Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Heidra med folketog og korpsmusikk på 80 års-dagen.

17.05.2017
Klikk på bilete for full storleik
Heidersmannen Gunnvald Friheim vart heidra med korpsmusikk og folketog.
 
Det er mest ikkje til å tru, men sprekingen Gunnvald Friheim runda 16.mai 80 år.  Etter initiativ frå Rosendal musikklag vart dette storveis markert med korpsmusikk og folketog.  I det deltok mange lag, organisasjonar og privatpersonar som har nytt godt av den store innsatsen som JA-mannen Gunnvald Friheim har lagt ned.  Truleg var det nærare 100 personar i toget.
 

Folketoget starta øvst i Skeishagen. Etter tamburmajor og drillpiker fremst fulgte eit storkorps samansett av musikarar frå Rosendal musikklag A og B, Uskedal musikklag og Rosendal skulekorps.  Deretter fulgte personar frå andre lag og privatpersonar som ville heidra Gunnvald.  80-åringen er framleis aktiv både i Rosendal musikklag A og B, og Uskedal musikklag.

 
Klikk på bilete for full storleik
Jubilanten vert overrekt medalje og diplom for 60 års medlemsskap i NMF. Gunnvald, Finn Opsahl, Atle Fredheim, Annbjørg Fossberg, Karl Ø. Kristiansen som spela fanfare og Marit Friheim. Det var Kristin Lamberg som heldt talen.

Toget gjekk ned til heimen til jubilanten, og då dei marsjerte fram mot bustaden tona Jubilant-marsj av Per Olav Paulsen ut av instrumenta.  Toget vart møtt av ein strålande og rørt jubilant med familie ute på plassen. Gunnvald visste ikkje noko om markeringa på førehand.   Fleire nytta høve til gode helsingsord og overrekkingar.  Kristin Lamberg helsa frå Rosendal musikklag, og han vart mellom anna tildelt NMF sin deltakarmedalje for å ha vore medlem i NMF i meir enn 60 år.  Det er 68 år sidan Gunnvald byrja i Uskedal musikklag.

Frå Uskedal musikklag og Uskedal ungdomslag var det hans gode ven og 'samarbeidspartnar' gjennom alle år Bjørgulv Eik som helsa og overrekte blomar.  I tillegg til musikken nemnde han spesielt innsatsen innan teater- og leikarbeidet i ungdomslaget i tillegg til at han har vore formann i begge laga.  Trygve B. Torjussen helsa og takka frå Rosendal samfunnshus. 

 
Klikk på bilete for full storleik
Bjørgulv Eik overrekte blomar og helsa frå Uskedal musikklag og Uskedal ungdomslag.

I tillegg til dei nemnde var det altså mange andre lag som heidra jubilanten.  Det vart halde fram at Gunnvald er ein mann som ordnar og reparerer det meste.  Ein mann vi kontaktar når vi treng hjelp.  Og svaret er JA.  Ofte treng vi ikkje spørja ein gong.  Sidan det er 17.mai i dag, nemner eg at eg i 1986 fekk ein flott stor konserttuba.  Den var forferdeleg vond å gå med, men vi ville helst bruka den p.g.a. god lyd.  Som konsert instrument, var det ikkje råd å få kjøpt tilpassa beresele.  Eg veit ikkje kor mange bereselar Gunnvald`n laga til den.  Kvart einaste år, i minst 10, kom han med stadig nye og vidareutvikla selar som skulle gjera det betre for meg å bera 'uhyret' i folketoget. 'Prøv denne, du,' sa han og 'kledde ' på meg.  Eg fekk like vondt, og klagde vel like mykje, og det resulterte at ved neste marsjering kom Gunnvald med ei ny og forbetra utgåve av bereselen.  Slik er snille og hjelpsomme Gunnvald!

På øvingane no er det rett som det er einkvan som har gløymt brillene.  Då har alltid Gunnvald reservebriller til hjelp i kofferten.  Slik er Gunnvald.  Han tenkjer på det meste.

Etter markeringa ute på plassen, takka både Gunnvald og kona Marit hjarteleg og inviterte alle til kaffi og kaker.  Eg trur mest alle vart med, og rikeleg var det både av kaker og kaffi.  Ei storveis markering av den flotte 80-åringen var det. 

 
Klikk på bilete for full storleik
Jubilanten med 60års-medaljen

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland

 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
27.05.2017
Søndagsmiddag på Oska.
Denne søndagen vert det servert marinert langsteikt svinenakke med vårgrønsaker, potetpuré og saus ala stroganoff frå kl.15 på restauranten Oska ved båthamna. 
Som vanleg vert det servert heimekoseleg i skåler ved bordet, og det er påfyll ved behov.  Desserten er inkludert.
Lurt å bestilla, 918 64 091.

tid
27.05.2017
Barnas turlag og Steinparkopning.
Søndag er det sesongopning i Steinparken i Rosendal.  Der kan ein mellom anna høyra spennande historiar om dinosaurar og trilobittar, ja, kanskje også blekksprutar?
I samarbeid med Barnas turlag er det lagt opp til kjekke aktivitetar slik som skattejakt, natursti, balanseline, teikning, leike med båtar i bekken. Bålpannene er varme så ein kan  ta med grillmat og drikke.
To av Noregs beste forteljarar, professor ved Universitetet i Oslo og fossilforskar Jørn Hurum og leiar av Naturfagsenteret, geolog Merethe Frøyland blir med.
Programmet er frå kl.12 og utover eit par timar.

tid

27.05.2017
A-lagskamp avlyst.
Det vert meldt at Rosendal sin A-lagskamp på heimebane søndag er avlyst då motstandar Djerv 2 ikkje klarar å stilla lag.
Derimot er det G15 kamp kl.14 og damekamp kl16 så god fotball kan dei fotballinteresserte sjå også denne søndagen.
G15-laget til Rosendal/Uskedal spelar forresten to kampar denne helga.  Dei spelar også laurdag kl.13.  Også den kampen er i Rosendal.

tid
26.05.2017
Kafè hos Elins Matgleder.
Torsdag(10-16), fredag(10-17) og lørdag(10-16) vert det kafè hos Elins Matgleder.  Kvar dag byr dei på nybakte brød og bollar, smørbrød og kaffi i tillegg til dagens rett.
Dagens to rettar torsdag er spekemattallerken og betasuppe, fredag er det tex mex buffèt(14-17) og laurdag er det pita med kylling og tilbehør.

tid
26.05.2017
Informerte Lysebakken om barnefattigdomsprosjekt.
Partileiar Audun Lysebakken(SV) var tirsdag på besøk i Kvinnherad, og i eit tettpakka program vart han m.a. informert om korleis det vert arbeidd med barnefattingdom her i kommunen. Lene Gjuvsland Skjelnes som bur i Halsabråtet, er leiar for dette arbreidet på NAV, og ho fortalde Lysebakken med følgje om korleis det vert arbeidd på dette feltet.
Lysebakken hadde også møte med Utdanningsforbundet der private barnehagar var hovudtema, og han deltok på ope møte på Husnes.

tid



25.05.2017
Grenda G`ane til Uskedalsdamer.
Lokalavisa Grenda har ei vurderingsordning i lokalfotballen der dei deler ut G`ar til dei  to beste spelarane i kvar kamp.  Dette gjeld på seniornivå. I siste damekampen mot Bjarg kåra dei Gørill S. Eik til beste spelar og gav ho 2 G`ar medan Kari Bråtun fekk 1 G.  Både Kari og Gørill har fått ein del G`ar også tidlegare.

tid 
24.05.2017
Generalforsamling i Uskedal Aktivitetshus AS
Vi ønskjer alle aksjonærar i Uskedal Aktivitetshus velkomen til ordinær generalforsamling onsdag 31. mai kl 20.00
Møtet vert i Uskedalen oppvekstsenter
Helsing styret

tid
23.05.2017
Gaute Haugland måleri nekta brukt i demonstrasjonstog.
På oppdrag frå Hordaland bondelag laga Gaute Haugland eit måleri av landbruksminister Dale, tenkt bruk i demonstrasjonstoget i Oslo. Leiaren i Noregs Bondelag nekta bondelaga å bruka dette måleriet. Tittelen var: Bondeslaktaren.

kb
23.05.2017
Postvegsløpet på søndag.
Vi reknar med at ein del spreke uskedelingar skal delta i Postvegsløpet komande søndag(28.mai).  Ein kan velja mellom halvmaraton(ca.21 km)  med start i Tveitedalen og Ekspresspost(ca.6,6 km) med start på Handeland.  Målgang er på Helland.
Påmelding kan gjerast HER.

tid
23.05.2017
Gåve frå Vatnastøl Vernelag til Fjelly.
Det vart sagt fram helsing med gåve frå Vatnastøl Vernelag til hytta Fjelly på laurdag.Tidleg på 1990 talet, då sela på Vatnastøl vart restaurert, fekk Vernelaget låna hytta gratis før handverkar Helgeland hadde campen sin klar. Gåva var ei skjærefjøl og to knivar.

kb
Siste Nyhende
27.05.2017
Sauer på beite - hugs grindene.
Det er framleis sauer som beitar på innmarka. Det er nemleg enno nokre veker før sauene vert sleppte til fjells. Uskedalen.no har motteke merknader om det vi skreiv om sauer på Halsatoppen og vanskar med å lukka grinder. Ein aktiv turgåar og friluftsmenneske har full forståing for problemet med sauer på beite og grinder. Han oppmodar sterkt alle til å lukka grindene når ein går på tur.
27.05.2017
- Naturen her har sjarmert oss i senk!
Mellom dei mange som har nytta praktdagane denne langhelga i fjella våre, trefte eg på ein venninnegjeng på fire frå Bergen.  Dei var nettopp komne ned til brua over til Hauglandsheio der dei var i gang med uttøying etter ein nydeleg tur på Ulvanåso.  For tre av dei var det første turen i det som stadig oftare vert omtala som dronninga blant fjella våre.
27.05.2017
Stort besøk i Uskedalen denne helga.
Vi er inne i ei langhelg med strålande ver.  Mange nyttar høvet til reising og oppleving, og dette har gjort at Uskedalen har svært mange gjester denne helga.  Både båthamna og campingplassen fortel tydeleg om dette.  Mange tilreisande turgåarar har også vore å sjå gåande med ryggsekk, og aktiviteten i klatreveggen i Ulvanåso er i gang.
27.05.2017
Førdragskro på Festidalen: Kven har makt i 2017?
Føredragskroa fyller igjen Helgheim med ekspertar for å gje deg fagleg tyngde blant agurknyhenda i sommarferien. Og i år har me ikkje spart på «tungvektarane». Innanfor sine felt vil dei ulike innleggarane freista svare på spørsmålet, kven har makt i 2017?
26.05.2017
Herleg konsert avslutta flott dag på Oska.
Roy Lervåg annonserte med ein forsmak på sommaren då han marknadsførte arrangementa på Oska Kristi Himmelfartsdag.  Det vart ein knallstart, sjølv om det er nokre veker til sommarsesongen startar for fullt.  Både publikum, utstillingskunstnar, musikarar, og Lervåg sjølv og staben hans, var storveis fornøgd då kvelden var til ende.
26.05.2017
Egil Pile - driftsleiar på Selstad, Uskedalen.
Egil Pile  frå Uskedalen er tilsett som driftsleiar på Selstad sitt nye anlegg på Eidsvik. Pile har lang røynsle og solid kompetanse frå martime næringar, både frå Eidsvik skipsbyggeri og frå Palfinger, Seimsfoss. Egil Pile vil ta til i den nye stillinga 1. august.
25.05.2017
Mykje folk på utstillingsopning i kveld.
Det var godt frammøte og stor interesse for Jorunn Larsen og hennar utstilling på OSKA i kveld. Ho kallar seg sjølv ein introvert person som ofte seier nei til å delta i sosiale samanhengar. Med tilsaman 18 motiv står ho i kveld fram og vil ha fokus på dei små augneblinkane, det å stoppa opp og gje seg tid og finna det som ligg bak det vakre og storslagne med naturen i Kvinnherad.
25.05.2017
Vart nekta å bruka Gaute Haugland-kunstverk i bondemarkering.
Under den store markeringa i samband med jordbruksoppgjeret i Oslo tirsdag har det vekt stor merksemd at Omvikdalen bondelag vart nekta å bruka eit kunstverk laga av uskedelingen Gaute Haugland.  Kunstverket viser ein god karikatur av landbruksminister Jon Georg Dale(Frp) og har tittelen Bondeslaktaren.
25.05.2017
Solfjelløpet må dessverre avlysast.
Det første Solfjelløpet vart arrangert i 2009, og etter det har det vorte populært både for konkurranseløparar og trimmarar.  Det har kvart år kome ein god del tilreisande deltakarar til løpet som har fått svært mykje positiv omtale.  I år har dessverre arrangørane sett seg nøydde til å avlysa løpet og få det stroke av terminlista.  Dei har sendt ut følgjande pressemelding:
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS