Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Tredoktorane i arbeid i den freda Eikjo på Bygdetunet Rød.

30.04.2018
Klikk på bilete for full storleik
Ein aborist er det same som ein trepleiar eller tredoktor som nokon kallar dette yrke.
 

Eikjo frå sein mellomalder og bøketrea på Bygdetunet Rød treng skjøtsel og sikring. Dette er eit vanskeleg og krevjande arbeid. Her trengst det fagfolk på plassen  Ein aborist er det same som ein trepleiar, ein fagperson som jobbar med stell, sikring og felling av store tre. I samanheng med arbeid i sjukehusparken på Valen, kom tredoktorane til Rød og gjorde eit stort arbeid for mellom anna å sikra tunet for skade.
 

Med tau, hjelm og sikring er dei som ein Tarzan oppi dei høge trea. Høgt heng dei og lufting er den jobben som vert gjort med¨å fjerna rotne og skadde greiner. Å kutta greiner er naudsynt, men det vert aldri gjort større inngrep enn det som er naudsynt.

 

Etter nokre dagar arbeid var det ikkje lite greiner og ved som ligg att på bakken og i vegen opp til tunet til Anlaug Rød. Eikjo og bøketrea har til tider vore skapt vanskar med trafikken gjennom tunet. Ikkje minst har stormane dei siste åra ført til brotne greiner og dermed skade på husa i bygdetunet. No skal det meste vera på stell og Eikjo frå sein mellomalder vil enno ha ei lang levetid.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

Foto: Siv Framnes

 
Klikk på bilete for full storleik
Ein aborist må ikkje vera plaga med høgdestrekk der han gjer sitt arbeid med felling,greinkutting og skjøtsel av gamle tre.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
13.08.2018
Vasslekkasjen er lokalisert.
Vasslekkasjen er lokalisert til tett ved Eikebrua på utsida, i område der Roald Eik har verkstaden sin. 2 - 3 husstandar er omfatta av skaden. Eikelandet Brygge er på eigen ledning og har difor vatn. Det vert vurdert i morgon kva tiltak ein iverkset for å utbetra skaden.

kb
13.08.2018
Røysterett for Alle startar øvingane på torsdag kl. 19.
Blandakoret Røysterett for Alle byrjar øvingane frå og med torsdag 16.08.
Koret har øvingane i Helgheim, frå kl. 19.00-21.30, og har torsdag som fast øvingsdag. Nye medlemer er alltid velkomne!

Svein Rimestad
13.08.2018
Skulestart torsdag 16. august.
Skuleåret startar torsdag i denne veka, torsdag 16. august. 2. 7. klasse møter som vanleg kl. 08.20.1. klasse møter kl. 09.30. Det er 10 elevar i 1. klasse i år.

kb
12.08.2018
Ny lekkasje på nettet til Vassverket.
Uskedal Vassverk melder om ein større lekkasje på nettet. Lekkasjen er like stor som heile forbruket. Leiar, Hans Reidar Kjærland, bed om tilbakemelding dersom nokon ser vatn som renn ut. Om ikkje lekkasjen vert funnen, må Vassverket stengja ned deler av område for på den måten finna skaden. Meld frå til Hans Reidar Kjærland på mobil 997 01 819.

Vassverket.
11.08.2018
Sætre signerer bok på Libris Husnes i dag.
Harald Sætre kjem til Libris Husnes i dag, laurdag, kl. 12 for å signera den siste boka
61 VETERANBÅTAR PÅ VESTLANDET. Boka vart lansert på Hamnadagane i Haugesund og likeins promotert på Fjordsteam festivalen i Bergen sist helg.

kb
10.08.2018
Idrettsmerketaking måndag 13. august.
Det vert idrettsmerketaking for medlemer i Uskedal Idrettslag på Heio måndag 13. august kl. 17.30.  Alle er velkomne, både tidlegare og nye merketakarar.

Idrettslaget
09.08.2018
Orgeltonar og mannsgruppe i kyrkja 20. august.
Det vert sommarkonsert i kyrkja måndag 20. august. kl. 19. Kantor Eva Megyesi spelar mellom anna Handel og Bach på orgel. Mannsgruppa Bakmennene og musikkgruppa Rustne Menn er ein del av programmet. Bakmennene, som denne kvelden står fram som kvartett, syng to salmar tostemt. Meir informasjon kjem.

kb
08.08.2018
Styrketreninga for vaksne startar måndag 10. sept.
Uskedal Helselag melder at styrketreninga for vaksne startar måndag 10. september kl. 11 i Gamleskulen.Trimmen er gratis for alle som er medlemer i Helselaget. Andre må rekna ei lita avgift. Tilbodet er ope for alle, uansett alder.

kb
08.08.2018
Ei tofte til ein robåt på rek.
Dersom nokon finn eller har funne ei tjørebreidd tofte til ein robåt, er vi takksame om de melder frå til Kristian Bringedal på mobil 915 31 487. Tofta var på rek frå Beinavikjo mot Korsnes/ Rød.

kb
07.08.2018
Tekst av Ruben Aksnes og Dreamarcher i Tjerand Aske-boka.
I haust kjem Kristian Hus ut med ny bok.  Den er om bygdeoriginalen Tjerand Aske frå Fjelberg.  I mars i år gav Ruben Aksnes, som vi skreiv om i går, og bandet hans Dreamarcher ut albumet Harding med fokus på heimstaden.  Ein av songane på albumet er inspirert av Tjerand Aske sine opplevingar.  Som eit artig samantreff nemner vi at teksten til denne songen er gjengitt, med løyve frå Ruben Aksnes, i boka til Kristian Hus som kjem ut om nokre veker.

tid
Siste Nyhende
13.08.2018
450 billettar vert selde til Låvedansen på laurdag.
Det er ikkje berre Tysnesfest, Country Festivalen i Seljord og andre store festivalar som får vitjing av Gunslingers.  Laurdag 25. august kjem dei til Dønhaug i Uskedalen for sjette  gang for å stå for musikken.  På Dønhaug har dei samla full låve kvar gong dei har vore her. Det vert seld 450 billettar, alt på nettet via billetto.no. Det vert ikkje sal av billettar lokalt eller ved inngangen.
13.08.2018
Frå Minnesota for å finna plassen der oldefaren kom frå.
Peggy og Berge Johnson kom like frå Minnesota i USA for å finna plassen på Fjellandsbøle der oldefaren kom frå. Saman med eit barnebarn, Anders, har dei vore to veker på Rød, hos Anlaug Rød. Turen gjekk også til Hjelmeland i Ryfylke og like fram til bygda Fundingsland der oldefar til Peggy kom frå. Gjestene frå Minnesota kan sjå tilbake på minnerike dagar i Kvinnherad med dagsturar i område og i møte med norsk kultur.
11.08.2018
Spreke uskedelingar i Folgefonna Opp.
I dag vart det flotte motbakkeløpet Folgefonna Opp arrangert for 7. gong.  Løparane kjem i mål ved Fonnabu, og då har løparane lagt bak seg 11km og 1400 høgdemeter.  Det er litt av ein kraftprestasjon, men med veret som var i dag, var det heilt sikkert ei kjempeoppleving for sprekingar, og nokre av desse sprekingane er frå Uskedalen.
10.08.2018
Godt elvefiske etter opninga 4. august.
Med lite nedbør og vatn har Uskedalelva vore stengd i store deler av denne sommaren. Då er det gledeleg at etter opninga 4. august er det alt registrert fangst på meir enn 20 fiskar, om lag likt fordelt på aure og laks. Den største registrerte fangsten til no er laks på 6 kg. Det er elles teke fisk på 4,1 kg, 2,2 kg og 1,5 kg.  I snitt ligg vekta kring 2 kg. 
09.08.2018
Vakkert pynta ved thai-vogna.
At det er vakkert pynta i sentrum av bygda vår, er av stor verdi.  Det legg både fastbuande og tilreisande merke til, og alle set pris på at det er fint og ryddig.   Alle er nok einige i at sentrumsbildet fekk eit skikkeleg løft etter at Gro opna blomsterbutikk.  Derfor er det kjekt å sjå at andre følgjer opp for å gjera sentrum så fint som mogeleg.
09.08.2018
Ny trafo er på plass i Sekundærstasjonen.
Den nye trafoen vart løfta og jekka på plass i Sekundæren i går, onsdag 8. august. Arbeidet med oppgradering av stasjonen og linenettet har stort sett gått etter oppsett plan. Den nye trafoen er på 46 tonn og har ei yteevne på 30 MVA ( mega volt ampere ). Trafoen frå 1971 vog mest like mykje, men hadde ei yteevne på 20 MVA. Arbeidet vert gjort for å auka kapasiteten og sikra ei stabil drift.
08.08.2018
Uskedalen - vår andre heimplass.
Noreg er vårt andre heimland og Uskedalen er vår andre heimplass, seier ekteparet Christa og Lothar Hannuschka til Uskedalen.no på den siste dagen før avreise frå Rabben Feriesenter i Uskedalen til Dortmund i Tyskland. Frå 1990 og kvart år framover har Christa og Lothar lagt ferien sin til Uskedalen. På desse 28 åra har dei knytta kontakt med bygda og folkelivet her. Dei har mange minne og gode opplevingar å sjå tilbake på.
08.08.2018
Trivleg hagekonsert for 90-årig æresmedlem.
I 1986 var Trygve A. Haugland utnemnd til æresmedlem i Uskedal musikklag.  Den 13.juli runda den spreke tidlegare musikaren 90 år.  Då han feira dagen med ope hus i Helgheim var musikklaget forhindra i å spela då storparten av grovmessingen var bortreist på ferie.  Dermed vart øvingskvelden tirsdag brukt til å heidra æresmedlemmen med ein liten konsert.
07.08.2018
Cruisebåtsesongen held fram til ut i september.
Cruisebåtsesongen er ikkje over. Det var meldt inn i overkant av 25 anløp til Rosendal denne sommaren og av desse er det fem anløp som står att på på lista. Nokre av skipa i mellomstorleiken går gjennom Storsund. Dette gjeld særleg på seglasen ut fjorden på ettermiddagen og kvelden. Fred Olsen sitt cruiseskip MS BRAEMAR passerte Uskedalen i kveld i 18.30 tida. Skipet hadde eit kort stopp i Rosendal og plukka opp passasjerar som kom med buss frå Eidfjord.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS