Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Lesarbilete

13.09.2017
Ulvanåso 2016

Foto: Sonia Battalier
Eldre bilete
2021
2020
2019
2018
2017
2016
2015
Lesarbilete
Notisar
15.04.2021
Gudstenesta sundag 18. april går ut.
Kyrkjekontoret melder at gudstenesta i Uskedal kyrkje fyrstkomande sundag, 18. april, går ut. Årsaka er sjukemelding. Neste gudsteneste vert truleg 2. mai, sjølv om konfirmasjonen er utsett til 29. august. Meir informasjon kjem når vi veit meir.

kb
14.04.2021
5. - 7. steget til Rosendal - framlegg frå K.direktøren.
Saka om Oppvekstkår i Kvinnherad startar i Levekårsutvalet  21.april og går vidare via F.skapet ( 20. mai ) til K.styret ( 27. mai ). Kommunedirektøren rår til å overføra 5. - 7. steget til Rosendal og la 1. - 4. klasse halda fram i Uskedalen. Barnehagen vert vidareført i Uskedalen som i dag. Det vert innleia forhandlingar med Dønhaug Gardsbarnehage om overtaking/samanslåing. Uskedalen.no kjem tilbake med utfyllande informasjon. Jfr. postlista sak: 2020/1228.

kb
13.04.2021
Utset møte i Arkiv- og kulturhistorisk gruppe ei veke.
Den andre samlinga i Arkiv- og kulturhistorisk gruppe var tenkt å vera torsdag i denne veka. Steg 1 i gjenopninga gjeld frå fredag 16. april. Difor går det ut ny melding om ny samling: Torsdag 22. april kl. 19.00 på Stemneplassen. Ta kontakt dersom du vil vera med i gruppa. E-post: kristian.bringedal@gmail.com 

kb
11.04.2021
Korona-ros til Spar Uskedalen.
Fleire har teke kontakt og meiner vi må rose SPAR Uskedalen for måten dei minner kundane om å halde smittevernreglane.  Ikkje berre brukar betjeninga munnbind, men gratis munnbind har også vore plassert ved handsprit-doseraren ved inngangen.  Svært tydelege og viktige signal, rosar fleire lesarar.

tid
10.04.2021
Innspurt i SPLEISEN til ungdomslaget!
SPLEISEN som styret i Uskedal ungdomslag starta for å skaffa midlar til drift av ungdomshuset Helgheim og hytta Fjelly ved Mannsvatnet har blitt ein suksess.  Siste 10 dagane har det komme inn over 22.000 kr, og resultatet er i skrivande stund på 37.751.  Til saman har 77 givarar bidrege.  Dei fleste er naturleg nok privatpersonar, både bygdefolk og andre, men nokre firma har også i høgste grad bidrege til det solide resultatet med rause gåver.  No er det berre to dagar att, og kanskje er det framleis fleire som vil støtta det gode tiltaket?  Dei som ønskjer det, finn SPLEISEN HER.

tid
10.04.2021
Uskedalsjenter med inspirasjonsfilm til koronatrøtte.
Mange av oss er nok ganske så koronatrøtte, men det gjeld å halda motet oppe. Då kan det vera godt å få nokre tips til motivasjon.  Amalie Hovden Rød og Camilla Ripel Myklebust som går siste året på breiddeidrettsfaget ved KVV har derfor laga ein kjekk inspirasjonsfilm med gode tips til korleis vi kan halda oss i aktivitet.  Eg anbefaler filmen for alle, og dei som er abonnentar på Kvinnheringen.no, kan sjå den ved å klikka HER.

tid
08.04.2021
Covid - 19 melding.
Med bakgrunn i smitte på Peppes Pizza bed kommunelegen deg vera merksam på symtom og dermed testing, dersom du var der laurdag 3. april mellom kl. 12.00 til kl. 17.00.

kb 
07.04.2021
Remi Onarheim - ny leiar i Uskedal Utvikling.
Remi Onarheim er vald til ny leiar i Uskedal Utvikling. Med i styret er: Egil Myhre, Oddbjørn Kroka, Gunn Mari Moberg og Andreas Tarberg. Varamedlemer. Berit H. Døssland, Elisabeth Rosseland og Jan Erik Olsson. Revisorar: Hans Reidar Kjærland og Leon Gundersen. Rekneskapsførar er Alf Hjønnevåg. Han bed om fritak og bed om at styret finn ein ny kandidat i hans plass.

kb
06.04.2021
Årsmøte i Uskedal Utvikling, onsdag 7. april kl. 19.00.
Det er tillyst årsmøte i Uskedal Utvikling i morgon, onsdag 7. april kl. 19.00 i Gamleskulen. Årsmøtesaker: Årsmelding frå styret, Kafe Tiaren og nettsida uskedalen.no, rekneskap, handlingsplan, årspengar 2021 og utleigeprisar og val. Uskedalen.no er klar for overgang til ny plattform.

kb
04.04.2021
Svært mange støttar SPLEISEN til ungdomslaget.
Berre sidan 1.april har det komme inn tett på 11.000 kr til SPLEISEN som ungdomslaget har oppretta til drift av ungdomshuset Helgheim og hytta Fjelly ved Mannsvatnet.  Til no er det komme inn 26.551 kr frå 63 rause givarar og framleis kjem det stadig inn nye gåver.  De kan støtta den gode saka ved å gå inn HER.

tid
Siste Nyhende
18.04.2021
Stor utfart til Ulvanåso også denne helga.
Sist helg blei det meldt om storutfart til Ulvanåso.  Slik er det også denne helga.  Det nydelege vårveret med gode snøforhold trekkjer til seg sprekingar frå fjern og nær.  Mange går opp frå Tveitedalen og får seg ein nydeleg tur der.  Andre vel den endå sprekare varianten og går opp frå kalkestasjonen her i Uskedalen.  Svært mange gjorde det i dag.
17.04.2021
Målet er 150 sau i den moderne sauefjøsen på Myklebust.
Lisbeth Stensletten og Roy Helge Døssland kjøpte og overtok bruk 9 på Myklebust for to år sidan. No er dei inne i sin andre sesong med sau og lembing i den moderne sauefjøsen på bruket. Dei har 37 lamsauer. Målet er 150 sauer om nokre år. Kvar sau får i snittet to lam, for det meste saulam. Lisbeth og Roy har både Spel og Norsk kvit sau. Han set på saulamma dersom dei er store nok. Nokre trillingar vert plukka frå som kopplam.
16.04.2021
Folkehelseprisen til Astrid og Pål Haugland.
I dag er det gjort kjent at Astrid og Pål Haugland er tildelt Folkehelseprisen for Hordaland 2021.  Det er Nasjonalforeningen for folkehelsen som står bak prisen.  Uskedal helselag hadde fremja forslaget på Hauglandsekteparet som gjennom meir enn 50 år har gjort ein stor innsats med fokus på folkehelsa.  I føremiddag mottok leiar i Uskedal helselag, Eli Roseth Eik, den gledelege meldinga over telefon, og ho gratulerte omgåande dei to velfotente prisvinnarane.
16.04.2021
Vikøren si krimbok kan kjøpast på SPAR, Uskedalen.
Alle kjenner Sigurd Vikøren, nokre frå media med mellom anna Hardangerfjordmagasinet i heile 16 år, mange frå fotballen der han både har vore trenar, oppmann og tillitsvald. I ein alder av 74 år debuterer han med krimboka Blod er tjukkare enn vatn. Ikkje nok med det. I same køyret skriv han like godt ei bok til: Mitt liv med Hattebergsvassdraget - Folgefonna Nasjonalpark.
15.04.2021
Forsiktig gjenopning av kultur- og idrettsaktivitetane.
Steg 1 i Regjeringa si gjenopning av samfunnet gjeld frå i morgon, fredag 16. april. Alt i dag med vakkert ver og stigande varme merkar vi at kultur- og idrettsaktivitetane tek seg opp. Uskedal Musikklag hadde si fyrste øving etter nedstenginga på Stemneplassen i ettermiddag, ikkje inne enno, men ute på betongplata. To fotballlag hadde sine treningar på kunstgrasbanen. Det var mellom anna Jenter 11 Rosendal/Uskedalen.
14.04.2021
Høyringsuttale 9 - frå Elevrådet ved Uskedal skule.
Høyringsuttale 9 kjem frå Elevrådet ved Uskedal skule. Elevrådet har særleg merka seg formuleringar i planen og kva som vert sagt i videoen. Mange utsegner stemmer ikkje og Elevrådet tilbakeviser det dei meiner ikkje er sant. Elevane er nøgde med skulen og ynskjer å halda på dagens struktur. Les kva Elevrådet ved Uskedal skule skriv:
13.04.2021
Ungdomslaget takkar for god støtte. TUSEN TAKK !
Vi i styret til Uskedal Ungdomslag ynskjer med dette å takka alle som har støtta innsamlingsaksjonen vi har hatt gåande på Facebook (Spleis) og Vipps den siste månaden. Ikkje i vår villaste fantasi såg vi for oss at vi skulle få ein slik fantastisk respons til støtte for drifta av Helgheim og Fjelly. Til saman har vi fått inn kr. 38 851,- på Spleis og ca. kr. 4500,- på Vipps/bankkonto. Summen er eit resultat av støtte både frå bygdefolket, lokale firma, utflytta uskedelingar, folk frå andre deler av Kvinnherad, ferie-/hyttefolk – ja, eigentleg frå alle kantar.
13.04.2021
Arbeidet med gravstell og oppussing av gravminne aukar i omfang.
Kjetil Bondhus saman med Anne Marie Monsen driv Bondhus Monumentservice. Kjetil, som mange kjenner frå snøggbåtane til Nordled og no ferja på Sydnes, starta firma i 2017. For eit år sidan gjekk dei saman i eit eige AS. Anne Marie står for tinging av blomar, planting og tilsyn. Kjetil monterer og restaurerer gravminne. I Uskedalen kan det vera borti 10 nye gravminne i året. Så kjem all oppussing med reinsing, ny skrift, nye namn og lakkoverflate.
12.04.2021
Strykemerke med nynorsk tekst på russedressen.
Kvinnherad mållag gjer som i fjor, spanderer strykemerke med nynorsk tekst på russedressen. Av 100 russ kjem 11 frå Uskedalen. Alle har høve til å melda si interesse på Facebook Kvinnherad mållag og det vert tinga strykemerke med nynorske slagord tilpassa aldersgruppa og det å vera russ.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS