Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Storveis musikarbesøk til Uskedalen.

01.08.2018
Klikk på bilete for full storleik
Storfint musikarbesøk i Uskedalen: Eirik Gjerdevik(Pressefoto)
 
Det vert mykje både av humor og musikk i Uskedalen siste helga i august.  Denne helga har nemleg Uskedal skulemusikk engasjert topp tubaisten Eirik Gjerdevik til å ha hovudansvar for fellesseminar for skulemusikantane i kommunen.  Sjølv om godt over 2 meter høge Gjerdevik først og fremst er ein strålande og seriøs musikar, er han også i besittelse av eit ubeskriveleg humoristisk talent.
 
Klikk på bilete for full storleik
Eirik Gjerdevik mottar applaus etter å ha dirigert HUBB på jubileumskonserten i 2011. Vi ser også solistane Tor Endresen og Frode Alnæs(med gitaren) samt nokre kjente ansikt blant musikarane.(Foto: Rolf Hestetræet)
 
 
Etter musikkstudiar i inn- og utland er Eirik Gjerdevik blitt ein av landets mest kjende tubaistar.  Han er Yamaha sin tubasolist i Norden, og har hatt solistoppdrag i mange land i tillegg til at han er svært mykje brukt i heimlandet.   Romania, Sveits, Australia, Færøyane og Bulgaria er nokre av landa som har hatt glede av å ha solistkonsertar med den store tubaisten.  Gjerdevik er kjent for å krydra konsertane sine med humoristiske sprel i tillegg til musikalske framføringar på svært høgt internasjonalt nivå.  Underteikna har opplevt han på fleire konsertar, og det vert alltid ein spesiell og god stemning og kontakt når Gjerdevik er framfor publikum.  Sjølv om skulekorpsmusikantane kjem til å vera i sentrum under avslutningskonserten for seminaret 26.august, vil vi også få oppleva artisten Eirik Gjerdevik.  Etter det vi kjenner til har han lova å ta med biekostyma si og framføra 'Humlens flukt'('Flight av the Bumblebee') på tubaen sin.  Han kan og sjå tilbake på plateutgivelsar og debuterte i 2005 med CDen 'Eirik the Viking'.
 
På seminaret 24.-26.august der skulemusikantane frå heile Kvinnherad samlast, vert han altså hovuddirigent.  Tor S. Olsen i Uskedal skulemusikk har verkeleg gjort eit skup når han har engasjert Gjerdevik.  Han er ein svært mykje brukt dirigent både på elitekorpsnivå og nedover på alle nivå til skulekorps.  Alle trivest i lag med denne store mannen.  Til seminaret har han også med seg eit knippe dyktige instruktørar frå sitt nettverk.  Han skal m.a. ha med seg ein instruktør som er ekstra flink til å jobba med dei som nettopp er komne inn i korpsa.
 
Felleseminar for dei 3 skulekorpsa i kommunen er blitt årvisst.  Det er 5. gangen det vert arrangert.  Dette er eit strålande og viktig tiltak for skulekorpsarbeidet. Det gjev musikarane ein flying start på sesongen.  Kvart år har det blitt gjennomført med støtte frå Sparebankstiftinga.  Utan denne støtta hadde det ikkje vore mogeleg.  Hovudansvaret for arrangementet går på omgang mellom korpsa.  
 
Eg er sikker på at musikarane får det ekstra moro under seminardagane, og vi andre får glede oss til konserten.  Då vert det garantert topp stemning i Aktivitetshuset i Uskedalen.
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Rolf Hestetræet og pressefoto med tilatelse frå musikaren.
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.10.2018
Manglar 2 - 3 bøsseberarar til TV aksjonen på sundag.
Rodeleiar for TV aksjonen i Uskedalen, Helene Bjørnebøle, fortel at ho manglar 2 - 3 bøsseberar for å få alt på plass. Elles er alt under kontroll. Ho bed om at dei som kan bruka nokre timar på sundagen for ei god sak, melder seg til henne på mobil: 971 56 309. Frammøte er kl. 16 på sundag i Gamleskulen.

kb
18.10.2018
Viktig melding til alle som skal på haustfest.
Velkomne til haustfest i Helgheim laurdag 20. oktober. Alle 100 billettane er selde. Maks 10 plassar for evt. etteranmelde. Hugs: Møt fram i god tid før kl. 19. Alle må vera på plass i salen ved program start. Påmeldinga vert rekna som bindande. Dersom du av viktige grunnar ikkje kjem, meld frå på mobil: 915 31 487. Ordinær pris: kr. 300,- Frivillige/aktørar: kr. 150,- Kontant betaling, ikkje kort.

Uskedal ungdomslag
17.10.2018
REFLEKS!! REFLEKS!! REFLEKS!!
På veg til jobb i regn og mørke i dag tidleg trefte eg fleire mørk-/gråkledde Uskedalsungdommar på veg til skulebussen.  Dei var vanskelege å sjå, for refleks var heilt fråverande!! Vi set stor pris på dei flotte ungdommane våre, og bed dei og alle andre om å bruka refleks, og aller helst refleksvest, når dei går langs vegane framover.  VI VIL SJÅ DÅKE!!!

tid
17.10.2018
Har du bilete av fiskereiskapen kjer ?
I Kvinnhesminne til neste år vert det arbeidd med ein artikkel om fiske med kjer i Uskedalselva. Audun Eik i Sogelaget spør om nokon kan ha bilete av eit kjer. Det er ein fast fiskereiskap til lakse- eller aurefiske. Eit kjer er bygd i tømmer og vart brukt i fossar eller stride straumar. Reidskapen fungerer som ei teine der fisken går inn og kjem ikkje ut. Det er ikkje lov å fiska med kjer i dag. Kontakt Audun Eik: 481 52 785.


kb
17.10.2018
Hugs informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen.
Det er informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen i kveld, onsdag 17. okt. kl. 18. Noko av innhaldet i møte vert informasjon om bryst- og prostatakreft. Kreftkoordinatorane vil også informera om aktivitetsmeistring for å få ein meiingsfull kvardag. Møte er ope for alle.

kb
15.10.2018
Nokre ledige billettar til haustfesten, 20. oktober
Det er god påmelding til ungdomslaget sin haustfest fyrstkomande laurdag, 20. oktober i Helgheim. Det er nokre ledige plassar. Kontakt: Rigmor Rasmussen( 470 23 450 ) eller Kristian Bringedal ( 915 31 487 ).

kb
15.10.2018
Senterpartiet med Skråblikk på Kvinnherad.
SP startar arbeidet med nytt valprogram i Uskedalen tysdag 16. oktober kl. 18 på Elins Matgleder. Bjørn Olav Tveit skal ha innleiing som skal vera eit skråblikk på Kvinnherad. Samlinga i Uskedalen i morgon er den fyrste i ein serie på tre. Tema er: Kommunal forvaltning, næringsliv/arbeidsplassar, frivillighet. Møte er ope for alle.

kb
14.10.2018
Rekordvarme og håslått i oktober.
På nokre fine dagar med vind og turke vart den siste håslåtten teken tidlegare i veka. Det er truleg varmerekord i oktober når vi tek med temperaturen på desse dagane: Torsdag: 22,9. Fredag: 20,3. Laurdag: 21,1 og Sundag: 20,7 varmegarder.

kb
14.10.2018
Kreftkafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. kl. 18.
Det vert kafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. frå kl. 18 til kl. 20.30. På samlinga vert det fleire innlegg om det å leva med kreft. Kreftsjukepleiarane og brukarorganisasjonane vert med. Det same vert ergoterapitenesta. Det er sett av tid til servering og sosialt samvære. Uskedal Heselag er tilskipar.

kb
14.10.2018
kr. 34.700,- kom inn på Bedehusbasaren.
Det kom inn kr. 34.700,- på Bedehusbasaren i går. Det er eit svært godt resultat. Indremisjonen takkar alle for gåver, gevinstar. god støtte og godt frammøte. Pengane går til kostnader med drift og investering.

kb
Siste Nyhende
20.10.2018
Fullt hus på storveis Internasjonal kulturfest.
Det måtte setjast ut både ekstra stolar og ekstra bord i Kulturhuset Husnes då det vart arrangert Internasjonal kulturfest fredag ettermiddag i samband med TV-innsamlingsaksjonen. I overkant av 280 publikummarar fekk oppleva eit imponerande og variert program med både verbale og musikalske innslag, og det heile vert toppa med eit matbord som det er umogeleg å konkurrera med på andre arrangement.
19.10.2018
Salmekveld i kyrkja måndag 22. oktober.
Neste salmekveld i kyrkja vert alt måndag 22. oktober kl. 19. Tema er sjøfolk ute og heime, åndelege sjømannssongar og salmar. Kyrkjekoret Nordsaang, kantor Eva Megyesi og tidlegare sjømannsprest, no sokneprest i Husnes, Valen og Holmedal, Reidar Ådnanes vert med på salmekvelden. Sjømannsgrava på Curacao og forlistet med MS SAGVÅG vil vera ein viktig del av programmet.
18.10.2018
Infomøte om kreft samla mykje folk i Gamleskulen.
Knapt ein stol var ledig i Gamleskulen i går då Uskedal helselag saman med kreftsjukepleiarane inviterte til informasjonsmøte. Det var frammøte frå heile kommunen og tiltaket syner at det er trong for faste møte om kreftsaka, noko som truleg fører fram til det Stord og Odda har med sine kreftkafear. Det er viktig å skapa gode møteplassar om det faglege, men like mykje som eit sosialt tiltak.
17.10.2018
Stor mediamerksemd om Skorpo.
Skorpo er i media sitt søkjeljos. Det er ikkje nok med at NRK har sendt dokumentaren Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Det neste er naturprogrammet Helt naturleg med filming frå fjellgarden Bjørnebøle og frå Johannes Hauge og gardsdrifta hans på Skorpo. Filminga vart gjort tidleg i august månad av Jan Grønseth. Episodane frå Kvinnherad vert truleg sende ein gong på våren 2019.
15.10.2018
Leileghetsbygg i Uskedalen utleigd til Concolvo as.
Valo Eigedom as ved Elin Stene og Geir Rusten har inngått leigekontrakt med entreprenørfirma Concolvo as. Bakgrunnen er ein større kontrakt firma har fått i samband med utbygginga på Hydro Husnes. Det er langtidsleige, i fyrste omgang for eit år. Leigetida kan bli forlenga. Det seksjonerte leileghetsbygget har gateadresse Uskedalsvegen 510 - 512 og 5 av totalt 6 seksjonar er med i leigeavtalen. 
15.10.2018
Ein ny generasjon fruktbønder på Steinsletto.

Karoline og Bjørnar Gjerde Eik ( begge 30 år ) er dei nye fruktbøndene på Steinsletto. Oppstarten med ein rekordsesong lovar godt. Fyrste året reknar dei med å hausta 6 tonn eple for sal. Det meste går til faste kundar frå den tida Gunnbjørg og Magne Eik dreiv garden. I tillegg kjem torghandel og levering til alle som tingar frukt. Eit skilt ved Fylkesvegen syner vegen fram til plassen. Eit lite parti eple går til pressing, men det er til eige bruk.
14.10.2018
Ny rullestolinngang på Bedehuset.
Alle offentlege bygg og forsamlingshus skal ha universell utforming, noko som vil sei at huset skal vera tilpassa funksjonshemma og brukarar i rullestol. Eldre lagshus og kyrkjer er lite tilpassa for slik utforming. No har styret i Uskedal Indremisjon gjort eit stort arbeid med å gjera inngangen på Bedehuset funksjonell for alle uansett funksjonsevne. Alle kostnader er dekka av eigne midlar og arbeidet er gjort på dugnad.
13.10.2018
Basar med lange tradisjonar og alltid like populært.
Bedehusbasaren samla mykje folk i det dårlege veret. Det var vanskar med parkering og nokre måtte finna plass for bilen i sentrum og gå fram til lokale. Uskedalen har lange tradisjonar med basarar av ulike slag. Bedehusbasaren har truleg vore årleg sidan huset vart bygd på 1930 talet. Inntekta går til drift og investeringar på Bedehuset. Indremisjonsstyret reknar med ei inntekt rundt kr. 30.000,-
12.10.2018
Topp musikal og møte med Statsministeren.
Onsdag 10 oktober var det premiere på Flashdance musikal på Chareau Neuf i Oslo. Tore Sergei Myklebust er direktør i Starworks AS som er produsent og arrangør. Musikalen fekk svært god kritikk i Oslopressa, faktisk berre 5 og 6 på terningen. Mange har særleg merka seg dette at det er mange unge og dyktige artistar med i framsyninga. Statsminister Erna Solberg var på premieren og fekk helsa på direktøren Tore Sergei Myklebust.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS