Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Dublin in my Tears sette standard for flott irsk konsertkveld på Dønhaug.

07.07.2018
Klikk på bilete for full storleik
Andrea Rice ( gitar, harpe ) og dottera Aoife Dubbin ( fiolin og trormme ).
 
Den vakre balladen Dublin in my tears sette standard for konserten med irske songar og tonar på Dønhaug med Andrea Rice Band. Med fire sett og korte pausar fekk alle mykje valuta for pengane. Familien med Andrea Rice, Aoife og Fee Dobbin er alltid like populære og etterspurde med sine konsertar i Noreg. Turen går vidare til Glesvær i kveld før kysten står for tur og så innlandet.
 

Uskedalen.no har vald å dekka kvelden på Dønhaug med to innlegg,- fyrst om familien Rice og hennar folkemusikk og balladar og så om songen Fields of Athenry framført av Svein Rimestad i samsong med bandet og som allsong i den nynorske omsetjinga Åsane kring Athenry.

 
Mannen Fee Dubbin med hatten på dobbel bass, el bass og kontrabass, og artige kommentarar til Andrea sine presentasjonar.

Det er 12. gongen Andreas Rice gjestar Dønhaug med sine framføringar. Dotter deira, Aoife, var lita gjente fyrste gongen. No er ho 18 år, musikkstudent i byen Co. Delly City og alt ein dyktig fiolinspelar. Det som imponerer med denne gruppa er populariteten over lang tid. Andrea har ei klokkerein stemme og legg inn songar med bakgrunn sterke historiske eller familiære hendingar. Alt vert framført med eleganse og respekt for dei nære relasjonane bak tekstane.

 
Familien Andrea Rice har lagt sin elsk på Dønhaug og vertskapet Anne Berit og Magne Huglen.

Tekstane er henta frå den irske folketradisjonen og frå viktige historiske hendingar i landet. Det kan vera frå krig, uro, emigrasjon, heimlengt, tap av nære vener eller frå den store hungersnauda på 1800 talet. Mykje er tradisjonll irsk pubmusikk og reals der nokre av gjestene kasta seg utpå golvet og synte sine kunster. Mange av tekstane er kjende i Noreg, slik som Molley Melone og Danny Boy, og alle vert oppmoda om å syngja med på refenget.

 

Vertskapet Anne Berit og Magne Huglen var nøgde og takka Andrea Rice for at Dønhaug var ein del av reiseruta i Noreg. Gjestene frå inn og utland i den fullsette Dønhaugkjedlaren storkoste seg. Det var lite av høgt snakk og støy i bakgrunnen. Andrea Rice har solid erfaring for korleis ho skal framføra tekstane og fletta det saman med lette og ledige kommentarar. Heile regien gjer at publikum skjønar at ein er komen på konsert i ein gardspub der musikken er det som samlar.

 

Vi gler oss - eit år fram og ny irsk kveld med Andrea Rice Band frå byen Co. Down.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Marit Espeland/Kristian Bringedal

 
 
 
 
 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Det var ein innertiar for Magne Huglen med tilskipinga på Dønhaug i går.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
14.11.2018
Tor Erik Eide - tillitsvald for befalet på KNM HELGE INGSTAD.
Tor Erik Eide frå Uskedalen er hovudtillitsvald i Befalets Fellesorganisasjon i Sjøforsvaret. Eide har i desse dagar ei viktig oppgåve med å representera og ivareta mannskapet på fregatten HELGE INGSTAD. Mange av dei 137 personane, som var om bord, er medlemer i fellesorganisasjonen. Eide står fram i BT i dag og bed om varsemd i alt som vert skrive på sosiale media og i pressa.

kb 
13.11.2018
Sveinung Pile - ny områdesjef i HV-11.
Sveinung Pile frå Uskedalen er ny områdesjef for område 214  Firda. Det er Grenda som melder dette med bakgrunn i artikkel i Fjordabladet. Pile er med dette sjefen for 140 soldatar og befal. Den formelle overtakinga var måndag i førre veke ved Firda kaserne.

kb 
13.11.2018
Ope på Elins Matgleder i morgon, onsdag 14. november.
Det vert open kafe og butikk på Elins Matgleder i morgon, onsdag 14. november, fram til kl. 17. Elin bakar mellom anna julebrød og andre kaker.

kb
13.11.2018
Møteveke på Bedehuset 14. - 17. november.
Det vert møte på Bedehuset i denne veka. Onsdag, torsdag og fredag kl. 19. Laurdag med avslutning kl. 15. Talar er Egil Skutlaberg. Alle er velkomne. Tilskipar er Misjonssambandet.

kb
13.11.2018
Billettar til Abraham konserten, laurdag 17. nov.
Billlettar til Abraham konserten laurdag 17. nov. kl. 19.30 i Kvinnherad kyrkje kan kjøpast på Sparbutikkane på Valen og i Uskedalen, Fredheim Blomster, på nettet og ved inngangen. Gospelkoret vil også vera med på gudstenesta i Uskedalen sundag 18. nov. kl. 11. Dessutan kan du høyra koret på Husnes Storsenter laurdag kl. 13.

kb
12.11.2018
Snakkekafè - eit kjekt tilbod!
Tirsdag 13.nov. frå kl.13 til 14 vert nyskapinga Snakkekafè arrangert for tredje gong.  Det er eit tilbod der norske og innvandrarar frå mange land som møtest og snakkar norsk saman.  Det vert mange interessanne samtalar, og vi har inntrykk av at alle som har vore til no har opplevt det som veldig kjekt.  Det føregår i Kulturhuset Husnes, og der kan ein varma opp med kulturkafè på førehand.  I tillegg til mykje godt å ete der, vert det song/pianoprogram med Halgjerd Heggland kl.12.30.

tid
12.11.2018
Vonheimbasaren sundag 18. nov. kl. 16.
Den årlege basaren på Vonheim vert sundag 18. november kl. 16. Inntekta går til drift av forsamlingshuset Vonheim. Det vert servert kaffi og kaker.

kb
09.11.2018
Kafe og bruktsal i Helgheim laurdag og sundag frå kl. 12.
Det vert kafe og bruktsal i Helgheim, laurdag og sundag, begge dagane frå kl. 12. På laurdag 10. november vert det sal av suppe, kaffi og kaker. Sundag 11. november  er det høve til å ta middagen i Helgheim. Menyen er kjøttkaker, dessert, kaffi og kaker. Oppe i salen vert det bruktsal med ulike standar. Primus motor er Liv Astrid Myhre.

kb 
08.11.2018
Resultat frå den siste teljinga i elva.
Den siste fisketeljinga i Uskedalselva gav dette resultatet: 290 laks, 170 aure, 3 sikre oppdrettslaks, 2 usikre oppdretslaks og 1 teken ut av elva. Det er feltarbeidarar frå Rådjevande biologar som har gjort denne registreringa.

kb
08.11.2018
Framlegg om å leggja ned Brannstasjonen i Uskedalen.
Med bakgrunn i det som er skrive før om rasjonalisering av Kvinnherad brannvern, kjem det no framlegg frå Rådmannen om å leggja ned brannstasjonen i Uskedalen. Det same gjeld for branntroppane i Åkra, Halsnøy og Fjelberg. På dette stadiet er det eit framlegg og det føreligg ikkje vedtak.

kb
Siste Nyhende
14.11.2018
Brannstasjonssaka går vidare til kommunestyre.
Framlegg om nedlegging av brannstasjonen i Uskedalen er sak i Formannsskapet i dag. Slik saka er skriven, kan det sjå ut som om det er ei vedtakssak. Ordførar Peder Sjo Slettebø stadfestar overfor Uskedalen.no at saka skal vidare til Kommunestyre, truleg i møte torsdag 29. november. Uskedalen er i framlegget ei av fire bygder der det er snakk om å leggja ned branntroppen.
13.11.2018
Artikkel om Uskedal Båtlag kan nå ut til 45000 lesarar.
Ansvarleg redaktør for båtmagasinet Båtenes Verden, Vetle Børresen, var i går saman med representant frå Kongelige Norske Båtforening (KNBF), Terje Stensletten, i Uskedalen for å laga reportasje om Uskedal Båtlag og bårhamna, Artikkelen kan koma til å gå over 4 - 5 sider og vil truleg nå ut til over 40000 lesarar. Alle med medlemsskap og båtplass i Uskedal Båtlag er kollektivt innmelde i KNBF. Båtmagasinet Båtenes Verden er mediapartnar med den prestisjetunge båtforeningen.
11.11.2018
Bassisten Tore Nordahl Pedersen med konsert i Dønhaugkjedlaren, fredag 16. november.
Dina og Tore Nordahl Pedersen flytta til Uskedalen frå Os for to år sidan. I musikkmiljet på Os er Tore mest kjend som Pederen og han har har spelt i ulike rocke- og danseband på Os og i område rundt. No står bassisten Tore Nordahl Pedersen fram med eige repertoar i Dønhaugkjedlaren fredag 16. november med heile 40 melodiar av rock og pop frå 1960 og 70 talet.
11.11.2018
Marit Langballe - frivillig på Sjømannskyrkja på Gran Canaria.
Marit Langballe bur deler av året på Gran Canaria. Vi kjenner Marit mellom anna frå baking av brød og rundstykke i det nyrestaurerte eldhuset på Skorpo. No er Marit frivillig på sjømannskyrkja i Arguineguin på den spanske ferieøya Gran Canaria. På tysdagane gjer ho førefallande arbeid. På onsdagane bakar ho brød og er saman med andre ansvarlege for lunsjen. Sjømannskyrkja på Gran Canaria er den meste besøkte av alle dei 28 kyrkjene Noreg har i utlandet.
10.11.2018
Mange fine varer på andrehandssalg i Helgheim.

Det var på mange måtar eit nyskapande tiltak vi fekk vera med på i Helgheim i dag, ikkje loppemarked, men det som vert kalla andrehandssalg eller second salg. Nokre kallar det Pop up salg der ein legg gode varer ut for salg i eit tidsavgrensa tidsrom. Det kan vera kle, sko, tekstilar, vesker, smykker og andre heimelaga produkt. Liv Astrid Myhre hadde ideen til å prøva denne form for salg i Uskedalen. Kafeen og salget held fram i morgon, sundag 11. november.
10.11.2018
Jan Vivelid - redningsmannen på Hjølmo i Eidfjord.
I  boka Klyngetunet på Skald Forlag er Jan Vivelid skildra som redningsmannen på Hjølmo i Eidfjord. I morgon, sundag 11. november kl. 13, vert boka og Hjølmo gard tema på samlinga som skal vera på Galleri Guddal. Forfattaren Eva Røyrane frå Ølve og fotografen Oddleiv Apneseth vil kåsera og syna bilete frå klyngetuna som er omtalt i boka.
10.11.2018
Prisar til fotballdamer frå Uskedalen.
Sist helg arrangerte Rosendal turnlag fotballfest for damelag og herrelag og apparatet rundt desse laga. Eit fast innslag på desse festane er utdeling av prisar til spelarar som har utmerka seg på ulike måtar gjennom sesongen.  Sju spelarar frå damelaget til Rosendal/Trio mottok prisar, og alle med unntak av ein prismottakar kom frå Uskedalen.
09.11.2018
20 års jubilant med leiar frå Uskedalen.
Kvinnherad Turlag markerte i går at laget har vore i aktiv drift i 20 år. Kjell Yri frå Uskedalen er turlagsleiar. Med seg har han ei rekkje dyktige turleiarar, mange av dei frå Uskedalen. Geir Eidsvik og Kjell Yri har vore med i alle år sidan oppstarten, og før den tid i Bergen Turlag, no Bergen og Hordaland Turlag.
08.11.2018
Friluftsplassen vert rydda for kratt og mindre vegetasjon.
Arbeidet med å rydda Friluftsplassen vert gjort ferdig i denne veka. Arbeidet vert gjort med bakgrunn i søknad og løyving frå ordninga utsiktsrydding. Plassen vert ikkje snauhoggen, slik nokre fryktar. Store tre av ulike slag står att. Den over 10 mål store friluftsplasen kjem fram i landskapet og det vert synleg kor stort dette arealet verkeleg er.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS