Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Lesarbilete

Eldre bilete
2020
2019
2018
2017
2016
2015
Lesarbilete
Notisar
27.01.2020
Årsmøte i skulemusikken 12.februar.
Uskedal skulemusikk kallar inn til årsmøte i Uskedalen skule den 12.februar kl.18.00. Det vert vanlege årsmøtesaker.  Evt. saker ein ønsker å ha opp, må meldast til styret.  Velkomne!

tid
27.01.2020
Årsmøte i Roysterett for Alle, torsdag 30. januar.
Røysterett for Alle har årsmøte fyrstkomande torsdag i Gamleskulen. Nokre veker framover er det oppussing og måling av festsalen i Helgheim. Difor legg koret sine aktivitetar til Gamleskulen.

kb
27.01.2020
Allsongen på Kafe Tiaren er utsett ei veke.
Grunna reise er allsongen på Kafe Tiaren utsett ei veke, til tysdag 4. februar kl. 12.

kb
26.01.2020
Straumen har vore borte på Eik/Steinsletto i dag.
Mellom kl. 10 og kl. 13 i dag, sundag 26. januar, har straumen vore borte frå Sekundærstasjonen på Nedre Fet og utover. Straumbrotet var varsla. Årsaka er linjearbeid.

kb
25.01.2020
Linnea Myklebust Ripel vart kretsmeister!
12 år gamle Linnea M. Ripel viste sitt store talent då ho gjekk heilt til topps i Vikingrennet på Voss og vart kretsmeister i dag i hard konkurranse med mange jamaldringar.  13 år gamle Amund Hella Berge-Soldal og 11 år gamle Frøy Sæle gjorde og ein super innsats då dei sikra seg bronsemedaljar i sine klassar.  Fleire andre uskedelingar gjorde og ein god innsats i rennet som gjekk i klassisk stil.  I morgon held kretsmeisterskapet fram på Voss.  Då er det fristil som gjeld i Fanarennet.  Uskedalen.no kjem med meir stoff frå meisterskapshelga.

tid.
24.01.2020
Jazzkveld på Dønhaug laurdag 14. mars.
Kvinnherad Jazzklubb legg ein av sine vårkonsertar til Dønhaugkjedlaren, med den kjende danske saksofonisten Christina Dahl og hennar gruppe på tre musikantar. Det er planlagd til laurdag 14. mars. Meir informasjon frå Jazzklubben kjem seinare.

kb
23.01.2020
Rune Kjærland er søkjar til GIS stilling i kommunen.
Rune Kjærland ( 24 ) er ein av ti søkjarar til stillinga som GIS ansvarleg i Kvinnherad kommune. Stillinga høyrer til drikkevassforsyning og avløpsanlegg. Rune er i dag oppmålingsingeniør i Luster kommune.

kb
22.01.2020
Eigarskifte på Rabben Feriesenter.
Det er gjennomført eigarskifte på Rabben Feriesenter i Uskedalen. Ny eigar er Tove Myklebust Heggøy, dotter til den tidlegare eigaren, Steinar Myklebust. Dagleg leiar vert mannen hennar, Magne L. Heggøy. Med dette vedtaket er drifta sikra og noverande og nye kundar kan sjå fram til gode feriedagar i Uskedalen. Uskedalen.no føl opp denne saka med innlegg og bilete seinare.

kb
22.01.2020
Kvinnhead Sau og Geit har årsmøte i Uskedalen, torsdag 23. januar.
Årsmøte i Kvinnherad Sau og Geit er lagt til Uskedalen, Gamleskulen, torsdag 23. januar kl. 19.00. Bjarne Berge frå Herøysundet er leiar i laget. I tillegg til vanlegge årsmøtesaker vert det faglege drøftingar og servering.

kb
22.01.2020
Ikkje søkjar til prestestillinga i Uskedalen.
Innan fristen er det likevel ikkje søkjar til soknepreststillinga i Uskedalen. Det var heller ikkje søkjar til stillinga i Husnes Prestegjeld. Det er prosten i Sunnhordland som fortel dette til Kvinnheringen. Vikarprestane Pål Dale og Arne Nataas vil hjelpa til for å halda tenesta oppe.

kb
Siste Nyhende
27.01.2020
Beste laginnsats i KM nokonsinne.
Han var svært så fornøgd langrennstrenaren Pål Haugland då vi kontakta han etter ei helg med kretsmeisterskap i langrenn på Voss både laurdag og søndag.  Han kunne fortelja at UIL aldri hadde hatt så mange løparar som hevda seg så høgt oppe på resultatlistene i KM.  Heilt til topps gjekk Linnea M. Ripel då ho vart kretsmeister i klassisk stil i J12 laurdag.
27.01.2020
Kåre Hauge fekk Forsvarsmedaljen alt i 1987.
Innlegget om tildeling av Forsvarsmedaljen til Tor Erik Eide for 25 års teneste i Forsvaret fekk stor merksemd i lokalaviser og på sosiale medier. Uskedalen.no bad om informasjon frå lesarane om kven frå Uskedalen som er tildelt medaljen. Maskinmeister Kåre Hauge ( f.1935 ) frå Steinaneset på Skorpo vart tildelt Forsvarsmedaljen 12.12.1987. Etter 32 års teneste vart medaljen utvida med band/stripe på jakkeslaget.
26.01.2020
VG artikkel om Trygve Leite som pokerspelar i Las Vagas.
VG nett har i dag eit større artikkel om Trygve Leite frå Uskedalen som i 2017 sa opp jobben sin, selde leilegheten og valde å satsa på internasjonalt pokerspel der Las Vegas og den stor verda er jobbplassen. Trygve Leite er 38 år og var tidlegare proff sandvollyballspelar.
25.01.2020
Eigarskifte på populær camping i Uskedalen.
Det er skriven avtale om eigarskifte på Rabben Feriesenter, ein populær camping som no vert driven vidare i tredje generasjon. Tove Myklebust Heggøy er ny eigar. Mannen hennar, Magne Heggøy, er direktør og dagleg leiar. Ekteparet har lenge vore engasjerte i drifta i Uskedalen. No har dei planar om fornying og utvikling av plassen.
24.01.2020
For lite venteskur i busslomma ved skulen.
I Torleif J.Hellesøy si ordførartid, på 1990 talet, vart busslomma ved skulen og barnehagen bygd. Straks etter kom venteskur i betong. No er venteskuret for lite, særleg på den tida skulebussen kjem frå dalen i 08 tida på morgonen og det er overgang til ungdomsskulebussen mot Rosendal. Dei fleste står ute. I vind og dårleg ver vert elevane våte på kort tid før ein kjem seg på plass på neste buss.
23.01.2020
Endra plangrense for detaljregulering Børnes næringsområde.
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar kommunen med dette utviding av plangrense for detaljregulering for Børnes næringsområde, 134/34 m.fl., PlanID 20190006. Varsel om oppstart er tidlegare kunngjort i Kvinnheringen 28.6.2019, og partar er tidlegare varsla i eige brev. Nytt varsel er no sendt på avgrensa høyring til råka grunneigarar, Fylkesmannen i Vestland og Vestland fylkeskommune som fylkesvegmynde.
23.01.2020
Idrettslaget med Grasrotandel på over kr. 100.000,-
Uskedal Idrettslag toppar lista for lag og organisasjonar i Uskedalen som er tildelt tilskot frå Grasrotandelen. Heile kr. 101.576,- er overført laget sin konto. Samla grasrotandel til 9 uskedalslag er rundt kr. 190.000,-. Det er ein merkbar auke frå 2018. Den neste på lista er Uskedal skulemusikk med ei overføring på knappe kr. 40.000,-
23.01.2020
Ekstra overløp skal hindra vasskade i Beinavikjo.
Kvinnherad kommune har ferdigstilt arbeidet med å etablera eit ekstra overløp frå ein kum i Beinavikjo. Bakgrunnen for denne etableringa er for å få sikra overløpet i periodar med høg springflo. Dette betyr at i vanleg drift vil røyret ikkje vera i bruk, men berre vera som ei ekstra sikring. Det er einingsleiar for Vatn og avløp, Egil Eide, som fortel dette til Uskedalen.no

22.01.2020
Strålande innsats av unge langrennsløparar.
8 unge langrennsløparar frå Uskedal idrettslag deltok i helga i det tradisjonsrike Røldalsrennet. Saman sytte dei for ein super laginnsats, og fleire av dei kunne klatra opp på sigerspallen etter flotte løp der dei konkurrerte med løparar frå Rogaland, Vestland og Vestfold og Telemark fylke.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS