Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Dønhaugkjedlaren med eit omfattande haustprogram.

10.09.2018
Klikk på bilete for full storleik
Det vert lagt opp til eit variert og omfattande haustprogram i Dønhaugkjedlaren. ( Arkivfoto )
 
Magne Huglen legg opp til eit variert og omfattande program i Dønhaugkjedlaren i haust. Det heile startar med Pubkveld alt fredag i denne veka. Kvelden etter er det Jazzkveld i regi av Husnes Jazzklubb. 26. oktober kjem Robert Smidt-Hald med band. Det vert konsert, lansering av ny plate og miniføredrag om nytt øl frå lokalt bryggeri i Bergensområde.
 

Robert Smidt-Hald jobbar med bok om ølbrygging. Boka kjem ut på forlaget Cappelen/Damm og er snart klar for trykking. På konserten i Uskedalen vil Robert fortelja litt om bokprosjektet. Noko av stofftilfanget er henta frå Humlepungen sine bryggingar på Dønhaug.

 

Jazzkvelden med Eriksen og Dalland har vi skrive om før. Husnes Jazzklubb har funne sin jazzarena på Dønhaug. Frammøte er varierande, men stort sett bra.

 

Pubkveldane er lagt til datoane: 14. september, 12. oktober og 16. november.

 

Magne Huglen vurderer å leggja inn nokre julebord i desember for firma og venegrupper, dersom det er interesse og etterspurnad.

 

I tillegg til dette kjem private selskap. markeringar og arrangement i Dønhaugkjedlaren.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringrdal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.09.2020
Varsel om politiøving i Uskedalen.
I området Uskedalen vil det bli gjennomført ei øving for politiet onsdag 23. september. Øvinga vil vera synleg i sentrum, både med kjøretøy og personell. Trafikken vil stort sett gå som normalt. Grunnen til at øvvinga er lagt til Uskedalen, er tilgang til eigna øvingsobjekt.

Knut Olav Myklebust - koordinator for operativ trening, Vest Politidistrikt.
20.09.2020
Ny bokbuss - stopp ved Grano i morgon, måndag kl. 17.05
Den nye bokbussen er på plass. Bussen har alt vore på Uskedal skule med bokutlån til elevane. I morgon, måndag 21. september, er det lagt inn stopp i sentrum, ved Grano, mellom kl. 17.05 og kl. 17.30. Møt fram. Lån bøker. Lever inn bøker eller du kan tinga bøker for lån. Bruk bokbussen.

kb
18.09.2020
Jan Morten Myklebust - gjest i sofapraten i Nysæter kyrkje.
Nysæter kyrkje på Stord har eit fast innslag dei kallar I sofakroken. Tidlegare prest i Kvinnherad, Reidar Ådnanes, inviterer utvalde personar til prat om viktige spørsmål i livet. Tittelen i møte med flyhamnsef Jan Morten Myklebust ( frå Uskedalen ), er: Høgt og lågt - i medvind og motvind. Samtalen vil mellom anna handla om det å takla ulukker. Nysæter kyrkje - tysdag 29. september.

kb
17.09.2020
Anja Njøten Leite - nytilsett lærar på Uskedal skule.
Anja Njøten Leite er tilsett i den ledige stillingen på Uskedal skule. Det var stor interesse. Heile 15 personar var på søkjarlista. Anja har takk ja og vil ta til i den nye jobben med det fyrste. Det er rektor, Odd Steinar Arnesen, som fortel dette til Uskedalen.no.

kb
17.09.2020
Søk gåve frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad innnan 13. oktober.
Det er fram til fristen 13. oktober høve til å søkja om gåve frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad. Midlane skal gå til ålmennyttige føremål. Alle søknader skal fyllast ut og sendast elektronisk. Meir informasjon finn du på stiftinga si heimeside. www.kvinnheradstiftinga.no

kb
17.09.2020
Fornying av nettsida uskedalen.no.
Ei gruppe i Uskedal Utvikling gjer førebuande arbeid til ei fornying av nettsida Uskedalen.no. Bakgrunnen er ei kommunal løyving på kr. 30.000,- til profilering av Uskedalen. iDrift har det tekniske driftsansvaret og vil uansett fasa ut dagens modell, noko som gjer at ein må finna fram til ny modul med meir fleksible løysingar. Meir informasjon kjem i oktober.

Red.
16.09.2020
Hugs den viktige REFLEKSEN.
Det haustar, og det er verkeleg på tide å ta fram refleksvesten og andre refleksar.  Ein lesar melder at han i dag møtte to mjuke trafikantar, ein syklist og ein gåande, på kvar si side av vegen på eine brua i Uskedalen.  Begge var på rett side av vegen, men dei var svært vanskelege å sjå på litt avstand i grålysninga.

tid
15.09.2020
Rustne Menn utset pubkvelden som var tillyst på fredag 18. sept.
Slik koronaen har utvikla seg vert den tillyste pubkvelden i Dønhaugkjedlaren på fredag utsett inntil ein veit meir om smittesituasjonen. Rustne Menn avventar og ser korleis ein kan få til ein song- og presentasjonskveld for nytt allsonghefte ved eit seinare høve. Innbetalte billettar på VIPPS vert refundert.

kb
14.09.2020
Mykje ros og scoring til Harald Nilsen Tangen.
Harald Nilsen Tangen scora det viktige andremålet då Åsane imponerte ved å slå Kongsvinger 4-2 på bortebane på Gjemselunden i kveld.  I Eurosportstudioet var dei rause med rosen til den talentfulle Viking-spelaren som er på korttidslån til Obosliga-klubben Åsane. I følge panelet hadde han blomstra og verkeleg sett sitt preg på Åsane-laget i kampane han har spelt.  Låneperioden varer ut september månad.

tid
13.09.2020
Hugs Singing Tweens i morgon, måndag 14. september kl. 17.
Hei, hei og velkomen til Singing Tweens i morgon kl 17. Vi utvidar til kl 18 p.g.a koronavenleg aktivitet på slutten. I morgon lagar vi Spellejenter/gutar. Singing Tweens er for alle frå 1. klasse og oppover. Velkomne.

Nelly
Siste Nyhende
22.09.2020
Gode helsingar til Carsten Mrusek - ny sokneprest i Uskedalen.
Carsten Mrusek er tilsett som sokneprest i Uskedalen, Ænes og Åkra sokn, førebels for eit år. På innsetjingsgudstenesta sist sundag vart det sagt fram helsingar med gode ynskje for den tenesta han skal gjera i våre norske kyrkje. Soknerådsleiar, Sigmund Myklebust, las brevet frå biskopen  Bjørgvin, Halvor Nordhaug. Prosten i Sunnhordland, Svein Arne Theodorsen, henta orda frå 1. mosebok, kap. 32 om å leva i nåden og dela Guds ord med alle.
21.09.2020
Bruk 1,B på Skorpo - innspel til Kulturminneplan.
Ei gruppe på fem medlemer, som har arbeidd etter metoden Gjestebod, har sendt innspel til ny kulturminneplan i Kvinnherad kommune. Gruppa har samla seg om bruk 1, B på Skorpo, det som ofte vert kalla Tunet i det blå, etter tittelen på Herbrand Lavik sin roman på John Griegs forlag 1945. Arbeidsgruppa har vurdert den kulturhistoriske verdien ved å ta vare på gardsbruket etter at den siste eigaren, Johannes Hauge, døydde i 2019.
21.09.2020
Konfirmantåret startar med felles sykkeltur og samling på Varaldsøy.
Ni konfirmantar 2021, ikkje 10 slik vi har skrive før, vart presentert på gudstenesta i kyrkja i går. Alle, saman med foreldra, møtte fram. Namna vart lesne og kvar einskild fekk Bibelen i gåve frå Den norske Kyrkja. Etter gudstenesta var det orientering. Nytt er det at soknepresten i Kvinnherad, Kjersti B. Boge, tek konfirmantane med på sykkeltur frå Ølve til Varaldsøy med overnatting og undervisning i Hestviken på Varaldsøy.
20.09.2020
Audun Eik attvald som leiar i Kvinnherad Sogelag.
Audun Eik frå Uskedalen vart på årsmøte i Kvinnherad Sogelag attvald som leiar. Med seg i styret har han: Lars Jostein Røyrvik, Rita Martens Meyer, Borgny Særstein, Egil Steinar Tofte, Frøydis Fjellhaugen og  Margun Malmanger. Ny varamedlem: Astrid Haugse. Frå årsmeldinga 2019 tek vi med:
18.09.2020
To vikepliktskilt køyrde på i Uskedalen.
Skilt vert frå tid til anna rivne ned eller køyrde på. Litt uvanleg er det at dette skjedde med to vikepliktskilt i ei og same veke, eit på Seinsletto og eit i sentrum. Uskedalen.no kjenner ikkje til bakgrunnen, men reknar med det eit uhell i det vogntog, traktorar med hengarar eller lastebilar har svinga ut på Fylkesvegen.
17.09.2020
Gamleskulen - mellombels senter for korps, song og musikkøvingar.
Koroaen gjer sitt, men av ulike årsaker er Gamleskulen ein sentral plass for korpsøving, songundervisning og for bandøving. Kjellaren er mellombels klargjort for korpsøvingar. Oppe i salen er det plass for mindre grupper, alt for å ivareta smittereglane.
17.09.2020
Konfirmantpresentasjon og presteinnsetjing sundag 20. september kl. 19.30.
Det er meldt inn 10 konfirmantar for 2021. Dei vert presentert på kveldsgudsteneste sundag 20. september. I den same gudstenesta vert ny sokneprest i Uskedalen innsett i si teneste av prosten i Sunnhordland, Svein Arne Theodorsen. Presten Carsten Mrusek bur i Jondal og har til no gjort teneste i Ullensvang herad.
16.09.2020
Einebustad på Klammeren lagt ut for sal.
Ein einebustad på Klammeren på Haugland er lagt ut på Finn.no for sal. Huset med postadresse Hauglandsvegen 194 er bygd i 1978 og har eit bruksareal på 139 rutemeter. Huset har ei god planløysing med alt på eit plan, men også med rom på loftet. Totalt antal rom er 8. Salsprisen er sett til 1,35 mill. kr. I tillegg kjem kostnader på kr. 25.000,-.
15.09.2020
Demensaksjonen utan bøsseberarar i år - bruk Vipps eller kontonummer.
I 20 år har Nasjonalforeningen for folkehelsen hatt aksjon for å samla inn pengar til demensforsking. Uskedal Helselag har i alle desse åra vore ein viktig arrangør lokalt med å stilla med bøsseberarar. I år vert det annleis. Demensaksjonen går digitalt og ved bruk av VIPPS eller ved overføring til konto. Sjå Vipps- og kontonummer under.
Sponsorar
Rabben feriesenter
Eidsvik Eigedom AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Spar
Gros Blomster
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Renhold service
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Ospelunden
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Breiband
Stord Lufthamn
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
Sparebank 1 SR bank ASA
Grenda
Tysnes Sparebank
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS