Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Lambasleppet - Festidalen

18.05.2017
Klikk på bilete for full storleik
Katarina Lunde er ein av deltakarane på Lambasleppet. Ho kjem før det til Oska 25.mai.
 
Det er ikkje noko nytt at regionen vår avlar talent. Festidalen har saumfart instagram, facebook, UKM, musikkmiljø og følgt med på noko av det som rører seg rundt om i Sunnhordland og Hardanger.
Og me har funne gull.
 

Artistane til årets Lambaslepp er no klare. Oppsummert er artistane mellom 16 og 25 år, dei boblar over ar ambisjonar, dei lagar sin eigen musikk, og dei gjer det steike bra.

Torsdag, 3.august, er det klart for årets musikalske oppleving, med hovudfokus på ungdom. Ei heilproff scene vert reist i Uskedalen båthavn, og på denne vil det stå sju unike, dyktige, lokale artistar og band, som har stjerner i blikket og historier dei vil formidla gjennom musikken. Det vert alt frå 80-talets kule rock’n roll, til melodiøs elektronika. Ein svingar innom også innom jazz, pop og viser, alt framført på både engelsk og nynorske dialektar.

Festidalen ønsker å gi noko tilbake til lokalmiljøet, og visjonen er å laga ein inspirerande møtestad for dei som har ein ambisjon i magen om å kunna driva med musikk.
Difor er me no überstolte over å kunna presentera eit slikt lokalt mangfald til publikum. Dette er spennande saker, folkens! Sjå på det som ein premiere, for mange, eller alle desse, vil me truleg sjå og høyra mykje til i åra som kjem.

Konserten er gratis, det er inga aldersgrense, og det vert høve å kjøpa mat på staden.
#lambasleppet #festidalen #springbrett #ungdom #musikkmiljø 

SYMRA (Stord/Bømlo/Tysnes)

At musikklinja på Stord avlar gromgode artistar er eit etablert faktum. Symra består av elevar frå nettopp denne linja, og planane deira er å ta over verdshegemoniet med sin sjarm og råkule musikkstil. Lambasleppet blir dermed ein god plass å ta sats.

Dei lagar musikk dei sjølv tykkjer er kul, og befinn seg innanfor eit alternativt pop-rock landskap. Når ein gjer det ein sjølv diggar, blir det ofte slik at fleire også likar musikken. Lambasleppet står greitt bak bandet under denne fana. #Kult!

Bandet består av Øyvind Kleppe (17) på vokal, Morten Stokke (19) og Henrik Vatle (19) på gitar, Ole Martin Hauan (18) på bass og Henrik Sebastian Epland (17) på trommer. Dei har nyleg spelt på UKM, og var blant dei lokale banda som fyrte i gong ei musikalsk heilaftan på minifestivalen Bountyfest på Arena på Leirvik i april. Der spelte dei sitt første lengre sett, og tok på ingen måte skrekken.

Sidan hausten 2016 har dei jobba med å produsera feite låtar, me gler oss til å få fleire av desse servert på gullfat under Lambasleppet i august.

 
AADLAND (Stord/Kristiansand)

 

Aadland er ein rykande fersk trio med fokus på energi, aggressive riff og deilige lydlandskap - alt bunde saman gjennom nynorsk formidlingsevne. Landskapet blir måla fram med keyboards/vokal, trommer og bass.

Musikken Aadland produserer er inspirert av mykje forskjellig, og vert av bandet sjølv oppsummert som ein slags energisk kombinasjon av Deep Purple, Elephant9, Jaga Jazzist og Bjørn Eidsvåg. Alle tre i bandet har for tida base i Kristiansand grunna studier, men både bassist og keyboardist/vokalist er frå Stord. Sjølv om Aadland eit heilt ferskt prosjekt, har alle tre i bandet mange års erfaring med å spele i andre band og med andre prosjekt.

Aadland har høge ambisjonar, og jobbar iherdig med å skriva låtar på klingande nynorsk. #Nynorsk!

Trioen består av Øystein Heide Aadland (22) - keyboards, vokal, Ørjan Lægreid (24) - bass, vokal ogJens Persheim Kola (26) - trommer, vokal.
Får dei det slik dei ønskjer, er debutalbumet klart til slepp i løpet av 2018, men først blir det fokus på å spela mykje live. Eit spanande prosjekt, som me gler oss til å høyra meir frå. 

MARION WOODSETH (Kvinnherad/Kristiansand)

Det byrja tidleg for Marion Skogseth Bjørsvik (24), som har jobba seg opp ifrå musikkskulen i Kvinnherad til å no halda på med ein master i utøvande musikk og spesialisering i Music Management. Vegen har gått via ulike skular, med innhald som musikkproduksjon og stort fokus på låtskriving, song og piano.
«Eg er over gjennomsnittet glad i alt som har med musikk å gjere. Det er livet!»

Med seg på laget har ho Alf Vaksdal (23), som ho har har laga musikk saman med sidan dei gjekk på musikklina i lag. Han er produsent og multiinstrumentalist, med laptop som hovudinstrument. Dei byrja å spele ilag for 3 år sidan på høgskulen Stord/Haugesund, og har sidan det hatt fleire konsertar i Bergen, Stord og omegn.

Nylig var dei to i New York hos produsent Joel Hamilton og spelte inn sin kommande EP,  og am-bisjonane handlar om å få musikken deira ut i verda; vakre og intrikate elektroniske melodiar kom-binert med fløyelsmjuk vokal og pulserande 80-talls beats.

Dei gler seg veldig til å vise fram første smakebit frå oppholdet i New York heime i kjente omgivnadar, og på Lambasleppet. Stor musikk i lita bygd - dette vert eit #elektronisk_eventyr.

 
Klikk på bilete for full storleik
Marion Woodseth er tilbake. Ifjor spela ho i orkesteret til Andreas Bjørsvik.

KATARINA LUNDE (Stord/Kvinnherad/Bergen)

Katarina Lunde er ikkje den typiske vokalisten med backingband. Ho komponerer og arrangerer musikk i eit spanande musikalsk landskap, prega av sterke melodiar som festar seg, og stadige overraskelsar både harmonisk og rytmisk. La deg bli dratt med inn i Katarinas musikalske univers og opplev magien.

Slik lyder tidlegare omtalarar sitt ord. #magi

Bandet oppstod på Høgskulen Stord/Haugesund for tre år sidan, og består av dyktige musikarar som er kjent fra Bergen og gjennom band som Seven Impale, Shaman Elephant, Kongle og Ossicles:
Katarina Lunde (25), låtskriver/vokalist, Jonas Særsten (23) på keyboard, Andreas Tangen (24) på bass, Henrik Nesse (24) på trommer, Morten E. Olsen (23) på gitar/synth og Benjamin Mekki Widerøe (24) på saxofon.

Katarina Lunde skal gi ut en EP i september, og bandet satsar på å spela så mykje som mogleg framover. I løpet av 2018 er målet å spela inn og gi ut eit fullt album.
Me gler oss til både EP og album, men først og fremst til å høyra den melodiøske pop-jazzen deira strøyma ut over Uskedalen på Lambasleppet.

LINN (Karmøy)

Linn Mæland (22) er ein singer/songwriter frå Karmøy. Det siste året har ho budd i Liverpool, der ho har studert Songwriting på Liverpool Institute for Performing Arts, kanskje betre kjent som Paul McCartney-skulen. Etter eitt semester der, er ho no klar for å ta fatt på livet som sjølvdrivande artist.

LINN starta karrieren med songtimar i kulturskulen som fjortenåring, og deltok i fleire lokale musikaloppsettingar. det største ho har vore med på så langt er å varme opp for den norske artisten og rapparen Kaveh, samt å gi ut ein song saman med rap-duoen Demeo, som no har bytta namn til Kalo. Låta dei gav ut heiter See Me Now.
I framtida vil LINN halda fram å utvikla seg innanfor musikk og finna sin stil. Målet er sjølvsagt å få så mange jobbar som mogleg, både i studio og på scena. Som artist blir ho inspirert av artistar som Tori Kelly og Carrie Underwood, men er tydeleg på at ho vil setta sitt eige preg på musikken og skrive låtar ut frå sitt eige livs erfaringar og opplevingar. 

Med gitaren i fanget, eller ved pianoet sit ho, og lar vakker musikk oppstå. Settet ho skal servera på Lambasleppet vert akustisk, med gitarakkompagnement. Det er spesielt eitt ord som kan oppsummera det som ventar, dette vert absolutt #nydeleg. 

TWOFACE (Kvinnherad)

Brede Grønningen og Lasse Digranses er de unge herrer bak produsentduoen TwoFace.

Brede og Lasse byrja i fjor sommar og forfølje ein felles draum. Å bli proffe musikkprodusentar med musikk som alle går å nynnar til. Dei har begge spelt i rockeband og Lasse har tidlegare spelt på Festidalen med bandet The Wave. Begge har spelt mykje gitar, og har no gått over til digital produksjon.
 
Meldinga frå duoen er som følgjer:
«Vi har eit felles mål i å nå så mange som mogleg med musikken vår, og gi lyttarar ei god oppleving. Vi vil lage musikk som dei kan spele til seg sjølve og draume seg vekk i, få dei til å senkje skuldrene og berre nyte livet.»
TwoFace gler seg til å visa Kvinnherad deira potensiale, og me gler oss til å høyra!
#nyt_livet

SLEEPWALKERS (Fusa)

Me er eit rock'n roll band frå Fusa, og har spelt saman i om lag to år. Me har blant anna gått heilt til bergensfinalen på Emergenzafestivalen, og klatra der opp blant dei 5 beste. Me speler sjølvskrivne låtar i 80-tals stil.

Det som er fint med åttitalet, er nettopp dette. Sleepwalkers har energinivå og attitude som ein blir riven med av. Her får ein skinnbukser og baris, mykje hår og headbanging, og på toppen av kirsebæret; feite riff. Beint fram rock’n roll, servert akkurat slik me likar det, av eit knippe ungdommar som tydeleg diggar å herja på scena.
#attitude_of_rock

Bandet består av Natasja Smørholm (16) på vokal, Marius Nilsen Kleppe (19) på gitar, Idar Rolland (17) på slagverk, Even Engevik Lygre (16) på gitar og Andreas Nilsen Kleppe (17) på bass.

 
Klikk på bilete for full storleik
Brede Grønningen og Lasse Digranes i TwoFace frå Husnes deltar

Tekst:  Festidalen

Pressefoto

Nett:  Thor Inge Døssland

 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.02.2018
Rustne Menn til Utåker i dag.
Song- og musikkgruppa Rustne Menn er invitert på kafe på Utåker i dag, tysdag 20. februar, mellom kl. 11 og 13. Det er eit dagtilbod i skulen kvar tysdag i februar månad. Bygdalaget er tilskipar. Rustne Menn vil underhalda med føredrag og allsong.

kb
19.02.2018
Påmelding til Telenorrennet på torsdag 22. febr.
Det er tid for påmelding til Telenorrennet som vert skipa til torsdag ettermiiddag og kveld. Det er eit sponsa rett og det premiar til alle. Dei under 10 år går berre prologen på 850 meter i fristil. Dei over 10 år går i tillegg heat og finale. Prologen tel med i skikarusellen.

kb
19.02.2018
Ring RiksTV og problemet med hakkinga vert løyst.
Gerd Myklebust fortel til Uskedalen.no at alle som har RiksTV og som er plagd med hakking i sendinga, må ringja telefon 22883790 og oppgje kortlesar og nummer på kortet. Feilen vert retta digitalt innan ein time. Det har ho gjort og no er sendinga god. Viktig at kunden tek direkte kontakt med RiksTV.

kb
18.02.2018
Årsmøte i Uskedal Helselag 6. mars.
Det vert kunngjort at årsmøte i Uskedal Helselag vert tysdag 6. mars kl. 19 i Gamleskulen. I tillegg til vanleg sakliste er det høve å melda inn saker. Dette må gjerast innan 25. februar til styret. Det same gjeld søknader om støtte.

Styret
17.02.2018
Gudsteneste 1. sundag i fastetida.
Soknerådet minner om gudstenesta i morgon, sundag 18. februar kl. 11. Gudstenesta er ved sokneprest Lina Håland og kantor Eva Megyesi. Ein vil i gudtenesta prøva å øva inn nokre nye salmar.

kb
17.02.2018
Irriterande hakking på RiksTV.
Det er registrert irriterande hakking på RiksTv. Problemet er teke opp med RiksTV, utan resultat så langt. Alle, som har dette problemet, vert oppmoda om å melda frå til RiksTV via Facebook eller gå inn på www.rikstv.no/kundeservice og bruka E- post adressa der..

kb
15.02.2018
Elins Matgleder - ope på laurdag 17. februar.
Elins Matgleder har ope laurdag 17. febr. Det er siste laurdagen med brødbaking på ei stund. Etter ei travel tid i det nye året, legg Elin og familien inn ferie og tur til Spania frå 24. februar.

kb
15.02.2018
Møteveke i Bedehuset.
Det er møteveke i Bedehuset i perioden 14. til 18. februar. Talar er Olav Eikemo. Onsdag, torsdag og fredag tek møta til kl. 19. På laurdag vert det familiemøte kl. 16. Møteveka vert avslutta sundag kl. 14.

kb
14.02.2018
Årsmeøte i Fagforbundet si pensjonistgruppe.
Pensjonistgruppa i Fagforbundet hadde sitt årsmøte i Gamleskulen i dag, onsdag 14. februar. Det var innlegg om brannvern i heimen v/ Brannsjefen i kommunen. Song- og musikkgruppa Rustne Menn hadde innslag før sjølve årsmøte tok til.

kb
13.02.2018
Film om Gunnar Haugland på Rubbestadneset.
Det er laga film om Gunnar Haugland, frå Klammeren og som bur på Rubbestadneset. Gunnar er blind og filmskaparen, Finn Bakke, har brukt 2 - 3 månader på filming og redigering. Mykje av filminga er frå verkstaden og arbeidet med produksjon av krakkar. Filmen har tittelen: Naboen min. Musikken er av Kenneth Sivertsen. Uskedalen.no skriv meir den dagen filmen vert lagt ut på YouTube.

kb
Siste Nyhende
19.02.2018
Begge barnehagane scorar over snittet på foreldreundersøking.
Både Dønhaug Gardsbarnehage og Uskedalen barnehage scorar over snittet på foreldreundersøking gjennomført av Utdanningsdirektoratet. Foreldra vart mellom anna spurde om kor nøgde dei var med ute- og innemiljø, trivsel og utvikling  hjå barnet. Topp score er 5 og Dønhaug Gardsbarnehage kjem best ut av to barnehagar i Uskedalen med ein karakter på 4,8. Uskedalen barnehage kjem ut med 4,3. Hatlestrand barnehage og Mauranger barnehage toppar lista med karakteren 5.
18.02.2018
Kom og ver med på salmekveld i kyrkja, måndag kl. 19.
Soknerådet i Uskedalen inviterer til salmekveld i kyrkja måndag 19. februar kl. 19. Salmane er henta frå Norsk salmebok 2013, frå dei bolkane som har tema: Forvaltaransvaret, rettferd og fred, årsskifte og kveld. Kyrkjekoret Nordsang syng til opning og det vert soloinnslag ved kantor Eva Megyesi.
18.02.2018
Rosendal/Uskedal J02-03 vant Trio Cup 2018
Trio cup 2018 vart arrangert i helga 17. og 18. februar. Laurdag var det klasse J16 og G16 som var i sving. I klassen som J02-03 spelte var det 9 deltakande lag frå Kvinnherad og Odda.
17.02.2018
Utsiktsrydding på Friluftsplassen og på Nedre Fet.
Med bakgrunn i søknad er det løyvd kr. 56.000,- til Utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap. Arealet er Friluftsplassen og på elvekanten frå elvosen til om lag 100 meter ovom brua. Mykje av arbeidet er gjort. Noko står att, men vert gjort no på vinteren. Partane i dette prosjektet hadde nyleg møte om bruken av tildelte midlar og la ein plan for vidare arbeid.
16.02.2018
Karneval i Uskedalen barnehage - Biletserie
I barnehagen vår er det tradisjon at i samband med at sola kjem attende til bygda, markerer vi at det går mot lysare tider med solfest og karneval.
16.02.2018
Har du lyst å spele fiolin? Torsdag kan du få prøve instrument.
Dei seinare åra har det vore svært mange flinke fiolinelevar i kulturskulen, og ein del av dei er frå Uskedalen.  Den dyktige fiolinlæraren Olena Pasichnyk fortel at dei har plass til fleire elevar på dette instrumentet frå hausten, og ho ønskjer svært gjerne fleire frå Uskedalen.  Derfor kan dei som er interessert, koma og prøva instrument på skulen førstkommande torsdag.
15.02.2018
Ein sterk og rørande film om Gunnar Haugland.
Finn Bakke har laga film om Gunnar Haugland, frå Klammeren på Haugland i Uskedalen, og som har budd på Rubbestadneset i mest heile sitt yrkesaktive liv. Filmen er på 13 minuttar og vi vert kjende med Gunnar i snikkarverkstaden, ute på tur med førarhunden sin og i heimen. Gunnar Haugland er blind, bur åleine i huset sitt og treng eigenleg lite hjelp til daglege gjeremål.
15.02.2018
Raga Rockers og Fagernes Yatch Club til Festidalen
Med Raga Rockers og Fagernes Yatch Club på plass, er Festidalen omlag halvegs i
programmeringa. Frå før er Hkeem, Fanny Andersen, Lars Vaular og I am K sikra. Og no går det fort. Berre småting står att før plakaten er full.
15.02.2018
Lågspenten lagt i jordkabel på Nedre Fet.
Straumførande ledningar vert lagt i jordkabel frå trafokiosk på Sjøhaugen til Inger Moberg sitt hus på Nedre Fet. Prosjektleiar er Hermann Skromme i Kvinnherad Energi. Byggservice er entreprenøren som er tildelt sjølve arbeidet. Tlltaket vert gjort mellom anna for å bort blanke ledningar.
Sponsorar
Auto 88
kvinnheringen
Spar
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Byggeriet
Stord Lufthamn
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Breiband
iDrift AS
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Elektro
Uskedal Røyr og Multiservice
Gros Blomster
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS