Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Lesarbilete

19.04.2017
Frå påsketuren

Foto: Ann Irene Sæle
Eldre bilete
2020
2019
2018
2017
2016
2015
Lesarbilete
Notisar
05.04.2020
Trafikkulukke i Lio mellom Herøysundet og Uskedalen.
Kring kl. 18.00 i dag, sundag 5. april, køyrde ein bil i autovernet ved det gamle huset som ligg tett ved vegen i Lio mellom Herøysundet og Uskedalen. Naudetatane kom raskt til plassen og har avslutta sitt arbeid. Bilførar er teken med til legevakt for blodprøve etter mistanke om ruskøyring. Det er Vest Politidfistrikt som melder dette på sin logg.

kb
04.04.2020
Kø for å kjøpa poteter i dag.
Det var til tider kø i dag ved Ola Korsvik sin potetbil. Mange trufaste kundar ville sikra seg gode poteter, egg, agurk, gulrot, norske tomater, eple m.m. Opningstida var frå kl. 08.00 og alt kl. 08.30 strøymde kundane på. Alle hugsa på avstanden på 1 - 2 meter.

kb
03.04.2020
30 handlenett selde på ein dag.
Alt den fyrste dagen er det selde 30 stk. handlenett. Sjå innlegg med bilete. Det er med andre ord 70 handlenett igjen. Ver rask om du vil sikra det eit lokalt produkt, designa av Monika Hansen, busett i Uskedalen. Monika driv Mokka Design. Handlenettet vert seld på SPAR Uskedalen. Pris: kr. 200,-

Uskedal Utvikling
02.04.2020
Øystein Skjæveland - varaplass til styret i Noregs Mållag.
Dersom Landsmøte i Noregs Mållag støttar innstillinga frå valnemnda, vert Øystein Skjæveland varamedlem i styret 2020 - 2022. Skjæveland bur i Herøysundet, driv eit småbruk og er mannen bak den lokalproduserte isen frå Isrosa. Han er utdanna journalist og naturvitar og har vore og er styremedlem i Kvinnherad Mållag.

kb
02.04.2020
Kjøper gardsbruk på Eik.
Astrid Kristoffersen Berli og Bjørnar Kristoffersen Berli kjøper gardsbruk 133/3 på Eik. Seljar er Else Marie Eik og Nils Bjarne Eik. Kjøpesummen er 3,3 mill. kr.

kb
01.04.2020
Vegarbeid ved gangfelt
I samband med etablering av intensivbelysning i gangfeltet ved skulen, blir det i kveld og natt gravearbeid i område. Det skal gravast grøft over fylkesvegen. Vegen vert delvis stengt. Arbeidet tek til om lag kl. 19.

hoø
31.03.2020
Elins Matgleder opnar i påsken for Ta med heim mat.
Elins Matgleder melder på Facebook at ho opnar for Ta med heim mat eller Ta med på tur mat. I Rosendal har ho ulike opningstider for mathenting og det vil alltid vera  pesonale på plassen. Telefon: Rosendal - 966 18 156. Opningstida i Uskedalen er slik: Palmelaurdag, onsdag i påskeveka og påskeafta: kl. 10.00 - 16.00. I silobutikken er det mange vakre gåveartiklar, som påskepynt, lys og serviettar.

kb
31.03.2020
Kvinnherad Sogelag utset Årsmøte 2020.
I ein e-post melder Kvinnherad sogelag at åremøte vert utsett inn til vidare. Årsaka er koronasmitten. Kvinnhersminne kjem ut til neste år, 2021. Dei som ynskjer å presentera artiklar med lokalhistoriske tema, kan kontakta Lars Jostein Rørvik på denne adressa: hofner@online.no

kb
31.03.2020
Ikkje påskegjester i bubilar og båtar.
Beredsskapsgruppa i kommunen vil ikkje at gjester i bubilar og båtar finn vegen til Kvinnherad denne påsken. Det, som er eit nasjonalt hytteforbod i anna kommune enn der du bur, kan også koma til å omfatta bubilar og båtar. Problemet er truleg ikkje stort i Uskedalen ettersom Rabben Feriesenter er stengd.

kb
30.03.2020
Briller funne
Ved Halsabrotet 81 er det funne nokre briller. Svart innfatning og sterke glas. Dersom du saknar brillene, kan du kantakte Harald Berg på mobil 915 20 325 for å få dei att.

hoø
Siste Nyhende
04.04.2020
Påskehelsing frå leiaren i Uskedal Utvikling, Gunn Mari Moberg.
Uskedal Utvikling vil med dette ynskja alle GOD PÅSKE. No har Coronaviruset prega dagane og vekene. Det har vore ei spesiell tid for alle. Dette er noko vi har merka på ulike måtar.
04.04.2020
Stor helikoptertrafikk i Uskedalen i går, fredag 3. april.
Det har vore hektisk helikoptertrafikk i Uskedalen i dag, fredag 3. april. Ein maskin frå Helitrans med base i Sauda har henta inn master, stålkonstruksjonar og linjeutstyr frå 66 Kv overføringslinja frå Matre via Uskedalen til Herøysundet. Linja frå Matre til Sekundærstasjonen i Uskedalen er ei oppgradering. Traseen vidare mot Herøysundet og i sjøkabel til Ånuglo er demontert. All helikoptertransport i dag gjekk til Børneset Industriområde.
03.04.2020
Opptak i kulturskulen - også for skulemusikkaspirantar.
Kvart år har Uskedal skulemusikk hatt prøveblås for dei som tenker på å bli messingaspirantar på denne tida av året.  På grunn av Corona-smittefaren let ikkje det seg gjennomføra i år.  Likevel er det viktig at komande korpsmusikarar og andre som ønsker å vere elevar i kulturskulen neste år, sender søknad innan 15.april.
03.04.2020
SIM si vårrydding er sett på vent.
Ryddeaksjonane våren 2020 er sett på vent inntil vidare. Der gjeld også det som vert kalla Rydd ei strand og Rydd i nærmiljøet. Uskedal Uvikling har kvart år i samarbeid med fotballgrupper og andre vore med på denne dugnaden. Vårrydding på vent er mellom anna tema i det siste SIM nytt, nr. 1/2020.
02.04.2020
Gro`s Blomster har tilbod om gratis utkøyring.
Blomebutikken i Uskedalen har tilbod om gratis utkøyring på strekninga Dimmelsvik, Uskedalen og Herøysundet, ved ordre på over kr. 250,-. Gro`s Blomster leverer sjølvsagt som før til alle bygder frå Utåker til Løfallstrand.
02.04.2020
Uskedal Utvikling sel flotte handlenett
Uskedal Utvikling sel flotte handlenett. Netta er designa av Monica Hansen som bur i
Uskedalen. Monica driv Mokka Design og sel ein del produkt gjennom nettbutikken www.karbid.no.  I denne omgangen har vi laga kun 100 handlenett. Dersom du vil sikra deg eit unikt handlenett, send ei melding til 402 80 935.
02.04.2020
Therese Haugland Bondhus - ny dagleg leiar på Byggern Teigen.
Therese Haugland Bondhus frå Uskedalen er tilsett som dagleg leiar frå Byggern Teigen på Husnes. Therese er 37 år, bur i Kleivadalen, og har si utdanning med bachelor innan økonomi og revisjon. Etter tilsetjing i revisjonsfirma har ho hatt arbeidet sitt hos Teigen i 9 år med ansvar for personal og økonomi. Therese overtek leiaransvaret etter Even Teigen.
31.03.2020
Johannes Hjønnevåg startar dekksenter i Herskedalbygget på Husnes.
Alt onsdag 1. april opnar Johannes Hjønnevåg dekksenter i Herskedalsbygget på Husnes. Firma med namnet Dekkservice Vest vil ha eit komplett tilbod med mellom anna dekkskifte og dekkhotell. Sidan 2015 har Hjønnevåg med firma JH Service drive med dekk i Uskedalen. Med eit lite areal i garasje - og kjellarlokale vert alt no mykje betre.
31.03.2020
Troll og ugler i Kleivadalen og i lia ovom Ospelunden.
Kreative og fantasifulle tiltak i ei koronatid slår om seg. Mykje av dette er på nettet, men i skogen i Kleivadalen og i lia ovom Ospelunden finn vil troll, ugler og andre figurar montert i ei rot. Ein benk med fotskammel kom på plass i går og alt no er det valfarting av born og vaksne som vil sjå plassen og installasjonen.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Byggeriet
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS