Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Ungdomslag og kor med kvar sine jubileum i 2018.

09.01.2018
Klikk på bilete for full storleik
Uskedal ungdomslag fekk fane til 100 års festen i 1988. Motivet er teikna av Tor H. Myklebust.
 
I 2017 vart det markert at Uskedal helselag og hytta Fjelly var 100 år. I år er det Uskedal ungdomslag og Røysterett for Alle som står for tur med sine jubileum Uskedalen.no kjenner til at førebuingsarbeidet er starta. Laga vil på kvar sine måtar stå fram med sine jubileumsprogram. Dette innlegget handlar om Uskedal ungdomslag, skipa så tidleg som 1888 og kan dermed sjå attende på 130 års drift. Røysterett for Alle, skipa 1988, si markering vert kunngjort seinare.
 

Jubileet vert markert på den årlege haustfesten, som i 2018 er lagt til laurdag 20. oktober.Ei eiga nemnd vil førebu og gjennomføra markeringa. Det vil truleg bli framført ein kabaret med glimt frå lagssoga. Musikklaget og Røysterett for Alle vert inviterte til å ta del i framføringa. Det vert innslag frå scenen og ikkje minst frå tur- og folkedansen som stod sentratl i laget på 1960 talet.

 

Uskedal ungdomslag fekk sitt fyrste Helgheim i 1902. Seinare kom eit større og meir moderne Helgheim i 1934. Huset har seinare mange gonger vorte påkosta og renovert, seinast i åra etter 2000 med nye vindaugo, nytt kjøkken og installering av varmepumper. Fjelly frå 1917 er i dag ei flott og romsleg fjellhytte.

 

Til markeringa i oktober vert det arbeidd med å finna fram 8 mm smalfilm frå den store NU stemna i 1973 og frå andre samlingar i ungdomslaget. Dette er eit verdfullt materiale som bør digitaliserast og synast på DVD.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
Uskedal musikklag vert invitert til å vera med i jubileumsprogrammet.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
16.01.2018
Tor Gundersen ny dametrenar.
Tor Gundersen som dei siste åra har trena J02-laget til Rosendal/Uskedalen tar no steget opp og vert trenar for damelaget komande sesong.  Gundersen har trena aldersbestemte lag etter at han gjekk av som dametrenar i 2010.  Han overtar etter Yngve Bryn som trena laget i haustsesongen.  

tid
16.01.2018
Kven saknar eit turbilskilt ?
Dersom du er eigar av eit turbilskilt (BSG) og vil ha det tilbake, kan du stoppa ved Sunnhordland Prosjektutvikling sitt leileghetsbygg på Brekketoppen v/ Solheim Turiststasjon via a vi Byggeriet. Skilet står ved bosdunkane.  Skiltet er truleg rive av i den sterke vinden.

kb
15.01.2018
Sterk storm i vindkasta.
Kurt Haugland melder om sterk storm i vindkasta i Korsneset.. Den høgste målinga vart gjort i natt med ein vindstyrke på 23,2 sek. meter. Målsetasjonen i Rosendal synte kl. 10.30 ein styrke på 37,6 som er orkan. Det er alt meldt frå om skade på hustak i område.

kb
15.01.2018
Årsmøte i Friluftslaget, måndag 12. februar.
Det vert gjort kjend at årsmøte i Uskedal Friluftslag er måndag 12. februar kl. 19.30 på Stemneplassen. Tillitsvalde og medlemslaga må merka seg dag og dato. Meir informasjon kjem seinare.

Styret
12.01.2018
Skisenteret lovar strålande forhold både laurdag og søndag.
- Neste åpningsdag vert i morgon lørdag og søndag klokka 10-16. Det er meldt strålende sol, -3°C litt vind på lørdag og skya vær med -1°C på søndag. Vi fyrer i grillen i barnetrekket. Velkommen skal dåke være, skriv Fjellhaugen skisenter på facebook.  Søndag vert også det første karusellrennet denne vinteren arrangert.  Det er barnerenn i forkant, og det startar kl.12.  UIL er arrangør.

tid
09.01.2018
Skirenn i Fjellhaugen
Førstkommande Søndag 14. januar arrangerer Uskedal idrettslag årets første skirenn. Rennet går i klassisk stil  og finn stad i Fjellhaugen med start kl 13.00. Det vert også barnerenn, og det startar ein time før, kl 12.00. Her vert det også premie til deltakarane. Dei som er med i hovedrennet må venta til hausten på premie, då det vert premiering ifm Skikarusellen.Prisen for å vera med på barnerennet er 30 kr og  for hovedrennet dekkar klubben startkontigenten.Uskedal IL håpar på godt ver, og at mange tar turen til Fjellhaugen denne dagen. Husk at, å gå på ski er beste form for mosjon.Vel møtt til alle! 
Meir informasjon, og påmelding finn de her: Påmelding

Tekst: Knut Johanne Ripel

Nett: hoø
09.01.2018
Soknerådsmøte på torsdag 11. januar.
Uskedal soknerååd skal ha sitt fyrste møte i 2018 på torsdag. Rådet vil førebu årsmøte i soknet som skal vera sundag 14. jan. etter gudstenesta. Sakene er mellom anna årsmelding, rekneskap og handlingsplan for 2018.

kb
08.01.2018
Småbarntreffet startar onsdag 10. januar
Småbarntreffet på Bedehuset startar onsdag 10. januar kl. 10.00. Ein av leiarane, Nelly Kjærland, fortel at dette er eit tilbod som går etter ein fast møteplan på onsdagar mellom kl. 10 og 11.30.

kb
08.01.2018
Styrketreninga for vaksne er i gang att.
Styrketreninga for vaksne i regi av Helselaget er starta opp etter ein kort pause i jula. Frammøte i Gamleskulen kvar måndag kl. 11. Det er god deltaking, men det er plass til fleire.

kb
08.01.2018
På 9. plass på nedbørslista i 2017.
Målsestasjonen i Korsneset syner at det kom 2324 mm nedbør i Uskedalen i 2017. Av målingar, som vert gjort i Kvinnherad, syner dette at Uskedalen er nr. 9 på lista. Matre toppar med 4140 mm nedbør. Det er Grenda som melder dette.

kb 
Siste Nyhende
16.01.2018
Røysterett for Alle i jubileumsåret 2018
Som mange veit, vart blandakoret Røysterett for Alle skipa i Uskedalen i januar i 1988.  2018 er altså eit jubileumsår, og dette er tenkt markert både internt og overfor omgjevnadane.
16.01.2018
Seks leilegheter - visning sentralt i Uskedalen.
Det vert ny visning i i Mollehuset i morgon, onsdag, kl. 16 - 17. Huset er totalrenovert. Arealet omfattar både det som var forretningslokale og leileghet i 2. høgda. Bygget ligg sentralt til i Uskedalen. Det er gangavstand til handel, båthamn, barnehage, skule,  aktivitetshus/treningspark. og andre sentrumsfunksjonar.
15.01.2018
Mange brukar sjølvbetjeningskassane.
Det er no vel ein månad sidan Spar Uskedalen tok i bruk 4 sjølvbetjeningskassar i butikken.  Vi har inntrykk av at svært mange brukar dei nye kassane, og det vert understreka av opplysningar vi får frå dagleg leiar, Bente Nilsen.  Dei er svært godt fornøgde med overgangen til dei nye kassane.
14.01.2018
Første karusellrennet under flotte forhold!
I dag vart det første skirennet i langrennskarusellen denne sesongen arrangert, og det stilte opp 46 løparar frå Rosendal TL, Omvikdalen IL, Halsnøy IL  og IL Ternen i tillegg til Uskedal IL som også var arrangør av rennet.  I tillegg deltok 27 barn i barneskirennet som vart arrangert i forkant av rennet.
14.01.2018
Gudsteneste med dåp og årsmøte i soknet.

Sanna Midtun Hjelmeland var dåpsbarnet i dag, på 2 sundag i det nye året. Dagenes tekst frå opningsorda i Markus handlar også om dåp, om døyparen Johannes som står fram og fortel om det som skal koma. Markus skriv ikkje noko om Jesu barndom. Han går rett på og kallar Jesus for Messias og Guds son.
13.01.2018
Ny tomt med praktutsikt er byggjeklar.
Den flotte aktiviteten i Ospelunden byggefelt held fram.  Siste vekene har Br. Musland Maskin arbeidd med sprenging og utgraving av tomta der det no skal byggjast ein tomannsbustad i indre del av feltet.  Dette arbeidet har også resultert i flotte gråsteinsmurar som pyntar opp.  
12.01.2018
Tjuande dag Knut, jaga jula ut.
To heilag- og merkedagar er for det meste ute av juletradisjonen vår. Det er 13. dagen. det som eigenleg var Knutsdagen, og 20. dagen . Dagane markerer slutten på jula. I dag, laurdag, 13. januar, kan du med visse pakka ned jula og lagra alt til neste jul. Mange har alt  rydda bort jula for mange dagar sidan. Nokre held på det gamle og ventar til i dag.
12.01.2018
I kø for å koma til kai på Børneset i dag.
Det var stor aktivitet på Børneskaien i dag. MS HEIDI last tømmer. Flytekranen EIDELIFT 6 måtte forhala og la seg til i Storsund i påvente om å få koma til kai i ettermiddag. Flytekranen med slepebåt kom til Børnes frå indre Kvinnherad i natt i 03 tida. Uskedalen.no kjenner ikkje kva oppdrag Eideliften har i Uskedalen, men kaien vert ofte brukt i den tida kranskip gjer større løft for skipsindustrien.
11.01.2018
2017 - eit godt og aktivt år i Uskedal kyrkje.
Soknerådet legg fram ei fyldig og solid årsmelding på Soknemøte, som vert halde etter gudstenesta på sundag. 2017 har vore eit arbeidsår med høg aktivitet og mange tilskipingar. Frammøte har vore godt til gudstenester, temekveldar, konsertar og salmekveldar. Tiltaka i trusopplæringsprogrammet er gjennomført etter vedteken plan. Soknerådet er godt nøggd med det gode samarbeidet ein har med sokneprest, kantor, Hobbyklubben, Tårnagentane og om konfirmantarbeidet.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS