 14. Opningstida framover vert fredag - sundag kl. 14 - 20. Det er ny meny.

kb
14.02.2019
Årsmøte i Idrettslaget 19. mars kl. 20 i Gamleskulen.
Det vert med dette kunngjort at årsmøte i Uskedal Idrettslag vert 19. mars kl. 20 i Gamleskulen. Saker frå medlemene må vera sendt til styret v/ Chris Fossli innan 5. mars. E-post: chris.fossli@gmail.com  Røysterett på årsmøte har medlemer som er fylt 15 år og som har betalt årspengar.

Styret
13.02.2019
Naturprogrammet Helt naturlig med innslag frå Skorpo.
Det er no klarlagt at Jan Grønseth sitt program Helt naturlig vert synt på NRK 1. Fyrste episode av totalt fire er sett opp med sendestart i veka etter påske. Det er ikkje stadfesta i kva episode innsalget frå Johannes Hauge sitt tun på Skorpo kjem. Det vert kunngjort så snart redaksjonen veit meir.

kb
13.02.2019
Forvaltningskomiteen rår til oppstart av detaljreguleringsplan.
Forvaltningskomiteen har i møte 06.02.2019 rådd til at det vert starta arbeid med detaljreguleringsplan for felles småbåthamn på132/2 på Skorpo. Tiltakshavar er Sameige Skorpo Marina v/ Hans Skorpen. Hamna skal ha plass til 8 - 10 småbåtar. Det er Fylkesmannen som krev fullverdig planprosess.

kb
12.02.2019
Årsmøte i Uskedal Friluftslag, torsdag 21. februar.
Medlemslaga og andre interesserte vert innkalla til årsmøte i Uskedal Friluftslag torsdag 21. februar kl. 19 på Stemneplassen. Medlemslaga har høve til å møta med to representantar kvar. I tillegg til årsmøtesaker vert det lagt opp til drøfting om prioriterte oppgåver i åra framover.

Styret
11.02.2019
Årsmøte i Uskedal Helselag, tysdag 6. mars.
Det vert kunngjort at årsmøte i Uskedal Helselag er tysdag 5. mars kl. 19 i Gamleskulen. Saker frå medlemene må meldast til styret v/ Berit H. Myklebust innan 25. februar. Det er også fristen om nokon har søknader til helselaget om støtte.

kb
10.02.2019
Velkomne til kveldsgudsteneste kl. 19.30.
Soknerådet minner om at det er kveldsgudstenste i kyrkja i kveld kl. 19.30. Gudstenesta er ved sokneprest Reidar Ådnanes. Etter gudstenesta er det årsmøte i soknet med årsmelding, rekneskap og evt. andre saker.

kb
10.02.2019
Deltar i landskamp.
Thomas Heggøy, Gular, son til Magne Lorentz og Tove Myklebust Heggøy på Rabben Feriesenter, spring i dag 800 m for Norge i Nordenlandskampen i friidrett. Han er dermed på lag med Jakob og Filip Ingebrigtsen og dei andre mest kjende friidrettsutøvarane i landet.

tid
Siste Nyhende
18.02.2019
Daud reke observert på Rødsvågen.
Ein turgåar observerte store mengder daud reke på Rødsvågen i dag. Plassen ligg nokre hundre meter innom Bøkkerverkstaden. Rødsvågen er synleg frå Fylkesvegen og har sitt særpreg ved at det er langgrunt og at vågen fjærar turr to gonger i døgeret. Brakkvatn gjer at det på vågen alltid er eit variert og rikt dyreliv med mange biotopar. Det er ikkje kjend kva som er årsaka til den daude reka.
18.02.2019
Basar og konsert som generalprøve til Hordablæsten.
I fjor samarbeidde Uskedal skulemusikk og Rosendal skulekorps om deltaking i korpskonkurransen Hordablæsten.  Det var ein suksess både musikalsk og sosialt.  Denne sesongen har derfor dei to korpsa hatt eit tettare samarbeid, og 24.mars er dei igjen på plass i på scenen i Grieghallen.  Før det kan bygdefolk og andre få høyre programmet dei skal spele når det vert arrangert basar med konsert  den 10.mars.
17.02.2019
Ver merksam på steinsprang i Kleivadalen.
Ein lesar har sendt oss informasjon om steinsprang frå fjellvegg og ned på gang- og sykkelvegen i Kleivadalen. Dårleg fjell og frostsprenging gjer at det rasar ut store og mindre steinblokker som kan vera ein fare for dei på sykkel og for forbigåande.
16.02.2019
Lager for hjelpesendingar til Ukraina vi letta innsamlinga.
Tomod Myklebust i THK stifelsen har lenge vore på leit etter eit lager for innsamlng i samband med hjelpesendingar til Korosten i Ukraina. Med stor velvilje frå Terje Myklebust og Kåre Guddal i Uskedal Trelastlager er problemet inntil vidare løyst. Ledige lokale i Byggeriet, i det som tidlegare mellom anna har vore brukt til post, rammeverkstad og byggekontor, vert no lager for stiftinga i Kvinnherad. Eit lager vil letta innsamlinga og ved avtale kan ein no få levert varer. Ein slepp venta på den årlege innsamlinga og transporten til Ukraina.
15.02.2019
Prosten Nils Dahl frå Uskedalen bad folk byggja i stein.
Sokneprest og folkeopplysar Nils Griis Dahl ( 1778 - 1852 ) i Eidvindvik oppmoda folk om å byggja i stein. Sjølv fekkk han bygd ein 1,5 km lang steinmur rundt prestegarden i Gulen. NIls Dahl kjem frå Uskedalen og er den kjende presten og prosten Henrik Wergeand skriv om i diktet Brød at Steen og Aand av Striiler. Steinbygging var tema på Kvinnherad Senioruniversitet sitt møte i går der journalist og forfattar Eva Røyrane kåserte og synte bilete frå boka Av stein.
14.02.2019
Ver merksam på regulert vatn og utrygg is.
I god tid før vinterferien og seinare i  påskeferien legg SKL ut varsel om regulert vatn  og utrygg is på Mannsvatn i Uskedalen. Dette gjeld også elva frå demningen og ned til inntaksdammen som ligg nokre hundre meter lenger nede i lia. Reguleringa gjeld som sagt Mannsvatn og elva som forsyner Tverrelva Kraftverk på Haugland.
13.02.2019
Uskedalsmotiv på salsutstilling på Lagunen Storsenter.
Sist laurdag opna Aud Sørheim Myklebust ( f. 1935 ) utstilling på Lagunen Storsenter i Bergen. Det er ein rein salsutstilling med over 100 kunstverk av ulike salg, alt frå biletvev via trykk til måleri. Barnebarna hennar, Ingvild Reistad Myklebust og Annveig Myklebust Fjelstad, var med på opninga med song og musikalske innslag. Kunstnaren sjølv las eigne dikt og sa fram takk til alle som hadde hjelpt henne med å få dette til.
12.02.2019
Ny utlysing om støtte frå SpareBank 1-stiftinga.
Søknadsskjema frå SpareBank 1-stiftinga, Kvinnherad er lagt ut. Lag og organisasjonar registrert i Brønnøysundregisteret og med organisasjonsnummer kan no skriva søknader på gode prosjekt. Søknadsfristen er 12. mars. Det vert vurdert støtte til tiltak av ålmennnyttige føremål. Søknader skal skrivast og sendast elektronisk. Meir informasjon finn du på stiftinga si heimeside.
11.02.2019
Salmekveld med 20 salmar frå 7 musikalske tidsperiodar.
Salmar til alle tider er overskrifta på salmekvelden i Uskedal kyrkje måndag 18. februar kl. 19. Kantor Eva Megyesi har vald ut 20 salmar frå dei fyrste 200 salmane i Norsk salmebok. Salmane avspeglar salmetonen frå sju ulike tidsperiodar, frå folketonane til melodiar frå nyare tid. Når heile salmeboka skal syngjast på denne måten, er dette ei nyskaping og har truleg ikkje vore gjort før.
Sponsorar
Ospelunden
S. Rødsten Bilforretning A/S
Spar
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Brødrene Hjønnevåg AS
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Renhold service
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS