Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kamelen og Ingebjørg Bratland til Festidalen

15.03.2018
Klikk på bilete for full storleik
Ingebjørg Bratland
 
Festidalen har sikra seg to nye namn på plakaten til årets festival. Den første er rap bandet Kamelen frå Bergen og den andre er folkemusikkaren Ingebjørg Bratland. På sin siste turne hadde ho 70 utselde konsertar.
 
Motpolar. Kontrastar. Kva er livet utan motsetnadar? Ingebjørg Bratland er berar og fornyar av den verdifulle folkemusikken. Kamelen er rap-myten landet elskar, fryktar og bad guy’n folket har forelska seg i. Begge med djup overtyding. Begge med intense kjensler for eige nabolag. Begge med ekta kjærleik til eigen sjanger. Ja, og så har dei begge hatt fruktbare samarbeid med ein annan av årets Festidalen-artistar, sjølvaste Lars Vaular.
 
Kamelen
Kamelen er bergensrapparen som snur konsertlokaler på hovudet kor enn han reiser. Berre den siste tida har han solgt ut Rockefeller, Sentrum Scene og Verftet. Bomba smalt for nokre år sidan med ”Si Ingenting”, ein låt som alt er å rekna som ein norsk rap-klassikar. Og Kamelen har i ettertid fortsatt å servera eksplosive hits og konsertar for feite hiphop-festar. At han og Lars Vaular leverte walk-in- låten til Cecilia Brækhus på Koengen seier sitt. Historiefortellinga er den mest truverdige frå dette miljøet i vårt land. Tøft liv, sosiale avvik, håp, motstridande tiltrekkingar- alt levert med beats og stil ein konge verdig!

Ingebjørg Bratland er artisten som, med si fengslande stemme, har klart å løfta tradisjonell og nymotens folkemusikk opp og fram i det norske popbiletet. Sist turné resulterte i imponerande 70 utsolgte konsertar. Dette, saman med 25 millionar streams teiknar ei klar skisse av ein særs suksessfull artist. Ingebjørg opnar laurdagsprogrammet med si lune stemme og fengande musikk. Ho har bergtatt både Kongen og sitt publikum landet over. Hjå oss kjem ho for å begeistra deg.

 

Daidalosen uttrykker følgande:

”Kamelen er ein del av miljøet i NMG/G-huset i Bergen. I dag er dette det bankande hjarta i norsk rap og hiphop. Dette miljøet, med Kamelen i frontlinja, set premissane for dagens uredde og innovative variant av sjangeren. Låtane hans er drøye og deilege. Konsertane det same. Det er meiningslaust å svelga Kamelen, men hopp opp på ryggen og ri han inn i sommarnatta.”

 

”Ingebjørg Bratland bitt folk, natur og musikk saman. Hennar kjærlege handverk dyppar folk-basen i særs smaksrik popglasur. Resultatet er ei kaka både du, eg, bestemor og onkelungar kan sluka ved alle anledningar. Fordi det er kvalitet. Og fordi det er pokker så godt!”

 
 

Tekst: Pressemelding Festidalen

Foto: Pressefoto med løyve frå Festidalen

Nett: Hans Ordin Østebø

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
26.04.2018
Soknerådet inviterer til dugnad, torsdag 3. mai.
Det vert dugnad ved kyrkja torsdag 3. mai kl. 18. Det er utearbeid som måling. vasking, luking, raking og rydding som skal gjerast. Kaffi og noko å bita i høyrer med.
Møt fram og ver med på dugnad for kyrkja.

kb
24.04.2018
Knallsterkt av Kristian Øvstebø!!
Då motbakkeløpet Kaldestadåsen Opp vart arrangert for andre gong sist søndag, imponerte 14 år gamle Kristian Øvstebø kollosalt.  Han vart nr. 2 i herreklassen, og nådde toppen på sterke 13.31 berre 3 sek. bak den tidlegare løyperekorden.  Det var den sterke maratonløparen Erlend Nymark Jensen frå Bergen løpeklubb som vann på ny løyperekord, men Kristian var klart føre(14 sek.) ein så sterk løpar som Johannes Heien frå Ternen.

tid
24.04.2018
Allsong på Kafe Tiaren i dag, tysdag.
Siste tysdagen i månaden og det er Allsong på Kafe Tiaren. Song- og musikkgruppa er fulltalige og klar for ei ny økt med allsong mellom kl. 12 og 12.30. Alle er velkomne.

kb
23.04.2018
Alle plassene fylt opp på Cheercamp Uskedalen 2018.
Cheercamp Uskedalen 2018 er populær.  På mindre enn ei veke vart alle plassene fylt opp.  På facebook-sida melder arrangørane: «Da var alle plassene fyllt opp! Utrolig kjekt at så mange vil være med på campen! Det endte opp med nesten 60 utøvere. Alle som har meldt seg på, skal nå ha fått bekreftelse og faktura på mail. Dersom dere ikke har mottat det - send oss en melding så ordner vi det. Påmelding er nå stengt»

tid
22.04.2018
Ukraina trailaren til Uskedalen måndag 30. april.
THK traileren med innsamling til Korosten i Ukraina kjem til Uskedalen neste måndag, 30. april. Tormod Myklebust og Leif Jarle Bergstø deler på køyringa. Transporten skal vera framme i Korosten alt laurdag i den same veka. Med denne kunngjeringa kan alle rydda og finna fram klede og andre høvande gåver.

kb
21.04.2018
Heldt opningstalen på UKM-festivalen.
UKM-festivalen for Hordaland vert arrangert i Kulturhuset Husnes heile denne helga. På storarrangementet med 89 sceneinnslag, 26 bildekunstinnslag og 6 filminnslag var det Anna Elisabeth Øyrehagen Akselvoll som hadde fått den ærefulle oppgåva å halde opningstale.  Det gjorde ho på ein framifrå måte.  Ho er dotter til uskedelingen Jørn Øyrehagen Sunde.  Dermed kan vi trygt seie at eplet har ikkje falle langt frå stamma.

tid.
21.04.2018
Gudsteneste v/ Reidar Ådnanes.
I morgon, sundag 22. april kl. 11, er det gudsteneste i Uskedal kyrkje v/ soknepresten i Husnes, Reidar Ådnanes. Ved orgelet sit kantor Eva Megyesi. I kyrkjeåret er ein komen fram til 4. sundag i påsketida. Gudstenesta inneheld også dåp og nattverd.

kb
21.04.2018
Årsmøte i Kvinnherad sogelag i dag, laurdag.
Det er årsmøte i Kvinnherad sogelag i dag, laurdag, kl. 13 på DILL, Sæbøvik. Audun Eik er styremedlem. Han vart i fjor vald for to år og er difor ikkje på val i år. Tema på møte er Skottehandelen i Sunnhordland på 16- 1700 talet. Det er lagt inn tur til Høylandsbygd der Johannes G. Eide vil syna Radioholo og og den private steinsamlinga han har i heimen sin.

kb
19.04.2018
MATHILDE sine leirskuletokter er i gang.
I denne veka la hardangerjakta MATHILDE turen til Uskedalen med den fyrste leirskuleklassen i vår. Etter dusjing og proviantering i Uskedalen la skuta til kai på Skorpevågen i går kveld. Det var avgang midt på dagen i dag, torsdag. Kvar onsdag/torsdag i veka fram til skuleferien kan vi rekna med skute- og klassebesøk i Uskedalen.

kb
19.04.2018
Rektor for tre skular.
Bjørn Olav Tveit vert rektor for tre skular,- Malmanger, Mauranger og ungdomsskulen i Rosendal. Det er eit prøveprosjekt over fire år. På kvar skule vert det avdelingsleiarar. Tveit vil ha det overordna ansvaret.

kb
Siste Nyhende
26.04.2018
Gull av Grus - opningsfest 1. mai.

Gull av Grus med alle sine aktivitetar vert offisielt opna tysdag 1. mai. I forkant av sjølve opninga vert det frå kl. 10 sykkelrebus rundt dalen. Start og mål er på Uskedal skule. Så må alle vera på plass kl. 12 då Uskedal musikklag spelar og straks etter er sjølve opninga av prosjektet ved representant frå Sparebank1-stiftinga, Kvinnherad.
26.04.2018
Rosendal Event kjem til møte i Uskedal utvikling.
Laila og Sjur Langesæter i Rosendal Event kjem til møte i Uskedal utvikling onsdag 2. mai kl. 19 i Gamleskulen. Møte er ope for alle og det er særleg aktuelt for alle som driv næring med eit natur- og kulturbasert innhald. På møte vert det mellom anna lagt vekt på kva Kvinnherad og Uskedalen har å by på av naturopplevingar.
25.04.2018
Ferdigstilling av arbeidet med kraftline frå Matre.
Haugland Kraft melder frå om at arbeidet med oppgragering 66 kV frå Opstveit til Uskedalen held fram. Alt arbeidet ein ikkje fekk gjort i vinter, vert no ferdigstillt. Arbeidet tek til i denne veka og er rekna å vera ferdig i juli månad. I denne tida vert det brukt helikopter og såkalla eksplosjonsarmatur, sprengskjøt på lina.
25.04.2018
Bytte fotballtreninga ut med strandrydding.
11 gutar og jenter frå foballlaga G14 og G14 valde strandrydding i staden for fotballtening i går ettermiddag. Trenarane deira gav dei valet, anten fotballtrening eller strandsrydding. Mange valde å gjera eit samfunnsnyttig arbeid for miljøet i nærområde. Audun Eik og Kristian Bringedal hadde båt og var med på ryddinga.
25.04.2018
På landstoppen i mjølkeavdrått
Kvart år kjem bladet Buskap ut med ein oversikt over dei 50 mest høgtytande besetningane i landet. Det er tredje året på rad at Hans Reidar Kjærland er på denne lista. I sin klasse er han på 4. plass av 3500 produsentar. I dag møtte kunderådgjevar i Fiskå Mølle, Etne, Audun Økland fram på Kjærland med diplom og blomehelsing for å heidra denne prestasjonen.
24.04.2018
Imponert over musikklæraren sin!
Mellom publikum på den flotte konserten som Husnes og Holmedal sokneråd arrangerte i samarbeid med Høyåker musikklag i Valen kyrkje i kveld, var det også i underkant av 10 fornøgde uskedelingar.  Ein av dei var den lovande skulekorpsmusikanten Nils Rainer Strüter Vågen(14).  Han likte konserten svært godt, og var nok ekstra imponert av spelet til kulturskulelæren sin, Linas Dakinevicius.
23.04.2018
Kom og ver med på plastrydding.
Uskedal uvikling oppmodar alle om å ta del i plast- og bosrydding. Det kan gjerast så enkelt at alle ryddar sine private område og felles areal i nærmiljøet. Alt i morgon startar den fyrste delen av strandryddinga. Seinare kjem Elveeigarlaget på banen med rydding av plast langs elva. På årsmøte vart det sett av kr. 10.000,- på budsjettet til dette føremålet.
22.04.2018
Sauelembinga er i full gang.
Sauelembinga er i full gang. I fjor valde Uskedalen.no å skriva om Kjærland gard med moderne sauedrift. I år tok vi turen til Berit Harriet og Ivar Kåre Døssland som driv meir på gamlemåten med sau, geit, ammekyr og ein jaktande katt etter rotte og mus. Med gode kunnskapar frå Snåsamannen la Ivar Kåre opp til sein lembing i år, eit godt val då våren let venta på seg.
22.04.2018
Siger til Rosendal/Trio damene
Årets første heimekamp for Rosendal/Trio (R/T) var mot Askøy. Det vart ein trillar av ein kamp der R/T først eit minutt på overtid i 2. omgang klarte å sette ballen i mål til sluttresultat 2-1.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS