Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Skapte den heilt gode konsertstunda!

26.11.2017
Klikk på bilete for full storleik
Super konsert med Rosendal songlag, Jazzverket og gjester.
 
Det vart ei herleg konsertstund for både publikum og aktørar under konserten i Kvinnherad kyrkje laurdag kveld.  Ei mest fullsett kyrkje fekk oppleva eit svært variert program med høgt nivå.  Lovorda etterpå var mange, og frå publikum vart det uttrykt ønske om at dei ville ha meir samarbeid mellom Jazzverket og det over 100 år gamle Rosendal songlag.
 
Songlaget viste seg som ein særdeles sprek 114-åring, og det var tydeleg songarane  og dirigent Eva Megyesi stortrivdest i samspel med medarrangør Jazzverket og gjestene deira.  Det var eit variert, sprekt og spennande program som vart presentert under konserten.  Variasjonen og kvaliteten vart understreka av eit songkor i toppform, jazzverket som alltid leverer topp presentasjonar, eit sjarmerande barnekor som viste songglede lengre enn til by`n krydra med dei to dyktige vokalistane Ananda-Gopi Storegjerde og Atle Fredheim, og uskedelingen Vegard Døssland som hadde tatt med trompet og flygelhorn over fjellet frå Oslo.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Allsidige Atle Fredheim, ein gong trombonist i Uskedal skulemusikk og Uskedal musikklag, er ein dyktig songar.
Det starta med Powel Ramel sin Vals i tango, og etter det fulgte nummera som perler på ei snor.  Vakre framføringar!! Her gjekk det rett frå ein nydeleg versjon av Thad Jones-klassikaren A Child is born med herlege solistpresentasjonar til Hvis kyr kunne mjaue med heile ensemblet med med dei sjarmerande, flinke, songglade og rytmesterke Småjazzarane, leia av Atle Fredheim, som frontfigurar.  Herleg!! Eit blinkskot!!  Då fekk også Jazzverket oppfylt ein draum dei har hatt lenge; - å spela saman med eit barnekor.
 

Seinare i konserten gjekk det rett frå ei flott framføring av O Come, All Yee Faithful (Adeste Fideles),  med Rosendal songlag åleine til Chick Corea-klassikaren Spain med heile ensamblet.  Kven hadde trudd at ein nokon gong skulle få oppleva dette med Rosendal songlag?  Råtøfft og knallbra!!

 
Vi kan ikkje nemna alle dei 15 nummera som vart presentert på ein time og eit kvarter, men då det nærma seg slutten fekk vi igjen oppleva sjarmerande publikumsfavorittane i Småjazzarane i Petter Mathiesen før vi fekk ei vanvittig vakker framføring av April Song(Sara Mitra) der den kraftfulle og nydelege stemma til Ananda-Gopi Storegjerde verkeleg kom til sin rett.  Det heile vart runda av med Jolly, Jazzy Christmas, før etter velfortent og langvarig applaus var tid for ekstranummer.  Småjazzarane vart kalla fram att, og heile ensemblet trødde til med Petter Mathiesen.
 
Nemnast må det også at Rosendal songlag presenterte tre solistar frå eigne rekkjer.  Lina F. Storegjerde og Unni V. Nedrevåg i Mary, did you know? og Lina F. Storegjerde og Benedichte Indergård  i In The Bleak Midwinter.  Desse oppgåvene kom dei flott frå.
 
 
 
I Gopi Storegjerde har Jazzverket ein topp vokalist!
Aktørane som gav oss denne opplevinga var ein herleg miks.  Vi håpar dei gjentek samarbeidet.  Her ligg muligheter for fleire gode prosjekt.  Å trekkja inn Småjazzarane var ei genistrek, men det var den gode miksen av dyktige aktørar, unge og eldre, som sikra suksessen.  Det er jo feil å nemna nokon spesielt, men eg gjer det likevel.  Eg er svært begeistra for stemma og framføringane til Ananda-Gopi Storegjerde.  Eg har hatt gleda av å ha hørt ho mykje dei seinare åra.  Ho har alltid vore god, men eg syns berre ho blir betre og betre.  Eg skjønar godt at Jazzverk-slagverkar Torkjell Nerhus omtalar ho som 'gullstrupa frå Løfallstrand'.
 
Kjekt er det også at to sentrale bidragsytarar i konserten Atle Fredheim og Vegard Døssland starta med musikk i Uskedal skulemusikk.  
 
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 17.des.2017
I dag er det trekt ut to nye, heldige vinnarar på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar:

1. Spekepølse, gjeven av Friheim Gardsmat er vunnen av eigaren av kalendar nr.457

2. To utelampar til ein verdi av 600,-kr, er vunne av eigaren av kalendaren med nr.194.      Vi gratulerer dei to heldige vinnarane!!

tid
16.12.2017
Skitrekket opnar søndag kl.10-16.
Fjellhaugen skisenter har sendt ut følgjande hyggelege melding:Anlegget er klart, og vi har snø MEN det er ikkje meir snø enn vi må ha. Vi må derfor sperra av enkelte partier pga lite snø, og vil be alle gjester om å respektere sperringer og til å kjøre i preparerte områder. Vi vil be alle om å enten betale for parkering i kiosken, eller å bruke Vipps til dette. Merk at det er dårlige forhold for telefon og at ein godt kan betale med Vipps på forhånd.   Barnetrekket er gratis.

tid
16.12.2017
Styrketreninga til helselaget tar juleferie.
Helselaget melder at dei tar fri frå styrketreninga måndag 18.12.17i. Helselaget ynskjer alle deltakarane God Jul.
Dei skriv vidare at dei møtest att måndag 08.01.18 kl. 11.00 i Gamleskulen. Kanskje finn også nokre nye vegen til Gamleskulen den dagen? Vel møtt.

tid
16.12.2017
Flotte forhold i Fjellhaugen i dag.
Fjellhaugen skisenter melder følgjande: 

- Flotte forhold i Fjellhaugen om dagene. Det er i dag -8,5 no klokka 10:40 Lysløypa er preparert og det er kjørt spor til Nautavatn med trakkemaskin. Velkommen til fjells. Husk å vippse parkering og løypeavgift til Fjellhaugen Skisenter. Eventuelt, så har vi to kvite postkassar som kan nyttast.

Dei arbeider også med klargjering av alpinanlegget som ikkje er opna for sesongen enno.

tid
16.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 16.des.2017
I dag er det trekt ut to heldige vinnarar:

1.  Gåvekort på 500,-kr, gjeve av SmakifråOska, er vunne av den som har kalendar med nr. 11.  Sidan Oska dessverre har siste opningsdag i dag, vert dette litt spesielt.  Dersom vinnaren vil nytta seg av gåvekortet på Oska i kveld(lørdag), må ein ta kontakt med Hege Lekva (mobil 988 07 713) i dag.  Hvis ikkje, vil vinnaren få gåvekort på ElKjøp til same verdi, 500,-kr.

2. Sitjeunderlag til verdi 349,-kr, gjeve av Kulør Rosendal, er vunne av eigaren av kalendar med nr.219.    Vi gratulerer begge vinnarane!

tid
15.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 15.des.2017
I dag har vi trekt ut to heldige vinnarar som får to flotte gevinstar:

1. Gåvekort på klypp, verdi 450,-kr., gjeve av Zjakk frisør, går til eigaren av kalendar med nr.163.

2. Hettejakke og T-skjorte, gjeve av Festidalen, er vunne av eigaren av kalendaren med nr.446.    Vi gratulerer dei to heldige vinnarane!

tid
14.12.2017
Populær video av musikklagsveteranane.
Uskedal musikklag si framføring av A Perfect Day, (Ein Herleg Dag med nynorsk tekst av Svein A. Sunde), er blitt populær etter julekonserten i Uskedal kyrkje på søndag.  Frode Sæbø tok video av den med mobil, har lagt videoen ut på Facebook, og no er den sett nærare 1000 gonger.   De kan også sjå framføringa ved å klikka HER.

tid
14.12.2017
Fiskane i anlegget utanfor Skorpo vert fora frå Rosendal.
På framsida i dagens Grenda er det eit herleg avslappa bilde av Oddmund Soldal i arbeid på Lerøy Sjøtroll sitt tilvekstsenter i Rosendal.  Derfrå vert fisk i Lerøy Sjøtroll sine oppdrettsanlegg i Sunnhordlandskommunane fora. Det er også fleire uskedelingar som jobbar ved tilvekstsenteret i Rosendal.  Jonny Hansen er nemleg driftsleiar for senteret.  Les meir om dette i Grenda som er sendt ut til alle husstandar.

tid
14.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 14.des.2017
I dag har ein heldig vinnar vunne Lego friends til verdi av 500,-kr, gjeve av Husnes Storsenter på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar.  Vinnaren har kalendar med nr.64.  Vi gratulerer den heldige!!

tid
13.12.2017
Arbeidet på nybygget til Lio Sag godt i gang.
Arbeidet på nybygget til Lio Sag og Treforedling AS(Rune og Reidun Myklebust) på Husnes industriområde er godt i gang.  Planeringsarbeidet er gjort, og støypearbeidet er starta.

tid
Siste Nyhende
17.12.2017
Oska har takka for seg.
Oska, restauranten med dei fantastiske måltida, har no dessverre slutta av.  Denne helga var dei siste opne arrangementa på restauranten, julebord kombinert med ein flott konsert på fredagen, og julebord med ein triveleg quiz med bra med lag laurdagen.  No gjenstår berre nokre bestilte arrangement og utrydding.
16.12.2017
Siste konserten på Oska.
Konserten fredag kveld med Håkon Røstbø og døtrene Ingrid og Astrid Fjellandsbø Røstbø, med Ove Eikemo som bassist, vart den siste konserten i dette etablissementet.  Som kjent innstiller Oska verksemda etter førjulsquizen laurdag.  Ei betre avsluttingsmarkering enn denne konserten kunne vel ingen ynskja seg. 
16.12.2017
Den komplette julebutikken.
Dei som ønskjer å vera litt effektive i julehandelen, gjer lurt i å svinga oppom Feet og Elins Matgleder.  Der finn ein nemleg det meste som ein treng til jul.  Elins Matgleder byr på langt meir enn julekjeks og bakverk.  Her finn vi eit godt og spennande utval i julegåver, julepynt, fine juletre og julenek for å nemna noko.
14.12.2017
Stenging av vatnet fredag kl. 9.
Leiaren i Uskedal vassverk, Hans Reidar Kjærland, opplyser at dei må stengja vatnet for abonnentar frå Skulebruo og innover til Korsnes frå kl.9 i morgon, fredag.  Stenginga berører ikkje abonnentar på Kjærlandssida.  Kjærland seier at det er usikkert kor lenge abonnentane vil vera utan vatnet, men lovar at dei skal få det tilbake så fort som mogeleg.
14.12.2017
Mykje fint i julekrambua i Uskedalen.
Dersom nokon har problem med å finna dei rette julegåvene, kan det vera svært lurt å ta ein tur til julekrambua til Inger Lise Eidsvik i Uskedalen.  Det lyser jul frå fint pynta vindauga frå utsida, og når du kjem inn i butikken har Inger Lise mykje fint å by på.  Ofte er det ting som er vanskelege å finna i andre butikkar, og prisane er svært gunstige, forsikrar ho.
13.12.2017
Oska sluttar av.
Roy Lervåg har bestemt seg for å slutta av drifta av restauranten Oska på Sandakaien etter vel 2 års drift.  Dermed misser Uskedalen eit tilbod i bygda som har vore omtala  langt utanfor Kvinnherad sine grenser for den vidunderlege maten som har blitt servert.  Dette er svært trist for Kvinnherad og spesielt Uskedalen.  Vi kjem til å sakna Oska, og vi kjem til å sakna Roy Lervåg med den fantastiske maten.
13.12.2017
Ønskjer kandidatar til frivilligprisen 2017.
Frivilligprisen for 2017 skal delast ut på nyåret, og Kvinnherad frivilligsentral ønskjer no framlegg på kandidatar til denne.  Leiar ved frivilligsentralen Veronica Thorkildsen Thorsen seier at ho veit at Uskedalen er full av flotte frivillige, og ho ønskjer også inn gode kandidatar her frå bygda.  Dei vil ha inn framlegga innan 20.desember.
13.12.2017
24 vinnarar er trekt ut på adventskalendaren.
Til no er det trekt ut 24 gevinstar på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar.  Eg har allereie vore svært nær vinnarnuimmeret to gonger, og spenninga held fram.  Frå fleire har vi vorte oppfordra til å repetera vinnartala, og det gjer vi så gjerne.  Dermed kan dei som ikkje har vore innom nettsida dagleg få sjekka kalendarane sine.
13.12.2017
Mykje fint og utvida opningstider hos Gros Blomster.
Blomsterbutikken midt i sentrum lyser verkeleg opp både i jultida og elles i året.  I den mørke førjulstida pyntar den ekstra opp der den ligg like ved den store staselege julegrana vår.  Ein kan verkeleg ikkje unngå å koma i julestemning når ein passerer sentrum av bygda vår. 
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS