Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kyrkjekoret Nordsaang tilbake frå tur til Budapest og Arad.

10.07.2018
Klikk på bilete for full storleik
Kyrkjekoret Nordsaang samla på Fridomsplassen i Budapest.
 
Det har vore to travle veker for kantor Eva Megyesi. Ho har hatt ansvaret for to kor frå Kvinnherad med konsertar i Budapest i Ungarn og i  Arad i Romania. Fyrst ute var Rosendal Songlag, så kom Nordsaang med kort og lang tur. Eva Megyesi var turleiar, lokalkjend guide og musikalsk leiar. Heimbyen hennar, Arad, ligg i dag i Romania, etter mange grensejusteringar både etter 1. og 2. verdskrigen. Morsmålet hennar er ungarsk.
 

Etter ankomst Budapest og guida tur i den vakre byen, gjekk turen med tog til Arad i Romania. Kyrkjekoret Nordsaang var med på gudsteneste sundag 1. juli i Sentrum Kalvinist kyrkja. I denne kyrkja har Eva Megyesi vore organist sidan ho var 19 år gamal. Kyrkjelyden var glad for å sjå henne og ho vart synt ære ved å bed henne spela til salmane.

 
Klikk på bilete for full storleik
Svein Rimestad i kjend positur med pipa på Helteplassen

Presteparet Baracsi Levente og David Zeuzanna fortalde om kyrkjekoret frå Noreg og det vart til slutt i gudstenesta sagt fram helsing frå kyrkjelyden i Arad til Eva og hennar kor i Kvinnherad. I helsinga frå Nordsaang kom ein inn på det store arbeidet Eva Megyesi legg ned med kor og kyrkjemusikk i Noreg.

 
Klikk på bilete for full storleik
Eva Megyesi tilbake i Calvinistkyrkja i Arad, der ho var organist frå ho var 19 år gamal.

Etter gudstenesta vart alle invitert med på kyrkjemiddag. Den lokale kyrkjelyden med presteparet var vertsskap. Opphaldet i Arad vart litt endra ettersom ein av deltakarane vert kraftig biten av ein hund på gata. Dermed vart det antirabies behandling og operasjon på sjukehus og klinikk.  Eva Megyesi var translatør og veterinær Svein Rimestad var god å ty til med sine kunnskapar om hund og fare for smitte ved bit.

 
Klikk på bilete for full storleik
Det vart sagt fram helsingar til kyrkjelyden i Arad og til kyrkjekoret Nordsaang i Kvinnherad.

Etter ei langhelg var opphaldet over for dei som valde kort tur. Resten av gruppa la inn ei veke til med bading i Balatonsjøen og djupdykk i kyrkjearkitektur, nasjonale bygg, kloster, bad, og andre kulturminne og attraksjonar i Budapest og i område rundt.

 

Kyrkjekoret Nordsaang har med dette hatt sitt fyrste oppdrag utanlands,-  ein vellukka tur sosialt, kulturelt og musikalsk.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Monica Valstad Aakre/Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
Kyrkjemiddag saman med soknerådet og presteparet Baracsi Levente og David Zsuzanna.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
14.11.2018
Tor Erik Eide - tillitsvald for befalet på KNM HELGE INGSTAD.
Tor Erik Eide frå Uskedalen er hovudtillitsvald i Befalets Fellesorganisasjon i Sjøforsvaret. Eide har i desse dagar ei viktig oppgåve med å representera og ivareta mannskapet på fregatten HELGE INGSTAD. Mange av dei 137 personane, som var om bord, er medlemer i fellesorganisasjonen. Eide står fram i BT i dag og bed om varsemd i alt som vert skrive på sosiale media og i pressa.

kb 
13.11.2018
Sveinung Pile - ny områdesjef i HV-11.
Sveinung Pile frå Uskedalen er ny områdesjef for område 214  Firda. Det er Grenda som melder dette med bakgrunn i artikkel i Fjordabladet. Pile er med dette sjefen for 140 soldatar og befal. Den formelle overtakinga var måndag i førre veke ved Firda kaserne.

kb 
13.11.2018
Ope på Elins Matgleder i morgon, onsdag 14. november.
Det vert open kafe og butikk på Elins Matgleder i morgon, onsdag 14. november, fram til kl. 17. Elin bakar mellom anna julebrød og andre kaker.

kb
13.11.2018
Møteveke på Bedehuset 14. - 17. november.
Det vert møte på Bedehuset i denne veka. Onsdag, torsdag og fredag kl. 19. Laurdag med avslutning kl. 15. Talar er Egil Skutlaberg. Alle er velkomne. Tilskipar er Misjonssambandet.

kb
13.11.2018
Billettar til Abraham konserten, laurdag 17. nov.
Billlettar til Abraham konserten laurdag 17. nov. kl. 19.30 i Kvinnherad kyrkje kan kjøpast på Sparbutikkane på Valen og i Uskedalen, Fredheim Blomster, på nettet og ved inngangen. Gospelkoret vil også vera med på gudstenesta i Uskedalen sundag 18. nov. kl. 11. Dessutan kan du høyra koret på Husnes Storsenter laurdag kl. 13.

kb
12.11.2018
Snakkekafè - eit kjekt tilbod!
Tirsdag 13.nov. frå kl.13 til 14 vert nyskapinga Snakkekafè arrangert for tredje gong.  Det er eit tilbod der norske og innvandrarar frå mange land som møtest og snakkar norsk saman.  Det vert mange interessanne samtalar, og vi har inntrykk av at alle som har vore til no har opplevt det som veldig kjekt.  Det føregår i Kulturhuset Husnes, og der kan ein varma opp med kulturkafè på førehand.  I tillegg til mykje godt å ete der, vert det song/pianoprogram med Halgjerd Heggland kl.12.30.

tid
12.11.2018
Vonheimbasaren sundag 18. nov. kl. 16.
Den årlege basaren på Vonheim vert sundag 18. november kl. 16. Inntekta går til drift av forsamlingshuset Vonheim. Det vert servert kaffi og kaker.

kb
09.11.2018
Kafe og bruktsal i Helgheim laurdag og sundag frå kl. 12.
Det vert kafe og bruktsal i Helgheim, laurdag og sundag, begge dagane frå kl. 12. På laurdag 10. november vert det sal av suppe, kaffi og kaker. Sundag 11. november  er det høve til å ta middagen i Helgheim. Menyen er kjøttkaker, dessert, kaffi og kaker. Oppe i salen vert det bruktsal med ulike standar. Primus motor er Liv Astrid Myhre.

kb 
08.11.2018
Resultat frå den siste teljinga i elva.
Den siste fisketeljinga i Uskedalselva gav dette resultatet: 290 laks, 170 aure, 3 sikre oppdrettslaks, 2 usikre oppdretslaks og 1 teken ut av elva. Det er feltarbeidarar frå Rådjevande biologar som har gjort denne registreringa.

kb
08.11.2018
Framlegg om å leggja ned Brannstasjonen i Uskedalen.
Med bakgrunn i det som er skrive før om rasjonalisering av Kvinnherad brannvern, kjem det no framlegg frå Rådmannen om å leggja ned brannstasjonen i Uskedalen. Det same gjeld for branntroppane i Åkra, Halsnøy og Fjelberg. På dette stadiet er det eit framlegg og det føreligg ikkje vedtak.

kb
Siste Nyhende
14.11.2018
Brannstasjonssaka går vidare til kommunestyre.
Framlegg om nedlegging av brannstasjonen i Uskedalen er sak i Formannsskapet i dag. Slik saka er skriven, kan det sjå ut som om det er ei vedtakssak. Ordførar Peder Sjo Slettebø stadfestar overfor Uskedalen.no at saka skal vidare til Kommunestyre, truleg i møte torsdag 29. november. Uskedalen er i framlegget ei av fire bygder der det er snakk om å leggja ned branntroppen.
13.11.2018
Artikkel om Uskedal Båtlag kan nå ut til 45000 lesarar.
Ansvarleg redaktør for båtmagasinet Båtenes Verden, Vetle Børresen, var i går saman med representant frå Kongelige Norske Båtforening (KNBF), Terje Stensletten, i Uskedalen for å laga reportasje om Uskedal Båtlag og bårhamna, Artikkelen kan koma til å gå over 4 - 5 sider og vil truleg nå ut til over 40000 lesarar. Alle med medlemsskap og båtplass i Uskedal Båtlag er kollektivt innmelde i KNBF. Båtmagasinet Båtenes Verden er mediapartnar med den prestisjetunge båtforeningen.
11.11.2018
Bassisten Tore Nordahl Pedersen med konsert i Dønhaugkjedlaren, fredag 16. november.
Dina og Tore Nordahl Pedersen flytta til Uskedalen frå Os for to år sidan. I musikkmiljet på Os er Tore mest kjend som Pederen og han har har spelt i ulike rocke- og danseband på Os og i område rundt. No står bassisten Tore Nordahl Pedersen fram med eige repertoar i Dønhaugkjedlaren fredag 16. november med heile 40 melodiar av rock og pop frå 1960 og 70 talet.
11.11.2018
Marit Langballe - frivillig på Sjømannskyrkja på Gran Canaria.
Marit Langballe bur deler av året på Gran Canaria. Vi kjenner Marit mellom anna frå baking av brød og rundstykke i det nyrestaurerte eldhuset på Skorpo. No er Marit frivillig på sjømannskyrkja i Arguineguin på den spanske ferieøya Gran Canaria. På tysdagane gjer ho førefallande arbeid. På onsdagane bakar ho brød og er saman med andre ansvarlege for lunsjen. Sjømannskyrkja på Gran Canaria er den meste besøkte av alle dei 28 kyrkjene Noreg har i utlandet.
10.11.2018
Mange fine varer på andrehandssalg i Helgheim.

Det var på mange måtar eit nyskapande tiltak vi fekk vera med på i Helgheim i dag, ikkje loppemarked, men det som vert kalla andrehandssalg eller second salg. Nokre kallar det Pop up salg der ein legg gode varer ut for salg i eit tidsavgrensa tidsrom. Det kan vera kle, sko, tekstilar, vesker, smykker og andre heimelaga produkt. Liv Astrid Myhre hadde ideen til å prøva denne form for salg i Uskedalen. Kafeen og salget held fram i morgon, sundag 11. november.
10.11.2018
Jan Vivelid - redningsmannen på Hjølmo i Eidfjord.
I  boka Klyngetunet på Skald Forlag er Jan Vivelid skildra som redningsmannen på Hjølmo i Eidfjord. I morgon, sundag 11. november kl. 13, vert boka og Hjølmo gard tema på samlinga som skal vera på Galleri Guddal. Forfattaren Eva Røyrane frå Ølve og fotografen Oddleiv Apneseth vil kåsera og syna bilete frå klyngetuna som er omtalt i boka.
10.11.2018
Prisar til fotballdamer frå Uskedalen.
Sist helg arrangerte Rosendal turnlag fotballfest for damelag og herrelag og apparatet rundt desse laga. Eit fast innslag på desse festane er utdeling av prisar til spelarar som har utmerka seg på ulike måtar gjennom sesongen.  Sju spelarar frå damelaget til Rosendal/Trio mottok prisar, og alle med unntak av ein prismottakar kom frå Uskedalen.
09.11.2018
20 års jubilant med leiar frå Uskedalen.
Kvinnherad Turlag markerte i går at laget har vore i aktiv drift i 20 år. Kjell Yri frå Uskedalen er turlagsleiar. Med seg har han ei rekkje dyktige turleiarar, mange av dei frå Uskedalen. Geir Eidsvik og Kjell Yri har vore med i alle år sidan oppstarten, og før den tid i Bergen Turlag, no Bergen og Hordaland Turlag.
08.11.2018
Friluftsplassen vert rydda for kratt og mindre vegetasjon.
Arbeidet med å rydda Friluftsplassen vert gjort ferdig i denne veka. Arbeidet vert gjort med bakgrunn i søknad og løyving frå ordninga utsiktsrydding. Plassen vert ikkje snauhoggen, slik nokre fryktar. Store tre av ulike slag står att. Den over 10 mål store friluftsplasen kjem fram i landskapet og det vert synleg kor stort dette arealet verkeleg er.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS