Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Nær ein halv million frå grasrot-gjevarar på Spar.

09.10.2017
Klikk på bilete for full storleik
Grasrotgjevarane yter god hjelp til laga i bygda.
 
Etter at Norsk Tipping innførte ordninga med Grasrotandel våren 2009, har det gjeve god og jamn økonomisk støtte til mange lag.  Nyleg kom det oppdatering på skjerm i tippekroken hos Spar Uskedalen som viser summen som laga har fått i støtte som resultat av det spelarar der har ytt som grasrotgjevarar.
 
Totalt har 446.850,-kr kome ulike lag til gode som resultat av at spelarar hos Spar Uskedalen har registrert seg som grasrotgjevarar.  I tillegg kjem summen som kjem av speling hos andre kommisjonærar for Norsk Tipping eller på internett.  Alle ser at dette er beløp som har stor betydning for laga.  Og best av alt er at det kostar ikkje gjevarane fem flate øre!  Det er berre å registrera seg som grasrotgjevarar.  Det er ei enkel sak som den hyggelege betjeninga på Spar Uskedalen hjelper til med om det er behov.  Det kan også gjerast på nettet.
 
 
Oversikten på skjermen viser at dei som spelar på SPAR gjev god støtte til lagslivet!
 
Oversikten viser at både idrettslaget og skulemusikken har vorte over 100.000 kr. rikare gjennnom spelinga på Spar Uskedalen.  Med spelinga på internett og hos andre kommisjonærar har Uskedal idrettslag fått inn heile 427.000 om lag medan Uskedal skulemusikk har fått inn ca. 193.000 kr på konto frå grarotandelen sidan oppstarten i 2009.
 
Totaloversikten viser at lag med adresse Uskedalen har motteke totalt om lag 810.000 kroner frå grasrotandelen til no.  I tillegg er uskedelingar engasjerte i ein del andre lag som får støtte.  Forutan idrettslaget og skulemusikken har Røysterett for Alle motteke ca. 75.000, helselaget ca. 63.000, ungdomslaget ca.38.000, Uskedal Utvikling ca.12.000 medan friluftslaget som vart registrert i fjor har motteke ca. 400 kr.
 
Til saman har dermed lag frå bygda motteke totalt 810.000 kr, og det er opplagt at dette er av stor betydning for bygdeaktiviteten.  Derfor passar det godt med ei påminning.  Dersom du ikkje er grasrotgjevar og spelar på Norsk Tipping, er det berre å registrera seg med det same.  Det kostar ingen ting og betyr mykje for den levande bygdeaktiviteten.
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.10.2017
Siste opningshelg for thaivogna.
Poon Tip`s Thai take-away melder at dette er siste åpningshelg denne sesongen. Dei minner om at dei har åpent fra kl.14.00 - 20.00, fredag til søndag. Alle er hjertelig velkommen.

tid
20.10.2017
Buss utover etter jazzen.
Laurdag er det ny jazzkveld i Dønhaugkjedlaren. Husnes jazzklubb er arrangør, og gitaristen Svein Richard Mathisen - Somebody`s Quartet spelar.  Dørene opnar kl.20, og vi minner om at det går nattbuss frå Uskedal sentrum til Husnes og vidare utover kl.01.15.

tid
19.10.2017
Fjordhestlaget inviterer til fagkveld med stjernekusk.
Kvinnherad Fjordhestlag inviterer til ein hyggelig og lærerik fagkveld fredag 27.okt. kl.19.00 i Malmanger skule.  Øivind Mikkelsen, ein av Noregs beste konkurransekuskar, vil  m.a. fortelje om hans veg frå hobbykusk til verdsmeister. Han vil óg snakke om korleis ein legg opp utdanning og trening av unge/utrente hestar fram mot konkurranse.    Dette vert ein kveld med fagleg påfyll som passer for alle hesteinteresserte!

tid
19.10.2017
Ingen tildelingar til Uskedalen under Hjartebank.
Det var ingen av Uskedals-prosjekta som var blant dei 8 prosjekta som vart tildelt midlar under det store Hjartebank-arrangementet som vart arrangert i Husneshallen onsdag kveld.  Millionen som vart delt ut vart fordelt på 8 lag, og storleiken var på 50 tusen(1), 100 tusen(2) og 150 tusen(5).  Dei er fordelt på strekninga Skånevik til Rosendal.  Det var også søkt til prosjekt her i bygda.Det var elles fullt hus med om lag 1000 publikummarar på det flotte gratisarrangementet i Husneshallen. Sparebanken Vest var arrangør.

tid
18.10.2017
Utvida husband på haustfesten.
På haustfesten laurdag vert det møte med eit utvida husband. Husbandet vil spela taffelmusikk i forkant av opninga kl. 19. Bandet vil stå for tonefylgje til allsongane. Med i gruppa er: Tore Nordahl Perdersen ( bass), Svein Rimestad (gitar), Reidar Myklebust ( gitar) og Kristian Bringedal (trekkspel).

kb
18.10.2017
Fortent ros på rim i Kvinnheringen.
Turid og Tor Lakselv som bur i eit av husa i Hagetunet, har gjeve ein fortent ros til alle som jobbar for GULL AV GRUS-prosjektet gjennom Kvinnheringen.  Den koselege rosen er til og med på rim og lyder slik:

Roses den som roses bør, det er nettopp det vi gjør.   
For i Uskedalen på idrettsbanen skjer det mykje nytt for tiden.   
Noen flinke karer, ei seg selv de sparer.  
For å glede store, små, dagens ros den skal de få.

Turid og Tor Lakselv

tid
18.10.2017
Norge tapte EM-kamp, og Harald N. Tangen fekk annulert målet sitt.
Harald Nilsen Tangen og G16-landslaget tapte første EM-kvalifiseringskamp mot Hellas 1-0.  Rapportane fortel at Norge kjørte over Hellas i heile 2.omgang, men fekk ikkje scoring.  Rett nok sette Harald Nilsen Tangen ballen i mål, men det vart uforståeleg avblåse for offside.Neste kamp og nye muligheter kjem mot Serbia på laurdag.

tid
18.10.2017
Send oss lesarbilde.
Vi oppfordrar lesarane våre til å senda oss bilde til lesarbildespalta vår.  Sidan oppstarten av spalta i januar 2015, har vi publisert over 500 bilde frå  44 fotografar.  No minkar det på bilde i samlemappa vår, så vi blir veldig glade om de sender oss bilde, gjerne med tittel, til uskedalen.no@gmail.com.   På førehand tusen takk!

tid
17.10.2017
Om påmeldinga til haustfesten.
Det er stor pågang til haustefesten i ungdomslaget. Talet har passert 100. Komiteen ser på  påmeldingane som bindande. Dersom du likevel er usikker på frammøte eller alt no veit at du ikkje kjem, bed vi om tilbakemelding snarast. Frammøte i god tid før kl. 19 på laurdag. Kontant betaling ved frammøte, ikkje Vipps.

Haustfestkomiteen
17.10.2017
Uskedelingane scora alle måla.
Laget heiter Rosendal/Trio, men det var damene frå Uskedalen som sytte for måla, skriv Grenda i dag etter at det vart 3-0 siger over Tertnes i helga.  Dei tre målscorarane var Ingebjørg Haugland, Gørill Samland Eik og Kari Bråtun.  Dei fekk også alle G`ane som Grenda delte ut til dei beste spelarane, då Kari fekk to medan Ingebjørg fekk ein.

tid
Siste Nyhende
20.10.2017
Internasjonal kulturfest for fullsett sal.
Med eit rikt, godt og tankevekkjande kulturprogram, ein fullsett, festpynta sal og og eit rikhaldig internasjonalt matbord vart den internasjonale kulturfesten i Kulturhuset Husnes fredag ettermiddag ein suksess.  Publikum hadde sitt opphav frå mange ulike kulturar, og blant dei 250 var det ein fin mix av nordmenn og innvandrarar.
20.10.2017
Reisebrev frå Lina i India.
Soknepresten vår, Lina Håland, har no vore på reise i India i om lag 3 veker.  Sentralt i turen er besøk på Umred Children Home, barneheimen der famileien hennar har gjort ein stor innsats for oppbygging og drift.  Vi vart svært glade då Lina lova å senda oss reisebrev før ho reiste, og nedanfor kan de lesa om opplevingane hennar, og det kjem fleire bilete seinare.
19.10.2017
Har vore forknynnar i Samskipnaden sidan 1989.

Uskedal Indremisjon avslutta ei ny møteveke på sundag som var. Kåre Johan Hamre frå Granvin var forknynnar. Uskedalen.no møter forkynnaren i Sunnhordland, Hardanger og Voss Indremisjonssamskipnad ( IMS ) eller forkorta til berre Samskipnaden, skipa i Uskedalen 1864. Hamre ( f.1953 ) var lærar og kyrkjelydssekretær i Ulvik før han vart tilsett i Samskipnaden. 
19.10.2017
Kjempeprestasjon av Paul Are Ljosnes.
Paul Are Ljosnes har denne veka vore Norge sin deltakar i VM i Hyundai World Skills i Seoul i Sør-Korea.  Det var ein stor prestasjon av den dyktige bilmekanikaren å kvalifisera seg til denne meisterskapen, og han fulgte særdeles godt opp, for han var ein av dei 20 beste deltakarane som vart belønna EXELLENT SKILL, utmerka dugleik, då resultata var klare.  Vi er storveis imponerte, og gratulerer den dyktige bilmekanikaren frå Uskedalen.  Han jobbar no hos NIls Sørhaug AS i Haugesund.
18.10.2017
Kafe Tiaren - ein sentral møteplass kulturelt og sosialt.
Kafe Tiaren har denne hausten vore i drift i 10 år, og det utan pause. Det vert kvart år lagt ned eit stort og verdfullt frivillig arbeid til beste for brukarane og bygda. 10 års jubileet vert markert onsdag 15. november der alle som har vore og er frivillige vert inviterte.
18.10.2017
Inviterer til internasjonal kulturfest.
I fjor fekk innsamlingsaksjonen ein kanonstart då det vart arrangert ein internasjonal kulturfest i Kulturhuset Husnes fredagskvelden før TV-innsamlingsdagen.  Med fullsett sal vart det ei uforgløymeleg feststund.  I år vert denne suksessen fulgt opp, og det vert invitert til ny fest i festsalen førstkommande fredag 20.10. kl.17-19.
18.10.2017
Kvinnherad kommune inviterer Festidalen til utvida samarbeid
Det skulle vera kjent at det siste månadene har vore nokre omdiskuterte oppslag i avisene samt nokre lesarbrev om Festidalen.  Seinast i går vart eit lesarbrev frå Sveinung M. Pile publisert, der han m.a. trekte samanlikningar til Malakoff Rockefestival og samarbeidet med kommune og Eid-samfunnet.  Pile er no sentral i denne festivalen.  Ordførar Peder Sjo Slettebø har no sendt ut denne meldinga:
18.10.2017
Rekordstor fjellaure i Mannsvatnet.
Vi forbind ikkje fiske i Mannsvatnet med fiskar over kiloen, men det var nettopp det Audun Eik og Vidar Haugland opplevde då det trekte garn for ei vekes tid sidan.  Blant fangsten var det ein fjellaure på 1.065 gram, og den målte 45 cm.

17.10.2017
Ny overnattingstur med DNT Ung Kvinnherad.
Den nystarta DNT Ung -gruppa her i kommunen er godt i gang med friluftsaktivitetar.  Nyleg hadde dei ein vellukka overnattingstur til ungdomslagshytta Fjelly, og no inviterer dei til ny tur på seinhausten.  Denne gongen er turmålet Feto i Handelandsdalen, og datoen er 10.november.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS