Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Lesarbilete

05.03.2020
Uskedalselva

Foto: Aud Karin Løfall
Eldre bilete
2020
2019
2018
2017
2016
2015
Lesarbilete
Notisar
29.10.2020
Konsert med GLIMRAH på Biblioteket onsdag 4. november kl. 18.00
Det vert musikk og lyrikk med vokalensemblet GLIMRAH og Kristin Schulerud på Biblioteket onsdag 4. november kl. 18.00. Musikalsk leiar er Maria Malmsten. Kristin Schulerud les dikt og eigne tekstar. Sjå meir på Biblioteket si heimeside.

kb
28.10.2020
Seks deltakarar frå Uskedalen var med i Kvinnheradmeisterskapet i friidrett.
6 deltakarar frå Uskedalen fødde i periode 2007 - 2013 var med Kvinnheradmeisterskapet i friidrett på Husnes i helga. Øvingane var: Kule, høgde, lengde, liten ball og løp. Namna er: Amund Hella Berge-Soldal, Viljar Hella Berge-Soldal, Ebba Hermann-Fossli, Iver Hermann-Fossli, Ole Hermann-Fossli og Anna Hermann-Fossli.

kb
28.10.2020
Møte på Bedehuset må gå ut i kveld.
Dårleg ver gjer at Rødneruta er innstillt i ettermiddag og kveld. Forkynnaren, Roald Evensen, når ikkje fram og møte vert avyst. Møteveka startar difor i morgon, torsdag 29. okt., kl. 19.00.

kb
28.10.2020
Hardangerfjordekspressen innstiller ruta i ettermiddag.
Ruta med RYGERFONN med avgang Rosendal kl. 14.25 til Bergen og retur frå Bergen kl. 16.30 er innstillt. Årsaka er sterk vind. Reisealternativ er buss. Dette gjeld i dag, onsdag 28. oktober.

kb
27.10.2020
Ikkje brenn vått hagavfall - uheldig for asmatikarar.
Ein lesar melder frå om at brenning av vått hageavfall med sur røyk er uheldig for folk med astma og luftvegsplager. I dag, tysdag 27. okt. var det til tider mykje røyk i deler av sentrum.

kb
27.10.2020
Minnegudsteneste i Uskedal kyrkje sundag 1. nov. kl. 11.00.
Fyrste sundag i november er Allehelgensdag med minnegudstenester i Den norske kyrkja. Alle som har mista nokon av sine i familien det siste året, er særskild inviterte. Det vert tend ljos i globen og sagt fram minneord. Det gjeld dei som døydde i perioden frå minnegudstenesta i 2019 til gudstensta i år.

kb 
25.10.2020
Du kan gje di støtte til Bedehusbasaren digitalt.
Bedehusbasaren, som er tenkt gjennomført laurdag 31. oktober, samlar alltid mykje folk. I koronatider må ein tenkja alternativ der ein kan gje si støtte digitalt slik: Send SMS til Anja Njøten Leite på mobil 97505276 med namn og antal lodd. Lodd kostar kr. 10,- pr stk. Betal på VIPPS nr. 557669 eller søk opp Uskedalen Bedehus. Velg basar og antal lodd. Alle lodd er med i trekninga av alle gevinstane.

Styret 
24.10.2020
Lisbeth Nilsen Stensletten - styreleiar i Husnes Næringspark AS.
Lisbeth Nilsen Stensletten ( 32 år ) frå Uskedalen er styreleiar i det nyskipa Husnes Næringspark AS. Selskapet har planar om eit næringsbygg til utleige for verksemder som vil etablera seg på Husnes. Med seg i styret er: Bjørne Stensletten, Evelyn Høyland Rein og Helge Roald Rein. Lisbeth har til vanleg arbeidet sitt i Husnes Sandblåsing og sprøytemaling AS.

kb
23.10.2020
Møteveke på Bedehuset 28. okt - 01. nov.
Uskedal Bedehusforsamling inviterer til møteveke på Bedehuset i neste veke. Møtedagane er: Onsdag - fredag: kl. 19.00. Laurdag: kl. 16.00 ( familiemøte ). Sundag: kl. 11.00. Talar er Roald Evensen frå Indremisjonsforbundet. Alle er velkomne.

Styret
21.10.2020
Planstrategi utan at Gang- og sykkelveg til Steinsletto er omtalt.
Rullering av Planstrategi er sak i kommunestyret i morgon, torsdag 22. oktober. Det er ei årleg sak om kommunen sine prioriteringar i høve til plan fram til 2024. Gang- og sykkelveg Uskedal bru - Steinsletto er ikkje omtalt i planen. Det vert til vanleg rekna eit på 2 - 3 år frå oppstart reguleringsplan til arbeid i felten. Det er med andre ord lang tid fram til ei løysing.

kb
Siste Nyhende
29.10.2020
Medaljens bakside - ope møte om vindkraft, måndag 2. nov. kl. 20.00.
Representantar frå Aksjonsgruppa til Nei til vindmøller i Kvinnherad kjem til Gamleskulen i Uskedalen, måndag 2. november kl 20. Målet er å informera om vindindustrien og «medaljens» bakside til grunneigarar, naboar og andre intresserte.
I Kvinnherad er heile 19 område peika ut som godt eigna for vindkraftutbygging. NVE har laga eit kart over områda. Kartet er vanskeleg å tyda i detalj. Det går likevel klart fram at fjella i Uskedalen er peika ut som gode eigna områder for vindkraft. Det er Solfjell, Mannsvatn, Mannen og Ulvanoso.
29.10.2020
Mykje stoff frå Uskedalen i Kristian Hus si nye bok
Uskedalen er godt omtala i fleire saker i boka Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år. Forfattaren er frå Rosendal og har skrive ein god del om oppveksten sin i Skålafjæro, der dei budde i eit gammalt hus like ved verven til Skaaluren. Hus byr mykje på seg sjølv i boka, noko som er eit stort pluss i slike prosjekt. Det er vår eiga samtid det handlar om og mange i Uskedalen kjenner seg att i det som er skrive.
27.10.2020
Dugnadsgruppa - ei frivillig gruppe med mange arbeidsoppgåver.
Dugnadsgruppa ha alt sidan oppstarten knappe to år sidan gjennomført fleire viktige samfunnsoppgåver i Uskedalen, prosjekt som går på bygg, vedlikehald og tiltak for å auka friluftsinteressa. Mange bygder har frivillige grupper for meir avgrensa gjeremål, som til dømes ein turveg. Uskedalen har ei allsidig gruppe med variasjon i det dei hjelper til med.
27.10.2020
Hjort påkøyrd på Rød måndag morgon.
Enno ein gong er det påkøyrd ein hjort på Rød. Bilen kom frå Rosendal og har køyrd på hjorten ved skjæringa i botn av bakken innafor avkøyrsla til Bygdetunet Rød. Kjelde, Uskedalen.no har vore i kontakt med, fortel at hjorten kom frå nedsida av vegen. Det var halvtanna år gamal bukk, det vi til vanleg kallar pikhydning. Bilen fekk materielle skader. Alt gjekk fint med bilførar. 
26.10.2020
SPLEIS-perioden i Aksnes-innsamlinga er utvida.
Eirik Aksnes og familien hans er svært takksame overfor alle som har støtte dei med gåver i innsamlinga som no føregår.  Dei er overvelda over at det er kome inn heile 261 400 kr, 65% av målet på 400 000.  Operasjon og reise kjem totalt på ca. 750 000. Grunna korona-situasjonen er operasjonen i Tyskland utsett, og derfor er perioden for Spleisen utvida til å gå ut november månad.
26.10.2020
Møteveke på Bedehuset med forkynnar Roald Evensen.
Roald Evensen er frå Askøy og bur der. Han har arbeidet sitt i Indremisjonsforbundet (IMF) som forkynnar. I lang tid var han engasjert i Finnmark Indremisjon. Ein del år var han forkynnar halve året, og dreiv som tømrar resten av året. I denne møteveka vil han han ta føre seg emne: Tru og bøn i ei ny tid. Roald Evensen har vore i Uskedalen før, seinast i fjor då han hadde med musikar og songar.

24.10.2020
Stian og Helene i Senkveld var med på linjearbeid på Skorpo.
Laurdag 29. august var BKK i arbeid med linje og stolpearbeid på Skorpo. Nokre undra seg på kvifor dette arbeidet vart gjort på ein laurdag. Det var endå til eit smell frå sprenging. Uskedalen.no var informert om at det var opptak for Senkveld på TV2 der programleiarane Stian Blipp og Helene Olafsen fekk vera med på kabelstrekk og montering av master. Hendinga skulle ikkje ut før det nærma seg sending, som var i går kveld.
23.10.2020
Hundeband med sele funne i skogsvegen på Haugland.
Det som truleg er eit hundeband med sele, er funne i skogsvegen på Haugland. Plassen var ved velte- og snuplassen for tømmer, nokre hundre meter frå svingen med skilt Mannsvatnet mot Muslandslio. Hundebandet er hengt opp på skiltet og kan hentast der.


Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
22.10.2020
Framlegg om større fridom til bruk av strandsona til næring, naust og fritidshus.
Lokal strandsoneforvaltning har vore tema i mange år. Dagens planretningsliner for bygging i 100 metersbeltet går tilbake til 2011. No legg Regjeringa opp til ei meir differensiert forvaltning med større handlefridom, særleg i kommunar som ikkje vert definerte som pressområde. Bygg- og plansak i strandsona i Uskedalen er og ha vore tema mange gonger, mellom anna på Rød, Kleivadalen, Beinavikjo, Stølavikjo, Eikelandet og på Holmen.
Sponsorar
Rabben feriesenter
Eidsvik Eigedom AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Spar
Gros Blomster
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Renhold service
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Ospelunden
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Breiband
Stord Lufthamn
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
Sparebank 1 SR bank ASA
Grenda
Tysnes Sparebank
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS