Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Festidalen - eit lite triveleg etterspel

09.08.2017
Klikk på bilete for full storleik
Det vert kraftig lydnivå opp gjennom dalen under Festidalen.
 
Det har tidlegare vore innvendingar til festivalleiinga frå dyrehaldarar oppetter dalen om at bråket og ljosglimta frå avsluttingsfyrverkeriet er ei svært uheldig påkjenning for dyr på beite.  I år kan det sjå ut som at også kraftig lydtrykk frå konsertane kan ha skræmt beitedyr.
 

Nærområdet og nedre del av dalen, så langt opp som til Klammeren, kan sjå ut til å ha vore påverka.  Tysdag kveld laut ei eitt år gamal kvige avlivast etter å ha vorte funnen innkilt under ein vase av rotvelta tre på eit beite ved Klammeren.  Nokre kalvar som hadde gått på beite på Døssland vart attfunne i Børsdalen nær kalkingsstasjonen.  Ein flokk kalvar som gjekk ganske nær festivalarenaen hadde teke seg ut av beitet, og var så avskræmde at dei måtte setjast innomhus.  Dei er framleis svært redde og uhandterlege, og det kan sjå ut til at ein av dei lyt naudslaktast.

 

Bondelagsmedlemene i dalen hadde måndag kveld eit krisemøte om denne saka, der og involverte bønder som ikkje var medlemer møtte.  Kjetil Mehl, formann i Hordaland bondelag, var og til stades på dette møtet.  På møtet vart det semje om å senda eit formelt brev til festivalleiinga med kopi til offentlege instansar som det og er naturleg å underretta.  I ettertid tok styret i bondelaget telefonisk kontakt med festivalleiinga og informerte om kva møtet hadde kome fram til.  Det vart semje om at ein laut gå i dialog om korleis ein kunne løysa slike problem på best mogleg vis.

 

Festivalleiinga har tysdag kveld hatt eit møte for å evaluera korleis avviklinga av sjølve arrangementet har vore.  Med bakgrunn i det som har funne stad, tok dei og opp den siste utviklinga med skadde dyr, og at media har fått nyss om saka (sjå mellom anna nettutgåva av Kvinnheringen).  Bjørn Olav Tveit beklagar på vegne av festivalleiinga sterkt det som har funne stad.  Dei har starta ein dialog med bondelaget, og vil i utgangspunktet forhalda seg til dei.  Konkrete løysingar kan me ikkje seia noko om før me har diskutert dei med bondelaget, seiar han.

 

Tekst: Svein Rimestad

Arkivfoto: Egil Høgemark

Nett:  Thor Inge Døssland

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
18.08.2017
Sesongstart i Røysterett for Alle.
Røysterett for Alle startar haustsesongen torsdag 24. august. Det tradisjonsrike koret helsar gamle og nye medlemer velkomne. Maria Malmsten er musikalsk leiar.

kb
16.08.2017
Oppstart i trimgruppa UIL.
Turngruppa inviterer til ny sesong, og oppstarten vert slik:
Step på onsdag 23.08., kl 20.
Kettlbells torsdag 24.08., kl 19.30. 
Crossmix på mandag 28.08., kl 20.
Dametrimmen mandag 04.09. kl.19.
Turngruppa ønskjer vel møtt til ein aktiv haust.

tid
14.08.2017
Skulestart for Uskedal skule.
Endeleg er det skulestart igjen. Start vert måndag 21/8 klokka 08:20 for alle klassar unntatt 1. klasse. Dei møter kl.09:30.
Det vert normal dag denne dagen så hugs nødvendig utstyr og ikkje minst niste.
Vel møtt.
Helsing Uskedalen Skule v/ Stig Berge-Soldal


tid
13.08.2017
Søndagsmiddag og Seinsommarquiz.
I dag vert det servert ei fyrrig og god oksegryte med potetpuré, grønnsaker og humus til søndagsmiddag på Oska frå kl 15.  Som vanlig er desserten inkludert.
Onsdag kl.20 er det klart for SeinsommarQuiz.  Dørene opnar då kl.18.00.  Her er det berre å melda på lag. Epost er rokokk@gmail.com og  tlf: 918 64 091

tid
12.08.2017
Uskedal helselag startar opp att med styrketreninga.
Uskedal Helselag startar igjen opp med styrketrening for vaksne/eldre i Gamleskulen måndag 14.08.17 kl. 11.00.
Ingen er for ung - eller for gamal. Litt trening gjer godt for alle. Vi ynskjer nye med på laget, gjerne fleire menn. Kom og bli med oss, melder Eli Roseth Eik i Uskedal helselag.

tid
10.08.2017
Finn fram styltene.
På museumsdagen på Rød 20. august vert det styltemeisterskap. Audun Eik vann den siste vandrepokalen til odel og eige. Bror hans, Ståle Eik, er ein skarp konkurrent. Difor: Finn fram styltene for trening. Dersom du ikkje har stylter, kan du låna på Rød.

kb
08.08.2017
Svært god stemning i båthamna.
Leiar i Uskedal båtlag, Hans Gustav Mussland, var på plass i båthamna både fredag og laurdag.  Han kan melda om at mange kom sjøvegen til Uskedalen i samband med Festidalen i helga, og at det var svært god stemning.  Alt gjekk veldig fint for seg.

tid
08.08.2017
Pantar flasker til Aktivitetshuset.
SPAR Uskedalen fortel om ungdommar som pantar store mengder med boksar og plastflasker frå Festidalen.  Panteinntektene går til Aktivitetshuset.  Flott levert!

tid
06.08.2017
5000 på Festidalen.
Om lag 5000 besøkte dei ulike Festidalen-arrangementa.  Naturleg nok var det konsertane på Dønhaug som trekte mest publikum med 1500 fredag og 1800 laurdag.  Imponerande i regnveret!  Også dei andre arrangementa trekte godt med folk.

tid
06.08.2017
Møt fram til rydding.
Festidalen treng hjelp til ryddinga i dag. Møt fram på Dønhaug. Gløym middagen. Det vert servert grillmat. Uskedalen.no kjem tilbake med innlegg frå ryddinga med bilete.

kb
Siste Nyhende
18.08.2017
Helsetreninga godt i gang.
Med 11 frammøtte vart det ein god start på styrketreninga for eldre sjølv om nokre av dei faste hadde meldt forfall.  Det er Uskedal helselag som står bak denne treninga som er i Gamleskulen kvar måndag i timen mellom 11 og 12.  Det er Eli Roseth Eik som leiar treninga slik ho har gjort frå oppstarten.  Berit H. Myklebust er vikar ved behov.
17.08.2017
Kvinnherad Auto med ny bilbergingsbil.
Sigurd Myklebust trappar ikkje ned aktiviteten i firmaet sitt Kvinnherad Auto sjølv om han har passert 77 år.  Han kjører på for fullt, og i helga var han i Oslo og henta seg ny bilbergingsbil.  Det er ein 2012-modell av merket Inveco, ein flott bil som ser ut som den er ny både innvendig og utvendig.
17.08.2017
Uskedalen har fått sin Løvfallsykkel.
Uskledalen.no har før skrive om enkle tiltak som skaper trivsel i nærområde. Blomane i kryssen på Haugland og planter i ein Jøtulomn på Nedre Fet er gode døme. Mange har den siste tida merka seg ein sykkel i sentrum tvers over vegen for Zjakk frisørsalong. Den 20 år gamle sykkelen er signalgul med blomedekorasjon og skiltet Skårhaug påmontert. Med dette har Uskedal fått sin 'Løvfallsykkel'.
16.08.2017
Har du høyrt om Burmagjengen eller B- gjengen som ei venegruppe med medlemer frå heile landet likar å kalla seg. Bakgrunnen er ei Albatrossreise til Burma i 2012 der 14 medlemer i reisefylgje valde å møtast att på Sildajazzen i Haugesund året etter. Dermed var det gjort. Kvart år etter det møtest gruppa andre helga i august. Ei kultuell hending, som Kammermusikkfestivalen i Rosendal, er ofte avgjeande for valet av plassen. Dønhaug Gjestegard var ein prima plass å bu.
16.08.2017
Uskedelingar på musikksommarskule på Karmøy.
Sist veke, frå 7. til 12.august, arrangerte UNOF Rogaland musikksommarskule på Karmøy.  Mellom dei 78 deltakarane i alderen 8-19 år var det tre uskedelingar.  Det var Saima Kristine L. Døssland(fiolin) og brørne Nils Rainer(euphonium) og Nikolai Vågen(fiolin).  I tillegg var det tre andre unge lovande fiolinistar frå Kvinnherad.
15.08.2017
Allsidig kunstnar på tradisjonsrik museumsdag.
Det er ein viktig tradisjon som vert halden i hevd når det vert arrangert museumsdag på Rødtunet komande søndag.  Frå opninga av Bygdetunet Rød i 1984 har det vore arrangert museumsdag kvart einaste år.  Kristian Bringedal har heile tida vore primus motor og den som har stått i bresjen for museumsdagane.
15.08.2017
Nytt skuleår med ny rektor og 12 førsteklassingar.
Når elevane møter på Uskedal skule måndag 21.august, vert dei møtt av ny rektor, Stig Berge-Soldal, som nok er kjent for svært mange i elevflokken.  Han har allereie vore på jobb eit par veker, men no gler han seg til elevane kjem, og til staben av tilsette er på plass.  Han håpar også at elevane ser fram til å koma i gang med eit nytt skuleår.
14.08.2017
Dyrevelferd-saka er lyfta på fylkesnivå.
Oppdatert: Saka om dyrevelferd og Festidalen er lyfta frå lokalt plan til fylkesnivået i Hordaland Bondelag. Det vart gjort etter at Festidalleiinga sende Bondelaget brev med spørsmål om dokumentasjon og avklaringar. Dette stadfestar Kjetil Mehl i Fylkeslaget til Uskedalen.no. Saka fekk ei ny vending etter pressesamlinga på Haugland tysdag i førre veke. Kjetil Mehl legg vekt på dialog i det vidare arbeid for å koma fram til gode løysingar i framtida.
13.08.2017
Tsjekkiagruppe på tur til Englafjell og Manen.
Fjellgruppa Alpina frå Tsjekkia var i dag på tur til Englafjell og Manen. Gruppa på 42 delte seg i om lag to like store grupper der den eine valde Englafjell og den andre Manen. Turen gjekk samla inn Eikedalen til Eikehytta ved Jorsvatn der ein skilde lag. Alle 42 kom ned på Padlane og vart plukka opp av bussen i Fylkesvegen  ved Padlaporsen.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS