Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

God aktivitet i skulemusikken.

07.02.2018
Klikk på bilete for full storleik
Desse musikantane er viktige i den gode aktiviteten i skulemusikken.
 
Uskedal skulemusikk hadde årsmøte tirsdag kveld, og både årsmelding og rekneskap fortel om eit godt år.  Korpset hadde ved slutten av året 13 aktive, flinke musikantar.  Tor Skeie Olsen er framleis dirigent, og styret har også siste året gjort ein svært viktig og god jobb.  
 
Årmeldinga fortel om seminar i Kinsarvik saman med skulekorpsa i Rosendal og på Husnes der Husnes hadde hovudansvaret.  Dette vil verta følgt opp med nytt fellesseminar der Uskedalen skal ha hovudansvaret.  Til dette har dei allereie fått 65.000 kr i støtte frå Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad.  Skulekorpset var sentrale i 17.maifeiringa i bygda med speling både i folketoget og under hovudprogrammet.  Elles har dei opptredd både under julekonserten i kyrkja og på andre konsertar.
 
Desse er med i korpset ved slutten av året:  Amalie Hovden Rød, Camilla Ripel, Hanna Tvilde, Ida Marie Eidsvik, Thea Soltveit Taranger, Nils Rainer Strüter Vågen, Emma Ripel, Helene Myklebust, Celine Musland, Sigri Lekva Myklebust, Anja Måkestad Smith, Linnea Enes, Linnea Ripel og Torger Johan Koløy.  I tillegg er det dette året 6 ivrige aspirantar i kulturskulen.  Dert er Katrine Øvstebø, Anna Simone Lægland Enes og Malena Myhre Olsen på althorn, og Ebba Hermann Fossli og Signe Karine Koløy på kornett, og Nelly Borgen Hermansen på baryton.
 
Under hovudprogrammet 17. mai vart Nils Rainer og Celine tildelt medalje for henholdsvis 5 og 3 års aktivitet i korpset.  Ordførar Peder Sjo slettebø stod for overrekkinga.  I 2018 vil 8 musikarar få tildelt medalje.  5 av dei vil få medaljen for å ha spela i korpset i 7 år.  Det er flott, og veldig viktig for korpset.  Nils Rainer Vågen deltok på NMF sitt sommarkurs, og desse kursa er kjende for å skora på topp både når det gjeld sosial og musikalsk kvalitet.
 
Basaren vart i år flytta frå november til våren 2018.  Likevel viser rekneskapet eit fint overskot.  Største intektkjeldene kjem frå adventskalendarsal der Hege Lekva har gjort ein kjempejobb, frå grasrotandelen og frå Sparebankstiftinga.  Dei har også fått 5000,-kr frå Nabofond IKEA og dei har motteke vaksenopplæringsmidlar sidan dei har så mange medlemmer over 14 år.
I samband med gravferda til Bjørg Hauge fekk dei ei gåve på 11.595, og i samband med tidlegare dirigent Bård Ljosnes sin bortgang fekk korpset ei gåve på 5000,-kroner.
 
Ved valet gjekk Åse Myklebust og Bente Hovden ut av styret.  Dei vart erstatta av Haldis Åkra og Monica Herrmann.  Gina Berge-Soldal gjekk av som kasserar og den jobben tar no Knut Johannes Ripel over.  Hege Lekva styrer med basar og adventskalendarar og Randi Nybakk fører rekneskapet.  Dei gjer alle ein framifrå jobb for Uskedal skulemusikk.
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.02.2018
Rustne Menn til Utåker i dag.
Song- og musikkgruppa Rustne Menn er invitert på kafe på Utåker i dag, tysdag 20. februar, mellom kl. 11 og 13. Det er eit dagtilbod i skulen kvar tysdag i februar månad. Bygdalaget er tilskipar. Rustne Menn vil underhalda med føredrag og allsong.

kb
19.02.2018
Påmelding til Telenorrennet på torsdag 22. febr.
Det er tid for påmelding til Telenorrennet som vert skipa til torsdag ettermiiddag og kveld. Det er eit sponsa rett og det premiar til alle. Dei under 10 år går berre prologen på 850 meter i fristil. Dei over 10 år går i tillegg heat og finale. Prologen tel med i skikarusellen.

kb
19.02.2018
Ring RiksTV og problemet med hakkinga vert løyst.
Gerd Myklebust fortel til Uskedalen.no at alle som har RiksTV og som er plagd med hakking i sendinga, må ringja telefon 22883790 og oppgje kortlesar og nummer på kortet. Feilen vert retta digitalt innan ein time. Det har ho gjort og no er sendinga god. Viktig at kunden tek direkte kontakt med RiksTV.

kb
18.02.2018
Årsmøte i Uskedal Helselag 6. mars.
Det vert kunngjort at årsmøte i Uskedal Helselag vert tysdag 6. mars kl. 19 i Gamleskulen. I tillegg til vanleg sakliste er det høve å melda inn saker. Dette må gjerast innan 25. februar til styret. Det same gjeld søknader om støtte.

Styret
17.02.2018
Gudsteneste 1. sundag i fastetida.
Soknerådet minner om gudstenesta i morgon, sundag 18. februar kl. 11. Gudstenesta er ved sokneprest Lina Håland og kantor Eva Megyesi. Ein vil i gudtenesta prøva å øva inn nokre nye salmar.

kb
17.02.2018
Irriterande hakking på RiksTV.
Det er registrert irriterande hakking på RiksTv. Problemet er teke opp med RiksTV, utan resultat så langt. Alle, som har dette problemet, vert oppmoda om å melda frå til RiksTV via Facebook eller gå inn på www.rikstv.no/kundeservice og bruka E- post adressa der..

kb
15.02.2018
Elins Matgleder - ope på laurdag 17. februar.
Elins Matgleder har ope laurdag 17. febr. Det er siste laurdagen med brødbaking på ei stund. Etter ei travel tid i det nye året, legg Elin og familien inn ferie og tur til Spania frå 24. februar.

kb
15.02.2018
Møteveke i Bedehuset.
Det er møteveke i Bedehuset i perioden 14. til 18. februar. Talar er Olav Eikemo. Onsdag, torsdag og fredag tek møta til kl. 19. På laurdag vert det familiemøte kl. 16. Møteveka vert avslutta sundag kl. 14.

kb
14.02.2018
Årsmeøte i Fagforbundet si pensjonistgruppe.
Pensjonistgruppa i Fagforbundet hadde sitt årsmøte i Gamleskulen i dag, onsdag 14. februar. Det var innlegg om brannvern i heimen v/ Brannsjefen i kommunen. Song- og musikkgruppa Rustne Menn hadde innslag før sjølve årsmøte tok til.

kb
13.02.2018
Film om Gunnar Haugland på Rubbestadneset.
Det er laga film om Gunnar Haugland, frå Klammeren og som bur på Rubbestadneset. Gunnar er blind og filmskaparen, Finn Bakke, har brukt 2 - 3 månader på filming og redigering. Mykje av filminga er frå verkstaden og arbeidet med produksjon av krakkar. Filmen har tittelen: Naboen min. Musikken er av Kenneth Sivertsen. Uskedalen.no skriv meir den dagen filmen vert lagt ut på YouTube.

kb
Siste Nyhende
19.02.2018
Begge barnehagane scorar over snittet på foreldreundersøking.
Både Dønhaug Gardsbarnehage og Uskedalen barnehage scorar over snittet på foreldreundersøking gjennomført av Utdanningsdirektoratet. Foreldra vart mellom anna spurde om kor nøgde dei var med ute- og innemiljø, trivsel og utvikling  hjå barnet. Topp score er 5 og Dønhaug Gardsbarnehage kjem best ut av to barnehagar i Uskedalen med ein karakter på 4,8. Uskedalen barnehage kjem ut med 4,3. Hatlestrand barnehage og Mauranger barnehage toppar lista med karakteren 5.
18.02.2018
Kom og ver med på salmekveld i kyrkja, måndag kl. 19.
Soknerådet i Uskedalen inviterer til salmekveld i kyrkja måndag 19. februar kl. 19. Salmane er henta frå Norsk salmebok 2013, frå dei bolkane som har tema: Forvaltaransvaret, rettferd og fred, årsskifte og kveld. Kyrkjekoret Nordsang syng til opning og det vert soloinnslag ved kantor Eva Megyesi.
18.02.2018
Rosendal/Uskedal J02-03 vant Trio Cup 2018
Trio cup 2018 vart arrangert i helga 17. og 18. februar. Laurdag var det klasse J16 og G16 som var i sving. I klassen som J02-03 spelte var det 9 deltakande lag frå Kvinnherad og Odda.
17.02.2018
Utsiktsrydding på Friluftsplassen og på Nedre Fet.
Med bakgrunn i søknad er det løyvd kr. 56.000,- til Utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap. Arealet er Friluftsplassen og på elvekanten frå elvosen til om lag 100 meter ovom brua. Mykje av arbeidet er gjort. Noko står att, men vert gjort no på vinteren. Partane i dette prosjektet hadde nyleg møte om bruken av tildelte midlar og la ein plan for vidare arbeid.
16.02.2018
Karneval i Uskedalen barnehage - Biletserie
I barnehagen vår er det tradisjon at i samband med at sola kjem attende til bygda, markerer vi at det går mot lysare tider med solfest og karneval.
16.02.2018
Har du lyst å spele fiolin? Torsdag kan du få prøve instrument.
Dei seinare åra har det vore svært mange flinke fiolinelevar i kulturskulen, og ein del av dei er frå Uskedalen.  Den dyktige fiolinlæraren Olena Pasichnyk fortel at dei har plass til fleire elevar på dette instrumentet frå hausten, og ho ønskjer svært gjerne fleire frå Uskedalen.  Derfor kan dei som er interessert, koma og prøva instrument på skulen førstkommande torsdag.
15.02.2018
Ein sterk og rørande film om Gunnar Haugland.
Finn Bakke har laga film om Gunnar Haugland, frå Klammeren på Haugland i Uskedalen, og som har budd på Rubbestadneset i mest heile sitt yrkesaktive liv. Filmen er på 13 minuttar og vi vert kjende med Gunnar i snikkarverkstaden, ute på tur med førarhunden sin og i heimen. Gunnar Haugland er blind, bur åleine i huset sitt og treng eigenleg lite hjelp til daglege gjeremål.
15.02.2018
Raga Rockers og Fagernes Yatch Club til Festidalen
Med Raga Rockers og Fagernes Yatch Club på plass, er Festidalen omlag halvegs i
programmeringa. Frå før er Hkeem, Fanny Andersen, Lars Vaular og I am K sikra. Og no går det fort. Berre småting står att før plakaten er full.
15.02.2018
Lågspenten lagt i jordkabel på Nedre Fet.
Straumførande ledningar vert lagt i jordkabel frå trafokiosk på Sjøhaugen til Inger Moberg sitt hus på Nedre Fet. Prosjektleiar er Hermann Skromme i Kvinnherad Energi. Byggservice er entreprenøren som er tildelt sjølve arbeidet. Tlltaket vert gjort mellom anna for å bort blanke ledningar.
Sponsorar
Auto 88
kvinnheringen
Spar
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Byggeriet
Stord Lufthamn
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Breiband
iDrift AS
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Elektro
Uskedal Røyr og Multiservice
Gros Blomster
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS