Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Takk for følgjet, gode lesarar.

08.02.2018
Klikk på bilete for full storleik
Frå første saka mi. Uskedelingar på gult sommarkurs i 2006.
 
Når eg no skal takka for meg i uskedalen.no, synes eg det høvde å bruka bildet over som er teke frå den første saka mi på nettavisa.  Den vart publisert 14.08.2006 vel ein månad etter oppstarten.  Ikkje overraskande var den om hjartebarnet mitt, Uskedal skulemusikk, og sidan har det blitt mange saker om både musikk og anna.
 
Første par åra skreiv eg når noko dukka opp som eg hadde lyst å publisera.  Mykje av det var om barneaktivitetar som det var naturleg for meg å vera med på på den tida.  Men det var også andre saker.  Eg hugsar m.a. at eg laga reportasje frå bingoen i Helgheim saman med Magnhild Haugland i oktober same året.  Det var også Magnhild eg sende stoffet til dei første åra for utlegging.  Ho gjorde forøvrig ein stor og viktig jobb for nettsida i starten med oppbygging av innhaldet på sida og utlegging av alle saker, også dei som Ola Matti Mathisen skreiv.  Seinare sende eg til Arne Rød og Karoline Neset.  Deretter lærte Matti seg heile prosessen sjølv, og eg sende til han ein periode før det vart ordna med tilgang så eg kunne gjera det sjølv. 
 
Det har vore ein kjekk, men tidkrevjande hobby.  Eg har verkeleg lært bygda å kjenna, og eg har gjennom uskedalen.no møtt mykje positive folk.  Ikkje berre blant bygdefolk, men også av andre som har hatt glede av sida vår.  Som uskedeling har det òg vore kjekt å høyra frå folk i andre bygder at dei misunner oss denne sida. Dette, saman med gode tipsarar og innsendarar, har inspirert meg til å bruka mest all fritid på dette i såpass lang tid.  Det har også gjeve kveik å få skriva om positive saker som viser at vi bur i ei svært så levande bygd.  Det er ikkje mykje som er kjekkare enn å skriva gode ting om Uskedalen. Eg er òg svært takksam for det gode samarbeidet med lokalavisene våre, og ikkje minst dei positive tilbakemeldingane desse profesjonelle avisfolka har gjeve på arbeidet vårt.
 
No er det slik at når kjekke ting tar for mykje tid, må ein også sei stopp.  Eg er komen dit no.  Eg takkar lesarane våre som har teke så godt mot det som har blitt skrive, og eg takkar redaksjonsnemnda for godt samarbeid.  Det er ei solid nemnd som no fører dette viktige arbeidet vidare. 
 
Eg kjem nok til å sakna arbeidet med uskedalen.no, men når eg får lyst og har tid, kan det nok henda eg publiserer eitt og anna.  Men no er det slutt på at eg på veg heim frå jobb må vurdera: har eg tid til å lage middag eller skal eg setje meg ved PC`en?  Det skal bli godt!
 
Mvh
Thor Inge.
 
Tekst, arkivfoto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.02.2019
Sveinung Pile på AP lista i Stad kommune.
Sveinung Pile ( 41 år ) frå Nedre Fet i Uskedalen er ført opp som nr. 28 på AP lista i nye Stad kommune. Hjartesakene hans er: Oppvekstsaker, næring og verdiskaping, forsvaret/HV og omstilling i ei digital og grønare framtid. Pile bur på Hjelle, har utdanning frå maritim næring, men har i dag arbeidet sitt innan kultur. Sveinung Pile er ein av grûndarane bak FestiDalen.

kb
17.02.2019
Thaivogna opnar fredag 22. februar.
Den populære Thaivogna i Uskedalen opnar etter vinteren fredag 22. februar kl. 14. Opningstida framover vert fredag - sundag kl. 14 - 20. Det er ny meny.

kb
14.02.2019
Årsmøte i Idrettslaget 19. mars kl. 20 i Gamleskulen.
Det vert med dette kunngjort at årsmøte i Uskedal Idrettslag vert 19. mars kl. 20 i Gamleskulen. Saker frå medlemene må vera sendt til styret v/ Chris Fossli innan 5. mars. E-post: chris.fossli@gmail.com  Røysterett på årsmøte har medlemer som er fylt 15 år og som har betalt årspengar.

Styret
13.02.2019
Naturprogrammet Helt naturlig med innslag frå Skorpo.
Det er no klarlagt at Jan Grønseth sitt program Helt naturlig vert synt på NRK 1. Fyrste episode av totalt fire er sett opp med sendestart i veka etter påske. Det er ikkje stadfesta i kva episode innsalget frå Johannes Hauge sitt tun på Skorpo kjem. Det vert kunngjort så snart redaksjonen veit meir.

kb
13.02.2019
Forvaltningskomiteen rår til oppstart av detaljreguleringsplan.
Forvaltningskomiteen har i møte 06.02.2019 rådd til at det vert starta arbeid med detaljreguleringsplan for felles småbåthamn på132/2 på Skorpo. Tiltakshavar er Sameige Skorpo Marina v/ Hans Skorpen. Hamna skal ha plass til 8 - 10 småbåtar. Det er Fylkesmannen som krev fullverdig planprosess.

kb
12.02.2019
Årsmøte i Uskedal Friluftslag, torsdag 21. februar.
Medlemslaga og andre interesserte vert innkalla til årsmøte i Uskedal Friluftslag torsdag 21. februar kl. 19 på Stemneplassen. Medlemslaga har høve til å møta med to representantar kvar. I tillegg til årsmøtesaker vert det lagt opp til drøfting om prioriterte oppgåver i åra framover.

Styret
11.02.2019
Årsmøte i Uskedal Helselag, tysdag 6. mars.
Det vert kunngjort at årsmøte i Uskedal Helselag er tysdag 5. mars kl. 19 i Gamleskulen. Saker frå medlemene må meldast til styret v/ Berit H. Myklebust innan 25. februar. Det er også fristen om nokon har søknader til helselaget om støtte.

kb
10.02.2019
Velkomne til kveldsgudsteneste kl. 19.30.
Soknerådet minner om at det er kveldsgudstenste i kyrkja i kveld kl. 19.30. Gudstenesta er ved sokneprest Reidar Ådnanes. Etter gudstenesta er det årsmøte i soknet med årsmelding, rekneskap og evt. andre saker.

kb
10.02.2019
Deltar i landskamp.
Thomas Heggøy, Gular, son til Magne Lorentz og Tove Myklebust Heggøy på Rabben Feriesenter, spring i dag 800 m for Norge i Nordenlandskampen i friidrett. Han er dermed på lag med Jakob og Filip Ingebrigtsen og dei andre mest kjende friidrettsutøvarane i landet.

tid
10.02.2019
Flott morsdagshelsing.
Grenda presenterer i dag ei fin helsing til alle mødre i samband med at det er morsdag.  Det er 8 elevar ved Kvinnherad vidaregåande skule som medverkar, og mellom dei er dei to uskedelingane Jonas Ridzivicius og Mats Løland Eik.  Dei andre er: Ida Prestnes, Isac Jørgensen, Erik Voster Solberg, Don Clifton Morstad Attille, Sander Valstad Torget og Rikke Løland Sælen.  Filmen varer ca. 10 minutt. De kan sjå den flotte helsinga ved å klikka HER.

tid
Siste Nyhende
16.02.2019
Lager for hjelpesendingar til Ukraina vi letta innsamlinga.
Tomod Myklebust i THK stifelsen har lenge vore på leit etter eit lager for innsamlng i samband med hjelpesendingar til Korosten i Ukraina. Med stor velvilje frå Terje Myklebust og Kåre Guddal i Uskedal Trelastlager er problemet inntil vidare løyst. Ledige lokale i Byggeriet, i det som tidlegare mellom anna har vore brukt til post, rammeverkstad og byggekontor, vert no lager for stiftinga i Kvinnherad. Eit lager vil letta innsamlinga og ved avtale kan ein no få levert varer. Ein slepp venta på den årlege innsamlinga og transporten til Ukraina.
15.02.2019
Prosten Nils Dahl frå Uskedalen bad folk byggja i stein.
Sokneprest og folkeopplysar Nils Griis Dahl ( 1778 - 1852 ) i Eidvindvik oppmoda folk om å byggja i stein. Sjølv fekkk han bygd ein 1,5 km lang steinmur rundt prestegarden i Gulen. NIls Dahl kjem frå Uskedalen og er den kjende presten og prosten Henrik Wergeand skriv om i diktet Brød at Steen og Aand av Striiler. Steinbygging var tema på Kvinnherad Senioruniversitet sitt møte i går der journalist og forfattar Eva Røyrane kåserte og synte bilete frå boka Av stein.
14.02.2019
Ver merksam på regulert vatn og utrygg is.
I god tid før vinterferien og seinare i  påskeferien legg SKL ut varsel om regulert vatn  og utrygg is på Mannsvatn i Uskedalen. Dette gjeld også elva frå demningen og ned til inntaksdammen som ligg nokre hundre meter lenger nede i lia. Reguleringa gjeld som sagt Mannsvatn og elva som forsyner Tverrelva Kraftverk på Haugland.
13.02.2019
Uskedalsmotiv på salsutstilling på Lagunen Storsenter.
Sist laurdag opna Aud Sørheim Myklebust ( f. 1935 ) utstilling på Lagunen Storsenter i Bergen. Det er ein rein salsutstilling med over 100 kunstverk av ulike salg, alt frå biletvev via trykk til måleri. Barnebarna hennar, Ingvild Reistad Myklebust og Annveig Myklebust Fjelstad, var med på opninga med song og musikalske innslag. Kunstnaren sjølv las eigne dikt og sa fram takk til alle som hadde hjelpt henne med å få dette til.
12.02.2019
Ny utlysing om støtte frå SpareBank 1-stiftinga.
Søknadsskjema frå SpareBank 1-stiftinga, Kvinnherad er lagt ut. Lag og organisasjonar registrert i Brønnøysundregisteret og med organisasjonsnummer kan no skriva søknader på gode prosjekt. Søknadsfristen er 12. mars. Det vert vurdert støtte til tiltak av ålmennnyttige føremål. Søknader skal skrivast og sendast elektronisk. Meir informasjon finn du på stiftinga si heimeside.
11.02.2019
Salmekveld med 20 salmar frå 7 musikalske tidsperiodar.
Salmar til alle tider er overskrifta på salmekvelden i Uskedal kyrkje måndag 18. februar kl. 19. Kantor Eva Megyesi har vald ut 20 salmar frå dei fyrste 200 salmane i Norsk salmebok. Salmane avspeglar salmetonen frå sju ulike tidsperiodar, frå folketonane til melodiar frå nyare tid. Når heile salmeboka skal syngjast på denne måten, er dette ei nyskaping og har truleg ikkje vore gjort før.
10.02.2019
Vindmøller i Uskedalsfjella er framleis med i vurderinga.
NVE sitt arbeid med Nasjonal ramme for vindkraft på land nærmar seg no slutten. Hovudrapporten skal offentleggjerast 1. april. I alt har dei peika ut 43 aktuelle område for utbygging over heile landet, og tre av desse omfattar deler av Kvinnherad.
Miljødirektoratet og Riksantikvaren har no kome med framlegg til område der dei ikkje ønskjer utbygging ut frå ulike verneinteresser. I Kvinnherad er det berre fjellområda i Mauranger som er tekne med her. Med dette er fjella kring Uskedalen framleis med i vurderinga.

09.02.2019
Vart kretsmeister i langrenn.
I dag vart det tradisjonelle Ulvikarennet arrangert.  Løpet gjekk i fristil, og rennet var også kretsmeisterskap for Hordaland i denne stilarten.  Rennet samla dermed eit stort tal deltakarar frå heile fylket.  Fleire løparar frå UIL deltok i rennet, og dei hevda alle seg godt i kamp med dei beste skiløparane i fylket.  Kari Bråtun gjekk heilt til topps i kvinneklassen.
09.02.2019
Aud S. Myklebust 84 år og med utstilling på Lagunen Storsenter.
I dag kl. 12 opnar Aud Sørheim Myklebust utstilling på Lagunen Storsenter. Utstillinga syner det store mangfaldet som særkjenner Aud sitt arbeid. Med over 100 kunstverk finn du biletvev, maleri og monotypi. Mange av tekstilprodukta er laga på veven i Fløyen, arbeidshytta hennar i Uskedalen. Fleire av bileta har motiv frå Ulvanoso. Utstillinga er open på Lagunen fram til 23. februar.
Sponsorar
Ospelunden
S. Rødsten Bilforretning A/S
Spar
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Brødrene Hjønnevåg AS
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Renhold service
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS