Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Stor siger Rosendal/Uskedal J16

08.09.2018
Klikk på bilete for full storleik
Ina skyt straffe
 
Då er vi endeleg komen i gong med haustsesongen for J16 laget til Rosendal/Uskedal. For ein pang start laget fekk, motstandar i dag var Nordhordland frå Knarvik område nord i Hordaland.

 
Allereie etter 4 min. kom Hanna Tvilde gjennom og setter ballen kontrollert bak en utrusande keeper, det skulle ikkje gå myke tid før Thea Taranger får kjempe treff frå 30 meter og ballen går i ein fin boge over keeper og i mål. Fem minuttar seinare blir ein lang ball slått inn i bakrommet, noko Ina Sandvik Tveito får med seg og sette lett ballen bak Nordhordland sin keeper. Det er ikkje spelt meir enn 10 min. og R/U køyrer i denne perioden over motstandaren.
 
Det kan seiast at i første omgang er det er forferdeleg vær Rosendal stadion kan by på, det kjem mye regn, vind og i ein liten periode er det hagl som kjem ned frå oven. Men R/U køyrer på, det ser rett og slett ut som dei likar dette været.
 
Det går 12-13 min. og Guro Klette Leganger kjem seg fri og ladar høgrekanona med resultat 4-0. Etter omlag 23 min av første omg. blir Silje Soldal lagt i bakken innafor 16 meter og R/U for tildelt straffe, Ina tar denne og setter den utagbart til venstre for keeper og det står 5-0 til heimelaget.
 
Etter 32 min. kjem Nordhordland på ein overgang og vingen kjem seg fri på R/U si venstre sida og set ballen i mål bak R/U sin keeper. Men det er R/U som styrer kampen. 
 
Ina blir lagt i bakken innafor 16m og R/U for igjen straffe, Ina tar denne sjølv, men denne gangen får keeper ei hand på ballen og får slått den til hjørnespark.
 
2. omgang er komen i gong og et innlegg kjem over heile feltet der Camilla Myklebust Ripel er på ballen og skyt, keeper får ei hand på ballen som dessverre går i tverrleggaren. Litt uheldig der Camilla. 
 
Bare minuttar seinare finn Emma (Klette) ein liten plass og smeller av eit skot, som igjen går forbi keeper oppe i hjørne, det står 6-1 til R/U.
 
Etter 59 min. kjem Emma seg laus på kanten og legg elegant inn til Ina som enkelt set ballen i mål og R/U opp i 7-1. Rett etter dette kjem Silje seg fri og har ein kjempe sjanse (mener ballen var inne) men dommar seier det er 5 meter spark. 
 
Etter 77 min kjem Emma seg laus nok ein gong og dundre balle i mål. 2 min etter dette kjem Thea seg laus på høgre sida og legger inn til Silje, som endelig for sitt mål i denne kampen. 
 
Ut frå spel og sjansar å bedømma var 9-1 fortent siger. R/U har fått ein knall start på haustsesongen 2018, vi håpar det fortset like bra.
Vil og minne om at Rosendal/Trio spiller kamp i morgon kl.16:00 i Rosendal, du er velkommen og heie på damene/Jentene som skal ut i elden mot NHH som ligger bare 3 poeng over Rosendal på tabellen, R/T trenger all støtte dei kan få.
 
Lag i dag:
  • May Beate Brakstad
  • Lene Furdal
  • Marte Bøyum (c)
  • Amalie Hovden
  • Eli Omvik
  • Thea Taranger
  • Ida Marien K. Eidsvik
  • Guro Leganger
  • Hanna Tvilde
  • Ina Tveito Sandvik
  • Silje Soldal
 
Innbyttarar:
  • Camilla Ripel
  • Lisa Jonetta Ølvestveit
  • Emma Klette
  • Siri Furdal
 
Foto: Erlend Bøyum
Tekst: Tor Gundersen
Nett: Hans Ordin Østebø
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
22.01.2019
Valkurs for sokneråda i Sunnhordland.
Førebuingane til Kyrkjevalet 2019 er starta. I dag vert det skipa til valkurs på Leirvik for soknerådsmedlemer og for tilsette på kyrkjekontora i Sunnhordland prosti. Ein medlem frå soknerådet i Uskedalen er påmeld.

kb
21.01.2019
Glatte sidevegar - ikkje strøing eller salting enno.
Kommunale sidevegar i Uskedalen er glatte og mest uframkommelege. Særleg vanskeleg er det i Eikevegen, vegen ned til Beinavikjo og vegen opp i Halsane. Alle må vera merksame på det vanskelge føre og helst bruka broddar om ein skal på gåtur.

kb
20.01.2019
Målingar syner for høg fart i Korsneset.
Statens Vegvesen sine målingar i Korsneset syner ein snittfart på 67 km/timen. Heile 85 % av alle køyrande har ein fart på 67 km/timen eller høgare. Fartsgrensa er 60 km. Målingane er ein del av dokumentasjonen før ein iverkset trafikksikring ved kryssing av Fylkesveg 48 ved Korsneset/Ospelunden byggefelt.

kb
20.01.2019
Søknadsfristen nye Hydrojobbar er i dag.
Hydro Husnes treng 90 nye medarbeidarar ved oppstart av B hallen. Søknadsfristen er i dag, sundag 20. januar. Alle kan søkja, sjølv om ein helst ynskjer fagarbeidarar.

kb
19.01.2019
Fleire hus til sals i Uskedalen.
Ein lesar gjer oss merksam på at det er fleire enn 6 hus til sals i Uskedalen. Dersom du går inn på Finn.no og søkjer opp Bolig - Uskedalen, vil du finna alle salsobjekta som er lagt ut av hus/bustader.

kb
19.01.2019
Karusellrenn i Fjellhaugen i morgon, sundag 20. januar.
Det er skirenn i Fjellaugen i morgon, sundag 20. januar. Uskedal idrettslag er tilskipar. Det er eit karusellrenn klassisk. På Uskedal idrettslag si heimeside finn du skjema for påmelding.

kb
17.01.2019
Kjell Yri er med og går opp nye turløyper på La Gomera.
Kjell Yri har i denne veka vore med i eit turfylgje for å gå opp nye ruter på den kanariske øya La Gomera. Det er gjort i regi av reiseselskapet Rundtomkring. Mona Enes og Kjell Yri er engasjert som turleiarar på Kreta. No vert turtilbodet utvida til også å ta med La Gomera.

kb
17.01.2019
Kommunen, bygdelaga og utviklingsselskapa.
Kva rolle og funksjon skal kommunen ha i høve til bygdelag og utviklingsselskap ? Kvifor er Kvinnherad kommune medlem i og har luter i Rosendal utvikling og ikkje i Uskedal utvikling. Det er det som er spørsmålet i sak i F.skapet i dag. Rådmannen rår til utmelding og at det er lik praksis overfor alle bygdeutviklingslaga i kommunen.

kb
17.01.2019
Berre ein uskedeling på Krf-lista.
Krf har no klar listeframlegget til kommunevalget til hausten. På lista finn vi berre ein uskedeling. Det er Knut Olav Myklebust(42) som er plassert som nr. 19 av dei 21 kandidatane. På topp er som venta Marit Årthun frå Åkra. Ho er også den einaste kumulerte. Lista vert endeleg vedteken under nominasjons- og årsmøtet i Rosendal 4.februar.

tid
15.01.2019
Årsmøte i Sogelaget er lagt til Uskedalen.
Årsmøte 2019 i Kvinnherad Sogelag er lagt til Uskedalen. Møtedato er laurdag 27. april. I forkant av sjølve årsmøte vert det føredrag, synfaring og gjesting med bakgrunn i eit tema som høver med plassen. Styremedlem Audun Eik er med i førebuingsnemnda.

kb
Siste Nyhende
21.01.2019
Det dagast i Noreg med sol på tind.
Overskrifta er henta frå Jens Tvedt sin song Solfest eller mest kjend som Det dagast i Noreg. På fine dagar ser vi glytt av sola, meir og mindre sol alt etter kor du bur i Uskedalen. På Fjellandsbø/ søre Musland og Skorpo har dei sol heile året. Liv og Audun Eik på søre Kjærland og Håkon Haugland i Urdo har ein liten solglytt, faktisk berre 4 minuttar sol på det minste. Nokre på Haugland ser i sola straks etter. På nokre veker auka tida til ein time.
21.01.2019
Hydroutbygginga har positiv næringseffekt i Uskedalen.
Den store Hydroutbygginga på Husnes har positiv effekt på næringslivet i Uskedalen. Dette er mest synleg på vareleveranse og på overnatting. Sist veke fekk Uskedal Trelastlager anbodet på levering av materialer til det som skal vera understellet på brakkeriggen på Bogsnes. Det er Stord Innkvartering ved dagleg leiar Leif Trygve Nilsen som er utbyggjar og som valde Uskedal Trelastlager som leverandør.
19.01.2019
Skiløparar frå Uskedalen hevdar seg på kretsnivå.
Fire skiløparar i alderen 11 til 15 år gjer det godt på kretsnivå. Dei er med i eit fast gruppe frå Kvinnherad som reiser på kretsrenn. Dei har det kjekt sosialt og hevdar seg svært godt med alle sine prestasjonar. Anna Elisabet Samland Eik har faktisk 3. plassen i kretscupen så langt i sesongen. Alle går klassisk stil.
18.01.2019
Byggesteg 3 i Ospelunden med veg,vatn og kloakk er godt i gang.
Ospelunden AS ved Oddbjørn Kroka har starta arbeidet med veg, vatn og klokakk i det som er byggesteg 3 i Ospelunden. Musland Maskin gjer arbeidet med eigne og innleigde maskinar. Ein reknar med å bruka tida fram til sommaren før alt er på plass og ferdigstilt. Innan to månader skal høgspentlina ned og leggjast i vegbanen. Prosjektet er i samarbeid med Kvinnherad Bygg og ein legg vekt på å bruka lokale firma på bygg, elektro og røyr.
17.01.2019
Hus og bustader som vert selde i Uskedalen.
I ein oversikt i Kvinnheringen nyleg kom det fram at 6 hus/bustader ligg ute for sal i Uskedalen. Tre av desse ligg på Tveitane langs Uskedalsvegen, del av tremannsbustad ligg i Halsabrotet 7B og del av tomannsbustad ligg i Ospelunden 9A. Det har til tider vore god omsetnad på husvære i Uskedalen. Det som er av leilegheter, er delvis utleigd i samband med Hydroutbygginga på Husnes.
15.01.2019
kr. 180.000,- av grasrotmidlane til Uskedalen.
Knappe kr. 180.000,- av Grasrotmidlane går til 8 ulike laga og organisasjonar i Uskedalen. Midlane kjem frå Norsk Tipping. Dersom laget er registrert i Frivilligregisteret, kan 7 % av det tipparen spelar for gå til eit lokalt lag. I Uskedalen er det åtte organisasjonar som vert overført midlar for 2018. Uskedal Idrettslag toppar lista med ei løyving på kr. 91.332,- frå tilsaman 136 brukarar. Minst overføring er det til Uskedal Friluftslag med berre ein tippar.
14.01.2019
Kommunen inviterer til Dialogkafe i Helgheim, onsdag i denne veka.
Representantar frå Uskedal Helselag og Uskedal Utvikling vil vera med på Dialogkafe i Helgheim, onsdag 16. januar på dagtid. Det er Kvinnherad kommunen som inviterer til samlinga som vil ha fokus på den eldre delen av befolkninga. Dialogkafeen vert skipa til for å få innspel til arbeidet med ny kommunedelplan for omsorg, helse og sosiale. Det som før har vore delplanar, vil no bli samla i ein felles helse- og sosialplan.
13.01.2019
Brille funnen og teken vare på.
Brille er funnen på gangvegen mellom Hagetunet og busslomma. Vi har skrive om dette før, men ingen har henta brilla som vart hengd opp i gjerde på ein godt synleg plass. Brilla med snor ligg i etui. Det kan vera barnebrille.
13.01.2019
Vikarpresten la inn ei læringsøkt for borna om dåpen.
Tidlegare sokneprest i Røldal, Arne Nataas, er prostiprest og vikar i prestetenesta i Uskedalen fram til ny sokneprest er på plass. I dag på 2. sundag i Openberringstida fekk kyrkjelyden eit møte med Nataas gjennom gudsteneste, dåp og nattverd. Dåpsbarnet Ludvig vart døypt på det som vert omtala som Jesus sin dåpsdag. Ikkje nok med det: Borna i kyrkja i dag fekk ei oppleving og eit minikurs om kva som må til for å gjennomføra ein dåp.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Spar
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Brødrene Hjønnevåg AS
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Renhold service
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS