Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Intens julemarknad i Rosendal

29.11.2014
Klikk på bilete for full storleik
Friheimfolket satsa stort på marknaden
 
Det var bortimot ein genistrek av dei driftige arrangørane
i Rosendal å halda julemarknaden i den sentrale garasjen. Der kan
den avviklast uansett ver og vind og denne helga skjer det for
for tredje gongen. Stemningen var intens og publikum tettpakka i dag
og stemningen minte mykje om tilsvarande marknader på kontinentet.
Det var eit rikhaldig utval av varer og vi kan nema i fleng
handarbeid, måleri, smykker, blomar, tovating,nissar, keramikk,
putar, lys, julekjeks og spekemat.

 
Klikk på bilete for full storleik
Elin hadde kyrkjekontoret sine tilsette som kundar
Uskedalen var også i år solid representert ved Friheim Gardsmat
og Elins Matgleder og det er ikkje tvil om at dei var fornøgde med
denne satsinga
Klikk på bilete for full storleik
Gunvald held koken i musikklaget
Friheim stilte med det meste av familien og produktutvalet var
det same som i fjor: Friheimkorv, uskedalspølse, bacon, sylteflesk,
blodpølse, spekepølse og hjortepølse samt grillpølse med
kst og bacon. Ein smilande Bjørg Inga Miljeteig slo kategorisk fast at
dette er 'den beste messa vi vitjar gjennom året'. Ikkje minst
gjekk sylteflesket godt unna men også friheimskorven
og uskedalspølsa selde bra.
Musikklaget stilte med bjelleklangmeister!
Elin Enes og hennar nye medhjelpar var heller ikkje snaue, dei
hadde med seg 22 sorter julekjeks av dei 25 som dei har produsert.
denne gongen. På topp i statistikken låg dei gamle, gode
sirupssnippane og bordstablane som Elin meiner er ein bergensk spesialitet.
 
Men ein marknad handlar ikkje berre om handel. det er også noko
for kulturinteresserte og vi vil setta ein stor strek under
divisjonsvinnarane frå Stavanger - Rosendal Musikklag. Dei fekk
verkeleg fram julestemningen i eit 'lokale' som også eignar seg for
konsertar. Hyggjeleg er det også at veteranane held ut - vi skimta
veteran Gunvald Friheim frå Uskedalen bak i rekkene,
Og bjelleklangmeister Vibeke
Fredheim Røssland var eit kapitel for seg!
 
Tekst, foto og nett: Ola Matti Mathisen
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
26.04.2018
Soknerådet inviterer til dugnad, torsdag 3. mai.
Det vert dugnad ved kyrkja torsdag 3. mai kl. 18. Det er utearbeid som måling. vasking, luking, raking og rydding som skal gjerast. Kaffi og noko å bita i høyrer med.
Møt fram og ver med på dugnad for kyrkja.

kb
24.04.2018
Knallsterkt av Kristian Øvstebø!!
Då motbakkeløpet Kaldestadåsen Opp vart arrangert for andre gong sist søndag, imponerte 14 år gamle Kristian Øvstebø kollosalt.  Han vart nr. 2 i herreklassen, og nådde toppen på sterke 13.31 berre 3 sek. bak den tidlegare løyperekorden.  Det var den sterke maratonløparen Erlend Nymark Jensen frå Bergen løpeklubb som vann på ny løyperekord, men Kristian var klart føre(14 sek.) ein så sterk løpar som Johannes Heien frå Ternen.

tid
24.04.2018
Allsong på Kafe Tiaren i dag, tysdag.
Siste tysdagen i månaden og det er Allsong på Kafe Tiaren. Song- og musikkgruppa er fulltalige og klar for ei ny økt med allsong mellom kl. 12 og 12.30. Alle er velkomne.

kb
23.04.2018
Alle plassene fylt opp på Cheercamp Uskedalen 2018.
Cheercamp Uskedalen 2018 er populær.  På mindre enn ei veke vart alle plassene fylt opp.  På facebook-sida melder arrangørane: «Da var alle plassene fyllt opp! Utrolig kjekt at så mange vil være med på campen! Det endte opp med nesten 60 utøvere. Alle som har meldt seg på, skal nå ha fått bekreftelse og faktura på mail. Dersom dere ikke har mottat det - send oss en melding så ordner vi det. Påmelding er nå stengt»

tid
22.04.2018
Ukraina trailaren til Uskedalen måndag 30. april.
THK traileren med innsamling til Korosten i Ukraina kjem til Uskedalen neste måndag, 30. april. Tormod Myklebust og Leif Jarle Bergstø deler på køyringa. Transporten skal vera framme i Korosten alt laurdag i den same veka. Med denne kunngjeringa kan alle rydda og finna fram klede og andre høvande gåver.

kb
21.04.2018
Heldt opningstalen på UKM-festivalen.
UKM-festivalen for Hordaland vert arrangert i Kulturhuset Husnes heile denne helga. På storarrangementet med 89 sceneinnslag, 26 bildekunstinnslag og 6 filminnslag var det Anna Elisabeth Øyrehagen Akselvoll som hadde fått den ærefulle oppgåva å halde opningstale.  Det gjorde ho på ein framifrå måte.  Ho er dotter til uskedelingen Jørn Øyrehagen Sunde.  Dermed kan vi trygt seie at eplet har ikkje falle langt frå stamma.

tid.
21.04.2018
Gudsteneste v/ Reidar Ådnanes.
I morgon, sundag 22. april kl. 11, er det gudsteneste i Uskedal kyrkje v/ soknepresten i Husnes, Reidar Ådnanes. Ved orgelet sit kantor Eva Megyesi. I kyrkjeåret er ein komen fram til 4. sundag i påsketida. Gudstenesta inneheld også dåp og nattverd.

kb
21.04.2018
Årsmøte i Kvinnherad sogelag i dag, laurdag.
Det er årsmøte i Kvinnherad sogelag i dag, laurdag, kl. 13 på DILL, Sæbøvik. Audun Eik er styremedlem. Han vart i fjor vald for to år og er difor ikkje på val i år. Tema på møte er Skottehandelen i Sunnhordland på 16- 1700 talet. Det er lagt inn tur til Høylandsbygd der Johannes G. Eide vil syna Radioholo og og den private steinsamlinga han har i heimen sin.

kb
19.04.2018
MATHILDE sine leirskuletokter er i gang.
I denne veka la hardangerjakta MATHILDE turen til Uskedalen med den fyrste leirskuleklassen i vår. Etter dusjing og proviantering i Uskedalen la skuta til kai på Skorpevågen i går kveld. Det var avgang midt på dagen i dag, torsdag. Kvar onsdag/torsdag i veka fram til skuleferien kan vi rekna med skute- og klassebesøk i Uskedalen.

kb
19.04.2018
Rektor for tre skular.
Bjørn Olav Tveit vert rektor for tre skular,- Malmanger, Mauranger og ungdomsskulen i Rosendal. Det er eit prøveprosjekt over fire år. På kvar skule vert det avdelingsleiarar. Tveit vil ha det overordna ansvaret.

kb
Siste Nyhende
26.04.2018
Gull av Grus - opningsfest 1. mai.

Gull av Grus med alle sine aktivitetar vert offisielt opna tysdag 1. mai. I forkant av sjølve opninga vert det frå kl. 10 sykkelrebus rundt dalen. Start og mål er på Uskedal skule. Så må alle vera på plass kl. 12 då Uskedal musikklag spelar og straks etter er sjølve opninga av prosjektet ved representant frå Sparebank1-stiftinga, Kvinnherad.
26.04.2018
Rosendal Event kjem til møte i Uskedal utvikling.
Laila og Sjur Langesæter i Rosendal Event kjem til møte i Uskedal utvikling onsdag 2. mai kl. 19 i Gamleskulen. Møte er ope for alle og det er særleg aktuelt for alle som driv næring med eit natur- og kulturbasert innhald. På møte vert det mellom anna lagt vekt på kva Kvinnherad og Uskedalen har å by på av naturopplevingar.
25.04.2018
Ferdigstilling av arbeidet med kraftline frå Matre.
Haugland Kraft melder frå om at arbeidet med oppgragering 66 kV frå Opstveit til Uskedalen held fram. Alt arbeidet ein ikkje fekk gjort i vinter, vert no ferdigstillt. Arbeidet tek til i denne veka og er rekna å vera ferdig i juli månad. I denne tida vert det brukt helikopter og såkalla eksplosjonsarmatur, sprengskjøt på lina.
25.04.2018
Bytte fotballtreninga ut med strandrydding.
11 gutar og jenter frå foballlaga G14 og G14 valde strandrydding i staden for fotballtening i går ettermiddag. Trenarane deira gav dei valet, anten fotballtrening eller strandsrydding. Mange valde å gjera eit samfunnsnyttig arbeid for miljøet i nærområde. Audun Eik og Kristian Bringedal hadde båt og var med på ryddinga.
25.04.2018
På landstoppen i mjølkeavdrått
Kvart år kjem bladet Buskap ut med ein oversikt over dei 50 mest høgtytande besetningane i landet. Det er tredje året på rad at Hans Reidar Kjærland er på denne lista. I sin klasse er han på 4. plass av 3500 produsentar. I dag møtte kunderådgjevar i Fiskå Mølle, Etne, Audun Økland fram på Kjærland med diplom og blomehelsing for å heidra denne prestasjonen.
24.04.2018
Imponert over musikklæraren sin!
Mellom publikum på den flotte konserten som Husnes og Holmedal sokneråd arrangerte i samarbeid med Høyåker musikklag i Valen kyrkje i kveld, var det også i underkant av 10 fornøgde uskedelingar.  Ein av dei var den lovande skulekorpsmusikanten Nils Rainer Strüter Vågen(14).  Han likte konserten svært godt, og var nok ekstra imponert av spelet til kulturskulelæren sin, Linas Dakinevicius.
23.04.2018
Kom og ver med på plastrydding.
Uskedal uvikling oppmodar alle om å ta del i plast- og bosrydding. Det kan gjerast så enkelt at alle ryddar sine private område og felles areal i nærmiljøet. Alt i morgon startar den fyrste delen av strandryddinga. Seinare kjem Elveeigarlaget på banen med rydding av plast langs elva. På årsmøte vart det sett av kr. 10.000,- på budsjettet til dette føremålet.
22.04.2018
Sauelembinga er i full gang.
Sauelembinga er i full gang. I fjor valde Uskedalen.no å skriva om Kjærland gard med moderne sauedrift. I år tok vi turen til Berit Harriet og Ivar Kåre Døssland som driv meir på gamlemåten med sau, geit, ammekyr og ein jaktande katt etter rotte og mus. Med gode kunnskapar frå Snåsamannen la Ivar Kåre opp til sein lembing i år, eit godt val då våren let venta på seg.
22.04.2018
Siger til Rosendal/Trio damene
Årets første heimekamp for Rosendal/Trio (R/T) var mot Askøy. Det vart ein trillar av ein kamp der R/T først eit minutt på overtid i 2. omgang klarte å sette ballen i mål til sluttresultat 2-1.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS