Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Langreiste gjester- frå New Jersy til Skorpo.

21.05.2018
Klikk på bilete for full storleik
Selfie på Trolltunga i går, 1. pinsedag. F.v: Tyler Mc Donald, Spenser Sambrat og Nikolai Vågen ( framme ).
 
Denne veka har det vore langreiste gjester på Skorpo. Sist måndag kom Spenser Sembrat ( 20 år ) og Tyler Mc Donald ( 18 år ) heilt frå New Jersy ( USA ) til Vågen på Skorpo. Spenser er økonomi student og Tyler er computer vitenskap student. Eit bilete av Trolltunga var avgjerande for at turen gjekk til Kvinnherad og Odda.
 

Han informerte seg litt og fann meir ut om dei norske fjordane, fjella og nordlyset. Med dette var han sikker på at han måtte ta turen til Vestlandet.


Han fekk med seg Tyler som flytta fram ein eksamen for å vera med. No på onsdag må han stå i PA physiks. Men han synest det var vel verdt det. Han framhevar at det å møta så mange nye menneske er viktig, noko han likar godt.


Fyrst bookar dei Airbnb  ei veke tidlegare, men så fann dei ut om 17.mai og då måtte dei leggja om på planane. Nasjonaldagen feira dei i Bergen og kom heim med flagg i sekken.


Dei såg seg om på Skorpo og på Skorpofjellet, padla kajakk til Snilstveitøy og gjekk på tur der. Ein dag gjekk dei opp til Mannsvatenet, ein anna dag til Eikedalen.

 
Siden begge spelar piano og Spenser i tillegg gitar, vart det tid til felles musikkglede.
På søndag leigde dei bil i Uskedalen, tok med seg Nikolai og kjørde til Skjeggedalen for å gå på Trolltunga. For Spenser var Trolltunga den største opplevinga.


Litt trøtt, men veldig nøgd starta dei på heimreisa i dag.

 
 
 

Tekst/foto: Anja Strüter

Nett/redigering: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
22.06.2018
Vanlege opningstider på Gros Blomster.
Gros Blomster er tilbake til vanlege opningstider. Blomebutikken har ope slik:
Måndag - torsdag: kl. 09 - 16.30
Fredag: kl. 09 - 18
Laurdag: kl. 09 - 15.

kb
21.06.2018
SMIL midlar til sauegjerde.
Løyving frå SMIL midlane er til særskilde miljøtiltak i landbruket. Kjelrun Eik  er løyvd kr. 19.600,- til sauegerde på Eik i Uskedalen. Det er Formannsskapet som står for denne tildelinga.

kb 
21.06.2018
Advokatane Lomheim/Døssland startar for seg sjølve.
Edle Lomheim og Bjarte Døssland sluttar i Borgen Advokater og startar eige advokatfirma heime på garden på Døssland. Oppstarten er frå hausten 2018. Det er Kvinnheringen som skriv om dette på si nettside.

kb
19.06.2018
Ny pubkveld i Dønhaugkjedlaren på fredag.
Det vert ny pubkveld i Dønhaugkjedlaren fredag 22. juni. Den vellukka kvelden i mai månad gav meirsmak. Opplegget er det same,- ein uformell kveld med ei sosial ramme som høyrer ein gardspub til. Alle er velkomne i Dønhaugkjedlaren på fredag.

kb
19.06.2018
Klargjort for asfaltering i Ospelunden.
Alt er gjort klart for asfaltering i byggefeltet Ospelunden. Dersom alt går etter oppsett plan, vert alle vegar i byggefeltet asfaltert i neste veke. Det er lokalt firma som gjer jobben.

kb
19.06.2018
Spelemidlar til Uskedal Idrettslag.
Det  er løyvd Spelemidlar frå Norsk Tipping til to anlegg i Uskedalen: Idrettsanlegget Kunstgrasbanen: kr. 772.000,- Nærmiljøanlegget Klatreparken: kr. 300.000,- Søkjar er Uskedal Idrettslag.

kb
17.06.2018
Nytt parkeringareal ved Uskedal skule.
I utdrag av kommunen sin vedlikehaldsplan finn vi nytt parkeringsareal ved Uskedal skule. Tiltaket er kostnadsrekna til vel 2 mill. kr og har oppstart i 2021. Det har lenge vore ynskje om meir parkeringsareal ved skulen og barnehagen.

kb
16.06.2018
Hugs gudstenesta i morgon med gjester frå India.
Gudstenesta i morgon, sundag 17, juni. kl. 11 vert litt utanom det vanlege.Ekteparet Essi og Mary David frå barneheimen i Umred i India vert med. I dei åra Lina Håland har vore sokneprest i Uskedalen, har soknerådet støtta arbeidet ho og familien gjer for born og ungdom i dette landet.

kb
15.06.2018
Paul Are Ljosnes - 4. plass i Mazdafinale.
Paul Are Ljosnes frå Uskedalen fekk saman med ein kollega frå Haugesund ein 4. plass i den norske Mazdafinalen for bilmekanikarar. Det er lagvis deltaking, ikkje individuell.

kb
15.06.2018
Visning på nyoppførte leilegheter i sentrum.
Sundag 17. juni kl. 17 vert det visning på nyoppførte leilegheter i Uskedalen med adresse Uskedalsvegen 510. Det er 6 seksjonar i bygget som går over tre etasjar. Det er inngang frå gateplan og heis. Meglar er DNB.

kb
Siste Nyhende
22.06.2018
Ivar Gundersen - ny banksjef i SpareBank1 SR bank.
Ivar Gundersen ( 52 år ) er tilsett som banksjef i SpareBank1 SR Bank på Husnes etter Synnøve Handeland. Gundersen kjem frå stilling som logistikkansvarleg på Kværner Stord. Før det han han hatt ei rekkje sentrale stillingar både på Kværner, i Statoil og Hydro. Ei tid hadde han arbeidet sitt i Odda.
21.06.2018
Sondre Klyve - beste nynorskbrukar i 10. klasse.
Kvinnherad mållag har dei siste 15 åra delt ut ein nynorskpris til den beste nynorskbrukaren på Rosendal ungdomsskulen. Etter samanslåinga med Husnes mållag gjeld ordninga også for Øyatun og Husnes ungdomskular. I går kveld, på avlsutningsfestane, vart utdelinga markert. Sondre Klyve frå Uskedalen fekk prisen på Rosendal ungdomsskule.
21.06.2018
Ei venare bygd trur eg ikkje er i Noreg enn Uskedal.

Ei venare bygd trur eg ikkje er i Noreg enn Uskedal. Ja, slik startar Uskedalssongen. Songen som blei skriven av Søren Feet for over 100 år sidan. Like aktuelt i dag. Uskedalen er i dag ei av dei finaste jordbruksbygdene på Vestlandet. Velstelte gardsbruk på rekkje og rad frå Eik og Steinsletto til Musland øvst oppe i dalen.

21.06.2018
Ein skuledag på Haugland skulemuseum.
I dag var det 4 klasse på Uskedal skule som la skuledagen til det som var Haugland skulekrins med skulestove frå 1893. 19 elevar, ein lærar og ein assistent var med i fylgje. Alle fekk ei innføring med praktiiske øvingar om skuledagen slik det var på ein liten krinsskule for 50 år sidan. Elevane var lydige og ingen vart sett i skammekroken eller fekk stryk.
20.06.2018
300 bilar kontrollerte i Uskedalen - ei begjering.
Statens vegvesen med fire inspektørar var i Uskedalen i dag og kontrollerte 300 køyretøy. Det vart skrive ut ei begjering, noko som er eit godt resultat. Av alle desse var det berre ein som ikkje brukte bilbelte. Ein kunne ikkje syna fram vognkortet. Målet med kontrollen i Uskedalen i dag er fokus på trafikksikkerhet og førebyggjande arbeid. Då er alt like viktig, sjølv om ein berre skal ein kjapp tur på butikken.
20.06.2018
Siger til J17 jentene mot Odda 9er
Tysdag kveld spelte J17 jentene til Rosendal/Uskedal (R/U) kamp på Uskedal kunstgrasbane mot Odda 9er. Også i denne kampen har R/U måtta låna spelarar frå J14 laget, deriblant er Maria som fekk sin debut kamp for J17 laget. Ina som til vanleg spelar med G15 laget, stilte også kampklar.
19.06.2018
Maria Larssen, lærar på Uskedal skule, går for mastergrad.
Maria Larssen, lærar på Uskedal skule i praktisk estetiske fag, presenterer masterarbeidet sitt i morgon, 21. juni, på Høgskulen på Rommetveit. Masteroppgåva hennar har tittelen: Langt fra perfekt - et undervisningsdesign i utvidet tegning. Maria Larssen er tilsett i 80 % stilling i Uskedalen og har studert parallelt ved å jobba i skulen. Ho har brukt fire år på studiet fram mot ein mastergrad.
18.06.2018
Journalisten Matti med veggen full av pressefoto.
Det er truleg fyrste gongen sidan opninga av Rosendal Aldersheim i 1957 at ein bebuar har tapetsert eine veggen på rommet sitt med pressefoto. Bileta syner aktuelle hendingar og personar i perioden 1980 til år 2000. Ola Matti Mathisen er sjølv fotografen og fortel utførleg bakgrunnen til kvart av motiva. Fotosamlinga på veggen tel 63 foto så langt, 24 motiv er frå 13 ulike land.
18.06.2018
Rosendal/Uskedal J17 vann jamn kamp
Laurdag var Rosendal/Uskedal J17 (R/U) laget til Arna og spelte kamp mot Arna/Bjørnar (A/B) på Garnes kunstgrasbane. Dette var siste borte kamp i vårsesongen. R/U har nok ein kamp med redusert spelarstall, bare 8 spelarar av J17 laget kunne stilla. Med god hjelp frå J14 laget får ein stilt lag.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS