Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kjell Musland sitt rim til utstillingsopninga.

05.11.2017
Klikk på bilete for full storleik
Kjell Musland framfører opningsrimet.
 
Under utstillingsopninga hos Galleri G Guddal søndag viste treskulptøren Kjell Musland fram ei anna side ved sitt talent.  Som den rimsmeden han er, framførte han opningsorda sine på rim.  Det vart svært godt motteke, og vi er takksame for at vi får trykkja det i sin heilskap her på Uskedalsida:
 
I årevis har eg jobba med kniv og sag.
Ja, eg vil sei eg har putla både natt og dag
Eg kan `kje sei det har gått fort som lyne
å lirka fram eit morsomt tryne
Eg har stee framfor speilet og gjort meg te
og prøvt å laga det same beint utav tre.
Men treet er kje alle plasser eg finn
Eg kan ikkje bruka anna enn lind
Så lite anna har gjort meg så gla som den dagen
så når lind bles ned i baronihagen.
Dette er kje så einsamt som mange trur
for plutseleg dukkar det fram ein figur.
Og kanskje er det ein som er litt segen
som eg har studert og følgt etter på vegen.
Eg likar ein som liknar på styggen
Litt høg rumpa og kort i ryggen.
Eg vil ikkje sei det er det same
å skjæra ut ei litt mindre fin dame.
Etter mange år har det rett og slett
fyllt stova og tettpakka gardinbrett.
Så heldigvis kom Gøril ned
og spurde om eg ville utstilla tre.
Eg takka snart ja og tok det som ei æra
så tenkte eg, ka i all store 'vera'.
Koss skal det gå med ein gut i frå bygdo
som no er komen til alderstrygdo.
Men så tenkte eg ja-ja-ja
Han der Pushwagen greidde no gjera da
Problemet var berre han kom i cabriolet
og eg kjem i ein 97 model Honda CRV
Men ser de det folkens, eg er litt fine
Har pynta meg her ved sida av Stine
Eg kan kje møta som ein fillefant
Når ein ser alt det fine ho lagar med blyant.
Så eg håpar de likar dåke saman med oss
Ein i frå bygdo og ei i frå Voss.
Og ein ting til eg håpar de gjere
likar det de ser både oppe og nere.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Artige skulpturar.
 
 
Foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.11.2017
Svar frå ordføraren til Bondelaget.
Ordføraren har alt svara på Bondelaget si fråsegn om Brannstasjonen og budsjettprosessen. H/SP har lagt inn budsjettauke til verksemda Teknikk og Miljø. Posisjonen vil halda på antal brannstasjonar som er i dag, men vil koma tilbake til saka når det føreligg ein heilskapleg plan for brann- og beredskap i kommunen.

kb
20.11.2017
Årsmøtetips til redaksjonen
Det er årsmøtetid i tida før og etter jul. Redaksjonen er takksam for tips og referat frå møta, gjerne med bilete. Vi er særleg interessert i kven som vert valde inn i styret og til andre viktige lagsoppgvåer. Uskedalen.no vil få fram kva som er prioriterte arbeidsoppgåver i 2018.

Redaksjonen
20.11.2017
Allsong i morgon, tysdag, på Tiaren.
Grunna reise vert det allsong på Kafe Tiaren i morgon, tysdag, og ikkje den siste tysdagen i månaden slik det plar vera. Songøkta er mellom kal. 12 og kl. 12.30.

kb
18.11.2017
Godt med snø i Fjellhaugen.
Det vert meldt om godt med snø og fine forhold i Fjellhaugen.  Lysløypa vert preparert kl.10 i morgon, søndag.

tid
18.11.2017
Uskedalsposten er i rute.
Uskedalsposten er i rute og magasinet er i sal i god tid før jul. Tore Mathiesen i redaksjonen jobbar med å få på plass alt stoffet, bilete og annonsar. Det er Hobbyklubben på Bedehuset som er utgjevar. Uskedalsposten har dei siste åra kome ut med to nummer i året.

kb
18.11.2017
Fleire Uskedals-lag brukar Vipps.
Dei fleste i bygda har nok registrert at dei kan betala med mobiltelefonen og Vipps når dei kjøper adventskalendar hos Uskedal skulemusikk.  Fleire andre lag har og teke i bruk denne lettvinte og praktiske betalingsordninga.  Vi kjenner til at i alle fall idrettslaget, båtlaget og Uskedal Utvikling er blant dei.  Også Uskedal sokneråd har no Vipps.  Nokre meiner kanskje det er unødvendig, men faktisk har soknerådet hatt spørsmål om Vipps frå utanbygds gjester som har ønskt å gje gåve ved utgang etter arrangement.  Privatpersonar kan enkelt lasta ned appen gratis.

tid
17.11.2017
Løyve til tre naust på Flatholm.
Etter samrøystes  vedtak i Forvaltningskomiteen vert det gjeve løyve til frådeling av tre nausttometer på Flatholm. Det er ein føresetnad at det vert inn inngått avtalar om rettar til køyreveg, gangveg og legging av leidningar over annan grunn. Saka skal til Fylkesmannen for såkalla klagevurdering.

kb
17.11.2017
Adventskalendarsalg på Spar på fredag.
Adventskalendaren til skulemusikken er svært populær, og no har musikantane vore rundt på bygda og selt.  Det er framleis gode muligheter for å sikra seg denne førjulsspenninga.  Fredag vert det salg på Spar Uskedalen, - i alle fall frå kl.15 og utover.  I tillegg er den å få kjøpt hos Gros Blomster og Elins Matgleder.  Eller de kan kontakta Hege Lekva,  mob. 988 07 713,  eller nokre andre i styret så ordnar dei det.

tid 
16.11.2017
Bente Haveland(Musland) gjer det framleis skarpt på fotballbanen.
Den tidlegare U-landslagsspelaren og toppscorararen i Toppserien, Bente Haveland oppvaksen i Korsnes, veit framleis kor målet står på fotballbanen.  36-åringen bur no på Knarvik, og vart denne sesongen toppscorar i lokalfotballen der.  Ho spelar no for samarbeidslaget ENK i 3.divisjon og scora 17 mål.  Bente har tidlegare spela på Rosendal og toppserieklubbane Sandviken og Arna/Bjørnar.

tid
16.11.2017
Har nokon bilde av melkebilen til Arne på Sanden?
Den bilinteresserte bussjåføren Lars Wang lurer på om noko har bilde av den siste melkebilen til Arne Myklebust.  Denne lastebilen vart vart også delvis brukt til persontransport då den hadde plass til nokre fleire passasjerar enn ein vanleg lastebil.  Mange har nok gode minne frå turar med denne bilen på 1960-talet og litt utover.  Dersom nokre skulle ha bilde, kan dei ta kontakt med Uskedalen.no, eller med Lars direkte.  Då vert den blide bussjåføren endå¨meir glad!!
tid
Siste Nyhende
22.11.2017
Haustkonsert med Rosendal Songlag og Jazzverket med gjestar
For nokre år sidan hadde Jazzverket ein adventskonsert i Kvinnherad kyrkje som er eit av dei absolutt flottaste konsertminne underteikna har med lokale aktørar.  Laurdag kl.19 er det ny konsert same stad, og då har dei fått Rosendal songlag med på laget.  I tillegg har dei med seg spennande gjester, og to av dei starta si musikalske karriere som korpsmusikarar her i Uskedalen.
22.11.2017
Andreas Tarberg leiar i Korsnes Vel.
På årsmøtet 25.10. vart Andreas Varberg vald til styreleiar i Korsnes Vel.  Med seg i styret har han Kurt M. Haugland(kasserar), Silje Øye(skrivar), Oddmund Soldal og Marian Hauso.  Dei to sistnemnde utgjer også dugnadsnemnda.  Vidar Koløy og Jan Berntsen er i valnemnda.
21.11.2017
Skifest på torsdag.
Oppdatert: Skimiljøet har glede av det stadig tettare samarbeidet mellom Kvinnheradslaga.  Nyleg var det felles treningsamling i Uskedalen, og torsdag møtest igjen skiløparane frå kommunen.  Då er det skifest med premiering frå fjorårets skikarusell i Aktivitetshuset.  Dette er eit godt innarbeidd og årvisst fellesarrangement.
20.11.2017
Julekomle og festmåltid, kakekafè og familejulebord.
Denne veka er det mange muligheter for å få seg ein smak av alt det gode som vert servert på restauranten Oska på Sandakaien.  Her er noko både for dei som ønskjer julemat, og for dei som synest det blir rikeleg nok av det som er ribbe og pinnekjøt.  Lørdag kveld byr nemleg restauranten på festmåltid dedikert til dei som er glad i sjømat.
20.11.2017
Årsmøte med godt frammøte og tettpakka program.
Årsmøte i Uskedalen Bondelag var i år lagt til Elins Matgleder , torsdag 16. november .Programmet for kvelden var tettpakka . Heile 28 personar hadde funne vegen til  Nedre Feet denne kvelden, og det utgjer halvparten av våre medlemar. 
19.11.2017
5års-jubileum hos Elins Matgleder.
Det er no 5 år sidan Elins Matgleder vart opna med korpsmusikk av Uskedal musikklag, opplesing av stuntpoet Arne Torget og eit stort publikum.  Elins Matgleder har no vore eit aktivum i bygda til glede for mange i desse fem åra, og komande helg vert det stor jublileumsfeiring på Nedre Feet.
19.11.2017
Julegåveinnsamling også i år.
I 2013 starta då 5 år gamle Marcus Ousdal i Omvikdalen ein aksjon saman med mora Diana.  Dei organiserte innsamling av julegåver til folk som trong litt ekstra til jul.  Dei 3 første åra administrerte dei aksjonen og gjorde alt arbeidet med hjelp av venner.  Tiltaket vart svært stort og populært, og i fjor overtok Kvinnherad Frivilligsentral adminstreringa av det.
18.11.2017
Nye sjølvbetjeningskassar på Spar Uskedalen
Spar Uskedalen har stadig utvida og utvikla seg.  Sjølv om butikken er aller best kjend for sin gode service, har også dette vore medverkande til at butikken heile tida er i fremste rekkje av Spar-butikkane i landet.  No er det klart for ei ny ombygging når butikken installerer sjølvbetjeningskassar der kundane kan scanna varene og syta for betaling sjølv.
18.11.2017
Tiårs-jubilant med utbyggingsplanar.
Dønhaug gardsbarnehage har no drive i 10 år.  Barnehagen har heile tida vore svært populær blant brukarane, og tilbakemeldingane frå både borna og foreldra har heile tida vore svært positive.  Tiårsjubileumet vart feira med store og små, og i tillegg har eigar og styrar Helene Huse Bjørnebøle ein svært glad nyhhet å koma med.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS