Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

FestidaGen-show med sjarm, futt og fart!

06.08.2017
Klikk på bilete for full storleik
Sigri og Karoline vann prisen for beste sceneshow i Småstjerner.
 
Noko av det kjekkaste eg opplever kvart år under Festidalen, er FestidaGen-show.  Det understrekar så flott den gode breidda i Festidalen-tilboda når vi opplever dei breie smila til dei fornøgde borna som viser kva kunster dei har lært under FestidaGen.  I tillegg får vi dei glitrande framføringane til småstjernene!
 
Klikk på bilete for full storleik
Linnea og Iselin song så flott at dei fekk prisen for beste songprestasjon.
 

Det er tydeleg at mange er av same meining som meg.  Aktivitetshuset var meir enn fullsett då det var klart for årets show laurdag.  Amfiet var fullt, og i tillegg var det tett med publikummarar på stolar og benkar som var sett ut på begge sider.  Og det store publikum vart slett ikkje skuffa.  Dei fekk oppleva eit fantastisk flott show!

 

Det var to av medlemmene i dansegruppa Mixmaster Crew frå Bergen som ønskte velkommen, og allereie i første nummer var den gode stemningen sett.  Det skjedde ved frisk afrikansk musikk frå marimbaorkesteret, leia av Mauricio Weimar opphaveleg frå Brasil, som framførte to songar.  Imponerande kor godt tak dei hadde fått på dei afrikanske rytmane i løpet av dei to dagane på workshop.  Kanonstart!!

 

Så vart det nysirkus.  I ei herleg førestilling fekk vi oppleva klatring med innlagt halsbrekkande stunt, ballansekunst, formasjonsoppvisningar med imponerande samarbeid, hopp og sprett frå dei to partia.  Gubba kor gøy, både for publikum og aktørar.  Breie smil frå aktørane og klappsalvane frå publikum var det beste beviset på det!!

 

Neste post på programmet var mannekeng-oppvisning frå nokre i gruppa som hadde laga flott nye kle av gamle plagg i gruppa Redesign.  Skikkeleg stilige var dei då dei vart kommentert og bevega seg rundt på golvet.  Eit roleg og fint avbrekk, før det vart futt og fart.  Neste programpost var nemleg hiphop.  Denne gruppa imponerte med to dansar dei hadde lært på to timar på workshopen med instruktøranen frå Mixmaster Crew tidlegare på dagen.

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
I tillegg til fullt amfi var det fullt på benker og stolar på begge sider

Programmet vart avslutta med Småstjerner slik det har vore kvart år.  Eg blir meir og meir imponert over aktørane som deltar for kvart år som går.  Dei vartar opp med fantastiske sceneshow og gode songprestasjonar.  I år var det 6 grupper/artistar som deltok, og alle gjorde det kjempebra!  Det var både publikum og dommarane tydelegvis enige i.  Dommartrioen var Ronya Lakselv, Brede Grønningen jr. og Lina Håland.  Dei gav gode tilbakemeldingar til deltakarane etter kvart som dei hadde opptredd.  Deltakarane var: Triana K. Nerhus(solo), Sigri M. Lekva og Karoline E. Myklebust(duo), Elena Oline Jensen Eide og Linnea Hauge(duo), Nora H. Kristoffersen/ Mathilda Valvatna-Kristiansen(duo), Norah Hjønnevåg, Linnea Enes og Elvira H. Bondhus(trio) og Linnea M. Ripel og Iselin S. Myklebust(duo).

 

Då alle hadde imponert, fekk dommartrioen ein vanskeleg jobb med å kåra dei to klassevinnarane.  Alle var jo så flinke!!  Alle var jo vinnarar!!  Medan dommarane bestemte seg bak lukka dører, fekk vi ei fartsfullt og halsbrekkande oppvisning av dansegruppa Mixmaste Crew, kjent frå m.a. Norske Talenter.

 

Då spenninga skulle utløysast, dirra mest Aktivitetshuset av nervøs og forventningsfull spenning.  Prisen for beste sceneshow gjekk til Sigri og Karoline som tok oss med til syden og sol i sin song.  Beste songprestasjon gjekk til Linnea og Iselin som heldt seg til Vestlandet.  Dommarane gjorde to gode valg blant 6 flinke kandidatar.

 

I tillegg til det som vart presentert på FestidaGen-showet, var det også ein del andre kjekke aktivitetar på FestidaGen.  Eit imponerande tilbod!  Eg seier: HEIA FestidaGen og HEIA Festidalen som som har noko for alle!!

 

Til slutt i FestidaGen-showet vart Uskedal helselag takka for sponsing av matpakkar, og SPAR Uskedalen fekk takk for at dei alltid er rause og støttar opp!

 
 
Dommarane i småstjerner Brede Grønningen jr., Ronya Lakselv og Lina Håland som her får informasjon av Gina Ness Valvatna, gjorde ein god jobb.
 
Marimbaorkester for første gong i Uskedalen.
 
Nysirkus, spenstige saker med godt humør.
 
Ballansekunstnarar i Nysirkusgruppa
 
Fire av deltakarane på Redesign viste dei flotte kleda dei hadde laga.
 
 
Futt og fart i hiphop-gjengen.
 
 

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 17.des.2017
I dag er det trekt ut to nye, heldige vinnarar på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar:

1. Spekepølse, gjeven av Friheim Gardsmat er vunnen av eigaren av kalendar nr.457

2. To utelampar til ein verdi av 600,-kr, er vunne av eigaren av kalendaren med nr.194.      Vi gratulerer dei to heldige vinnarane!!

tid
16.12.2017
Skitrekket opnar søndag kl.10-16.
Fjellhaugen skisenter har sendt ut følgjande hyggelege melding:Anlegget er klart, og vi har snø MEN det er ikkje meir snø enn vi må ha. Vi må derfor sperra av enkelte partier pga lite snø, og vil be alle gjester om å respektere sperringer og til å kjøre i preparerte områder. Vi vil be alle om å enten betale for parkering i kiosken, eller å bruke Vipps til dette. Merk at det er dårlige forhold for telefon og at ein godt kan betale med Vipps på forhånd.   Barnetrekket er gratis.

tid
16.12.2017
Styrketreninga til helselaget tar juleferie.
Helselaget melder at dei tar fri frå styrketreninga måndag 18.12.17i. Helselaget ynskjer alle deltakarane God Jul.
Dei skriv vidare at dei møtest att måndag 08.01.18 kl. 11.00 i Gamleskulen. Kanskje finn også nokre nye vegen til Gamleskulen den dagen? Vel møtt.

tid
16.12.2017
Flotte forhold i Fjellhaugen i dag.
Fjellhaugen skisenter melder følgjande: 

- Flotte forhold i Fjellhaugen om dagene. Det er i dag -8,5 no klokka 10:40 Lysløypa er preparert og det er kjørt spor til Nautavatn med trakkemaskin. Velkommen til fjells. Husk å vippse parkering og løypeavgift til Fjellhaugen Skisenter. Eventuelt, så har vi to kvite postkassar som kan nyttast.

Dei arbeider også med klargjering av alpinanlegget som ikkje er opna for sesongen enno.

tid
16.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 16.des.2017
I dag er det trekt ut to heldige vinnarar:

1.  Gåvekort på 500,-kr, gjeve av SmakifråOska, er vunne av den som har kalendar med nr. 11.  Sidan Oska dessverre har siste opningsdag i dag, vert dette litt spesielt.  Dersom vinnaren vil nytta seg av gåvekortet på Oska i kveld(lørdag), må ein ta kontakt med Hege Lekva (mobil 988 07 713) i dag.  Hvis ikkje, vil vinnaren få gåvekort på ElKjøp til same verdi, 500,-kr.

2. Sitjeunderlag til verdi 349,-kr, gjeve av Kulør Rosendal, er vunne av eigaren av kalendar med nr.219.    Vi gratulerer begge vinnarane!

tid
15.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 15.des.2017
I dag har vi trekt ut to heldige vinnarar som får to flotte gevinstar:

1. Gåvekort på klypp, verdi 450,-kr., gjeve av Zjakk frisør, går til eigaren av kalendar med nr.163.

2. Hettejakke og T-skjorte, gjeve av Festidalen, er vunne av eigaren av kalendaren med nr.446.    Vi gratulerer dei to heldige vinnarane!

tid
14.12.2017
Populær video av musikklagsveteranane.
Uskedal musikklag si framføring av A Perfect Day, (Ein Herleg Dag med nynorsk tekst av Svein A. Sunde), er blitt populær etter julekonserten i Uskedal kyrkje på søndag.  Frode Sæbø tok video av den med mobil, har lagt videoen ut på Facebook, og no er den sett nærare 1000 gonger.   De kan også sjå framføringa ved å klikka HER.

tid
14.12.2017
Fiskane i anlegget utanfor Skorpo vert fora frå Rosendal.
På framsida i dagens Grenda er det eit herleg avslappa bilde av Oddmund Soldal i arbeid på Lerøy Sjøtroll sitt tilvekstsenter i Rosendal.  Derfrå vert fisk i Lerøy Sjøtroll sine oppdrettsanlegg i Sunnhordlandskommunane fora. Det er også fleire uskedelingar som jobbar ved tilvekstsenteret i Rosendal.  Jonny Hansen er nemleg driftsleiar for senteret.  Les meir om dette i Grenda som er sendt ut til alle husstandar.

tid
14.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 14.des.2017
I dag har ein heldig vinnar vunne Lego friends til verdi av 500,-kr, gjeve av Husnes Storsenter på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar.  Vinnaren har kalendar med nr.64.  Vi gratulerer den heldige!!

tid
13.12.2017
Arbeidet på nybygget til Lio Sag godt i gang.
Arbeidet på nybygget til Lio Sag og Treforedling AS(Rune og Reidun Myklebust) på Husnes industriområde er godt i gang.  Planeringsarbeidet er gjort, og støypearbeidet er starta.

tid
Siste Nyhende
17.12.2017
Oska har takka for seg.
Oska, restauranten med dei fantastiske måltida, har no dessverre slutta av.  Denne helga var dei siste opne arrangementa på restauranten, julebord kombinert med ein flott konsert på fredagen, og julebord med ein triveleg quiz med bra med lag laurdagen.  No gjenstår berre nokre bestilte arrangement og utrydding.
16.12.2017
Siste konserten på Oska.
Konserten fredag kveld med Håkon Røstbø og døtrene Ingrid og Astrid Fjellandsbø Røstbø, med Ove Eikemo som bassist, vart den siste konserten i dette etablissementet.  Som kjent innstiller Oska verksemda etter førjulsquizen laurdag.  Ei betre avsluttingsmarkering enn denne konserten kunne vel ingen ynskja seg. 
16.12.2017
Den komplette julebutikken.
Dei som ønskjer å vera litt effektive i julehandelen, gjer lurt i å svinga oppom Feet og Elins Matgleder.  Der finn ein nemleg det meste som ein treng til jul.  Elins Matgleder byr på langt meir enn julekjeks og bakverk.  Her finn vi eit godt og spennande utval i julegåver, julepynt, fine juletre og julenek for å nemna noko.
14.12.2017
Stenging av vatnet fredag kl. 9.
Leiaren i Uskedal vassverk, Hans Reidar Kjærland, opplyser at dei må stengja vatnet for abonnentar frå Skulebruo og innover til Korsnes frå kl.9 i morgon, fredag.  Stenginga berører ikkje abonnentar på Kjærlandssida.  Kjærland seier at det er usikkert kor lenge abonnentane vil vera utan vatnet, men lovar at dei skal få det tilbake så fort som mogeleg.
14.12.2017
Mykje fint i julekrambua i Uskedalen.
Dersom nokon har problem med å finna dei rette julegåvene, kan det vera svært lurt å ta ein tur til julekrambua til Inger Lise Eidsvik i Uskedalen.  Det lyser jul frå fint pynta vindauga frå utsida, og når du kjem inn i butikken har Inger Lise mykje fint å by på.  Ofte er det ting som er vanskelege å finna i andre butikkar, og prisane er svært gunstige, forsikrar ho.
13.12.2017
Oska sluttar av.
Roy Lervåg har bestemt seg for å slutta av drifta av restauranten Oska på Sandakaien etter vel 2 års drift.  Dermed misser Uskedalen eit tilbod i bygda som har vore omtala  langt utanfor Kvinnherad sine grenser for den vidunderlege maten som har blitt servert.  Dette er svært trist for Kvinnherad og spesielt Uskedalen.  Vi kjem til å sakna Oska, og vi kjem til å sakna Roy Lervåg med den fantastiske maten.
13.12.2017
Ønskjer kandidatar til frivilligprisen 2017.
Frivilligprisen for 2017 skal delast ut på nyåret, og Kvinnherad frivilligsentral ønskjer no framlegg på kandidatar til denne.  Leiar ved frivilligsentralen Veronica Thorkildsen Thorsen seier at ho veit at Uskedalen er full av flotte frivillige, og ho ønskjer også inn gode kandidatar her frå bygda.  Dei vil ha inn framlegga innan 20.desember.
13.12.2017
24 vinnarar er trekt ut på adventskalendaren.
Til no er det trekt ut 24 gevinstar på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar.  Eg har allereie vore svært nær vinnarnuimmeret to gonger, og spenninga held fram.  Frå fleire har vi vorte oppfordra til å repetera vinnartala, og det gjer vi så gjerne.  Dermed kan dei som ikkje har vore innom nettsida dagleg få sjekka kalendarane sine.
13.12.2017
Mykje fint og utvida opningstider hos Gros Blomster.
Blomsterbutikken midt i sentrum lyser verkeleg opp både i jultida og elles i året.  I den mørke førjulstida pyntar den ekstra opp der den ligg like ved den store staselege julegrana vår.  Ein kan verkeleg ikkje unngå å koma i julestemning når ein passerer sentrum av bygda vår. 
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS