Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Spar Uskedalen sitt herlege sylteflesk er i salg.

08.11.2017
Klikk på bilete for full storleik
Du får det ikkje betre; - Spar Uskedalen sitt heimelaga sylteflesk!
 
Årets julebrus og julemenn har vore på plass i butikkane lenge utan at eg har følt meg frista til å smaka.  Men då Gunn Mari Moberg sitt sylteflesk kom i hyllene på Spar Uskedalen, pirra førjulsstemninga i meg.  Første dag eg oppdaga det, måtte eg berre kjøpa.  Eg måtte smaka!! Og aldeles herleg var det i år òg.
 
Etter at faren, Harald Nilsen, døydde for 20 år sidan, er det Gunn Mari Moberg som har sikra at kundane framleis kan kjøpa det velkjende og gode sylteflesket på butikken.
 
- Eg fekk heldigvis laga saman med han dei siste åra han levde, og det var derfor naturleg at eg heldt fram produksjonen.  Sylteflesket var alt då kjempepopulært og mange strøymde til Sanden for å sikra seg det, fortel Gunn Mari om oppstarten sin.  Ho fortel at faren i starten laga sylta heime på kjøkkenet, og det begrensa det til at det vart laga ei form i gongen. No brukar Gunn Mari det gode kjøkkenet i butikken, og ho lagar 8-10 former i slengen.  Ho skryt av den nye omnen og fortel at dei kan koka opp til 30 kg kjøt i gongen.
 
-  Det har no vorte tradisjon at vi startar første helga i november.  Eg har ikkje fast oppskrift, men brukar håndamål så smaken kan variera litt frå gong til gong, ja, faktisk frå form til form.  Ofte er eg litt for forsiktig med krydder i starten av sesongen, seier ho altfor beskjeden, og legg til at ho i år syntest det var litt for mykje salt og litt for lite pepar i første runden.
Underteikna kan avkrefta dette!  Det smaka knallgodt!  Middagen vart sløyfa denne dagen, og den gode erstatningen var skiver med sylteflesk.  Mmmmmmmmm....  Det set ikkje berre tankane mot ei jul med julestemning og mykje god mat.  Det får og fram gode minne om sylteflesket og all den gode heimalaga maten mor mi laga.  Gunn Mari sitt sylteflesk minnar meg sterkt om mi mat- og kjøkkenflinke mor.  Eg finn ikkje sylte i andre butikkar som kan måla seg med Gunn Mari si!
 
- Det er jo ei enkel oppskrift.  Eg passar på at svinekjøtet ikkje vert for feitt, og av og til brukar eg litt oksekjøt for å redusera feittet.  Elles er det berre salt, pepar og nellik i forhåpentlegvis passande dosar, fortel ho og prøver å få meg til å tru at det er enkelt, men eg veit noko anna Eg har endeleg prøvt!!
 
I dag har eg heldigvis kjøpt nytt brett med sylteflesk.  Det er mange som gjer det same.  Dei kjem ikkje berre frå heile Kvinnherad.  Gunn Mari fortel at mange som ferierer i Uskedalen om sommaren, kjøper julesylteflesket i Uskedalen. 
- Eg fekk forresten nett bestilling frå nokre som bur i Bergen, seier ho om det.  Underteikna kjenner også til sommarferiegjester frå Nordhordland som må ha ein Uskedalstur før jul.  Julesylteflesket frå Nilsen er eit must!  Det blir ikkje jul utan det!
 
Avslutningsvis spør vi Gunn Mari om det er annan lokal julemat som dei sel, som utmerkar seg.  Då svarar ho kjapt:
- Hjønnevåg sin lutefisk.  Den får vi mange gode tilbakemeldingar på!
 
Nei, julemenn, julebrus og anna kan berre venta, men sylteflesket klarer eg ikkje å styra unna.  Det må eg berre ha, også no i førjulstida!
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
22.06.2018
Vanlege opningstider på Gros Blomster.
Gros Blomster er tilbake til vanlege opningstider. Blomebutikken har ope slik:
Måndag - torsdag: kl. 09 - 16.30
Fredag: kl. 09 - 18
Laurdag: kl. 09 - 15.

kb
21.06.2018
SMIL midlar til sauegjerde.
Løyving frå SMIL midlane er til særskilde miljøtiltak i landbruket. Kjelrun Eik  er løyvd kr. 19.600,- til sauegerde på Eik i Uskedalen. Det er Formannsskapet som står for denne tildelinga.

kb 
21.06.2018
Advokatane Lomheim/Døssland startar for seg sjølve.
Edle Lomheim og Bjarte Døssland sluttar i Borgen Advokater og startar eige advokatfirma heime på garden på Døssland. Oppstarten er frå hausten 2018. Det er Kvinnheringen som skriv om dette på si nettside.

kb
19.06.2018
Ny pubkveld i Dønhaugkjedlaren på fredag.
Det vert ny pubkveld i Dønhaugkjedlaren fredag 22. juni. Den vellukka kvelden i mai månad gav meirsmak. Opplegget er det same,- ein uformell kveld med ei sosial ramme som høyrer ein gardspub til. Alle er velkomne i Dønhaugkjedlaren på fredag.

kb
19.06.2018
Klargjort for asfaltering i Ospelunden.
Alt er gjort klart for asfaltering i byggefeltet Ospelunden. Dersom alt går etter oppsett plan, vert alle vegar i byggefeltet asfaltert i neste veke. Det er lokalt firma som gjer jobben.

kb
19.06.2018
Spelemidlar til Uskedal Idrettslag.
Det  er løyvd Spelemidlar frå Norsk Tipping til to anlegg i Uskedalen: Idrettsanlegget Kunstgrasbanen: kr. 772.000,- Nærmiljøanlegget Klatreparken: kr. 300.000,- Søkjar er Uskedal Idrettslag.

kb
17.06.2018
Nytt parkeringareal ved Uskedal skule.
I utdrag av kommunen sin vedlikehaldsplan finn vi nytt parkeringsareal ved Uskedal skule. Tiltaket er kostnadsrekna til vel 2 mill. kr og har oppstart i 2021. Det har lenge vore ynskje om meir parkeringsareal ved skulen og barnehagen.

kb
16.06.2018
Hugs gudstenesta i morgon med gjester frå India.
Gudstenesta i morgon, sundag 17, juni. kl. 11 vert litt utanom det vanlege.Ekteparet Essi og Mary David frå barneheimen i Umred i India vert med. I dei åra Lina Håland har vore sokneprest i Uskedalen, har soknerådet støtta arbeidet ho og familien gjer for born og ungdom i dette landet.

kb
15.06.2018
Paul Are Ljosnes - 4. plass i Mazdafinale.
Paul Are Ljosnes frå Uskedalen fekk saman med ein kollega frå Haugesund ein 4. plass i den norske Mazdafinalen for bilmekanikarar. Det er lagvis deltaking, ikkje individuell.

kb
15.06.2018
Visning på nyoppførte leilegheter i sentrum.
Sundag 17. juni kl. 17 vert det visning på nyoppførte leilegheter i Uskedalen med adresse Uskedalsvegen 510. Det er 6 seksjonar i bygget som går over tre etasjar. Det er inngang frå gateplan og heis. Meglar er DNB.

kb
Siste Nyhende
22.06.2018
Ivar Gundersen - ny banksjef i SpareBank1 SR bank.
Ivar Gundersen ( 52 år ) er tilsett som banksjef i SpareBank1 SR Bank på Husnes etter Synnøve Handeland. Gundersen kjem frå stilling som logistikkansvarleg på Kværner Stord. Før det han han hatt ei rekkje sentrale stillingar både på Kværner, i Statoil og Hydro. Ei tid hadde han arbeidet sitt i Odda.
21.06.2018
Sondre Klyve - beste nynorskbrukar i 10. klasse.
Kvinnherad mållag har dei siste 15 åra delt ut ein nynorskpris til den beste nynorskbrukaren på Rosendal ungdomsskulen. Etter samanslåinga med Husnes mållag gjeld ordninga også for Øyatun og Husnes ungdomskular. I går kveld, på avlsutningsfestane, vart utdelinga markert. Sondre Klyve frå Uskedalen fekk prisen på Rosendal ungdomsskule.
21.06.2018
Ei venare bygd trur eg ikkje er i Noreg enn Uskedal.

Ei venare bygd trur eg ikkje er i Noreg enn Uskedal. Ja, slik startar Uskedalssongen. Songen som blei skriven av Søren Feet for over 100 år sidan. Like aktuelt i dag. Uskedalen er i dag ei av dei finaste jordbruksbygdene på Vestlandet. Velstelte gardsbruk på rekkje og rad frå Eik og Steinsletto til Musland øvst oppe i dalen.

21.06.2018
Ein skuledag på Haugland skulemuseum.
I dag var det 4 klasse på Uskedal skule som la skuledagen til det som var Haugland skulekrins med skulestove frå 1893. 19 elevar, ein lærar og ein assistent var med i fylgje. Alle fekk ei innføring med praktiiske øvingar om skuledagen slik det var på ein liten krinsskule for 50 år sidan. Elevane var lydige og ingen vart sett i skammekroken eller fekk stryk.
20.06.2018
300 bilar kontrollerte i Uskedalen - ei begjering.
Statens vegvesen med fire inspektørar var i Uskedalen i dag og kontrollerte 300 køyretøy. Det vart skrive ut ei begjering, noko som er eit godt resultat. Av alle desse var det berre ein som ikkje brukte bilbelte. Ein kunne ikkje syna fram vognkortet. Målet med kontrollen i Uskedalen i dag er fokus på trafikksikkerhet og førebyggjande arbeid. Då er alt like viktig, sjølv om ein berre skal ein kjapp tur på butikken.
20.06.2018
Siger til J17 jentene mot Odda 9er
Tysdag kveld spelte J17 jentene til Rosendal/Uskedal (R/U) kamp på Uskedal kunstgrasbane mot Odda 9er. Også i denne kampen har R/U måtta låna spelarar frå J14 laget, deriblant er Maria som fekk sin debut kamp for J17 laget. Ina som til vanleg spelar med G15 laget, stilte også kampklar.
19.06.2018
Maria Larssen, lærar på Uskedal skule, går for mastergrad.
Maria Larssen, lærar på Uskedal skule i praktisk estetiske fag, presenterer masterarbeidet sitt i morgon, 21. juni, på Høgskulen på Rommetveit. Masteroppgåva hennar har tittelen: Langt fra perfekt - et undervisningsdesign i utvidet tegning. Maria Larssen er tilsett i 80 % stilling i Uskedalen og har studert parallelt ved å jobba i skulen. Ho har brukt fire år på studiet fram mot ein mastergrad.
18.06.2018
Journalisten Matti med veggen full av pressefoto.
Det er truleg fyrste gongen sidan opninga av Rosendal Aldersheim i 1957 at ein bebuar har tapetsert eine veggen på rommet sitt med pressefoto. Bileta syner aktuelle hendingar og personar i perioden 1980 til år 2000. Ola Matti Mathisen er sjølv fotografen og fortel utførleg bakgrunnen til kvart av motiva. Fotosamlinga på veggen tel 63 foto så langt, 24 motiv er frå 13 ulike land.
18.06.2018
Rosendal/Uskedal J17 vann jamn kamp
Laurdag var Rosendal/Uskedal J17 (R/U) laget til Arna og spelte kamp mot Arna/Bjørnar (A/B) på Garnes kunstgrasbane. Dette var siste borte kamp i vårsesongen. R/U har nok ein kamp med redusert spelarstall, bare 8 spelarar av J17 laget kunne stilla. Med god hjelp frå J14 laget får ein stilt lag.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS