Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Tyding av stadnamn i Uskedalen viktig del av førelesing.

09.11.2017
Klikk på bilete for full storleik
Bottolv Helleland syner Ulvanoso som eit av dei storslagne fjella i Kvinnherad, eit samansett namn av ulv og lekamsdelen ei nase. Landskapet syner eit bratt framspringande fjell.
 
Professor emeritus Bottolv Helleland med slekt i Omvikdalen samla 100 tilhøyrarar på møte i Senioruniversitetet til ei lærerik førelesing om stadnamn i Kvinnherad. Mange av døma hans var kjende stadnamn i Uskedalen, som Eik, Fet, Døssland, Kjærland, Haugland, Musland, Myklebust, Skorpo og Rød. Framom alle er namnet Ulvanoso plassert i eit storslage landskap, synt på storkjerm i samfunnshuset i Rosendal.
 

Stadnamna er den beste dokumentasjonen vi har om eldre kulturminne. Namna fortel mykje om fortida, om landskapet og ikkje minst om lokale munnlege tradisjonar  og stadbundne uttrykk. Stadnamn har alltid stor allmenn interesse, dette fordi dei fortel noko om kven vi er, om lokal soga og ikkje minst om samtida.

 
Klikk på bilete for full storleik
Uskedalen, samansett namn med dal og Uske. Uske kjem trulg av elvenamnet Oska, ei elv der det er så mykje fisk som ein berre kan ynskja seg.

Mange i salen minnest den store innsamlinga av stadnamn av Oskar og Ragnvald Guddal på 1970 talet. Saminga er på over 32000 namn og er førebels arkivert på Nordisk institutt på UiB. Samlinga er ikkje digitalisert og dermed heller ikkje søkbar på nettet. Samlinga på over 32000 namn omfattar også registreringane som vart gjort i 1931/32 og 1946/47. Bottolv Helleland kjenner godt til dette arbeidet.

Helleland kom inn på fjellnamna Manen og Ulvanoso. Det fyrste har tydinga frå manen på ein hest. Ulvanoso er samansett av dyrenamnet ulv og lekamsdelen ei nase, ei bratt framspringande høgde på eit fjell.  Skorpo er eit vanleg øynamn. Namnet fortel noko om landskapet som har ei avrunda form.

 
 

Gardsnamnet Eik kjem av tresalget eik. Tydinga Fet er litt verre, men det kjem av ei fete, ei flate. På Hardangervidda snakkar ein om stølsfete, ei flate ved selet. Det samansette gardsnamnet Døssland kjem av døs/dys som fortel at her har der vore gravrøyser. Myklebust er kjend som den store buplassen.

 

Audun Eik spurde om kva ein kunne gjera for å retta feil på karta frå Kartverket. Han nemnde Børsdalen som på kartet er skrive Bergsdalen. Helleland sa ikkje at dette var direkte feil, men her burde ein halda seg til den munnlege tradisjonen og retta kartet til Børsdalen. I framlegg til revidering av skrivereglar av stadnamn, ei sak som er ute på høyring, vert det høve til å retta slike feil og la den lokale  munnelege seiemåten vera avgjerande for val av skrivemåte.

 

I pausen snakka Uskedalen.no med professor Helleland om skrivemåten Uskedalen - Uskedal, i bunden eller ubunden form. Det opphavelege her er Uskedalen i bunden form. Kanselispråk og seinare namnebruk på dampskipskaien og postplassen har truleg ført til bruken Uskedal. Det er noko som har kome til dei siste 150 åra.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Leiv Guddal som nyleg er tildelt Kulturprisen 2017, i samtale med professoren. Leiv Guddal er son til Ragnvald Guddal, han som saman med Oskar Guddal, stod for det store innsamlingsarbeidet av stadnamn i Kvinnherad på 1970 talet.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.02.2018
Restauranten Smakifrå AS er konkurs.
Då restauranten Smakifrå stengde dørane før nyttår i fjor, var det uvisst om det vart meldt oppbod. No er det kjend at Smakifrå AS er konkurs. Stenginga av Oska er eit  tap og stort tilbakesteg for Uskedalen, med det tilbodet Roy Lervåg hadde for fastbuande og tilreisande.

kb
19.02.2018
Idrettslaget treng nye styremedlemer.
Årsmøte i Uskedal Idrettslag er 19. mars kl 19 i Gamleskulen. Saker må meldast innan 5 mars. To styremedlemer er i avgang. Difor treng Idrettslaget nye kandidatar til styret og vonar at nokon melder seg frivillig på den adressa du finn på heimesida deira.

kb
19.02.2018
Rustne Menn til Utåker i dag.
Song- og musikkgruppa Rustne Menn er invitert på kafe på Utåker i dag, tysdag 20. februar, mellom kl. 11 og 13. Det er eit dagtilbod i skulen kvar tysdag i februar månad. Bygdalaget er tilskipar. Rustne Menn vil underhalda med føredrag og allsong.

kb
19.02.2018
Påmelding til Telenorrennet på torsdag 22. febr.
Det er tid for påmelding til Telenorrennet som vert skipa til torsdag ettermiiddag og kveld. Det er eit sponsa rett og det premiar til alle. Dei under 10 år går berre prologen på 850 meter i fristil. Dei over 10 år går i tillegg heat og finale. Prologen tel med i skikarusellen.

kb
19.02.2018
Ring RiksTV og problemet med hakkinga vert løyst.
Gerd Myklebust fortel til Uskedalen.no at alle som har RiksTV og som er plagd med hakking i sendinga, må ringja telefon 22883790 og oppgje kortlesar og nummer på kortet. Feilen vert retta digitalt innan ein time. Det har ho gjort og no er sendinga god. Viktig at kunden tek direkte kontakt med RiksTV.

kb
18.02.2018
Årsmøte i Uskedal Helselag 6. mars.
Det vert kunngjort at årsmøte i Uskedal Helselag vert tysdag 6. mars kl. 19 i Gamleskulen. I tillegg til vanleg sakliste er det høve å melda inn saker. Dette må gjerast innan 25. februar til styret. Det same gjeld søknader om støtte.

Styret
17.02.2018
Gudsteneste 1. sundag i fastetida.
Soknerådet minner om gudstenesta i morgon, sundag 18. februar kl. 11. Gudstenesta er ved sokneprest Lina Håland og kantor Eva Megyesi. Ein vil i gudtenesta prøva å øva inn nokre nye salmar.

kb
17.02.2018
Irriterande hakking på RiksTV.
Det er registrert irriterande hakking på RiksTv. Problemet er teke opp med RiksTV, utan resultat så langt. Alle, som har dette problemet, vert oppmoda om å melda frå til RiksTV via Facebook eller gå inn på www.rikstv.no/kundeservice og bruka E- post adressa der..

kb
15.02.2018
Elins Matgleder - ope på laurdag 17. februar.
Elins Matgleder har ope laurdag 17. febr. Det er siste laurdagen med brødbaking på ei stund. Etter ei travel tid i det nye året, legg Elin og familien inn ferie og tur til Spania frå 24. februar.

kb
15.02.2018
Møteveke i Bedehuset.
Det er møteveke i Bedehuset i perioden 14. til 18. februar. Talar er Olav Eikemo. Onsdag, torsdag og fredag tek møta til kl. 19. På laurdag vert det familiemøte kl. 16. Møteveka vert avslutta sundag kl. 14.

kb
Siste Nyhende
21.02.2018
Nytt og betre webkamera i campingen og båthamnene.
Knut Andreas Myklebust har ytt ei teneste med webkamera som dekkar elvosen, campingen, båthamnene og område rundt. Mange har sett pris på dette tilbodet. Det gjeld særleg dei med bubilar og hytter på campingen og dei med båtar i Øyro Marina og i Uskedal båtlag si hamn. Mange sit langt borte og er oppdatert på situasjonen i Uskedalen, til dømes ved dårleg ver.
20.02.2018
Sjømannsgrava på Curacao er funnen og vert restaurert.
På reise til Karibien og Curacao før jul vart grava til Oskar Selmer Bringedal funnen på den protestantiske kyrkjegarden Fortkerk. Bringedal døydde etter ei fallulukke på MT ANNA KNUDSEN i november 1938. Han er gravlagd på den nederlandske øya Curacao. I dag reiser sonen, Johan Bringedal, og barnebarna Oskar og Per til Curacao for å sjå til at grava vert restaurert og få markert hendinga med ei minnestund.
20.02.2018
Attval av styret i Uskedal Båtlag.
Alle i styret i Uskedal Båtlag tok attval på årsmøte i kveld. Årsmeldinga skildrar eit godt og aktivt år der mange tiltak er løyste. Ny strandstove er på plass og det er grøfta og drenert langs hamna. Det vert arbeidd med å få lagt ny asfalt på plassen. Bygningsmassen er målt og det er utført eit flott arbeid med felling av trær langs Kyrkjevegen.
20.02.2018
Regionsmøte for helselaga i Kvinnherad.
Regiosmøtet for Nasjonalforeningen for folkehelsen vart avvikla i Uskedalen, Gamleskulen 15.02.18. Dagleg leiar for fylkeskontoret, Åse Fretheim kom frå Bergen i stormen. 18 helselagsdamer frå Løfallstrand, Rosendal, Seimsfoss, Uskedalen og Husnes var med på møtet. Dei frå Hatlestrand kom ikkje på grunn av veret og tvilsam ferje.
20.02.2018
Kvinnherad Turlag med mange turar i Uskedalsfjella.
Den nye turkatalogen Ta turen 2018 frå Kvinnherad Turlag syner at heile 5 turar er lagt til fjella i Uskedalen. Det er eit utvida tuilbod i høve til det som har vore før. Det einaste vi saknar er Barnas Turlag med aktivitetar ved Fjellansbøvatnet. Kvinnherad Turlag med sin leiar Kjell Yri inviterer til stor markering torsdag 8. november. Då er turlaget 20 år.
19.02.2018
Mange lite kjende salmar - mange fine tonar

Uskedal sokneråd hadde bede inn til salmekveld i kyrkja måndags kvelden, og om lag 25 'medaktørar' hadde benka seg då Kristian Bringedal yngste velkomen kl. 19. Måndagen er ein god kveld for salmekveldar. Kyrkjekoret Nordsaang øver i kyrkja og hadde høve til å vera med på opninga med salmane GI oss no ei nådestund og Min største hjertens glede.
19.02.2018
Begge barnehagane scorar over snittet på foreldreundersøking.
Både Dønhaug Gardsbarnehage og Uskedalen barnehage scorar over snittet på foreldreundersøking gjennomført av Utdanningsdirektoratet. Foreldra vart mellom anna spurde om kor nøgde dei var med ute- og innemiljø, trivsel og utvikling  hjå barnet. Topp score er 5 og Dønhaug Gardsbarnehage kjem best ut av to barnehagar i Uskedalen med ein karakter på 4,8. Uskedalen barnehage kjem ut med 4,3. Hatlestrand barnehage og Mauranger barnehage toppar lista med karakteren 5.
18.02.2018
Kom og ver med på salmekveld i kyrkja, måndag kl. 19.
Soknerådet i Uskedalen inviterer til salmekveld i kyrkja måndag 19. februar kl. 19. Salmane er henta frå Norsk salmebok 2013, frå dei bolkane som har tema: Forvaltaransvaret, rettferd og fred, årsskifte og kveld. Kyrkjekoret Nordsang syng til opning og det vert soloinnslag ved kantor Eva Megyesi.
18.02.2018
Rosendal/Uskedal J02-03 vant Trio Cup 2018
Trio cup 2018 vart arrangert i helga 17. og 18. februar. Laurdag var det klasse J16 og G16 som var i sving. I klassen som J02-03 spelte var det 9 deltakande lag frå Kvinnherad og Odda.
Sponsorar
Auto 88
kvinnheringen
Spar
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Byggeriet
Stord Lufthamn
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Breiband
iDrift AS
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Elektro
Uskedal Røyr og Multiservice
Gros Blomster
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS