Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

God mottaking av Tjerand Aske-boka.

31.08.2018
Klikk på bilete for full storleik
Frode Sæbø sikrar seg boka. Han er ein av dei som har bidrege til det interessanne innhaldet i boka.
 
Laurdag for ei veke sidan lanserte Kristian Hus boka si om bygdeoriginalen Tjerand Aske, «Den sindige villmannen».  Vel 60 personar møtte fram til lanseringa i Sjøstova på Borgundøy.  Forfattaren gav dei frammøtte eit godt innblikk i livet til denne evnerike personen som ikkje alltid var like heldig med det han gjorde.  Han fortalde også om arbeidet med boka.
 
Kristian Hus har lagt ned eit stort arbeid for å skaffa grunnlag til å skriva boka om dette spesielle kvardagsmennesket frå det avsidesliggjande småbruket på Borgundøy.  Dette har han skaffa seg ved å intervjua personar som kjende til Tjerand Aske, ved å grava i gamle lokalaviser og andre arkiv.  På det viset har han funne fram til tidlegare lite kjende ting om denne kunnskapsrike eventyraren og hardhausen.
 
Frå tidlegare hadde vi høyrt om Tjerand Aske som han som sykla og gjekk på ski over Folgefonna, og om dyretragediane som var knytta til han.  Kristian Hus teiknar eit langt meir ekte og nyansert bilde av denne interessane personen frå Borgundøy.  Hus kan kunsten å skriva om kvardagsmenneske!
 
Klikk på bilete for full storleik
Det var interessant å høyra Kristian Hus fortelja om arbeidet med boka under lanseringa på Sjøstova
 
 
At vi i Uskedalen kjenner mest til dyretragediane, er nok naturleg.  Dei fleste sauene i den andre dyrevernsaka hamna nemleg her i bygda.  Tidlegare har de lese her på sida om sauene på Musland, og at Aske budde under ein hidlar fleire dagar og lurte seg inn i fjøset for å sjå sauene sine om nettene.  Det er også blitt kjent at ein del av sauene hamna på Kjærland.  Hans Reidar Kjærland kan fortelja at far hans, Leif Kjærland, overtok ein del av sauene som kom frå Aske.
 
Hans Reidar fortel at dyrlækjar Tore Bratseth tok kontakt med far hans og spurde om han hadde plass til sauene.  Grunnen til dette var sikkert at dei hadde teke i bruk ny låvebygning.  Den gamle løa stod framleis der Hans Reidar har våningshus i dag.  Leif Kjærland sa han kunne ta nokre, men han hadde ikkje plass til alle.  På spørsmål frå Bratseth etter andre, føreslo Leif då at han kunne høyra med Torger Musland som han hadde god kontakt med.  Dermed hamna sauer frå Aske både på Kjærland og Musland.
 
Hans Reidar fortel vidare at han hugsar det banka på døra ein kveld etter det var blitt mørkt.  Utanfor stod ein uflidd og langhåra kar, Tjerand Aske, med spørsmål om sauer frå han var der.  Leif kunne bekrefta det, og då Tjerand spurde om å få sjå dei, blei Leif med han bort i gamleløa slik at han fekk gjensyn med dei kjære dyra sine.  Etter at dei hadde sett sauene, baud Leif han inn på kveldsmat.  Hans Reidar hugsar denne langhåra og ustelte mannen som lite snakkesaleg, men han var svært takksam for måten han vart motteken på, og for maten. Han spurde om dei visste kor resten av sauene var, og  Leif fortalde då at ein del var på Musland. Aske ville då sjå dei også.  Han vart då tilbydd overnatting slik at han kunne gjera det neste dag.  Det takka han ja til.  Neste dag for han tidleg av garde før han fekk frukost.  Leif og kona Margit var i fjøset og mjølka, og Tjerand Aske var innom og takka for seg før han for på dalen med kurs for Musland.  Hans Reidar hugsar at mora, Margit, hadde eit svært styr med vask av sengkleda etter dette besøket.
 
I boka 'Den sindige villmannen' får vi også høyra korleis Frode Sæbø som bur i Korsnes, hugsar Tjerand Aske.  Sterkast i minnet har han då Aske gråtande og ropande heldt i landtauet og prøvde å halda båten igjen då sauene hans vart henta.  Frode var då mannskap på 'Fjelldur' som frakta sauene.  Dei opprivande scenane gjorde sterkt inntrykk på 16 åringen.
 
I boka klarer Kristian Hus også å få fram andre og interessante sider ved denne spesielle, evnerike eventyraren som døydde uventa på gata i Oslo om lag 70 år gammal.  Det er ei interessann bok, også for oss som kjende lite eller inkje til 'Den sindige villmannen'.  Dette er god lokalhistorie frå ei nær fortid. Boka har gode illustrasjonar og bilete på god papirkvalitet.  Den er å få kjøpt hos bokhandlarane på Husnes og i Rosendal samt nokre andre butikkar.  Den kan også tingast på epost: kristian@skimtvis.no
 
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
18.09.2018
Kafe Tiaren 11 år i dag.
For nøyaktig 11 år sidan opna Kafe Tiaren, tysdag 18. september 2007, i Gamleskulen. Kafeen har vore i drift i alle år etter oppstarten og det utan stopp. Kafe Tiaren er open kvar tysdag heile året, bortsett frå nokre tysdagar i jula. Mellom 25 og 30 frivillige står for drifta.

kb
18.09.2018
Seniorgruppa med tur til Mannsvatn.
Seniorgruppa i Kvinnherad Turlag skipar i morgon, onsdag 19. september, til tur til Mannsvatn. Det er frammøte ved Grano i sentrum kl. 10. Turen vert rekna som middels krevjande.

kb
17.09.2018
Forvaltningskomiteen sa nei til tilbygg.
Jan Helge Pile fekk for andre gong nei i Forvaltingskomiteen til å utvida fritidsbustaden sin i Beinavikjo. Grunngjevinga for avslaget er omsynet til strandsonevernet. Søknaden omfatta også oppføring av bod og sauna.

kb
15.09.2018
Fotballjenter vert med på Demensaksjonen 2018.
Fleire jenter frå fotballen i Uskedalen vert med som bøsseberarar på Demensaksjonen 2018. Det har sin bakgrunn i at Nasjonalforeningen sentralt har avtale med Serieforeningen for jentefotball om støtte og profilering. På måndag vil ein dra nytte av denne avtalen lokalt i Uskedalen.

kb
15.09.2018
Hugs jazzkvelden på Dønhaug.
Det går slag i slag på Dønhaug. I kveld, laurdag 15. sept. kl. 20, er det jazzkveld med Torunn Eriksen. Med seg på bass har ho Kjetil Dalland. Tilskipar er Husnes Jazzklubb.

kb
14.09.2018
Pubkveld i Dønhaugkjedlaren i kveld, fredag 14. sept.
Det vert ny pubkveld i Dønhaugkjedlaren i kveld. Alle er velkomne til ein uformell og triveleg kveld med fyr på grua og god prat. Puben har ope til kl. 23.30.

kb
14.09.2018
Siste helga ope
Siste mogelegheit denne sesongen til å nyta mat frå Poon Tip`s Thai take-away er denne helga. Opningstider i helga er kl. 14 - 20 fredag, laurdag og sundag. 

hoø
13.09.2018
Demensaksjonen måndag 17. sept. frå kl. 17.
Den nasjonale demensaksjonen 2018 vert gjennomført i Uskedalen måndag 17. september frå kl. 17. Ut- og innlevering av bøsser er som vanleg i Gamleskulen. Helselaget reknar med å ha nok bøsseberarar til å dekka heile bygda. Ein legg opp til å bruka ein time på heile innsamlinga. Meir informasjon om Demensaksjonen kjem.

Uskedal Helselag
12.09.2018
Boka om Tjerand Aske i salg på Spar Uskedalen.
Boka om Tjerand Aske frå Fjelberg, «Den sindige villmannen» av Kristian Hus, er no i salg også i Uskedalen.  Boka som har fått god mottaking, er no å få kjøpt på Spar Uskedalen.  Det bør vera stor interesse for boka her i bygda då ein del av innhaldet er knytta til Uskedalen.  De kan lesa meir om boka HER og HER.

tid
12.09.2018
Løyve til å byggja naust på Holmen.
Asle Reime med fleire har med bakgrunn i vedtak i Forvaltningskomiteen motteke løyve om å byggja tre naust på Holmen. Område er regulert for naustbygging. Det er gjort nokre justeringar for at tiltaket skal vera i samsvar med reguleringsføresegnene.

kb
Siste Nyhende
18.09.2018
Bøkkerverkstaden - ein læringsarena for kystkultur.
I veka som var, strøymde det 130 elevar frå 7 skular til Rød og Bøkkerverkstaden for å læra meir om fartybygging og kystkultur. Det er Sunnhordland museum som kvart år gjestar alle 6. klassane i Sunnhordland med programmet Eg byggjer meg ein båt. Instruktørane var Bjørn Arve Lunde og Torhild Falk Berger.
18.09.2018
Demensaksjonen gav eit resultat på meir enn kr. 20.000,-

Det vart samla inn i overkant av kr. 20.000,- i går til Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt arbeid mot demens. Det er om lag på same nivået som åra før, men då må vi ta med at talet på dei, som brukar Vipps, aukar. Nokre støttar aksjonen ved å betala inn på sentral konto. Vippsdelen vert ikkje registrert lokalt. To bøsser i andre bygder vert henta inn i dag.
17.09.2018
Etterspør historiar og bilete av doktor Haugen.
Det vert snart sett strek for innsamling av historiar om den legendariske doktor Haugen. Innsamlinga har vore overveldande med over 80 historiar så langt, frå 50 informantar i det som var Kvinnherad fram til kommunesamanslåinga på 1960 talet. For dei som ikkje har sendt inn sine historiar, er det enno tid, men det bør gjerast innan 1.oktober.  Det same gjeld om nokon sit på gode bilete eller anna arkivmateriale.
16.09.2018
Demensaksjonen - ta vel imot bøsseberarane frå kl. 17.
I dag kl. 17 startar årets demensaksjon i Uskedalen i regi av Helselaget. Nytt i år er at jenter frå fotballen er med som bøsseberarar. Innsamlinga dei siste åra og oppnådd eit resultat rundt kr. 22.000,- I tillegg kjem det som mange sender sentralt eller betaler på Nasjonalforeningen, Hordaland, sitt Vippsnummer 221612.
16.09.2018
Øyrehagen Sunde med ny kunnskap om Kristoffer Rustung.
Kristoffer Rustung var ingen sjørøvar. Han var ein krigar på erkebispkop Olav Engelbretson si side i den store striden i refomasjonstida mellom katolikkar og protestantar. Det var noko av det professor Jørn Øyrehagen Sunde la vekt på i sitt føredrag på Skuteseminaret i Rosendal i helga. Skuteseminaret med tre føredrag vart gjennomført i to parallelle økter. Amfiet i Folgefonnsenteret var fullsett og mange fekk ikkje billettar og måtte gjera vendereis.
15.09.2018
Brødrepar er klar for andejakt nordom Skorpo.
Eit trivelag jaktlag dukka opp i Beinavikjo i dag og gjorde seg klar for andejakt i Hardangerfjorden. Det er to brødrepar, ein kameratjeng på fire frå Herøysundet som jaktar i lag på hjort og fugl. Andejakta opna 10. september og varer like fram til 23. desember. Jaktlaget kan det meste om fugl. Dersom det vert fugl i dag, vert alt arbeid med fuglen gjort på plassen.
14.09.2018
Skutefest med innslag frå Uskedalen.
I dag startar Skutefesten i Rosendal og mange skuter på sin seglas mot Kvinnherad vil gå Storsund. Over 12 store og mindre skuter er påmeld. I programmet finn vi fleire namn frå Uskedalen, Hans Gustav Mussland, Kristian Bringedal og Jørn Øyrehagen Sunde. Lubbesilda på Skutetreffet fredag kveld vert levert av Hjønnevåg. Harald Sætre vil selja og signera boka 61 VETERANBÅTAR PÅ VESTLANDET.
13.09.2018
Tårnagentbasar gav kr. 10.000,- til Indaprosjekt
Onsdag i denne veka hadde Tårnagentkoret på Bedehuset minibasar med inntekt til misjonsprosjekt og sundagsskulearbeid i India. Arrangøren takkar alle for god støtte. Les meir og sjå lista om du har vunne.
13.09.2018
Påmelding til Haustfest i Helgheim 20. oktober
Det meste er på plass med haustfesten i Helgheim laurdag 20. oktober. Ordførar Peder Sjo Slettebø er talar. Elin Legland skriv Daltrekk. Uskedal musikklag og Røysterett for Alle vert med og det vert arbeidd med å finna eit sceneinnslag med god og kraftig humor. Ungdomslaget 130 år vert markert.Det populære bandet TRINITY spelar opp til dans. 
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS