Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Uskedal Utvikling treng fleire medlemmer!

02.02.2017
Klikk på bilete for full storleik
Kristian Bringedal leia årsmøtet.
 
At medlemstalet er altfor lågt, berre 28, var det som skapte mest engasjement under årsmøtet i Uskedal Utvikling i Gamleskulen onsdag kveld.  Det vart bestemt at det må arbeidast for at fleire lag, firma og privatpersonar melder seg inn.  Medlemstalet samsvarar dårleg med det gode arbeidet UU gjer for bygda.
 

Elles vart årsmøtesakene avvikla kjapt og greitt i det godt førebudde årsmøtet som vart leia av leiaren Kristian Bringedal.  På ein time var årsmøtet ferdig.

Årsmeldinga fortalde om god aktivitet, og vi gjengjev deler av den.

Styremøte

Det er avhalde 7 styremøte og handsama 33 saker i 2016.
Av saker som er handsama nemner vi:
  • Asfalt ved inngangen til gamleskulen.  Treplattingen som låg der var svært glatt og måtte fjernast.
  • Det er blitt leigd inn vaskebyrå til vasking av tak og vegger i hovudetasjen. 
  • Vindauge og kjøkkenskap er og vaska. Det er avtale om vask av golv i hovudetasje ein dag i veka.
  • Det elektriske anlegget i huset er oppjustert etter pålegg frå Kvinnherad Energi
  • Det er laga HMT-plan for gamleskulen

Medlemer

Uskedal Utvikling er ein medlemsbasert organisasjon registrert i Frivilligregisteret, Brønnøysundregisteret, med rett til Grasrotandel.
Medlemstalet i 2016 har vore 28.
 

Opne møte

Det har vore halde 7 opne møte i tillegg til årsmøtet. Det har vore ulike tema:

• Informasjon om Kvinnherad Vekstbedrift v/ dagleg leiar, Tor Vidar Sæle

• Nettsida uskedalen.no: Om vidare drift og utvikling

• To ulukker på åtte år. Om krisehandtering av lufthamnsjef, Jan Morten Myklebust

• Turisme

• Festidalen

• Vegetasjon og rydding v/ Tore Eik frå Landbrukskontoret

• Plan- og arealdelen i K. planen v/ Kjartan Thoresen(Kvinnherad kommune )

• Tverrelva kraftverk: Status og vidare arbeid med utbygginga

I tillegg har leiaren delteke på ulike møte.

 

Nettsida uskedalen.no

  • I 2016 vart det presentert 1403 saker på nettsida. Det er ein nedgang på 133 saker frå året før. 2015 var rett nok eit år med svært mange saker, heile 1536. Snittet sidan oppstarten var pr. 01.01.2017 på 1414 pr år ( 3,9 saker pr. dag )
  • 17. mai 2016 var lesartalet 2930, det høgste talet som har vore registrert. Før var rekordtala knytte til ulukker og til Festidalen. Høgste lesartal pr. døgn i samband med Festidalen er 2706 ( 2013 )
  • Festidalen gav høge lesartal også dette året. Vi ser at stoff om barn og unge er svært mykje lese. I samband med uver stig lesartala. Saker om OSKA har høge lesartal
  • På finversdagar, særleg laurdagar, går lesartala ned
  • Når saker vert delte på FB, ser vi at lesartala stig
  • Det har vorte presentert nytt lesarbilete annankvar dag dette året, altså vel 180 bilete. Sidan oppstarten av denne spalta i januar 2015 har vi formidla 380 bilete. Det er god repsons frå lesarane
  • Notisspalta er godt eigna til korte meldingar
  • Redaksjonen er utvida
  • Utan full oversikt har vi inntrykk av at skulen, barnehagane og ein del lag og organisasjonar er flinkare med å senda stoff. Det kan vera ferdige saker med bilete eller kortfatta oppsummeringar. Det er heilt avgjerande då vi ikkje maktar å vera ute på alt som skjer
  • 3 nye annonsørar har kome til, 1 er ute  

KafeTiaren

Det har vore 50 kafesamvær på Tiaren i 2016. Det er 23 frivillige som jobbar fast,   ein vikar. Alle er delte opp i 8 lag med tre personar i arbeid kvar gong. Kafe Tiaren har hatt eit godt besøk i 2016. Til hausten 2017 har Kafe Tiaren vore i drift i 10 år. Ein ynskjer stadig at fleire må få lyst til å vera med som frvillig,- for å støtta eit godt tiltak i bygda.

Gamleskulen - kjellaren

Teknisk rom i kjellar er ¾ ferdigstillt, Veggene er på plass og døra er isett.  Taket inne i rommet skal isolerast og nytt tak skal på plass. Det er montert sikringsskåp og ny varmvasstank for golvvarme. Vindauga, som er stengt, bør murast igjen med Leca isoblokker. Dette arbeidet kan gjerast når murar gjer ferdig pipa. Veggen, der utslagsvasken vert montert, bør målast med vannbestandig måling. Mykje av materialane, som er i kjellaren i dag, kan brukast som kledning. Før ein går vidare med innredning,  bør ein vita meir om kva kjellaren skal brukast til. Tredekket ute er demontert og uteplassen er asfaltert. Eit større tre i grensa med Reidar Myklebust er skore ned.   

Rekneskap.

Rekneskapen vart godkjend utan merknader, og viste dette året eit underskot på 150.262,-kr.  Dette er omlag same sum som er brukt på oppgradering av kjellaren som var største utgiftspost.  Mest inntekter gav utleige av Gamleskulen og uskedalen.no som har inntekter frå firma som har annonse.

 
To av dei trufaste i UU, rekneskapsførar Alf Hjønnevåg og styremedlem Henrik Lyse. Alf la også i år fram eit svært oversiktleg rekneskap.
Elles vart Handlingsplan for 2017 godkjend med mindre endringar.  Det kom inn punkt om landbruk og uskedalen.no.
 

Val.

Det vart gjenval stort sett over heile linja.  Einaste endring var at Hilde Bringedal kom inn som ny 3. varamann.  Dermed er styret:

Kristian Bringedal, leiar, Gunn Mari Moberg, Jan Erik Olsson, Egil Myhre og Henrik Lyse.

Varamedlemmer:

1. Ann Irene Sæle, 2. Berit H. Døssland,  3. Hilde Borge Olsen
 
Dokument til årsmøtet og årsmøtereferat vil verta lagt ut under Uskedal Utvikling i spalta til venstre.
                                    
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland                                                            
 
 
 
 
 
      
                            
 


 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
08.07.2020
Viktig melding til unge terrengsyklistar.
Sykling på stiar i terrenget er blitt svært populært.  Det er ein god aktivitet.  Det meiner også lesaren vår som går ein del tur på stiane på Hauglandsheio, og som kjem med eit viktig varsku til ungdommane som syklar der.  Dei har teke vekk store steinar, og det har ført til djupe holer i stien.  Dette er nok gjort for at stien skal bli betre å sykla på, men det er farleg for gåande og joggande. Lesaren fortel at enkelte hol er 25 cm djupe, og kan lett føre til beinbrot hos t.d. joggarar.  Lesaren seier at syklistane må fortsetja med aktiviteten sin, men det er viktig at dei enten legg steinane tilbake eller fyller i hola.

tid.
08.07.2020
Fangsresultata vert registrerte på Elveguiden.no
Nettsida til det som var Uskedal Grunn- og elveeigarlag er nedlagd. Fangstresultata vert registrerte på Elveguiden.no. Det er tilgang for alle som er registrerte som brukarar ved å lasta ned ein app. Opninga og starten på årets fiske har gått etter oppsett plan. Det er registrert mykje sjøaure med fangstar opp mot 3 kg. Rekorden på laks i år ligg rundt 8 kg. Nytt namn på elveorganisasjonen er Uskedalselva Forvaltning SA.

kb
08.07.2020
NRK 1 programmet frå Skorpo gjekk i reprise.
Det populære TV programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu gjekk i reprise på NRK 1 i går kveld etter Kveldsnytt. Programmet er frå 2018 og syner familie- og arbeidslivet på gardsbruket i Vågen. Programmet, som vert produsert av NRK Sogn og Fjordane, har til vanleg høge sjåartal.

kb
06.07.2020
Eigaren til båten har meldt seg.
Eigaren til båten som var etterlyst tidlegare i dag, er funnen, og dermed  er det avklart at båten iikkje har noko med tjuveria søndag å gjera. Dette melder politiet.  Dei kan også melda om at dei har fått god oversikt av det som skjedde, og det meste av det som vart stole er komme til rette slik at det kjem tilbake til dei rettmessige eigarane.

tid.
29.06.2020
Redusert drift på uskedalen.no i denne veka.
Grunna ferietur vert det redusert drift på Uskedalen.no i denne veka ( Veke 27 ). Thor Inge Døssland og Hans Ordin Østebø legg ut hastemeldingar, kunngjeringar og notisar. Ferdige manus med bilete vert, så langt det let seg gjera, redigert og lagt ut. Send til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
27.06.2020
Harald Nilsen Tangen startar mot Vålerenga.
Talentfulle Harald Nilsen Tangen med røter på Sanden her i Uskedalen startar på midtbanen i kveldens eliteseriekamp der Viking møter Vålerenga.  Ein annan kvinnhering, Johnny Furdal, sit på benken klar til å komma innpå.  Kampen startar kl.20.30, og den blir vist på TV Norge.

tid
25.06.2020
Stor helikoptertrafikk i Uskedalen.
Det er Forsvaret sine helikopter som er over Uskedalen i denne veka. Det er truleg ei øving der fjella i Uskedalen er eit øvingsobjekt. Det er så langt Uskedalen.no kjenner saka.

kb
23.06.2020
Meir informasjon om fiske.
Det er stor interesse for fiske i Uskedalselva. Grunna tekniske vanskar har det vore problem med fiskekortsal på nettet i dag. Problema skal vera løyste innan utgangen av dagen. Nytt i år er at det vert soneinndeling i elva. Meir om fiskereglane og sal av fiskekort kjem som eige innlegg i morgon, onsdag 24. juni.

kb
23.06.2020
Elvefiske 2020 opnar torsdag 25. juni.
Elveeigarlaget melder frå om at fiske i Uskedalen opnar i denne veka, torsdag 25. juni. Det er høve til å kjøpa fiskekort frå i dag, tysdag 23. juni. Alle med grunneigarkort kan fiska frå i dag kl. 18.00.

Styret
23.06.2020
Fylkesmannen har oppheva vedtak i dispensasjonssak i Halsabrotet.
Etter avklaring av planstatus i Halsabrotet har Fylkesmannen i Vestland oppheva vedtaket i Forvaltningsutvalet om å gi dispensasjon i byggesak 122/16. Saka er sendt tilbake til kommunen med ei grunngjeving om kvifor dei ikkje  godkjende vedtaket. Svaret og saka ligg på postlista i kommunen.

kb
Siste Nyhende
09.07.2020
Kartlegging som syner ras- og skredfaren i Uskedalen.
Eit TV innslag frå Kvestad i Hardanger har aktualisert kartlegginga som syner soner med gradert fare for skred og ras. På Kvestad går grensa for kritisk fare gjennom eit gardstun. Det føreligg også kart som syner skred- og rassoner i Uskedalen. Registreringa vil mellom anna vera avgjerande for vidare regulering og planarbeid for framtidig husbygging.
08.07.2020
Slåttekaren på idrettsbanane i Uskedalen.

Pål Ingmar Haugland, 15 år, er slåttekaren på begge idrettsbanane i Uskedalen. Jobben omfattar all grasslått ved Kunstgrasbanen i sentrum og kantslåtten på Heio. Pål Ingmar brukar ny plentraktor til dei store flatene. Kantslåtten tek han med eige utstyr.
07.07.2020
Drenering og nye massar før asfaltering.
Det er utført eit stort og omfattande arbeid ved Kunsgrasbanen dei siste veke. Musland Maskin har hatt fleire maskinar i arbeid med masseuskifting, drenering og planering før asfaltering i slutten av denne veka. Det er mellom anna midlar frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad som gjer det mogeleg å ferdigstilla ein ny del av prosjektet Gull av Grus. Løyvinga var på kr. 500.000,-
07.07.2020
Kjenner nokon til denne båten?
Frå tid til anna dukkar det opp ukjende båtar på båtplassene i hamna til Uskedal båtlag.  No har båten på biletet lege i hamna ei tid utan at båtlagstyret har kjennskap til eigaren.  Dei bed difor dei som har kjennskap til båten om å ta kontakt snarast.  Viss ikkje det gjev resultat, seier båtlagsstyret at dei vil ta kontakt med politiet for å undersøkja om dei kan hjelpa til med ei løysing.
06.07.2020
Tjuveri i Korsnes og Kleivadalsområdet.
I løpet av søndagen har ein god del eigendeler forsvunne frå ulike adresser i Korsnes og Kleivadalsområdet.  Uvedkommande har teke seg inn i naust, garasjar og andre stader og har stole ein god del gjenstander.  Noko er funne att ulike stader i området der det truleg har blitt lagra for seinare henting.  Fleire har observert ein ung mann i området søndag ettermiddag.  Fleire har meldt frå til politiet om saka.
05.07.2020
Flinke ungdommar på Rabben Feriesenter.
- Dette året er det nye ungdommar som står klare til å ta mot gjestene på Rabben Feriesenter.  Dei flinke jentene som har vore der dei siste åra, har teke eit steg vidare i arbeidslivet, og campingeigar Magne Lorentz Heggøy fortel at han har tilsett fire flinke unge jenter.  Dei er alt godt i gang med arbeidet på feriesenteret.
05.07.2020
Uskedalstrio i godt samarbeid på Retro.
Det var travelt på Retro i Hellandskrysset på Husnes då vi stakk innom fredag i middagstida.  Kundar gjekk og kika i bruktbutikken, nokre venta på å få ordna sommarfrisyren medan det var travelt i kafèavdelinga der det tyntes ut med saltmat medan det framleis var eit variert utvalg i gode og fristande kaker.  Det hadde vore svært godt besøk denne gråversdagen.
04.07.2020
- Ungdommane er kjempeviktige for oss!
- Ungdommane er kjempeviktige for oss.  Vi hadde ikkje klart oss utan dei, og dei er så kjekke og flinke, uttalar dagleg leiar ved Spar Uskedalen, Gunn Mari Moberg. Kroppsspråk og tonefall når ho seier det, understrekar at dette er noko som ho verkeleg meiner.  I dag er 11 av dei 19 på lønningslista i den svært populære butikken, som er så kjend for sin gode service, ungdommar under 25 år.
03.07.2020
Nye uteplasser og serveringsløyve på Rabben Feriesenter.
Rabben Feriesenter ligg idyllissk til i sjøkanten like ved elveosen.  Før denne sesongen har Magne Heggøy gjort nokre oppgraderingar som har gjort plassen endå meir fullkommen.  Han har bygt opp to felles uteplasser som vil vera til stor glede for både gjestene og andre.  I tillegg har Rabben Feriesenter fått innvilga serveringsløyve.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS