Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Motorskøyta NJØTHOLM med oselevarmodell på dekk.

21.07.2018
Klikk på bilete for full storleik
Fartyeigar Per Østensen syner fram modellen av ein Oselvar i 1/3 storleik.
 
Mange fekk eit vakkert syn i dag på Sandakaien. Motorskøyta NJØTHOLM frå Ålfjorden var inne på sitt faste sommarbesøk i Uskedalen. Ein oselvarmodell i 1/3 storleik stod på dekk i ei vogge. Modellen er bygd av Egil Mæland på Tysnes og er ein nøyaktig kopi av ein original færing av typen Oselvar. Eigar av NJØTHOLM er Aud (f. Hindøy) og Per B. Østensen.
 

NJØTHOLM heimehøyrande i Austrheim var ei fiskeskøyte fram til fartyet vart ombygd til fritidsbruk på 1980 talet. Ombygginga tok til i 1979 og pågjekk fram til 1990. Per Østensen har lagt ned eit stort arbeid med restaurering og fornying av skuta. Lasterommet er ombygd til salong med fri høgde, ventilar og skyligth. Styrehuset er bygd i aluminium og utvida. Alle spant og dekk er skifta. Det same er gjort med skutesida. Riggen med ny master vart sist skifta i vinter

 
Klikk på bilete for full storleik
Aud og Per Østensen held til på Erve i Ålfjorden her dei har hus, kai, verkstad og lager for verksemda si.

NJØTHOLM er på 50 fot, bygd i Rosendal i 1950. Aud og Per Østensen kjøpte fartyet av Johan Njøten i 1998. Fartyet har namnet frå Njøten, ei øy i Austrheim kommune. I dag står det ein 4 sylindra, 180 HK dansk Callisen i skøyta.

 

Per kjem frå Hiskjo på Bømlo, driv røyrleggjarfirma og held til med verkstad og lager på Erve i Ålfjorden. Aud kjem frå Musland øvst i Uskedalen. Aud og Per gifta seg i 1970. Kvart år legg dei turen til Uskedalen for å møta slekta til Aud i Kvinnherad.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
NJØTHOLM er i dag eit lystfarty i strøken stand, med ny master og rigg.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
13.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 13.des. 2018
I dag vinn eigar av kalendar nr. 142 DVD og 2 par sportssokkar, verdi 600,-kr, gjeve av Sport1, Husnes. Den andre gevinsten er 2 termokoppar med godis, gjeve av Kvinnherad elektro/Uskedal skulemusikk.  Den er vunnen på nr.244. Vi gratulerer dei to heldige vinnarane!!

USM
12.12.2018
Julefri på Kafe Tiaren - fram til tysdag 8. januar.
Berit Harriet Døssland frå Kafe Tiaren melder frå om at det er julefri fram til tysdag 8. januar. Hugs difor at det ikkje er kafe tysdag i neste veke. Uskedal utvikling og frivillige på Kafe Tiaren helsar alle god jul og ynskjer velkomen til nye samlingar i 2019.

Kafe Tiaren
12.12.2018
Flaske knust på Skårhaug og ved Lavvoen.
Ein lesar melder om flaskeknusing på Skårhaug og i stien ned til lavvoen. Område vert ofte brukt av barnehagen og det er uheldig om nokon skjer seg på glasbråta. Dersom nokon misser ei flaske på berget, plukk opp, ta glasbitane med og kast i kontainer. Område er rydda i dag, onsdag.

kb
12.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 12.des. 2018
I dag er to gevinstar som er gjevne av Tysnes sparebank trekt ut på skulemusikken sin kjekke adventskalendar.  Eigar av nr.308 har vunne gåvekort til verdi av 300,-kr medan den som har kalendar nr. 239, er heldig vinnar av 2 stk, termos.Vi gratulerer vinnarane!!

USM
11.12.2018
Rev med skabb skoten på Haugland.
Svein Ottar Rørheim har jakta på rev med skabb den siste veka. I går kveld vart reven skoten. Det er ikkje den same reven som var observert på Døssland i helga. Det tyder på at det er fleire smitta revar i område. Alle med hund må vera merksam på smittefaren. Berre ved at ein hund stryk seg på ei flate der reven har vore, er nok til å overføra smitte.

kb
11.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 11.des. 2018
Også i dag er det trekt ut to heldige vinnarar på skulemusikken sin adventskalendar.  I dag ha vi ein livreddande gevinst, nemleg refleksvest.  Saman med den er ei hue trekt ut på kalendar nr.186.  Desse gevinstane er gjevne av Jvinnherad Energi/Kvinnherad Breiband.  På nr.483 er Bulbe on a rope, gjeven av Power, Husnes, vunnen.Vi gratulerer dei heldige vinnarane.  Samstundes håpar vi at alle brukar refleks/refleksvest slik at dei er godt synlege i trafikken!

USM
10.12.2018
Søkjar om tilbygg på eksisterande løe.
Marita Kjærland søkjer om tilbygg på eksisterande løe, 129/4 på Døssland. Tilbygget skal brukast til ammedyrproduksjon og kaldlager. Søknaden er sak i Forvaltningskomiteen onsdag i denne veka. Rådmannen er positiv og rår til at tilbygget vert bygd slik det er omsøkt. Det er kome ein merknad til tiltaket. I forkant av møte er det lagt opp til synfaring.

kb
10.12.2018
Kan brannstasjonen bli berga ? Ny utsetjing av saka.
Saka i Formannsskapet sist torsdag om nedlegging av fire brannstasjonar vart på nytt sendt tilbake til administrasjonen. Dette kan tyda på at det er ei vanskeleg sak som treng ei grundig utgreiing. Det er ikkje kjend kva tid saka vert sett på sakskartet for 3. gong.

kb
10.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 10.des. 2018
Også i dag er det trekt ut 2 heldige vinnarar.  To temokoppar med godis, gjevne av Kvinnherad Elektro/Uskedal skulemusikk er vunne på nr.426, og Dolce Gusto kaffimaskin, verdi 300,-, gjeven av Uskedal eigedom, er vinnen på nr.123.Vi gratulerer dei heldige!!

USM.
09.12.2018
Juletresalet startar i morgon, måndag 10. desember, ved Elins Matgleder.
Juletresalet ved Elins Matgleder startar i morgon, måndag 10. desember, kl. 08. Det er sal av nordmanna edelgran frå skog i Sandeid. Salet varer heile dagen, fram til kl. 17.00. Elin Enes fortel at ho vil ha ekstra ope laurdag og sundag komande helg.

kb
Siste Nyhende
13.12.2018
40 juletre av beste kvalitet vert selde ved Elins Matgleder.
Juletresalet er i full gang. Geir Enes har vore i Sandeid og henta heim 40 edelgran av beste kvailitet. Dersom omsetnaden er god, vert det henta meir. Juletrebonden heiter Svein Bjarte Slåke og har spesialisert seg på produksjon av juletre av typen Nordmanna edelgran. Juletresalet i Uskedalen starta måndag i denne veka og held fram til jul.
12.12.2018
Rustne Menn på Rehab.
Song- og musikkgruppa Rustne Menn hadde eit spesielt oppdrag i går. Gruppa valde å ta turen til Stord sjukehus med konsert på Fysikalsk medisin og rehabiliteringssenter. Konserten var på dagstova og samla brukarane og personale på avdelingen. Det er kjend for dei fleste ar Reidar Myklebust, ein av gruppa sine faste medlemer, er på opptrening etter eit slagtilfelle tidlegare i haust.
11.12.2018
Julekonsert med kor, korps, solistar og gjester.
Alt er klart for ny julekonsert i kyrkja sundag 16. desember kl. 19. Målet med konserten er å skapa refleksjon og julestemning gjennom ord og tonar. Leif Inge Heimvik frå Utåker les juleevangeliet som ein monolog der han formidlar julebodskapen på på ein trygg og god måte utan manus. Tre korps, trekkspelklubb og eit kyrkjekor er med på konserten. Det same er gjester og ikkje minst kantoren Eva Megyesi.
10.12.2018
Bibliotek- og bokbussjubileum.
Kvinnherad bibliotek markerte på laurdag at det var 30 år sidan dei kom inn i nye lokale på Husnes. Før den tid hadde hovudbiblioteket vore i kjellaren i det som den gong var Samfunnshuset Husnes. Mobil bibliotekteneste i Kvinnherad med bokbuss har vore i 25 år. Per Myklebust var bokbussjåfør i nær på 10 år før han vart pensjonist.
09.12.2018
Julevandring i kyrkja - tilbod til barnehagane.
Kvart år er barnehagane i Uskedalen med på Julevandrig i kyrkja, ei dramatisering av juleavangeliet og Jesu fødsel. Det er tilsette i kyrkja med Jan Ove Fagerheim i rollen som Keisar Augustus. Med seg har han trusopplærar Torild Langeland og kantor Eva Megyesi. Julevandringa er eit tilbod til dei eldste borna i Dønhaug Gardsbarnehage og Uskedal barnehage.
08.12.2018
Kven saknar ny barnesykkel ?
Attgløymde syklar langs vegen er eit aukande problem, noko vi på Uskedalen.no har skrive om mange gonger. No gjeld det ny barnesykkel, lilla med merke MOGUL, som står i Kleivadalen. Tom Haugland fortel at sykkelen ein dag tidleg i veka vart attgløymd ved garasjen hans. Ingen har meldt seg som eigar så langt.
07.12.2018
Laga middag til 15 born i Dønhaug Gardsbarnehage.
Kjøttkaker i brun saus var middagen borna i Dønhaug Gardsbarnehage fekk i går, torsdag 6. desember. Ideen er henta frå Omvikdalen barnehage der Bygdekvinnelaget lagar middag til alle borna ein gong i månaden. I Uskedalen vert det same prøvd i gardsbarnehagen med Målfrid Myklebust, Inger Naterstad og Else Mari Huse som frivillige hjelparar.
06.12.2018
Avrunda jubileumsåret med ein imponerande julekonsert.
Blandakoret Røysterett for Alle skuffar ikkje sitt publikum, heller ikkje i kveld med ein variert og innhaldsrik førjulskonsert i Uskedal kyrkje. Eit nær på fulltalig kor, dyktige solistar og gjester og ikkje minst ein inspirerande og trygg musikalsk leiar, då er grunnlaget lagt for det som truleg er den beste julekonserten i år. For den som ikkje hadde høve til å få dette med seg, ja, då er Ølve kyrkje plassen neste torsdag, 13. desember.
06.12.2018
Hundeskilta er sparka og rivne ned for 3. gong på tre år.
Audhild Lie og Magne Grindheim er plaga med at hundeskilta vert sparka eller rivne ned og det for tredje gong på tre år. Eigendomen deira ligg langs Fylkesvegen og Magne gjer alt han kan for å halda ein fin hage utan hundeskit. Hundeskilta har god effekt og ekteparet forventar at skilta får vera i fred utan vandalisme.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS