Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Takk til alle for ryddeaksjonen.

15.05.2017
Klikk på bilete for full storleik
Audun Eik syner fram litt av det som vart rydda i stranda på Rød/Ljonses.
 
Det vart ikkje den store tilstrøyminga, men det er likevel gjort ein stor innsats for strandrydding og anna rydding i Uskedalen dei siste vekene. Uskedalen utvikling var SIM sin lokale kontakt og la til rette for og motiverte for rydding. Mange ryddar heile året og har avtale med SIM om levering. Andre gjer den beste jobben ved ein ryddeaksjon.
 

Ei særleg takk går til Lerøy Sjøtroll v/ Jonny Hansen og G15 laget som rydda plast og skrot i strandsona rundt Skorpo. Vi har motteke positive tilbakemeldingar om rydding langs elva og langs fylkes- og kommunevegen. Det er merkbart betring av plast langs vegen på dalen. Det same gjeld på dei såkalla foringsplassane. Takk til bøndene og elveeigarane for det som er gjort.

 
Klikk på bilete for full storleik
Vevik Transport hentar konteinaren frå Uskedalen.

På Holmen har det vore lokal dugnad der mellom anna eit nedfalle naust/skur er fjerna.

 

Skulen og barnehagen har fast rydding på uteområde og på arealet rundt Grøngrasbanen.

 

Audun Eik og Kristian Bringedal var på rydding ytterst på Holmen og på Rød/ Ljosnes. Det vart funne mykje isopor, plast, tauverk, plastkanner og noko bygningmaterialer frå defekte kaianlegg.

 

Takk til alle.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
Audun Eik og Kristian Bringedal fekk god "fangst" av plast og tauverk i stranda i Uskedalen.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.02.2018
Restauranten Smakifrå AS er konkurs.
Då restauranten Smakifrå stengde dørane før nyttår i fjor, var det uvisst om det vart meldt oppbod. No er det kjend at Smakifrå AS er konkurs. Stenginga av Oska er eit  tap og stort tilbakesteg for Uskedalen, med det tilbodet Roy Lervåg hadde for fastbuande og tilreisande.

kb
19.02.2018
Idrettslaget treng nye styremedlemer.
Årsmøte i Uskedal Idrettslag er 19. mars kl 19 i Gamleskulen. Saker må meldast innan 5 mars. To styremedlemer er i avgang. Difor treng Idrettslaget nye kandidatar til styret og vonar at nokon melder seg frivillig på den adressa du finn på heimesida deira.

kb
19.02.2018
Rustne Menn til Utåker i dag.
Song- og musikkgruppa Rustne Menn er invitert på kafe på Utåker i dag, tysdag 20. februar, mellom kl. 11 og 13. Det er eit dagtilbod i skulen kvar tysdag i februar månad. Bygdalaget er tilskipar. Rustne Menn vil underhalda med føredrag og allsong.

kb
19.02.2018
Påmelding til Telenorrennet på torsdag 22. febr.
Det er tid for påmelding til Telenorrennet som vert skipa til torsdag ettermiiddag og kveld. Det er eit sponsa rett og det premiar til alle. Dei under 10 år går berre prologen på 850 meter i fristil. Dei over 10 år går i tillegg heat og finale. Prologen tel med i skikarusellen.

kb
19.02.2018
Ring RiksTV og problemet med hakkinga vert løyst.
Gerd Myklebust fortel til Uskedalen.no at alle som har RiksTV og som er plagd med hakking i sendinga, må ringja telefon 22883790 og oppgje kortlesar og nummer på kortet. Feilen vert retta digitalt innan ein time. Det har ho gjort og no er sendinga god. Viktig at kunden tek direkte kontakt med RiksTV.

kb
18.02.2018
Årsmøte i Uskedal Helselag 6. mars.
Det vert kunngjort at årsmøte i Uskedal Helselag vert tysdag 6. mars kl. 19 i Gamleskulen. I tillegg til vanleg sakliste er det høve å melda inn saker. Dette må gjerast innan 25. februar til styret. Det same gjeld søknader om støtte.

Styret
17.02.2018
Gudsteneste 1. sundag i fastetida.
Soknerådet minner om gudstenesta i morgon, sundag 18. februar kl. 11. Gudstenesta er ved sokneprest Lina Håland og kantor Eva Megyesi. Ein vil i gudtenesta prøva å øva inn nokre nye salmar.

kb
17.02.2018
Irriterande hakking på RiksTV.
Det er registrert irriterande hakking på RiksTv. Problemet er teke opp med RiksTV, utan resultat så langt. Alle, som har dette problemet, vert oppmoda om å melda frå til RiksTV via Facebook eller gå inn på www.rikstv.no/kundeservice og bruka E- post adressa der..

kb
15.02.2018
Elins Matgleder - ope på laurdag 17. februar.
Elins Matgleder har ope laurdag 17. febr. Det er siste laurdagen med brødbaking på ei stund. Etter ei travel tid i det nye året, legg Elin og familien inn ferie og tur til Spania frå 24. februar.

kb
15.02.2018
Møteveke i Bedehuset.
Det er møteveke i Bedehuset i perioden 14. til 18. februar. Talar er Olav Eikemo. Onsdag, torsdag og fredag tek møta til kl. 19. På laurdag vert det familiemøte kl. 16. Møteveka vert avslutta sundag kl. 14.

kb
Siste Nyhende
21.02.2018
Nytt og betre webkamera i campingen og båthamnene.
Knut Andreas Myklebust har ytt ei teneste med webkamera som dekkar elvosen, campingen, båthamnene og område rundt. Mange har sett pris på dette tilbodet. Det gjeld særleg dei med bubilar og hytter på campingen og dei med båtar i Øyro Marina og i Uskedal båtlag si hamn. Mange sit langt borte og er oppdatert på situasjonen i Uskedalen, til dømes ved dårleg ver.
20.02.2018
Sjømannsgrava på Curacao er funnen og vert restaurert.
På reise til Karibien og Curacao før jul vart grava til Oskar Selmer Bringedal funnen på den protestantiske kyrkjegarden Fortkerk. Bringedal døydde etter ei fallulukke på MT ANNA KNUDSEN i november 1938. Han er gravlagd på den nederlandske øya Curacao. I dag reiser sonen, Johan Bringedal, og barnebarna Oskar og Per til Curacao for å sjå til at grava vert restaurert og få markert hendinga med ei minnestund.
20.02.2018
Attval av styret i Uskedal Båtlag.
Alle i styret i Uskedal Båtlag tok attval på årsmøte i kveld. Årsmeldinga skildrar eit godt og aktivt år der mange tiltak er løyste. Ny strandstove er på plass og det er grøfta og drenert langs hamna. Det vert arbeidd med å få lagt ny asfalt på plassen. Bygningsmassen er målt og det er utført eit flott arbeid med felling av trær langs Kyrkjevegen.
20.02.2018
Regionsmøte for helselaga i Kvinnherad.
Regiosmøtet for Nasjonalforeningen for folkehelsen vart avvikla i Uskedalen, Gamleskulen 15.02.18. Dagleg leiar for fylkeskontoret, Åse Fretheim kom frå Bergen i stormen. 18 helselagsdamer frå Løfallstrand, Rosendal, Seimsfoss, Uskedalen og Husnes var med på møtet. Dei frå Hatlestrand kom ikkje på grunn av veret og tvilsam ferje.
20.02.2018
Kvinnherad Turlag med mange turar i Uskedalsfjella.
Den nye turkatalogen Ta turen 2018 frå Kvinnherad Turlag syner at heile 5 turar er lagt til fjella i Uskedalen. Det er eit utvida tuilbod i høve til det som har vore før. Det einaste vi saknar er Barnas Turlag med aktivitetar ved Fjellansbøvatnet. Kvinnherad Turlag med sin leiar Kjell Yri inviterer til stor markering torsdag 8. november. Då er turlaget 20 år.
19.02.2018
Mange lite kjende salmar - mange fine tonar

Uskedal sokneråd hadde bede inn til salmekveld i kyrkja måndags kvelden, og om lag 25 'medaktørar' hadde benka seg då Kristian Bringedal yngste velkomen kl. 19. Måndagen er ein god kveld for salmekveldar. Kyrkjekoret Nordsaang øver i kyrkja og hadde høve til å vera med på opninga med salmane GI oss no ei nådestund og Min største hjertens glede.
19.02.2018
Begge barnehagane scorar over snittet på foreldreundersøking.
Både Dønhaug Gardsbarnehage og Uskedalen barnehage scorar over snittet på foreldreundersøking gjennomført av Utdanningsdirektoratet. Foreldra vart mellom anna spurde om kor nøgde dei var med ute- og innemiljø, trivsel og utvikling  hjå barnet. Topp score er 5 og Dønhaug Gardsbarnehage kjem best ut av to barnehagar i Uskedalen med ein karakter på 4,8. Uskedalen barnehage kjem ut med 4,3. Hatlestrand barnehage og Mauranger barnehage toppar lista med karakteren 5.
18.02.2018
Kom og ver med på salmekveld i kyrkja, måndag kl. 19.
Soknerådet i Uskedalen inviterer til salmekveld i kyrkja måndag 19. februar kl. 19. Salmane er henta frå Norsk salmebok 2013, frå dei bolkane som har tema: Forvaltaransvaret, rettferd og fred, årsskifte og kveld. Kyrkjekoret Nordsang syng til opning og det vert soloinnslag ved kantor Eva Megyesi.
18.02.2018
Rosendal/Uskedal J02-03 vant Trio Cup 2018
Trio cup 2018 vart arrangert i helga 17. og 18. februar. Laurdag var det klasse J16 og G16 som var i sving. I klassen som J02-03 spelte var det 9 deltakande lag frå Kvinnherad og Odda.
Sponsorar
Auto 88
kvinnheringen
Spar
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Byggeriet
Stord Lufthamn
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Breiband
iDrift AS
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Elektro
Uskedal Røyr og Multiservice
Gros Blomster
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS