Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Ingebjørg Eik Band med ny konsert.

05.11.2017
Klikk på bilete for full storleik
9.desember vert det konsert med Ingebjørg Eik Band på Rosendal Turisthotell.
 
For dei som likar ei god musikkoppleving, vil det vera lurt å setja av datoen 9.desember.  Då vert det nemleg ein ny konsert med Ingebjørg Eik Band, denne gongen på Rosendal Turisthotell, og vi som opplevde den dyktige kvartetten på Oska i sommar, veit at det vert ei flott oppleving.  Mellom dei svært gode musikarane er også Uskedalen sin eigen trommis Sindre Aksnes.
 
Klikk på bilete for full storleik
Konserten vert eit kjekt gjenhøyr med trommis Sindre Aksnes som for tida studerer på Austlandet.
 

Som på Oska i sommar, blir dette ein kveld med slik jazz som alle likar! Stikkord er lyrisk, vakkert, rytmisk og melodiøst. Bandet serverer alt frå jazz-standards til pop-låtar pakka inn i lekre jazz-arrangement.  Uskedalen.no sin utsende Svein Rimestad valde Velservert snop for øyra på Oska som overskrift.  De kan lesa kva han skreiv ved å trykkja HER.

 
Ingebjørg Eik er frå Rosendal, har musikkutdanna seg i Oslo og har jobba som frilansmusiker i mange år. Blant anna spelt med Big Bang, Eva & the Heartmaker, m.m.  Ho er ein sangar av høg klasse.
 
Med seg i bandet har Ingebjørg eit knippe særdeles oppegåande musikarar. Alex Grieg på kontrabass spelar med dei fleste musikarar i Bergen - både innan jazz og andre genre. Han har vore med på ei rekke plateinnspelingar og turnear i både inn- og utland. Bjarne Øymyr på piano har lang fartstid i det bergenske jazzmiljøet, og spelar mellom anna i BATS og Kari Malmanger Band m.m.   Begge desse musikarane er også velkjende frå bandet på bøkkerkveldane på Rød.  Sist men ikkje minst har vi Uskedalen sitt eige store talent Sindre Aksnes på trommer.  Han viste seg tidleg som eit ekstraordinert musikktalent, og no musiserer han på trommene på professjonelt nivå.  For tida er han andre års student på Austlandet, men heldigvis får vi høyra han når han er heimom.
 

Det er veldig kjekt at dette flotte knippet musikarar er samla til konsert att.  Heilt sikkert er det at det vert kvalitetsmusikk som alle likar.  Derfor gjentar eg: - set av den 9.desember alt no

 
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Svein Rimestad.
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.11.2017
Svar frå ordføraren til Bondelaget.
Ordføraren har alt svara på Bondelaget si fråsegn om Brannstasjonen og budsjettprosessen. H/SP har lagt inn budsjettauke til verksemda Teknikk og Miljø. Posisjonen vil halda på antal brannstasjonar som er i dag, men vil koma tilbake til saka når det føreligg ein heilskapleg plan for brann- og beredskap i kommunen.

kb
20.11.2017
Årsmøtetips til redaksjonen
Det er årsmøtetid i tida før og etter jul. Redaksjonen er takksam for tips og referat frå møta, gjerne med bilete. Vi er særleg interessert i kven som vert valde inn i styret og til andre viktige lagsoppgvåer. Uskedalen.no vil få fram kva som er prioriterte arbeidsoppgåver i 2018.

Redaksjonen
20.11.2017
Allsong i morgon, tysdag, på Tiaren.
Grunna reise vert det allsong på Kafe Tiaren i morgon, tysdag, og ikkje den siste tysdagen i månaden slik det plar vera. Songøkta er mellom kal. 12 og kl. 12.30.

kb
18.11.2017
Godt med snø i Fjellhaugen.
Det vert meldt om godt med snø og fine forhold i Fjellhaugen.  Lysløypa vert preparert kl.10 i morgon, søndag.

tid
18.11.2017
Uskedalsposten er i rute.
Uskedalsposten er i rute og magasinet er i sal i god tid før jul. Tore Mathiesen i redaksjonen jobbar med å få på plass alt stoffet, bilete og annonsar. Det er Hobbyklubben på Bedehuset som er utgjevar. Uskedalsposten har dei siste åra kome ut med to nummer i året.

kb
18.11.2017
Fleire Uskedals-lag brukar Vipps.
Dei fleste i bygda har nok registrert at dei kan betala med mobiltelefonen og Vipps når dei kjøper adventskalendar hos Uskedal skulemusikk.  Fleire andre lag har og teke i bruk denne lettvinte og praktiske betalingsordninga.  Vi kjenner til at i alle fall idrettslaget, båtlaget og Uskedal Utvikling er blant dei.  Også Uskedal sokneråd har no Vipps.  Nokre meiner kanskje det er unødvendig, men faktisk har soknerådet hatt spørsmål om Vipps frå utanbygds gjester som har ønskt å gje gåve ved utgang etter arrangement.  Privatpersonar kan enkelt lasta ned appen gratis.

tid
17.11.2017
Løyve til tre naust på Flatholm.
Etter samrøystes  vedtak i Forvaltningskomiteen vert det gjeve løyve til frådeling av tre nausttometer på Flatholm. Det er ein føresetnad at det vert inn inngått avtalar om rettar til køyreveg, gangveg og legging av leidningar over annan grunn. Saka skal til Fylkesmannen for såkalla klagevurdering.

kb
17.11.2017
Adventskalendarsalg på Spar på fredag.
Adventskalendaren til skulemusikken er svært populær, og no har musikantane vore rundt på bygda og selt.  Det er framleis gode muligheter for å sikra seg denne førjulsspenninga.  Fredag vert det salg på Spar Uskedalen, - i alle fall frå kl.15 og utover.  I tillegg er den å få kjøpt hos Gros Blomster og Elins Matgleder.  Eller de kan kontakta Hege Lekva,  mob. 988 07 713,  eller nokre andre i styret så ordnar dei det.

tid 
16.11.2017
Bente Haveland(Musland) gjer det framleis skarpt på fotballbanen.
Den tidlegare U-landslagsspelaren og toppscorararen i Toppserien, Bente Haveland oppvaksen i Korsnes, veit framleis kor målet står på fotballbanen.  36-åringen bur no på Knarvik, og vart denne sesongen toppscorar i lokalfotballen der.  Ho spelar no for samarbeidslaget ENK i 3.divisjon og scora 17 mål.  Bente har tidlegare spela på Rosendal og toppserieklubbane Sandviken og Arna/Bjørnar.

tid
16.11.2017
Har nokon bilde av melkebilen til Arne på Sanden?
Den bilinteresserte bussjåføren Lars Wang lurer på om noko har bilde av den siste melkebilen til Arne Myklebust.  Denne lastebilen vart vart også delvis brukt til persontransport då den hadde plass til nokre fleire passasjerar enn ein vanleg lastebil.  Mange har nok gode minne frå turar med denne bilen på 1960-talet og litt utover.  Dersom nokre skulle ha bilde, kan dei ta kontakt med Uskedalen.no, eller med Lars direkte.  Då vert den blide bussjåføren endå¨meir glad!!
tid
Siste Nyhende
22.11.2017
Haustkonsert med Rosendal Songlag og Jazzverket med gjestar
For nokre år sidan hadde Jazzverket ein adventskonsert i Kvinnherad kyrkje som er eit av dei absolutt flottaste konsertminne underteikna har med lokale aktørar.  Laurdag kl.19 er det ny konsert same stad, og då har dei fått Rosendal songlag med på laget.  I tillegg har dei med seg spennande gjester, og to av dei starta si musikalske karriere som korpsmusikarar her i Uskedalen.
22.11.2017
Andreas Tarberg leiar i Korsnes Vel.
På årsmøtet 25.10. vart Andreas Varberg vald til styreleiar i Korsnes Vel.  Med seg i styret har han Kurt M. Haugland(kasserar), Silje Øye(skrivar), Oddmund Soldal og Marian Hauso.  Dei to sistnemnde utgjer også dugnadsnemnda.  Vidar Koløy og Jan Berntsen er i valnemnda.
21.11.2017
Skifest på torsdag.
Oppdatert: Skimiljøet har glede av det stadig tettare samarbeidet mellom Kvinnheradslaga.  Nyleg var det felles treningsamling i Uskedalen, og torsdag møtest igjen skiløparane frå kommunen.  Då er det skifest med premiering frå fjorårets skikarusell i Aktivitetshuset.  Dette er eit godt innarbeidd og årvisst fellesarrangement.
20.11.2017
Julekomle og festmåltid, kakekafè og familejulebord.
Denne veka er det mange muligheter for å få seg ein smak av alt det gode som vert servert på restauranten Oska på Sandakaien.  Her er noko både for dei som ønskjer julemat, og for dei som synest det blir rikeleg nok av det som er ribbe og pinnekjøt.  Lørdag kveld byr nemleg restauranten på festmåltid dedikert til dei som er glad i sjømat.
20.11.2017
Årsmøte med godt frammøte og tettpakka program.
Årsmøte i Uskedalen Bondelag var i år lagt til Elins Matgleder , torsdag 16. november .Programmet for kvelden var tettpakka . Heile 28 personar hadde funne vegen til  Nedre Feet denne kvelden, og det utgjer halvparten av våre medlemar. 
19.11.2017
5års-jubileum hos Elins Matgleder.
Det er no 5 år sidan Elins Matgleder vart opna med korpsmusikk av Uskedal musikklag, opplesing av stuntpoet Arne Torget og eit stort publikum.  Elins Matgleder har no vore eit aktivum i bygda til glede for mange i desse fem åra, og komande helg vert det stor jublileumsfeiring på Nedre Feet.
19.11.2017
Julegåveinnsamling også i år.
I 2013 starta då 5 år gamle Marcus Ousdal i Omvikdalen ein aksjon saman med mora Diana.  Dei organiserte innsamling av julegåver til folk som trong litt ekstra til jul.  Dei 3 første åra administrerte dei aksjonen og gjorde alt arbeidet med hjelp av venner.  Tiltaket vart svært stort og populært, og i fjor overtok Kvinnherad Frivilligsentral adminstreringa av det.
18.11.2017
Nye sjølvbetjeningskassar på Spar Uskedalen
Spar Uskedalen har stadig utvida og utvikla seg.  Sjølv om butikken er aller best kjend for sin gode service, har også dette vore medverkande til at butikken heile tida er i fremste rekkje av Spar-butikkane i landet.  No er det klart for ei ny ombygging når butikken installerer sjølvbetjeningskassar der kundane kan scanna varene og syta for betaling sjølv.
18.11.2017
Tiårs-jubilant med utbyggingsplanar.
Dønhaug gardsbarnehage har no drive i 10 år.  Barnehagen har heile tida vore svært populær blant brukarane, og tilbakemeldingane frå både borna og foreldra har heile tida vore svært positive.  Tiårsjubileumet vart feira med store og små, og i tillegg har eigar og styrar Helene Huse Bjørnebøle ein svært glad nyhhet å koma med.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS