Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

God oppstart for Selstad i Uskedalen.

04.11.2017
Klikk på bilete for full storleik
Egil Pile og Jostein Røysland syner sjølve vaskeanlegget med grovfilter og dekanter ( separator ).
 
Selstad er godt etablert med sin nye servicestasjon i Uskedalen. Selstad overtok område 1. august og har brukt tida fram til oppstart til opplæring og montering av alt utstyr ute og inne i det som var den gamle beddinghallen og i nyehallen. Uskedalen.no har vore på bedriftsbesøk. Vi fekk ei god innføring i arbeidsprosessen frå nota kjem inn til ferdig reparert og impregnert not går ut.
 
Klikk på bilete for full storleik
Frank Steinsletten styrer den store vasketromelen som tek 50 m3 og vert køyrt i sekvensar til nota er rein.

Driftsleiar, Egil Pile,  syner oss rundt og fortel om produksjonen. Nota kjem til Uskedalen anten med båt eller med bil. Oppdrettaren står for transporten og avgjer sjølve om dei skal bruka bil eller båt. Så langt har det vore begge deler. Jørn Hjelmeland er ein av dei som har avtale om transport. Kundane er mellom anna Marine Harvest og Alsaker Fjordbruk.

Så startar vaskeprosessen. Mengda skit avgjer kor lang tid dette tek. Det kan vera frå 4 til 8 timar. Nota vert heist opp og lagt inn ei stor vasketrommel. Ein stor reinsemaskin med eit grovfilter tek ut dei største komponetane, ein mindre dekanter ( separator) står for finvaskinga. Nota vert så desinfisert før den går vidare inn i bøtehallen.

 
Klikk på bilete for full storleik
I den store hallen vert nota gjort klar for reperasjon og bøting. F.v: Hans Robin Gravvdal og Tore Fausk vinsjar nota inn på store tromler under taket.

I bøtehallen vert nota granska nøye for å sjå om det er hol eller andre skader. Notbøtaren gjer eit arbeid som liknar på det å bøta garn på gamlemåten. Alle mann er opplært på alle arbeidsoperasjonane og skal kunna brukast på alt, ute og inne. Til vanleg er det 1 - 2 mann i mottaket og som står for sjølve vaskinga. 3 mann er inne i bøtehallen.

 

Selstad har mange lokalsjonar på kysten, fire av dei gjer det same som i Uskedalen. Uskedalen er den lokasjonen som ligg lengst sør. Den næraste lokasjonen til Uskedalen er Solund. Det vert sett omfattande og strenge miljøkrav til arbeidet. Det  er nullutslepp av forureinsa prosessvatn. 

 

Pile er godt nøgd med oppstarten. Det er god krankapasitet, god plass på kaien og stort lager for notposar og anna utstyr. Det er viktig å få fram at Selstad er ein stor og viktig leverandør på utstyr til martime næringar. Produktkatalogen er på heile 100 sider og syner alt kva Selstad leverer av kvailtetsutstyr til oppdretts- og fiskerinæringa.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
Nota kjem til Selstad anten med båt eller bil. På Eidsvik er det stor kai-og krankapasitet.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.11.2017
Svar frå ordføraren til Bondelaget.
Ordføraren har alt svara på Bondelaget si fråsegn om Brannstasjonen og budsjettprosessen. H/SP har lagt inn budsjettauke til verksemda Teknikk og Miljø. Posisjonen vil halda på antal brannstasjonar som er i dag, men vil koma tilbake til saka når det føreligg ein heilskapleg plan for brann- og beredskap i kommunen.

kb
20.11.2017
Årsmøtetips til redaksjonen
Det er årsmøtetid i tida før og etter jul. Redaksjonen er takksam for tips og referat frå møta, gjerne med bilete. Vi er særleg interessert i kven som vert valde inn i styret og til andre viktige lagsoppgvåer. Uskedalen.no vil få fram kva som er prioriterte arbeidsoppgåver i 2018.

Redaksjonen
20.11.2017
Allsong i morgon, tysdag, på Tiaren.
Grunna reise vert det allsong på Kafe Tiaren i morgon, tysdag, og ikkje den siste tysdagen i månaden slik det plar vera. Songøkta er mellom kal. 12 og kl. 12.30.

kb
18.11.2017
Godt med snø i Fjellhaugen.
Det vert meldt om godt med snø og fine forhold i Fjellhaugen.  Lysløypa vert preparert kl.10 i morgon, søndag.

tid
18.11.2017
Uskedalsposten er i rute.
Uskedalsposten er i rute og magasinet er i sal i god tid før jul. Tore Mathiesen i redaksjonen jobbar med å få på plass alt stoffet, bilete og annonsar. Det er Hobbyklubben på Bedehuset som er utgjevar. Uskedalsposten har dei siste åra kome ut med to nummer i året.

kb
18.11.2017
Fleire Uskedals-lag brukar Vipps.
Dei fleste i bygda har nok registrert at dei kan betala med mobiltelefonen og Vipps når dei kjøper adventskalendar hos Uskedal skulemusikk.  Fleire andre lag har og teke i bruk denne lettvinte og praktiske betalingsordninga.  Vi kjenner til at i alle fall idrettslaget, båtlaget og Uskedal Utvikling er blant dei.  Også Uskedal sokneråd har no Vipps.  Nokre meiner kanskje det er unødvendig, men faktisk har soknerådet hatt spørsmål om Vipps frå utanbygds gjester som har ønskt å gje gåve ved utgang etter arrangement.  Privatpersonar kan enkelt lasta ned appen gratis.

tid
17.11.2017
Løyve til tre naust på Flatholm.
Etter samrøystes  vedtak i Forvaltningskomiteen vert det gjeve løyve til frådeling av tre nausttometer på Flatholm. Det er ein føresetnad at det vert inn inngått avtalar om rettar til køyreveg, gangveg og legging av leidningar over annan grunn. Saka skal til Fylkesmannen for såkalla klagevurdering.

kb
17.11.2017
Adventskalendarsalg på Spar på fredag.
Adventskalendaren til skulemusikken er svært populær, og no har musikantane vore rundt på bygda og selt.  Det er framleis gode muligheter for å sikra seg denne førjulsspenninga.  Fredag vert det salg på Spar Uskedalen, - i alle fall frå kl.15 og utover.  I tillegg er den å få kjøpt hos Gros Blomster og Elins Matgleder.  Eller de kan kontakta Hege Lekva,  mob. 988 07 713,  eller nokre andre i styret så ordnar dei det.

tid 
16.11.2017
Bente Haveland(Musland) gjer det framleis skarpt på fotballbanen.
Den tidlegare U-landslagsspelaren og toppscorararen i Toppserien, Bente Haveland oppvaksen i Korsnes, veit framleis kor målet står på fotballbanen.  36-åringen bur no på Knarvik, og vart denne sesongen toppscorar i lokalfotballen der.  Ho spelar no for samarbeidslaget ENK i 3.divisjon og scora 17 mål.  Bente har tidlegare spela på Rosendal og toppserieklubbane Sandviken og Arna/Bjørnar.

tid
16.11.2017
Har nokon bilde av melkebilen til Arne på Sanden?
Den bilinteresserte bussjåføren Lars Wang lurer på om noko har bilde av den siste melkebilen til Arne Myklebust.  Denne lastebilen vart vart også delvis brukt til persontransport då den hadde plass til nokre fleire passasjerar enn ein vanleg lastebil.  Mange har nok gode minne frå turar med denne bilen på 1960-talet og litt utover.  Dersom nokre skulle ha bilde, kan dei ta kontakt med Uskedalen.no, eller med Lars direkte.  Då vert den blide bussjåføren endå¨meir glad!!
tid
Siste Nyhende
22.11.2017
Haustkonsert med Rosendal Songlag og Jazzverket med gjestar
For nokre år sidan hadde Jazzverket ein adventskonsert i Kvinnherad kyrkje som er eit av dei absolutt flottaste konsertminne underteikna har med lokale aktørar.  Laurdag kl.19 er det ny konsert same stad, og då har dei fått Rosendal songlag med på laget.  I tillegg har dei med seg spennande gjester, og to av dei starta si musikalske karriere som korpsmusikarar her i Uskedalen.
22.11.2017
Andreas Tarberg leiar i Korsnes Vel.
På årsmøtet 25.10. vart Andreas Varberg vald til styreleiar i Korsnes Vel.  Med seg i styret har han Kurt M. Haugland(kasserar), Silje Øye(skrivar), Oddmund Soldal og Marian Hauso.  Dei to sistnemnde utgjer også dugnadsnemnda.  Vidar Koløy og Jan Berntsen er i valnemnda.
21.11.2017
Skifest på torsdag.
Oppdatert: Skimiljøet har glede av det stadig tettare samarbeidet mellom Kvinnheradslaga.  Nyleg var det felles treningsamling i Uskedalen, og torsdag møtest igjen skiløparane frå kommunen.  Då er det skifest med premiering frå fjorårets skikarusell i Aktivitetshuset.  Dette er eit godt innarbeidd og årvisst fellesarrangement.
20.11.2017
Julekomle og festmåltid, kakekafè og familejulebord.
Denne veka er det mange muligheter for å få seg ein smak av alt det gode som vert servert på restauranten Oska på Sandakaien.  Her er noko både for dei som ønskjer julemat, og for dei som synest det blir rikeleg nok av det som er ribbe og pinnekjøt.  Lørdag kveld byr nemleg restauranten på festmåltid dedikert til dei som er glad i sjømat.
20.11.2017
Årsmøte med godt frammøte og tettpakka program.
Årsmøte i Uskedalen Bondelag var i år lagt til Elins Matgleder , torsdag 16. november .Programmet for kvelden var tettpakka . Heile 28 personar hadde funne vegen til  Nedre Feet denne kvelden, og det utgjer halvparten av våre medlemar. 
19.11.2017
5års-jubileum hos Elins Matgleder.
Det er no 5 år sidan Elins Matgleder vart opna med korpsmusikk av Uskedal musikklag, opplesing av stuntpoet Arne Torget og eit stort publikum.  Elins Matgleder har no vore eit aktivum i bygda til glede for mange i desse fem åra, og komande helg vert det stor jublileumsfeiring på Nedre Feet.
19.11.2017
Julegåveinnsamling også i år.
I 2013 starta då 5 år gamle Marcus Ousdal i Omvikdalen ein aksjon saman med mora Diana.  Dei organiserte innsamling av julegåver til folk som trong litt ekstra til jul.  Dei 3 første åra administrerte dei aksjonen og gjorde alt arbeidet med hjelp av venner.  Tiltaket vart svært stort og populært, og i fjor overtok Kvinnherad Frivilligsentral adminstreringa av det.
18.11.2017
Nye sjølvbetjeningskassar på Spar Uskedalen
Spar Uskedalen har stadig utvida og utvikla seg.  Sjølv om butikken er aller best kjend for sin gode service, har også dette vore medverkande til at butikken heile tida er i fremste rekkje av Spar-butikkane i landet.  No er det klart for ei ny ombygging når butikken installerer sjølvbetjeningskassar der kundane kan scanna varene og syta for betaling sjølv.
18.11.2017
Tiårs-jubilant med utbyggingsplanar.
Dønhaug gardsbarnehage har no drive i 10 år.  Barnehagen har heile tida vore svært populær blant brukarane, og tilbakemeldingane frå både borna og foreldra har heile tida vore svært positive.  Tiårsjubileumet vart feira med store og små, og i tillegg har eigar og styrar Helene Huse Bjørnebøle ein svært glad nyhhet å koma med.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS