Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

17. mai i Uskedalen - dagen for dei gode talane.

17.05.2018
Klikk på bilete for full storleik
' Eg er 15 år og eg er takksam for fridomen og samfunnet eg bur i', sa Viljar Simonnes Tveit i minnetalen sin på Stemneplassen i dag.
 
Mykje folk, fint ver, innhaldsrikt program, glade born, god regi og gjennomføring - kva meir kan vi ynskja oss. Nasjonaldagen måtte bli vellukka. Den raude tråden i talane og helsingane er takksemd og at vi kan feira grunnlova og fridomen i eit raust samfunn med vilje til integrering og inkludering.
 

Minnetalen på Stemneplassen var ved Viljar Simonnes Tveit, 15 år og elev i 10. klasse på Rosendal ungdomsskule. Han understreka i talen sin at han med sin alder ikkje hadde kjennskap til krig og ufred anna enn i media, men han var takksam for å ha flyktningar som vener på fotballlaget og i samfunnet elles. Det er menneske på flukt kvar dag. Dei treng hjelp og vi kan syna vår takksemd ved å bli kjend med dei. Det er ikkje noko offer, men ei gåve som fører til eit rikare og rausare samfunn.

 

Minnetalen til Viljar Simonnes Tveit var gjennomtenkt og godt framført. Mange sat att med sterke kjensler ved å høyra ein 15 åring  sei at han er takksam for det landet han bur i og den venskapen han har med vener frå andre andre.

 
Klikk på bilete for full storleik
Signe Schineller var kort og konsis i si framføring av ein tale til ettertanke og refleksjon. Elena Jensen Eide takkar for talen med blomehelsing.

På same nivå og med same grundighet fekk vi høyra Signe Schineller si framføring i talen for dagen. Etter ei kort historisk innleiing om Grunnlova i eit moderne samfunn, bad ho oss vera med og feira Noreg som land, landet der vi kan velja og velja bort. Vi kan oppleva og vi kan vera glade. VI har alle muligheter i eit fritt samfunn.

 

Mange er fødde i Noreg. Nokre er fødde i andre land, men har flytta hit. Vi er ulike, men likevel like. Vi må sjå kvarande, reseptera kvarande i vår ulikskap, vera rause og finna det beste i våre relasjonar. Då må ein gje av seg sjølv. Signe avslutta talen sin med ei enkel oppmoding. Gå innom på veg heim til ein du veit sit åleine og er einsam. Ring på ei dør. Ta kontakt og få nye bekjentskapar.

 

Dette er innlegg 1 frå ein prikkfri 17. mai i Uskedalen. Meir kjem. Fylg med, fylg med.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
5. klasse las diktet Ved Bautasteinen av Olaf Agnar Gausvik og la ned minnekrans.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
23.10.2018
Fest for alle frivillige på Kafe Tiaren.
Festen for alle frivillige på Kafe Tiaren vert onsdag 14. november kl. 18 i Gamleskulen. Alle får skriftleg invitasjon og det er påmelding til samlinga. Det vert ei god matøkt program, song og musikk. Påmelding til Berit Harriet Døssland på mobil: 913 07 384

Uskedal utvikling
19.10.2018
Manglar 2 - 3 bøsseberarar til TV aksjonen på sundag.
Rodeleiar for TV aksjonen i Uskedalen, Helene Bjørnebøle, fortel at ho manglar 2 - 3 bøsseberar for å få alt på plass. Elles er alt under kontroll. Ho bed om at dei som kan bruka nokre timar på sundagen for ei god sak, melder seg til henne på mobil: 971 56 309. Frammøte er kl. 16 på sundag i Gamleskulen.

kb
18.10.2018
Viktig melding til alle som skal på haustfest.
Velkomne til haustfest i Helgheim laurdag 20. oktober. Alle 100 billettane er selde. Maks 10 plassar for evt. etteranmelde. Hugs: Møt fram i god tid før kl. 19. Alle må vera på plass i salen ved program start. Påmeldinga vert rekna som bindande. Dersom du av viktige grunnar ikkje kjem, meld frå på mobil: 915 31 487. Ordinær pris: kr. 300,- Frivillige/aktørar: kr. 150,- Kontant betaling, ikkje kort.

Uskedal ungdomslag
17.10.2018
REFLEKS!! REFLEKS!! REFLEKS!!
På veg til jobb i regn og mørke i dag tidleg trefte eg fleire mørk-/gråkledde Uskedalsungdommar på veg til skulebussen.  Dei var vanskelege å sjå, for refleks var heilt fråverande!! Vi set stor pris på dei flotte ungdommane våre, og bed dei og alle andre om å bruka refleks, og aller helst refleksvest, når dei går langs vegane framover.  VI VIL SJÅ DÅKE!!!

tid
17.10.2018
Har du bilete av fiskereiskapen kjer ?
I Kvinnhesminne til neste år vert det arbeidd med ein artikkel om fiske med kjer i Uskedalselva. Audun Eik i Sogelaget spør om nokon kan ha bilete av eit kjer. Det er ein fast fiskereiskap til lakse- eller aurefiske. Eit kjer er bygd i tømmer og vart brukt i fossar eller stride straumar. Reidskapen fungerer som ei teine der fisken går inn og kjem ikkje ut. Det er ikkje lov å fiska med kjer i dag. Kontakt Audun Eik: 481 52 785.


kb
17.10.2018
Hugs informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen.
Det er informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen i kveld, onsdag 17. okt. kl. 18. Noko av innhaldet i møte vert informasjon om bryst- og prostatakreft. Kreftkoordinatorane vil også informera om aktivitetsmeistring for å få ein meiingsfull kvardag. Møte er ope for alle.

kb
15.10.2018
Nokre ledige billettar til haustfesten, 20. oktober
Det er god påmelding til ungdomslaget sin haustfest fyrstkomande laurdag, 20. oktober i Helgheim. Det er nokre ledige plassar. Kontakt: Rigmor Rasmussen( 470 23 450 ) eller Kristian Bringedal ( 915 31 487 ).

kb
15.10.2018
Senterpartiet med Skråblikk på Kvinnherad.
SP startar arbeidet med nytt valprogram i Uskedalen tysdag 16. oktober kl. 18 på Elins Matgleder. Bjørn Olav Tveit skal ha innleiing som skal vera eit skråblikk på Kvinnherad. Samlinga i Uskedalen i morgon er den fyrste i ein serie på tre. Tema er: Kommunal forvaltning, næringsliv/arbeidsplassar, frivillighet. Møte er ope for alle.

kb
14.10.2018
Rekordvarme og håslått i oktober.
På nokre fine dagar med vind og turke vart den siste håslåtten teken tidlegare i veka. Det er truleg varmerekord i oktober når vi tek med temperaturen på desse dagane: Torsdag: 22,9. Fredag: 20,3. Laurdag: 21,1 og Sundag: 20,7 varmegarder.

kb
14.10.2018
Kreftkafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. kl. 18.
Det vert kafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. frå kl. 18 til kl. 20.30. På samlinga vert det fleire innlegg om det å leva med kreft. Kreftsjukepleiarane og brukarorganisasjonane vert med. Det same vert ergoterapitenesta. Det er sett av tid til servering og sosialt samvære. Uskedal Heselag er tilskipar.

kb
Siste Nyhende
22.10.2018
Haustfest med analysar på spøk og ålvor.
Noko av programmet på haustfesten i ungdomslaget bar preg av grundige analysar, noko på spøk og noko på ålvor. Talar, ordførar Peder Sjo Slettebø, gjekk inn i rollen som advokat Bjarte Døssland og fortalde om to folkeslag i Uskedalen, dei kreative og intellektuelle som bur på Døsslandssida og dei meir formelle med byråkratisk bakgrunn som bur på Kjærlandssida. Redaktøren for Daltrekk, Elin Legland, hadde den seriøse analysen om ulike kulturar og felles samfunnsforståing.
21.10.2018
Har vore bøsseberar 15 år på rad.
TV aksjonen 2018 er i gang med 15 bøsseberarar i Uskedalen, fordelt på 13 roder. Anne-Irene Guddal Tarberg er truleg den av alle som har vore bøsseberar flest gonger. Ho har vore frivillig kvart år i TV aksjonen sidan 2003. Då var eldste barnet deira baby. Seinare har borna vore med kvart år. TV aksjonen i år går til Kirkens Bymisjon med parolen Mindre saman åleine.
21.10.2018
Bruktsalg og kafè i Helgheim.
Den 10. og 11. november er det planar om eit nytt og spennande tilbod i ungdomshuset Helgheim her i Uskedalen.  Då vert det lagt opp til brukthandel og kafè. Dette kan verta både nyttig og sosialt.  No etterlyser iniativstakaren folk som ønskjer stand for å selja brukte eller nye ting slik at det flotte tiltaket kan gjennomførast.
20.10.2018
Fullt hus på storveis Internasjonal kulturfest.
Det måtte setjast ut både ekstra stolar og ekstra bord i Kulturhuset Husnes då det vart arrangert Internasjonal kulturfest fredag ettermiddag i samband med TV-innsamlingsaksjonen. I overkant av 280 publikummarar fekk oppleva eit imponerande og variert program med både verbale og musikalske innslag, og det heile vert toppa med eit matbord som det er umogeleg å konkurrera med på andre arrangement.
19.10.2018
Salmekveld i kyrkja måndag 22. oktober.
Neste salmekveld i kyrkja vert alt måndag 22. oktober kl. 19. Tema er sjøfolk ute og heime, åndelege sjømannssongar og salmar. Kyrkjekoret Nordsaang, kantor Eva Megyesi og tidlegare sjømannsprest, no sokneprest i Husnes, Valen og Holmedal, Reidar Ådnanes vert med på salmekvelden. Sjømannsgrava på Curacao og forlistet med MS SAGVÅG vil vera ein viktig del av programmet.
18.10.2018
Infomøte om kreft samla mykje folk i Gamleskulen.
Knapt ein stol var ledig i Gamleskulen i går då Uskedal helselag saman med kreftsjukepleiarane inviterte til informasjonsmøte. Det var frammøte frå heile kommunen og tiltaket syner at det er trong for faste møte om kreftsaka, noko som truleg fører fram til det Stord og Odda har med sine kreftkafear. Det er viktig å skapa gode møteplassar om det faglege, men like mykje som eit sosialt tiltak.
17.10.2018
Stor mediamerksemd om Skorpo.
Skorpo er i media sitt søkjeljos. Det er ikkje nok med at NRK har sendt dokumentaren Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Det neste er naturprogrammet Helt naturleg med filming frå fjellgarden Bjørnebøle og frå Johannes Hauge og gardsdrifta hans på Skorpo. Filminga vart gjort tidleg i august månad av Jan Grønseth. Episodane frå Kvinnherad vert truleg sende ein gong på våren 2019.
15.10.2018
Leileghetsbygg i Uskedalen utleigd til Concolvo as.
Valo Eigedom as ved Elin Stene og Geir Rusten har inngått leigekontrakt med entreprenørfirma Concolvo as. Bakgrunnen er ein større kontrakt firma har fått i samband med utbygginga på Hydro Husnes. Det er langtidsleige, i fyrste omgang for eit år. Leigetida kan bli forlenga. Det seksjonerte leileghetsbygget har gateadresse Uskedalsvegen 510 - 512 og 5 av totalt 6 seksjonar er med i leigeavtalen. 
15.10.2018
Ein ny generasjon fruktbønder på Steinsletto.

Karoline og Bjørnar Gjerde Eik ( begge 30 år ) er dei nye fruktbøndene på Steinsletto. Oppstarten med ein rekordsesong lovar godt. Fyrste året reknar dei med å hausta 6 tonn eple for sal. Det meste går til faste kundar frå den tida Gunnbjørg og Magne Eik dreiv garden. I tillegg kjem torghandel og levering til alle som tingar frukt. Eit skilt ved Fylkesvegen syner vegen fram til plassen. Eit lite parti eple går til pressing, men det er til eige bruk.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS