Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Vakker jubileumsbok. Fjelly 1917-2017.

19.05.2017
Klikk på bilete for full storleik
FJELLY 1917 - 2017
 
Med bilete frå godt over 20 bidragsytarar er boka som vert gjeven ut i samband med at ungdomslagshytta Fjelly rundar 100 år, blitt ei svært fin lagsoge.  Gjennom dei mange bileta og kortfatta tekst dokumenterer den hytta si 100 årige historie på ein flott og lettfatteleg måte.  Vi får vera med på store dugnader, stemne, ulike aktivitetar som isfiske, hytta sitt liv i krigsåra og mykje meir.
 

Det er Kristian Bringedal og Hans Ordin Østebø som har hatt hovudansvaret for bokprosjektet.  Dei har invitert folk med aktuelle bilete til å ta desse med til skannekveldar, og såleis har dei i tillegg til alle dei fine bileta som er i boka, fått inn mange bilete slik at det no er eit verdfullt fotoarkiv frå historia til Fjelly.  Britt Iren Tjelle Østebø har hjelpt til på skannekveldane.  Responsen har vore god.  I tillegg til dei mange bilda har dei også skanna artige sider frå nokre av dei mange hyttebøkene.

 

Å laga ei bok med hovudvekt på bilde, var eit godt val.  Gjennom dei får vi innblikk i historien, aktivitetar, den vakre naturen og korleis den har endra seg og mykje meir.  Dette er ei bok som ein kan sitja lenge med i gode stunder.  Her er mange både artige, gode og forteljande bilde vi kan mimra og kosa oss med. 

 

Det er førebels berre trykt opp eit prøveopplag på 10 bøker, men hyttestyret vil i neste omgang ta opp bestilling, få trykt opp eit nytt og større opplag slik at alle interesserte kan få kjøpt den.  Dette er ei bok som alle dei som har eit forhold til Fjelly, vil verta veldig glade i. 

 

Det er Kristian Bringedal, med korrekturlesar Svein Rimestad, som står for tekstane i boka medan Hans Ordin Østebø er ansvarleg for oppsettet.  Japan Foto har stått for trykking, og det er svært god papirkvalitet i boka.  Det er nødvendig for at alle dei gode bileta skal koma til sin rett. 

 

Vi gratulerer hyttestyret og redaksjonsgruppa med den flotte og verdfulle boka.

 
 
Hans Ordin Østebø og Kristian Bringedal kan vera svært fornøgde med arbeidet dei har lagt ned i boka.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.07.2017
Ver nøye med bandtvang på hund.
Politiet understrekar kor viktig det er at ein overheld reglane for bandtvang på hund etter at to lam måtte avlivast etter at dei vart bitne av hund i Uskedalen onsdag.
Hundeeigaren og eigaren av lamma har gjort opp seg i mellom etter hendinga.

tid
19.07.2017
Ikkje parker på snuplassene i Halsabråtet.
Ein oppsitjar påpeikar at snuplassene ved enden av vegen i Øvre og Nedre Halsabråtet, ikkje må brukast som parkeringsplassar.   Parkering på snuplassen resulterer i at store bilar t.d. bosbilen må rygga heile vegen tilbake.  Derfor oppfordrar oppsitjaren eigarar til bilar med og utan skilt til å fjerna dei frå snuplassene.

tid
19.07.2017
Ros til SKL og grunneigarar.
Turgåarar gjev ros til grunneigarane og SKL for arbeidet som er gjort på stien mellom Storhaug og Mannsvatnet etter kraftverksutbygginga.  Dei har nemleg steinlagt stien gjennom myra.  Stien har aldri vore betre der, vert det sagt.

tid
18.07.2017
Fullt på skalldyrbord, og endra opningstid laurdag.
SmakifråOska melder at skalldyrbordet førstkommande torsdag er fullbooka.  På grunn av lukka arrangement opnar restauranten ved båthamna seinare førstkommande laurdag.  Frå kl.19 ønskjer dei hjarteleg velkommen til middag.
Vanlege opningstider er frå kl.15 onsdag, fredag, lørdag og søndag. Frå kl.19 på torsdagar med skalldyrbuffè.

tid
17.07.2017
Flott arbeid på Fjelly!
Frå eit par som har vore på tur til ungdomslagshytta Fjelly har eg fått inn ros til dei som driv og byggjer terrasse på hytta.  Paret seier at det er gjort flott og godt arbeid med fine detalkjar som pyntar opp.
Heilt sikkert velfortent ros til den flinke dugnadsgjengen.

tid
16.07.2017
På Viking-benken.
For andre seriekamp på rad er fotballtalentet Harald Nilsen Tangen(16 år) på plass på benken når Viking møter Odd på Skagerak Arena i kveld kl.18.
Får Harald sin eliteseriedebut i kveld?

tid
15.07.2017
Bra respons på FJELLY-boka på Spar.
Det var bra respons då det vart teke mot bestillingar på jubileumsboka FJELLY 1917-2017 på Spar Uskedalen fredag.  Boka må førehandstingast innan 15.august.  Bestilling kan sendast anesu@online.no eller mobil  952 26 429.  Betaling(300 kr) ved bestilling til 3460.07.50145.

tid
14.07.2017
Sommarope på Oska, restauranten ved båthamna.
Opningstidene til restauranten Oska denne sommaren(onsd.-søndag) finn de ved å klikka HER.  Der finn de også meir info.
Skalldyrbuffè kvar torsdag frå kl.19, og søndagsmiddag kvar søndag frå kl.15.
Elles mykje moro og ein smakfull sommarmeny til rimelege prisar.
Lurt å bestilla bord for å vera sikra plass.
Den dyktige fotokunstnaren Jorunn Larsen har årets sommarutstilling på Galleri Oska.
Aktualitetar vert presentert på facebooksida Smakifrå.

tid
14.07.2017
Sommarkafè hos Elins Matgleder, opningstider.
I juli har Elins Matgleder desse opningstidene:
Mandag-fredag:  kl.10-16
Laurdag: kl.10-15.

Smårettar, smørbrød, kaffi og is.
Alltid fersk bakst og kaker.
Spesiell interiørbutikk m.m.
Stengt laurdag 15.07. pga bryllup.

tid
14.07.2017
Opningstidene til Gros Blomster.
Etter ein periode med utvida opningstider i travlaste plantesesongen, går no Gros Blomster tilbake til dei vanlege opningstidene att.  Det er:
Mandag-torsdag: kl.9 - 16.30
Fredag: kl.9 - 18.
Laurdag: kl.9 - 15.

Hos Gros Blomster er det alltid ein koseleg og god handel!

tid
Siste Nyhende
21.07.2017
På ferietur med «Il Tempo Minimale».
Mange sperra nok augene opp då ei mindre utgåve av«Il Tempo Gigante» frå Flåklypa svinga inn på Spar Uskedalen fredag føremiddag.  Det viste seg å vera ein hyggeleg kar frå Hurum, Knut Bovim, som var på ferietur i bilen sin, ein 1999-modell Caterham Super 7.  I Norge er det berre ein bil av den utgåva så det er ikkje rart den vart lagt merke til.
21.07.2017
Skalldyr og jazz på Oska.
Skalldyrborda på Oska har vore svært populære også denne sommaren.  Sist veke var det fullbooka fleire dagar på førehand.  Torsdag 27.juli vert det servert publikumsvennleg jazz etter etegildet.  Då spelar Borge Olsen Kvintett frå kl.22.  Kjell Borge Olsen har spela på Bøkkerkvelden på Rød i 20 år med litt skiftande besetning.  No har han med seg superlaget frå eit par år sidan.  I pressemeldinga les vi:
20.07.2017
God quiz-stemning og suverene vinnarar.
Det var svært god stemning under sommarquizen på Oska onsdag kveld.  Heile 11 lag møttest til dyst, olg det var mest fullt av quiz-deltakarar inne i lokalet.  Etter kvart kom også andre gjester til, og dei kosa seg på terrassen denne nydelege sommarkvelden.  Då quiz-resultata var klare, viste det skarpskodde laget «Gjøk og løk» seg som suverene vinnarar.
20.07.2017
Hundeskilta har positiv verknad.
Nokre huseigarar på Brekketoppen og i Geilo har sett opp skiltet: LUFT GJERNE HUNDEN, MEN IKKJE HER i von om å sleppa hundskit i hagane. Uskedalen. no  skrive om dette problemet før. Ved nokre høve har redaksjonen med rette vore krass i sin kritikk av dei med hund, og som slepp dyra inn i private hagar og let dei leggja frå seg avføring og jamvel der born leikar.
19.07.2017
Uskedeling sentral i sermoni ved bygging av Color Line-ferje.
Uskedelingen Jan Helge Pile er i dag ein del av toppleiinga i Color Line der han er Marin teknisk sjef.  Etter at Color Line fekk tilslaget frå Sandefjord kommune for ei ny ferje som skal trafikkere Sandefjord-Strömstad, var  Pile sterkt involvert i intensjonsavtalen mellom Color Line og Ulstein verft om bygging av verdas største hybridferje. 
19.07.2017
Første reine Uskedalslag i Norway Cup.
OPPDATERT: Mange uskedelingar har gjennom åra delteke på Norway Cup.  Dei har alltid spela på lag i samarbeid med andre idrettslag.  Dei fleste har spela for Rosendal eller samarbeidslaget Rosendal/Uskedal.  I år er aller første gong eit reint Uskedals-lag stiller i den verdskjende fotballturneringa.  Dermed vert G13-laget til Uskedal IL historiske.
19.07.2017
25 år med båtferie i Uskedalen.
«Vi likar oss så veldig godt her», svarar Lise og Vidar Raugstad då eg spør dei om grunnen til at dei har feriert i Uskedalen i heile 25 år, og så ramsar dei opp,« Det er så kjekke folk her, ein veldig god butikk med fantastisk betjening, god hamn, veldig triveleg med Oska, vi er blitt kjent med folk og føler oss verkeleg velkommen.  Ja, og så er det betre temperatur enn i Nordhordland.  Vi slepp den nordavinden!»
19.07.2017
Padlarane og Limerickens beste venner(6).
Her kjem eit nytt vers i serien vår med gode limerickar frå facebook-sida Limerickens beste venner.  Limerickane er skrivne av Olaf Agnar Gausvik, og i alle har han henta inspirasjon frå morosame innspel og bilete med fine og underfundige tekstar som dei to padlarane Bjarte Eik og Øystein Enæs har posta på facebook.
18.07.2017
Ei gruppe er full. Påmeldingsfristen til FestidaGen er torsdag
Vi er no i siste innspurt når det gjeld påmelding til dei flotte FestidaGen-aktivitetane for barn og ungdom under Festidalen i byrjinga av august.  Påmeldingsfristen er i morgon, torsdag 20.juli. Ein aktivitet er allereie fullteikna.  Det er Make Up og Hår.  På dei andre aktivitetane er det framleis ledige plassar.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS