Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Dekkskifte og dekkhotell på Auto 88.

14.11.2017
Klikk på bilete for full storleik
Anve Gausvik og dei andre mekanikarane har det travelt i denne veka med dekkskifte.
 
Med kaldare og meir ustabilt ver er det tid for dekkskifte. Det er noko personalet på Auto 88 merkar godt om dagane. Langt fleire  vel å ha dekka sine på såkalla dekkhotell. Medekna i prisen er dekkskifte, reinhald og lagring. I god tid før dekkskifte ser fagfolk over dekka og melder frå til kunden dersom det er trong for byte.
 

Dekkhotell er ikkje nytt, men behovet har auka kraftig dei siste åra. Det har ofte samanheng med  maglande lagrinsplass heime og det at kunden får ei teneste utført på ein fagleg og forsvarleg måte. Ei anna viktig teneste er hjulstilling. Rett hjulstilling er eit viktig førebyggjande tlltak i høve til rett slitasje.

 

Alle kundane ligg inne med rett informasjon i eit dataprogram. I tilegg vert alle dekk merka med nummer og namn på eigar. Dekka vert lagra mørk og kjølig. Auto 88 sel dekk av ulike merke. Det kan vera piggdekk eller piggfrie vinterdekk. Mange kundar er nøyen med skifte  før 1. november, andre ventar og er meir påverka av veret. I denne veka med temperaturar kring 0 grader og glatte vegar, er det kø og stor pågang for dekkskifte.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Jarle Saghaug

 
Klikk på bilete for full storleik
Rett hjulstilling er eit viktig fførebyggjande tiltak for å hindra feil slitasje på dekka.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.02.2018
Rustne Menn til Utåker i dag.
Song- og musikkgruppa Rustne Menn er invitert på kafe på Utåker i dag, tysdag 20. februar, mellom kl. 11 og 13. Det er eit dagtilbod i skulen kvar tysdag i februar månad. Bygdalaget er tilskipar. Rustne Menn vil underhalda med føredrag og allsong.

kb
19.02.2018
Påmelding til Telenorrennet på torsdag 22. febr.
Det er tid for påmelding til Telenorrennet som vert skipa til torsdag ettermiiddag og kveld. Det er eit sponsa rett og det premiar til alle. Dei under 10 år går berre prologen på 850 meter i fristil. Dei over 10 år går i tillegg heat og finale. Prologen tel med i skikarusellen.

kb
19.02.2018
Ring RiksTV og problemet med hakkinga vert løyst.
Gerd Myklebust fortel til Uskedalen.no at alle som har RiksTV og som er plagd med hakking i sendinga, må ringja telefon 22883790 og oppgje kortlesar og nummer på kortet. Feilen vert retta digitalt innan ein time. Det har ho gjort og no er sendinga god. Viktig at kunden tek direkte kontakt med RiksTV.

kb
18.02.2018
Årsmøte i Uskedal Helselag 6. mars.
Det vert kunngjort at årsmøte i Uskedal Helselag vert tysdag 6. mars kl. 19 i Gamleskulen. I tillegg til vanleg sakliste er det høve å melda inn saker. Dette må gjerast innan 25. februar til styret. Det same gjeld søknader om støtte.

Styret
17.02.2018
Gudsteneste 1. sundag i fastetida.
Soknerådet minner om gudstenesta i morgon, sundag 18. februar kl. 11. Gudstenesta er ved sokneprest Lina Håland og kantor Eva Megyesi. Ein vil i gudtenesta prøva å øva inn nokre nye salmar.

kb
17.02.2018
Irriterande hakking på RiksTV.
Det er registrert irriterande hakking på RiksTv. Problemet er teke opp med RiksTV, utan resultat så langt. Alle, som har dette problemet, vert oppmoda om å melda frå til RiksTV via Facebook eller gå inn på www.rikstv.no/kundeservice og bruka E- post adressa der..

kb
15.02.2018
Elins Matgleder - ope på laurdag 17. februar.
Elins Matgleder har ope laurdag 17. febr. Det er siste laurdagen med brødbaking på ei stund. Etter ei travel tid i det nye året, legg Elin og familien inn ferie og tur til Spania frå 24. februar.

kb
15.02.2018
Møteveke i Bedehuset.
Det er møteveke i Bedehuset i perioden 14. til 18. februar. Talar er Olav Eikemo. Onsdag, torsdag og fredag tek møta til kl. 19. På laurdag vert det familiemøte kl. 16. Møteveka vert avslutta sundag kl. 14.

kb
14.02.2018
Årsmeøte i Fagforbundet si pensjonistgruppe.
Pensjonistgruppa i Fagforbundet hadde sitt årsmøte i Gamleskulen i dag, onsdag 14. februar. Det var innlegg om brannvern i heimen v/ Brannsjefen i kommunen. Song- og musikkgruppa Rustne Menn hadde innslag før sjølve årsmøte tok til.

kb
13.02.2018
Film om Gunnar Haugland på Rubbestadneset.
Det er laga film om Gunnar Haugland, frå Klammeren og som bur på Rubbestadneset. Gunnar er blind og filmskaparen, Finn Bakke, har brukt 2 - 3 månader på filming og redigering. Mykje av filminga er frå verkstaden og arbeidet med produksjon av krakkar. Filmen har tittelen: Naboen min. Musikken er av Kenneth Sivertsen. Uskedalen.no skriv meir den dagen filmen vert lagt ut på YouTube.

kb
Siste Nyhende
19.02.2018
Begge barnehagane scorar over snittet på foreldreundersøking.
Både Dønhaug Gardsbarnehage og Uskedalen barnehage scorar over snittet på foreldreundersøking gjennomført av Utdanningsdirektoratet. Foreldra vart mellom anna spurde om kor nøgde dei var med ute- og innemiljø, trivsel og utvikling  hjå barnet. Topp score er 5 og Dønhaug Gardsbarnehage kjem best ut av to barnehagar i Uskedalen med ein karakter på 4,8. Uskedalen barnehage kjem ut med 4,3. Hatlestrand barnehage og Mauranger barnehage toppar lista med karakteren 5.
18.02.2018
Kom og ver med på salmekveld i kyrkja, måndag kl. 19.
Soknerådet i Uskedalen inviterer til salmekveld i kyrkja måndag 19. februar kl. 19. Salmane er henta frå Norsk salmebok 2013, frå dei bolkane som har tema: Forvaltaransvaret, rettferd og fred, årsskifte og kveld. Kyrkjekoret Nordsang syng til opning og det vert soloinnslag ved kantor Eva Megyesi.
18.02.2018
Rosendal/Uskedal J02-03 vant Trio Cup 2018
Trio cup 2018 vart arrangert i helga 17. og 18. februar. Laurdag var det klasse J16 og G16 som var i sving. I klassen som J02-03 spelte var det 9 deltakande lag frå Kvinnherad og Odda.
17.02.2018
Utsiktsrydding på Friluftsplassen og på Nedre Fet.
Med bakgrunn i søknad er det løyvd kr. 56.000,- til Utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap. Arealet er Friluftsplassen og på elvekanten frå elvosen til om lag 100 meter ovom brua. Mykje av arbeidet er gjort. Noko står att, men vert gjort no på vinteren. Partane i dette prosjektet hadde nyleg møte om bruken av tildelte midlar og la ein plan for vidare arbeid.
16.02.2018
Karneval i Uskedalen barnehage - Biletserie
I barnehagen vår er det tradisjon at i samband med at sola kjem attende til bygda, markerer vi at det går mot lysare tider med solfest og karneval.
16.02.2018
Har du lyst å spele fiolin? Torsdag kan du få prøve instrument.
Dei seinare åra har det vore svært mange flinke fiolinelevar i kulturskulen, og ein del av dei er frå Uskedalen.  Den dyktige fiolinlæraren Olena Pasichnyk fortel at dei har plass til fleire elevar på dette instrumentet frå hausten, og ho ønskjer svært gjerne fleire frå Uskedalen.  Derfor kan dei som er interessert, koma og prøva instrument på skulen førstkommande torsdag.
15.02.2018
Ein sterk og rørande film om Gunnar Haugland.
Finn Bakke har laga film om Gunnar Haugland, frå Klammeren på Haugland i Uskedalen, og som har budd på Rubbestadneset i mest heile sitt yrkesaktive liv. Filmen er på 13 minuttar og vi vert kjende med Gunnar i snikkarverkstaden, ute på tur med førarhunden sin og i heimen. Gunnar Haugland er blind, bur åleine i huset sitt og treng eigenleg lite hjelp til daglege gjeremål.
15.02.2018
Raga Rockers og Fagernes Yatch Club til Festidalen
Med Raga Rockers og Fagernes Yatch Club på plass, er Festidalen omlag halvegs i
programmeringa. Frå før er Hkeem, Fanny Andersen, Lars Vaular og I am K sikra. Og no går det fort. Berre småting står att før plakaten er full.
15.02.2018
Lågspenten lagt i jordkabel på Nedre Fet.
Straumførande ledningar vert lagt i jordkabel frå trafokiosk på Sjøhaugen til Inger Moberg sitt hus på Nedre Fet. Prosjektleiar er Hermann Skromme i Kvinnherad Energi. Byggservice er entreprenøren som er tildelt sjølve arbeidet. Tlltaket vert gjort mellom anna for å bort blanke ledningar.
Sponsorar
Auto 88
kvinnheringen
Spar
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Byggeriet
Stord Lufthamn
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Breiband
iDrift AS
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Elektro
Uskedal Røyr og Multiservice
Gros Blomster
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS