Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Den utrulege dugnadsgjengen!

06.08.2017
Klikk på bilete for full storleik
Kl.12 var dugnadsfolk i arbeid med alt frå nedrigging av scene, telt og elektrisk anlegg til bortkøyring av høy og høyballar.
 
Med fyrverkeriet kl.1 natt til søndag vart storfesten Festidalen avslutta.  Ein fantastisk fest frå ende til annan!  Det såg ikkje ut som regnveret sette nokon dempar på stemninga.  Ein enorm dugnadsinnsats frå over 340 registrerte friviljuge, og sikkert nokre uregistrerte, ligg bak, både før og etter festen.  Alt kl.9 søndag føremiddag var oppryddingsarbeidet godt i gong.
 
Klikk på bilete for full storleik
Kl.12 var det også matpause for ein del av dugnadsfolka.

Uskedalen.no har prøvd å følgja med på arbeidet med Festidalen siste veka.  Det er ikkje lett for det føregår på så mange 'frontar'.  Men vi er storleg imponert!  Det krev mykje å klargjera den koselege arenaen som det går gjetord om, og bygda elles!  Til tider har det krydd av gode dugnadsfolk på Dønhaug.  Mange har brukt ei ferieveke til dette!  Heilt fantastisk!  Organiseringa av arbeidet har vore imponerande og viser at det er godt med både erfaring og god planlegging. 

 

Ryddinga er ofte verste jobben.  Derfor var det ekstra stort å koma til Dønhaug kl.12 søndag i verste regnbyga og sjå at det var stor gjeng i gang med oppryddingsarbeid både på jordet og på campen.  Då eg kom inn i låven sat det jammen ein flokk der òg!  Dei hadde alt vore i sving nokre timar og trong  eit godt måltid mat!  Og då eg køyrde ned frå Dønhaug, trefte eg fleire bilar med nytt påfyll av gode dugnadsfolk.  Dette er så flott å sjå etter at så mange har jobba hardt med å gjera klart til og gjennomføra alle dei flotte arrangementa som er på Festidalen-programmet! 

 

Kl.17.30 tok eg turen oppom Dønhaug att.  Då var det gjort ein stor jobb.  Scenen var nede og i ferd med å verta lasta i traileren.  Mykje anna må også transporterast til ulike lagringsplassar.  Steinar Haugland var svært godt nøgd med jobben så langt.  Han sa at arbeidet hadde gått svært effektivt då mange har mykje rutine.  Sjølv om det hadde vore bra med folk, hadde det ikkje gjort noko om dei hadde vore fleire.

Sjølv om mykje alt er gjort, vert det heilt sikkert behov for folk til hjrelp dei næraste dagane.  Den som kan gjera ein innsats kan då ta kontakt med Steinar Haugland eller andre i Festidalen-leiinga.

 
 
Klikk på bilete for full storleik
Kl.17.30 var det reingjering av flakar og mykje anna før det skulle lagrast.
 
Kl.17.30 var mykje av scenen kome inn i traileren.
 

Eg håpar kvar og ein i dugnadsflokken, frå born til pensjonistar, fastbuande kvinnheringar og tilreisande, ja, absolutt alle, får høyra like mange positive tilbakemeldingar om den fantastiske festivalen som eg får.  Dette året har eg møtt mange som er her for første gong, og som veldig imponert over gjennomføring og organisering, den fantastiske arenaen og pyntinga elles, maten, og breidda i tilbodet med alle barneaktivitetar, føredragskroer, næringsseminar, Festitaren og turlagstilboda i tillegg til musikkarrangementa.

 

Bak alt dette ligg uteljelege dugnadstimar.  Nokre veit eg alt er i gang med arbeidet til Festidalen 2018.  Og eg veit eg vil sjå veldig, veldig mange av den flotte friviljugflokken att til neste år!

 

For meg er det ufatteleg at eit så stort arrangement er 100% dugnadsbasert slik Festidalen er!

 

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 17.des.2017
I dag er det trekt ut to nye, heldige vinnarar på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar:

1. Spekepølse, gjeven av Friheim Gardsmat er vunnen av eigaren av kalendar nr.457

2. To utelampar til ein verdi av 600,-kr, er vunne av eigaren av kalendaren med nr.194.      Vi gratulerer dei to heldige vinnarane!!

tid
16.12.2017
Skitrekket opnar søndag kl.10-16.
Fjellhaugen skisenter har sendt ut følgjande hyggelege melding:Anlegget er klart, og vi har snø MEN det er ikkje meir snø enn vi må ha. Vi må derfor sperra av enkelte partier pga lite snø, og vil be alle gjester om å respektere sperringer og til å kjøre i preparerte områder. Vi vil be alle om å enten betale for parkering i kiosken, eller å bruke Vipps til dette. Merk at det er dårlige forhold for telefon og at ein godt kan betale med Vipps på forhånd.   Barnetrekket er gratis.

tid
16.12.2017
Styrketreninga til helselaget tar juleferie.
Helselaget melder at dei tar fri frå styrketreninga måndag 18.12.17i. Helselaget ynskjer alle deltakarane God Jul.
Dei skriv vidare at dei møtest att måndag 08.01.18 kl. 11.00 i Gamleskulen. Kanskje finn også nokre nye vegen til Gamleskulen den dagen? Vel møtt.

tid
16.12.2017
Flotte forhold i Fjellhaugen i dag.
Fjellhaugen skisenter melder følgjande: 

- Flotte forhold i Fjellhaugen om dagene. Det er i dag -8,5 no klokka 10:40 Lysløypa er preparert og det er kjørt spor til Nautavatn med trakkemaskin. Velkommen til fjells. Husk å vippse parkering og løypeavgift til Fjellhaugen Skisenter. Eventuelt, så har vi to kvite postkassar som kan nyttast.

Dei arbeider også med klargjering av alpinanlegget som ikkje er opna for sesongen enno.

tid
16.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 16.des.2017
I dag er det trekt ut to heldige vinnarar:

1.  Gåvekort på 500,-kr, gjeve av SmakifråOska, er vunne av den som har kalendar med nr. 11.  Sidan Oska dessverre har siste opningsdag i dag, vert dette litt spesielt.  Dersom vinnaren vil nytta seg av gåvekortet på Oska i kveld(lørdag), må ein ta kontakt med Hege Lekva (mobil 988 07 713) i dag.  Hvis ikkje, vil vinnaren få gåvekort på ElKjøp til same verdi, 500,-kr.

2. Sitjeunderlag til verdi 349,-kr, gjeve av Kulør Rosendal, er vunne av eigaren av kalendar med nr.219.    Vi gratulerer begge vinnarane!

tid
15.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 15.des.2017
I dag har vi trekt ut to heldige vinnarar som får to flotte gevinstar:

1. Gåvekort på klypp, verdi 450,-kr., gjeve av Zjakk frisør, går til eigaren av kalendar med nr.163.

2. Hettejakke og T-skjorte, gjeve av Festidalen, er vunne av eigaren av kalendaren med nr.446.    Vi gratulerer dei to heldige vinnarane!

tid
14.12.2017
Populær video av musikklagsveteranane.
Uskedal musikklag si framføring av A Perfect Day, (Ein Herleg Dag med nynorsk tekst av Svein A. Sunde), er blitt populær etter julekonserten i Uskedal kyrkje på søndag.  Frode Sæbø tok video av den med mobil, har lagt videoen ut på Facebook, og no er den sett nærare 1000 gonger.   De kan også sjå framføringa ved å klikka HER.

tid
14.12.2017
Fiskane i anlegget utanfor Skorpo vert fora frå Rosendal.
På framsida i dagens Grenda er det eit herleg avslappa bilde av Oddmund Soldal i arbeid på Lerøy Sjøtroll sitt tilvekstsenter i Rosendal.  Derfrå vert fisk i Lerøy Sjøtroll sine oppdrettsanlegg i Sunnhordlandskommunane fora. Det er også fleire uskedelingar som jobbar ved tilvekstsenteret i Rosendal.  Jonny Hansen er nemleg driftsleiar for senteret.  Les meir om dette i Grenda som er sendt ut til alle husstandar.

tid
14.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 14.des.2017
I dag har ein heldig vinnar vunne Lego friends til verdi av 500,-kr, gjeve av Husnes Storsenter på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar.  Vinnaren har kalendar med nr.64.  Vi gratulerer den heldige!!

tid
13.12.2017
Arbeidet på nybygget til Lio Sag godt i gang.
Arbeidet på nybygget til Lio Sag og Treforedling AS(Rune og Reidun Myklebust) på Husnes industriområde er godt i gang.  Planeringsarbeidet er gjort, og støypearbeidet er starta.

tid
Siste Nyhende
17.12.2017
Oska har takka for seg.
Oska, restauranten med dei fantastiske måltida, har no dessverre slutta av.  Denne helga var dei siste opne arrangementa på restauranten, julebord kombinert med ein flott konsert på fredagen, og julebord med ein triveleg quiz med bra med lag laurdagen.  No gjenstår berre nokre bestilte arrangement og utrydding.
16.12.2017
Siste konserten på Oska.
Konserten fredag kveld med Håkon Røstbø og døtrene Ingrid og Astrid Fjellandsbø Røstbø, med Ove Eikemo som bassist, vart den siste konserten i dette etablissementet.  Som kjent innstiller Oska verksemda etter førjulsquizen laurdag.  Ei betre avsluttingsmarkering enn denne konserten kunne vel ingen ynskja seg. 
16.12.2017
Den komplette julebutikken.
Dei som ønskjer å vera litt effektive i julehandelen, gjer lurt i å svinga oppom Feet og Elins Matgleder.  Der finn ein nemleg det meste som ein treng til jul.  Elins Matgleder byr på langt meir enn julekjeks og bakverk.  Her finn vi eit godt og spennande utval i julegåver, julepynt, fine juletre og julenek for å nemna noko.
14.12.2017
Stenging av vatnet fredag kl. 9.
Leiaren i Uskedal vassverk, Hans Reidar Kjærland, opplyser at dei må stengja vatnet for abonnentar frå Skulebruo og innover til Korsnes frå kl.9 i morgon, fredag.  Stenginga berører ikkje abonnentar på Kjærlandssida.  Kjærland seier at det er usikkert kor lenge abonnentane vil vera utan vatnet, men lovar at dei skal få det tilbake så fort som mogeleg.
14.12.2017
Mykje fint i julekrambua i Uskedalen.
Dersom nokon har problem med å finna dei rette julegåvene, kan det vera svært lurt å ta ein tur til julekrambua til Inger Lise Eidsvik i Uskedalen.  Det lyser jul frå fint pynta vindauga frå utsida, og når du kjem inn i butikken har Inger Lise mykje fint å by på.  Ofte er det ting som er vanskelege å finna i andre butikkar, og prisane er svært gunstige, forsikrar ho.
13.12.2017
Oska sluttar av.
Roy Lervåg har bestemt seg for å slutta av drifta av restauranten Oska på Sandakaien etter vel 2 års drift.  Dermed misser Uskedalen eit tilbod i bygda som har vore omtala  langt utanfor Kvinnherad sine grenser for den vidunderlege maten som har blitt servert.  Dette er svært trist for Kvinnherad og spesielt Uskedalen.  Vi kjem til å sakna Oska, og vi kjem til å sakna Roy Lervåg med den fantastiske maten.
13.12.2017
Ønskjer kandidatar til frivilligprisen 2017.
Frivilligprisen for 2017 skal delast ut på nyåret, og Kvinnherad frivilligsentral ønskjer no framlegg på kandidatar til denne.  Leiar ved frivilligsentralen Veronica Thorkildsen Thorsen seier at ho veit at Uskedalen er full av flotte frivillige, og ho ønskjer også inn gode kandidatar her frå bygda.  Dei vil ha inn framlegga innan 20.desember.
13.12.2017
24 vinnarar er trekt ut på adventskalendaren.
Til no er det trekt ut 24 gevinstar på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar.  Eg har allereie vore svært nær vinnarnuimmeret to gonger, og spenninga held fram.  Frå fleire har vi vorte oppfordra til å repetera vinnartala, og det gjer vi så gjerne.  Dermed kan dei som ikkje har vore innom nettsida dagleg få sjekka kalendarane sine.
13.12.2017
Mykje fint og utvida opningstider hos Gros Blomster.
Blomsterbutikken midt i sentrum lyser verkeleg opp både i jultida og elles i året.  I den mørke førjulstida pyntar den ekstra opp der den ligg like ved den store staselege julegrana vår.  Ein kan verkeleg ikkje unngå å koma i julestemning når ein passerer sentrum av bygda vår. 
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS