Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Instruktiv kokebok frå lauget

18.11.2013
Klikk på bilete for full storleik
Mari Mehl kjøper boka av Elin
 
Ikveld var det bokslipp i Elins Matgleder og dei som
sikra seg eit eksemplar  av Hjemmekokklaugets fyrste
kokebok var tydeleg fornøgde med produktet. Så er da
også boka både delikat og instruktiv - det er ei bruksbok
som ikkje vil støva ned i ei hylle men verta til nytte både titt
og ofte. Det er slik ho er meint.
 
Det er ikkje minst dei mange bileta som bidreg til det.
Laugsmedlem Arve Serigstad har på svært profesjonelt
vis illustrert alt i boka.
 
Og apropos bruksbok: Har finn du svar på spørsmål som
du kanskje har stilt deg lenge og her er 3 døme:
 
Korleis gjera bakinga lystprega?
Korleis lukkast med gjærbakst?
Korleis engasjera borna i bakinga?
 
I fyrste omgang er boka trykt i 4000 eksemplar og dei går
nok unna. Her i kommunen kan du berre få kjøpt ho hos
Elin, men skal du til Odda eller Stord er ho å få i Jernia
som står bak dette prosjektet saman med superkokk
Eyvind Hellstrøm.
 
Elin har hatt 30 sider til disposisjon og dei har ho utnytta
godt. I motsetnad til mange andre kokebøker fristar ho med
dei godsakene ho byr fram berre gjennom synsinntrykket,           
For vår eigen del er vi svake for karamellpuddingen!
 
Tekst og foto: Ola Matti Mathisen
 
Ps: Elin er den einaste av dei 6 som skriv på nynorsk!
 
Klikk på bilete for full storleik
Linnea Enes (4) er stolt over å vere fotografert i boka!
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
29.06.2020
Redusert drift på uskedalen.no i denne veka.
Grunna ferietur vert det redusert drift på Uskedalen.no i denne veka ( Veke 27 ). Thor Inge Døssland og Hans Ordin Østebø legg ut hastemeldingar, kunngjeringar og notisar. Ferdige manus med bilete vert, så langt det let seg gjera, redigert og lagt ut. Send til: uskedalen.no@gmail.com

Red.
27.06.2020
Harald Nilsen Tangen startar mot Vålerenga.
Talentfulle Harald Nilsen Tangen med røter på Sanden her i Uskedalen startar på midtbanen i kveldens eliteseriekamp der Viking møter Vålerenga.  Ein annan kvinnhering, Johnny Furdal, sit på benken klar til å komma innpå.  Kampen startar kl.20.30, og den blir vist på TV Norge.

tid
25.06.2020
Stor helikoptertrafikk i Uskedalen.
Det er Forsvaret sine helikopter som er over Uskedalen i denne veka. Det er truleg ei øving der fjella i Uskedalen er eit øvingsobjekt. Det er så langt Uskedalen.no kjenner saka.

kb
23.06.2020
Meir informasjon om fiske.
Det er stor interesse for fiske i Uskedalselva. Grunna tekniske vanskar har det vore problem med fiskekortsal på nettet i dag. Problema skal vera løyste innan utgangen av dagen. Nytt i år er at det vert soneinndeling i elva. Meir om fiskereglane og sal av fiskekort kjem som eige innlegg i morgon, onsdag 24. juni.

kb
23.06.2020
Elvefiske 2020 opnar torsdag 25. juni.
Elveeigarlaget melder frå om at fiske i Uskedalen opnar i denne veka, torsdag 25. juni. Det er høve til å kjøpa fiskekort frå i dag, tysdag 23. juni. Alle med grunneigarkort kan fiska frå i dag kl. 18.00.

Styret
23.06.2020
Fylkesmannen har oppheva vedtak i dispensasjonssak i Halsabrotet.
Etter avklaring av planstatus i Halsabrotet har Fylkesmannen i Vestland oppheva vedtaket i Forvaltningsutvalet om å gi dispensasjon i byggesak 122/16. Saka er sendt tilbake til kommunen med ei grunngjeving om kvifor dei ikkje  godkjende vedtaket. Svaret og saka ligg på postlista i kommunen.

kb
22.06.2020
Byggeløyve på våningshus med carport, 125/7 - Haugland.
Lina Marie og Tor Håkon Haugland har motteke byggeløyve på våningshus med carprot på 125/7 på Haugland. Ansvarleg søkjar er Norgeshus AS. Byggfirma er Kjell Høyland AS. INTO Røyr har alt røyrarbeidet. Alle formelle godkjenningar er på plass. Arbeidet kan ta til straks.

kb
21.06.2020
Namnet på ny sokneprest vert kunngjord på tysdag.
Det er søkjar til prestestillinga i Uskedalen. Namnet vert kunngjord på tysdag i denne veka. Uskedalen har vore utan eigen sokneprest i tida etter at Lina Håland slutta. Vikarprest og andre sokneprestar har fungert i stillinga. Etter at Reidar Ådnanes slutta, har Kjersti Brakestad Boge vore prest i Uskedalen.

kb
21.06.2020
Indremisjonssamskipnaden med live sending frå Uskedalen i dag.
Indremisjonssamskipnaden ( IMS ) har stopp med live sending på Facebook ved Uskedal Bedehus i dag med ulike aktivitetar i det dei kallar Kjør igjøno basar. Seinare i dag er det stopp på Halsnøy. Dei som ynskjer å kjøpa lodd, kan bruka VIPPS: 102696. Mange fine premiar.

kb
21.06.2020
Marknadsføringsmidlar til fornying av uskedalen.no.
Saka om tildeling av marknadsføringsmidlar 2020 er no vedteken i F. skapet. Uskedal Utvikling vart etter søknad tildelt kr. 25.000,- som skal nyttast til oppgradering av nettsida Uskedalen.no til ny nettløysing. Det vart søkt om kr. 100.000,- til fleire profileringstiltak. Før saka vart utsett tilrådde K.direktøren på eit tilskot på kr. 50.000,- Endeleg løyving vart kr. 25.000,-.

kb
Siste Nyhende
05.07.2020
Flinke ungdommar på Rabben Feriesenter.
- Dette året er det nye ungdommar som står klare til å ta mot gjestene på Rabben Feriesenter.  Dei flinke jentene som har vore der dei siste åra, har teke eit steg vidare i arbeidslivet, og campingeigar Magne Lorentz Heggøy fortel at han har tilsett fire flinke unge jenter.  Dei er alt godt i gang med arbeidet på feriesenteret.
05.07.2020
Uskedalstrio i godt samarbeid på Retro.
Det var travelt på Retro i Hellandskrysset på Husnes då vi stakk innom fredag i middagstida.  Kundar gjekk og kika i bruktbutikken, nokre venta på å få ordna sommarfrisyren medan det var travelt i kafèavdelinga der det tyntes ut med saltmat medan det framleis var eit variert utvalg i gode og fristande kaker.  Det hadde vore svært godt besøk denne gråversdagen.
04.07.2020
- Ungdommane er kjempeviktige for oss!
- Ungdommane er kjempeviktige for oss.  Vi hadde ikkje klart oss utan dei, og dei er så kjekke og flinke, uttalar dagleg leiar ved Spar Uskedalen, Gunn Mari Moberg. Kroppsspråk og tonefall når ho seier det, understrekar at dette er noko som ho verkeleg meiner.  I dag er 11 av dei 19 på lønningslista i den svært populære butikken, som er så kjend for sin gode service, ungdommar under 25 år.
03.07.2020
Nye uteplasser og serveringsløyve på Rabben Feriesenter.
Rabben Feriesenter ligg idyllissk til i sjøkanten like ved elveosen.  Før denne sesongen har Magne Heggøy gjort nokre oppgraderingar som har gjort plassen endå meir fullkommen.  Han har bygt opp to felles uteplasser som vil vera til stor glede for både gjestene og andre.  I tillegg har Rabben Feriesenter fått innvilga serveringsløyve.
03.07.2020
Mange vil bu i Ospelunden.
Det verkar som om interressa for Ospelunden byggjefelt berre aukar.  Det er lett å forstå, for etter kvart som nye deler av byggjefeltet vert tilrettelagt, vert det meir og meir tydeleg kor vanvittig flott utsikt det er.  Ein ser i alle retningar, både innover og utover, og ein har utsikt langt uti leia over dei flotte øyane.  Det forklarar nok den store interessa og aktiviteten.
02.07.2020
Kosa seg med slektstreff på Rabben Feriesenter.
Då eg var nedom Rabben Feriesenter onsdag føremiddag, sat ein fornøgd gjeng og kosa seg skikkeleg med frukosten på den nye flotte uteplassen som campingeigar Magne Heggøy har laga i tilknytning til servicebygget.  Smila sat laust hos den trivelege gjengen av slekt og venner frå Gol og Voss som møttest og nytte gode feriedagar i lag.
01.07.2020
Brødrene Musland byggjer storhall i Børnes.
Frå brørne Tore og Roar Musland etablerte entreprenørverksemda Brødrene Musland Maskin for 15 år sidan, har firma utvikla seg til eit solid og høgt repektert entreprenørselskap i dag.  Jamt og trutt har maskinpark blitt fornya og utvida, og siste store investeringa i selskapet er ein stor lager- og garasjehall som no vert bygt på arealet deira i Børnes industriområde.
29.06.2020
To systerskip gjennom Storsund i dag.
To eller fleire prikk like skip vert kalla systerskip. SEADREAM 1 og SEADREAM 2, bygde i 1984 og 1985 i Finland, går på kystcruise denne sommaren og begge skipa er i Rosendal i dag. Skipa kom frå Oslo via Skagen i Danmark og fyrste destinasjon i Noreg er Rosendal. Cruiseskipa tilhøyrer reiarlaget SeaDream Yacht Club ved Atle Brynestad som eigar.
28.06.2020
Fyrsteslåtten unnagjort på ei veke.
For meir  enn ei veke sidan var fyrsteslåtten ferdig. Det meste av skrapslåtten er også slegen. Fossheim Maskin ved Kjetil Fossheim driv stort med grasberging. Han har komplett utstyr med slåmaskin, pressa og riva. Nokre av bøndene i Uskedalen har utstyr og gjer deler av jobben sjølve. Utviklinga går mot meir spesialisering der ein leiger inn entreprenør for rask og effektiv hausting. 
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS