Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

No kan du få hjelp mot bakglatte ski!

03.01.2018
Klikk på bilete for full storleik
Oddmund Soldal tilbyr preparering av ski. Her siklar han av overflødig glider.
 
Dei fleste av oss har nok opplevd at bakglatte ski har gjort det som kunne blitt fine skiopplevingar til mareritt.  Andre gonger har elendig glid øydelagt rennet eller skituren.  No tilbyr Oddmund Soldal i Korsnes hjelp med prepareringa av skia slik at fleire skal få oppleva dei gode opplevingane med ski på beina.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ved hjelp at tape er han nøye med å skilja festesone og glidesone når han legg på glider.
 
 
Oddmund Soldal kom inn i skimiljøet som ung talentfull langrensløpar i Øystese for nokre tiår sidan.  Alt då såg han kor viktig prepareringa av skia var, og han fortel at far hans var ein flink smørjar på den tida.  Etter det har interessa for skipreparering fulgt han, og han har vore på ein god del kurs innan for dette fagområdet.  Han har m.a. vore til Drammen på kurs med Ole Einar Bjørndalen sin tidlegare smørjar. 
- Mest har eg vel lært av Trygve Turtveit, smørjar i Team Veidekke Vest, seier Oddmund som er så interessert i skipreparering at då NM på ski vart arrangert på Voss i 2012, reiste han dit.  Der fekk han vera i smørjebuene på arenaen, og han saug til seg kunnskap og erfaring frå dei dyktige smørjarane der.  I tillegg til kunnskapen har han også tileigna seg mykje utstyr og hjelpemiddel for at resultatet skal verta så godt som mogeleg.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Han går han over og børstar med ein spesiell handbørste.
 
Deretter børstar og polerer han med drillbørste.
No går Oddmund Soldal ut og tilbyr å hjelpa andre med kompetansen han har bygt opp.  Han gjer ikkje det for å tena store pengar, men han har lyst å hjelpa.  Han har sett mange som har vore opprådde på grunn av dårlege ski både på turar og i konkurransar.
- Eg har sett ungar som har stilt i sin første konkurranse som dei har gledd seg til, med bakglatte ski som har gitt dei ein frykteleg nedtur slik at dei fall frå.  For turløparar har dårlege ski gitt slitsomme dagar i staden for gode ski- og naturopplevingar, seier han og legg til at det er svært viktig at skia vert preparert også for turgåarar.  I tillegg til preparering av konkurranseski tilbyr Soldal preparering i samband med trening og tur- /markagåing.  I samband med turgåing nemner han også at ski med integrerte feller er på full fart inn, og desse må også reinsast og preparerast.  Dessutan preparerer han også slalomski.
 
 
På ski med integrerte feller treng fellene reinsast og glidesonene preparerast. Her ser vi to ulike typar ski, og middel til denne behandlinga på den eine skia.
 
Prepareringa er ein heila prosess, og det er mykje å hugsa på for eit vellukka resultat.
  • Først vaskar Oddmund sålen rein.  Han brukar ulike reinsemiddel på glidsone og festesone.
  • Sålen må tørka godt ut, og strukturen vert friska opp att.
  • Det vert lagt på ny glider i opptil 3 oppvarmingar slik at sålen vert metta. Mellom kvar oppvarming er det viktig med nedkjøling.
  • Overflødig glider vert sikla vekk før handbørsting og drillbørsting.
  • Skia er no klare til å leggja på smørjing avhengig av snø- og føreforhold.
  • På ski med kantar tar han også kantsliping.
Etter å ha fulgt Oddmund medan han preparerte eit par ski, er det tydeleg at han har full kontroll på alle operasjonar.  Han er også svært nøye med utstyret han brukar.  Eg er overtydd om at denne prepareinga kan gje mange mykje betre skiopplevingar.  Når ein kjem til Oddmund med ski til behandling, vil ein også få mange gode ski- og smørjeråd med på vegen.  For dei som ønskjer å nytta dette gode tilbodet, nemner vi at Oddmund Soldal er å treffa på telefon 951 31 716.


 
Soldal utfører også kantslip på ski med kantar.
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
16.12.2018
Sundagsope på SPAR i dag kl. 14 - 19.
Det er ope på SPAR i dag, sundag 16. desember frå kl. 14 til kl. 19. Alle SPAR butikkane i Sunnhordland har same ordninga og stort sett dei same opningstidene i førjulstida og i romjula.

kb 
16.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 16.des. 2018
I kveld kl.19 er det duka for skikkeleg julestemning i bygda.  Då er det nemleg julekonsert i Uskedal kyrkje.  Uskedal skulemusikk skal spela saman med Rosendal skulekorps.  Dei skal m.a. framføra Gabriels obo med Nils Rainer Vågen som solist på euphonium.  Også andre aktørar bidrar med mykje vakker julemusikk.  I dag er det òg 2 gevinstar på adventskalendaren.  Nr.217 har vunne gåvekort(behandling), verdi 500,-kr frå Anjas enhetsterapi, og nr.47 har vunne Legotechnic, verdi 300,-kr, gjeve av Døssland Advokatfirma.

Vi gratulerer vinnarane, og ønskjer alle velkomne til ein stemningsfull julekonsert!!

USM.
15.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 15.des. 2018
Eigar av kalendar nr. 223 har i dag vunne gåvesett til verdi 450,-kr, gjeve av Zjakk frisør, medan gevinsten på nr.379 er sylteflesk frå Friheim gardsmat.  Vinnar av sylteflesket kan kontakta Hege Lekva (988 07 713) medan vinnaren av gåvesettet kan henta gevinsten på Auto 88 AS.  Vi gratulerer!!

USM.
14.12.2018
Vinnarnummer til no i Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 2018.
Til no har det vore 2 gevinstar kvar dag, og dette er vinnarnummera: 94, 5, 110, 463, 33, 345, 498, 97, 37, 243, 255, 390, 221, 484, 211, 56, 395, 476, 426, 123, 186, 483, 308, 239, 142, 244, 466 og 226.
Vi graulerer dei heldige og gevinstane kan hentast på AUTO 88 AS.

USM.
14.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 14.des. 2018
I dag er det trekt ut to nye gevinstar på skulemusikken sin adventskalendar. 466 og 226 er vinnarnummera i dag.  Førstnemnde har vunne Gåvekort på 500,-kr frå Rein hudpleie i Herøysundet, medan 226 har vunne Legofriends til verdi 300,-kr, gjeve av Uskedal skulemusikk.Vi gratulerer dei heldige som kan hente gevinstane sine hos Auto 88 AS.

USM
13.12.2018
Melding frå Uskedal helselag.
Den siste styrketrimmen for vaksne før jul er måndag 17. desember. Dagen etter, tysdag 18. desember har gågruppa turen sin som vanleg på tysdagar. Etter det er det julefri. Helselaget ynskjer gamle og nye medlemer velkomne til ulike aktivitetar i det nye året.

Styret
13.12.2018
Musikklaget i senioruniversitetet.
Godt over 100 publikummarar fekk oppleve Johanne Øvstebø Tvedten si imponerande forteljarframføring av Anna Gyria på Kvinnherad senioruniversitet sitt julemøte på Rosendal Fjordhotel i dag.  På halvannan time trollbatt ho publikum med den innlevande forteljinga si som er basert på 4 bøker av Johannes Heggland.  Før dette vart publikum tatt mot med julemusikk framført av Uskedal musikklag.  Den utbyterike stunda vart avrunda med eit godt måltid.

tid.
13.12.2018
Nye observasjonar av skabbsjuk rev på Haugland.
Det er registrert nye tilfelle av rev med skabb på Haugland. I kaldt ver søkjer reven i hus eller til meir lune plassar. Dersom grunneigarar eller andre ser rev, er det fint om ein melder frå til jegrane Svein Ottar Rørheim ( mobil 951 18 518 ) eller Kåre Vetrhus ( mobil 930 39 003 ). Det kan vera ei plage dersom andre dyr vert smitta av rev med skabb. Det er difor viktig å få bukt med problemet snarast råd.

kb
13.12.2018
Røysterett for Alle med konsert i Ølve kyrkje i dag.
Røysterett for Alle sin julekonsert vert i dag gjennomført i Ølve kyrkje. Koret syng tilsaman 13 songar, alt frå tradisjonelle julesongar til nyare julemusikk. I ein mellomavdeling er det klassisk gitarspel av Einar Steinkopf. Sonen, Fridar, spelar saksofon til nokre av musikkstykka. Frode Kaldstad og Haldor Tveit står for komp.

kb
13.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 13.des. 2018
I dag vinn eigar av kalendar nr. 142 DVD og 2 par sportssokkar, verdi 600,-kr, gjeve av Sport1, Husnes. Den andre gevinsten er 2 termokoppar med godis, gjeve av Kvinnherad elektro/Uskedal skulemusikk.  Den er vunnen på nr.244. Vi gratulerer dei to heldige vinnarane!!

USM
Siste Nyhende
15.12.2018
Uskedal Helselag held oppe ein 60 år gamal tradisjon.
Uskedal Helselag held på ein 60 år gamal førjulstradisjon med å gje pakkar og blomar til dei som treng det ekstra i jula. Det gjeld alle heimebuande i Uskedal over 90 år, til alle frå bygda som bur på aldersheim og ikkje minst 50 pakkar til Valen sjukehus. Det heile starta ein gong på 1960 talet og har etter det vore eit årvisst sosialt tiltak.
14.12.2018
Framifrå gjennomføring i Ølve kyrkje
Røysterett for alle hadde si andre gjennomføring av den innøvde julekonserten i Ølve kyrkje torsdag kveld. Røysterett gjennomførte konserten på ein særdeles god måte og med svært gode medverkande musikarar, vart dette ei flott og minnerik konsertoppleving.
14.12.2018
Filmprosjektet til 7. klasse er avslutta.
I november månad hadde 7. klasse ved Uskedal skule filmprosjekt. Det var eit tilbod frå filmskapar Merete Offerdal Tveit i regi av Den kulturelle skulesekken. Uskedalen var ein av sju skular som takka ja til bilbodet. Før filminga måtte elevane finna tema og laga utkast til manus. Etter ei grundig førebuing med feltarbeid kom klassen fram til at ein ville dokumentera ein skuledag på Haugland gamle skule.
13.12.2018
Julegraut og juleverkstad for 5. klasse.

Dei 17 elevane i 5. klasse ved Uskedal skule fekk ei spesiell oppleving i går, då dei fekk vera med på juleverkstad og julemat hos Elins Matgleder. Åse Neset Myklebust,  kontaktlærar for 5. klasse, fortel at elevane var gode nøgde med opphaldet.
13.12.2018
40 juletre av beste kvalitet vert selde ved Elins Matgleder.
Juletresalet er i full gang. Geir Enes har vore i Sandeid og henta heim 40 edelgran av beste kvailitet. Dersom omsetnaden er god, vert det henta meir. Juletrebonden heiter Svein Bjarte Slåke og har spesialisert seg på produksjon av juletre av typen Nordmanna edelgran. Juletresalet i Uskedalen starta måndag i denne veka og held fram til jul.
12.12.2018
Rustne Menn på Rehab.
Song- og musikkgruppa Rustne Menn hadde eit spesielt oppdrag i går. Gruppa valde å ta turen til Stord sjukehus med konsert på Fysikalsk medisin og rehabiliteringssenter. Konserten var på dagstova og samla brukarane og personale på avdelingen. Det er kjend for dei fleste ar Reidar Myklebust, ein av gruppa sine faste medlemer, er på opptrening etter eit slagtilfelle tidlegare i haust.
11.12.2018
Julekonsert med kor, korps, solistar og gjester.
Alt er klart for ny julekonsert i kyrkja sundag 16. desember kl. 19. Målet med konserten er å skapa refleksjon og julestemning gjennom ord og tonar. Leif Inge Heimvik frå Utåker les juleevangeliet som ein monolog der han formidlar julebodskapen på på ein trygg og god måte utan manus. Tre korps, trekkspelklubb og eit kyrkjekor er med på konserten. Det same er gjester og ikkje minst kantoren Eva Megyesi.
10.12.2018
Bibliotek- og bokbussjubileum.
Kvinnherad bibliotek markerte på laurdag at det var 30 år sidan dei kom inn i nye lokale på Husnes. Før den tid hadde hovudbiblioteket vore i kjellaren i det som den gong var Samfunnshuset Husnes. Mobil bibliotekteneste i Kvinnherad med bokbuss har vore i 25 år. Per Myklebust var bokbussjåfør i nær på 10 år før han vart pensjonist.
09.12.2018
Julevandring i kyrkja - tilbod til barnehagane.
Kvart år er barnehagane i Uskedalen med på Julevandrig i kyrkja, ei dramatisering av juleavangeliet og Jesu fødsel. Det er tilsette i kyrkja med Jan Ove Fagerheim i rollen som Keisar Augustus. Med seg har han trusopplærar Torild Langeland og kantor Eva Megyesi. Julevandringa er eit tilbod til dei eldste borna i Dønhaug Gardsbarnehage og Uskedal barnehage.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS