Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Utstilling med kvalitet og humor

05.11.2017
Klikk på bilete for full storleik
Mange vil nok ha glede av å besøka utstillinga til Stine Eide og Kjell Muslan i Galler G Guddal fram mot jul.
 
Svært mange fann vegen til Galleri G Guddal si utstillingsopning i dag.  Der vart dei møtt av kunstverk som formidla både kvalitet og humor.  Det er også tydeleg at dei to kunstnarane, Stine Eide frå Voss og lokale Kjell Musland frå Uskedalen og Seimsfoss, må vera tolmodige sjeler når dei arbeider med kunsten, for det er atskillege timar og årsverk som ligg bak det flotte som vart presentert. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Svært mykje folk på opninga.
 
Flott start med dei dyktige musikarane Andreas Bjørsvik og Eirik Brakestad.
 
 
Musikarane Andreas Bjørsvik og Eirik Brakestad frå Valen drog det heile i gang med tre nydelege nummer med flott gitarspel og god tostemt song.  Etter å ha starta med Bruce Springsteen sin 'I`m on fire', fortsette dei med Mark Knopfler før dei avslutta med Elvis-klasikaren 'In the Ghetto'.  Herleg musikk og ei herleg opning.
 
Deretter fekk kunstnarane ordet.  Stine Eide var først, og interessant var det å høyra om den svært tidkrevjande teknikken ho brukar.  Det skjønar vi godt, for kunstverka kan nærast sjå ut som fotografi, men det er faktisk blyantteikningar.  Dei første var reine blyantteikningar, men seinare hadde ho i tillegg bruka litt tekstil.  Alle orginalteikningane er selde.  Dei som er i Galleri G Guddal er trykt som giclee-trykk, men antalet på kvart kunstverk er ikkje over 40.
 
Stine Eide sine bilde innheld mykje av både nostalgi og humor.  Titlane på kunstverka, som er forma som små vers, understrekar snerten i humoren.  Dei er ein viktig del av kunstverka.
 
 
Turi Løvik Kirknes frå Valen, modell for damene i bilda på veggen bak ho.
 
 
Artig var det også at jenta som var modell for damene på dei tidlege kunstverka, var til stades på opninga.  Det er valejenta Turi Løvik Kirknes, venninne av Stine,  som no er busett i London, og er etablert som fotokunstnar der.
 
Kjell Musland sa at det var ei stor ære å få delta på utstilling hos Gøril.  Men så hadde arbeida hans med kniven kosta både tid, blod, sveitte og turar til fastlegen.  Som den rimsmeden han er, sa han fram opningsorda sine på rim, og det gjev vi att i sin heilhet som eiga sak her på sida.
 
 
Kjell med klokkaren og presten.
 
 
Kjell Musland hadde med ca.130 skulpturar på utstillinga.  Her var ulike typar både menn og kvinner og fleire gjekk rundt og lurte på om han kunne ha brukt dei til modell.  Her var dyr og mange artige skapningar, og så passar det godt at det var eit rikt utval av ulike nissevariantar no i førjulstida.  Alt i ei humoristisk framtoning.
 
Utstillinga skal stå til 17.desember.  Galleriet har no ope laurdagar og søndagar frå kl.11 til 16.  Eg anbefaler alle å ta turen.  Ta dåke god tid, og husk å studera tittelversa på bilda til Stine Eide.
 
Odd Mørstad, Helga Fossheim og Ester Mørstad kosa seg på utstilling
 
Åshild Sjøwall, Arnhild Myklebust og Knut Sjøwall likte kunsten som var utstilt.
 
Mange artige skulpturar.
 
Eine nisseflokken.
 
Når batteriet døydde, såg du at du var åleine.
 
Dagane kom og gjekk i det opne kontorlandskapet.
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
Stine Eide er ein framifrå blyantkunstnar.
 
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
23.06.2018
Jonsokbål i kveld - send bilete.
Redaksjonen er takksam om de sender bilete frå jonsokbålet i kveld. Send til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
22.06.2018
Vanlege opningstider på Gros Blomster.
Gros Blomster er tilbake til vanlege opningstider. Blomebutikken har ope slik:
Måndag - torsdag: kl. 09 - 16.30
Fredag: kl. 09 - 18
Laurdag: kl. 09 - 15.

kb
21.06.2018
SMIL midlar til sauegjerde.
Løyving frå SMIL midlane er til særskilde miljøtiltak i landbruket. Kjelrun Eik  er løyvd kr. 19.600,- til sauegerde på Eik i Uskedalen. Det er Formannsskapet som står for denne tildelinga.

kb 
21.06.2018
Advokatane Lomheim/Døssland startar for seg sjølve.
Edle Lomheim og Bjarte Døssland sluttar i Borgen Advokater og startar eige advokatfirma heime på garden på Døssland. Oppstarten er frå hausten 2018. Det er Kvinnheringen som skriv om dette på si nettside.

kb
19.06.2018
Ny pubkveld i Dønhaugkjedlaren på fredag.
Det vert ny pubkveld i Dønhaugkjedlaren fredag 22. juni. Den vellukka kvelden i mai månad gav meirsmak. Opplegget er det same,- ein uformell kveld med ei sosial ramme som høyrer ein gardspub til. Alle er velkomne i Dønhaugkjedlaren på fredag.

kb
19.06.2018
Klargjort for asfaltering i Ospelunden.
Alt er gjort klart for asfaltering i byggefeltet Ospelunden. Dersom alt går etter oppsett plan, vert alle vegar i byggefeltet asfaltert i neste veke. Det er lokalt firma som gjer jobben.

kb
19.06.2018
Spelemidlar til Uskedal Idrettslag.
Det  er løyvd Spelemidlar frå Norsk Tipping til to anlegg i Uskedalen: Idrettsanlegget Kunstgrasbanen: kr. 772.000,- Nærmiljøanlegget Klatreparken: kr. 300.000,- Søkjar er Uskedal Idrettslag.

kb
17.06.2018
Nytt parkeringareal ved Uskedal skule.
I utdrag av kommunen sin vedlikehaldsplan finn vi nytt parkeringsareal ved Uskedal skule. Tiltaket er kostnadsrekna til vel 2 mill. kr og har oppstart i 2021. Det har lenge vore ynskje om meir parkeringsareal ved skulen og barnehagen.

kb
16.06.2018
Hugs gudstenesta i morgon med gjester frå India.
Gudstenesta i morgon, sundag 17, juni. kl. 11 vert litt utanom det vanlege.Ekteparet Essi og Mary David frå barneheimen i Umred i India vert med. I dei åra Lina Håland har vore sokneprest i Uskedalen, har soknerådet støtta arbeidet ho og familien gjer for born og ungdom i dette landet.

kb
15.06.2018
Paul Are Ljosnes - 4. plass i Mazdafinale.
Paul Are Ljosnes frå Uskedalen fekk saman med ein kollega frå Haugesund ein 4. plass i den norske Mazdafinalen for bilmekanikarar. Det er lagvis deltaking, ikkje individuell.

kb
Siste Nyhende
23.06.2018
Midtsumarskonsert i Helgheim i morgon, sundag 24. juni.
Uskedalen.no minner om GLIMRAH Vokalensemble sin Midtsumarskonsert» i Helgheim i morgon, sundag 24. juni kl. 19. Koret tek  imot publikum med blomsterkransar i håret, glittrande tonar og nykokt kaffi med sommarkake til.
Serveringa er inkludert i billetten.Det vart LODDSAL med gøyale gevinstar.

23.06.2018
Kongeskipet NORGE «uglesett» i Øredalen på Skorpo.
Vår maritime hoffotograf, Øystein Enæs, fanga eit motiv i det Kongeskipet NORGE sakte sig forbi Øredalen på Skorpo. Vi ser tydeleg ei landskapsform som ei ugla i bakgrunnen, som ser alvorleg på det staselege skipet i Storsund. Kongeskipet kom kl. 12.30 i sakte fart inn Gavelen på sin seglas til Rosendal med Dronninga om bord. NORGE gjekk dagen før gjennom Høylandssundet og låg natta over oppankra ved Klostervågen på Halsnøy. Dronninga vitja Halsnøy Kloster.
22.06.2018
Ivar Gundersen - ny banksjef i SpareBank1 SR bank.
Ivar Gundersen ( 52 år ) er tilsett som banksjef i SpareBank1 SR Bank på Husnes etter Synnøve Handeland. Gundersen kjem frå stilling som logistikkansvarleg på Kværner Stord. Før det han han hatt ei rekkje sentrale stillingar både på Kværner, i Statoil og Hydro. Ei tid hadde han arbeidet sitt i Odda.
21.06.2018
Sondre Klyve - beste nynorskbrukar i 10. klasse.
Kvinnherad mållag har dei siste 15 åra delt ut ein nynorskpris til den beste nynorskbrukaren på Rosendal ungdomsskulen. Etter samanslåinga med Husnes mållag gjeld ordninga også for Øyatun og Husnes ungdomskular. I går kveld, på avlsutningsfestane, vart utdelinga markert. Sondre Klyve frå Uskedalen fekk prisen på Rosendal ungdomsskule.
21.06.2018
Ei venare bygd trur eg ikkje er i Noreg enn Uskedal.

Ei venare bygd trur eg ikkje er i Noreg enn Uskedal. Ja, slik startar Uskedalssongen. Songen som blei skriven av Søren Feet for over 100 år sidan. Like aktuelt i dag. Uskedalen er i dag ei av dei finaste jordbruksbygdene på Vestlandet. Velstelte gardsbruk på rekkje og rad frå Eik og Steinsletto til Musland øvst oppe i dalen.

21.06.2018
Ein skuledag på Haugland skulemuseum.
I dag var det 4 klasse på Uskedal skule som la skuledagen til det som var Haugland skulekrins med skulestove frå 1893. 19 elevar, ein lærar og ein assistent var med i fylgje. Alle fekk ei innføring med praktiiske øvingar om skuledagen slik det var på ein liten krinsskule for 50 år sidan. Elevane var lydige og ingen vart sett i skammekroken eller fekk stryk.
20.06.2018
300 bilar kontrollerte i Uskedalen - ei begjering.
Statens vegvesen med fire inspektørar var i Uskedalen i dag og kontrollerte 300 køyretøy. Det vart skrive ut ei begjering, noko som er eit godt resultat. Av alle desse var det berre ein som ikkje brukte bilbelte. Ein kunne ikkje syna fram vognkortet. Målet med kontrollen i Uskedalen i dag er fokus på trafikksikkerhet og førebyggjande arbeid. Då er alt like viktig, sjølv om ein berre skal ein kjapp tur på butikken.
20.06.2018
Siger til J17 jentene mot Odda 9er
Tysdag kveld spelte J17 jentene til Rosendal/Uskedal (R/U) kamp på Uskedal kunstgrasbane mot Odda 9er. Også i denne kampen har R/U måtta låna spelarar frå J14 laget, deriblant er Maria som fekk sin debut kamp for J17 laget. Ina som til vanleg spelar med G15 laget, stilte også kampklar.
19.06.2018
Maria Larssen, lærar på Uskedal skule, går for mastergrad.
Maria Larssen, lærar på Uskedal skule i praktisk estetiske fag, presenterer masterarbeidet sitt i morgon, 21. juni, på Høgskulen på Rommetveit. Masteroppgåva hennar har tittelen: Langt fra perfekt - et undervisningsdesign i utvidet tegning. Maria Larssen er tilsett i 80 % stilling i Uskedalen og har studert parallelt ved å jobba i skulen. Ho har brukt fire år på studiet fram mot ein mastergrad.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS